The Prettiest Star

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
The Prettiest Star
Singel av David Bowie
frå albumet Aladdin Sane
B-side «Conversation Piece»
Utgjeve 6. mars 1970
Innspelt Trident Studios, London, 8., 13. og 15. januar 1970
Desember 1972 i RCA Studios i New York City (Aladdin Sane-versjonen)
Sjanger Glamrock
Lengd 3:09 (original)
3:31
Selskap Mercury
MF 1135
Låtskrivar(ar) David Bowie
Produsent Tony Visconti
Ken Scott, David Bowie (Aladdin Sane-versjonen)
David Bowie-kronologi
«Ragazzo Solo, Ragazza Sola»
(1969)
The Prettiest Star «Memory of a Free Festival»
(1970)

«The Prettiest Star» er ein song av David Bowie, opphavleg gjeven ut som singel i mars 1970.

Bowie hadde i januar 1970 spelt inn ein gammal song frå Deram-tida, «London Bye Ta-Ta», som var meint som ein oppfølgjar til «Space Oddity» tidleg i 1970. Under den same innspelinga dukka òg ein ny song opp, kalla «The Prettiest Star». Bowie skreiv songen for Angela Barnett, og spelte han visstnok på telefon for hennar då han fridde til ho. Han valte denne songen som den neste singelen sin, trass i at manager Kenneth Pitt, likte «London Bye Ta-Ta» langt betre.[1]

Marc Bolan spelar gitar på songen. Bowie skulle dei neste åra rivalisere med Bolan om krona til kongen av glamrock. Produsenten Tony Visconti, som førte dei to spirande popstjernene i lag i studio, hugsar at innspelinga gjekk bra heilt til slutten då kona til Bolan, June, skal ha sagt til Bowie, «Marc er for god for deg, til å spele på denne songen!»[1]

«The Prettiest Star» har eit grunnleggande vers-refreng-struktur, enkle rim, dyslektiske rim og ein fin, men kanskje litt lite spennande melodi.[2]

Songen vart spelt inn 8., 13. og 14. januar 1970 med Visconti på bass og Godfrey McClean på trommer. Trass i gode meldingar, selde singelen visstnok mindre enn 800 eksemplar, som var ein stor nedtur etter den store suksessen med «Space Oddity». Mellom 3. og 10. desember 1972 vart ein meir glamrockaktig versjon spelt inn i New York City og gjeven ut på albumet Aladdin Sane i 1973, med Mick Ronson på gitar, nesten tone for tone av det Bolan hadde spelt[3]

Innhald[endre | endre wikiteksten]

Alle songar er skrivne av David Bowie. 

# Tittel Lengd
1. «The Prettiest Star»   3:09
2. «Conversation Piece»   3:05

Medverkande[endre | endre wikiteksten]

Tim Renwick, John 'Honk' Lodge og John Cambridge var alle frå bandet Junior's Eyes, som ei kort stund akkompagnerte Bowie på konsertane hans og ein radioframferd for BBC Radio i oktober 1969.[4][5][6]

Andre utgjevingar[endre | endre wikiteksten]

  • Aladdin Sane-versjonen vart gjeven ut som B-side til den amerikanske singelen «Time» i april 1973.
  • 1973-utgåva vart òg gjeven ut på den japanske samleplata The Best of David Bowie i 1974.
  • Singelversjonen frå 1970 vart gjeven ut på Sound + Vision-boksen i 1989, og på Re:Call 1, del av samlinga Five Years (1969–1973), i 2015.
  • Singelversjonen finst i den karriereomfattande plateboksen til Marc Bolan kalla 20th Century Superstar.
  • The Best of 1969/1974 i 1997 vart den originale innspelinga gjeven ut for første gong i stereo, omtalt på omslaget som «Bolan Stereo Mix». Den same versjonen kom seinare ut på The Platinum Collection (2006).
  • Songen vert nytta i filmen Kinky Boots.

Andre versjonar[endre | endre wikiteksten]

  • Den finske musikaren Hector spelte inn songen for albumet HEC i 1977.
  • Det franske industri-metalbandet Treponem Pal spelte ein versjon av songen i 1989 for debutalbumet Treponem Pal.
  • Ein versjon spelt inn av det britiske rockebandet T. Rex finst på samlinga 20th Century Superstar.
  • Ian McCulloch spelte ein versjon av songen for Starman: Rare and Exclusive Versions of 18 Classic David Bowie Songs, eit hyllestalbum for Bowie frå mars 2003-utgåva av Uncut.[7]
  • Den britiske songaren Simon Turner spelte inn ein versjon for Oh! You Pretty Things: The Songs of David Bowie, eit hyllest album for Bowie frå 2006.
  • Den amerikanske songaren Jad Fair spelte ein versjon av for albumet Sunshiney Shine.[8]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 David Buckley (1999). Strange Fascination - David Bowie: The Definitive Story: s.80-81
  2. Chris O’Leary. The Prettiest Star. Pushing Ahead of the Dame. Vitja 18. januar 2016.
  3. Roy Carr & Charles Shaar Murray (1981). Bowie: An Illustrated Record: s.32
  4. Junior's Eyes diskografi at Discogs.com
  5. David Bowie and Junior's Eyes BBC recording session at The Illustrated db Diskografi
  6. Battersea Power Station (Junior's Eyes) Liner Notes, David Wells (2000)
  7. «Starman: Rare and Exclusive Versions of 18 Classic David Bowie Songs», Uncut (London: IPC Media), 3 mars 2003 
  8. «A free album by Jad Fair». JadFair.org. Arkivert frå originalen den 21 juni 2008. http://web.archive.org/web/20080621124929/http://www.jadfair.org/music/free/. Henta 30. april 2011. 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]