Quicksand

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Quicksand
Song av
frå albumet Hunky Dory
Utgjeve 17. desember 1971
Innspelt Trident Studios, London, 14. juli 1971
Sjanger Kunstrock, folkrock
Lengd 5:03
Selskap RCA
Låtskrivar(ar) David Bowie
Produsent Ken Scott, David Bowie

«Quicksand» er ein song skriven av David Bowie i 1971 for albumet Hunky Dory, spelt inn 14. juli 1971.[1] Det vert nytta fleire spor med akustiske gitarar på denne balladen og eit strykearrangement av Mick Ronson. Produsent Ken Scott, som nyleg hadde vore lydteknikar på George Harrison-albumet All Things Must Pass, prøvde å skape ein liknande mektig akustisk lyd på denne songen.[2]

Komposisjon[endre | endre wikiteksten]

Don't believe in yourself
Don't deceive with belief
Knowledge comes with death's release

David Bowie (1971)

Songen er om fortviling og bedrag med nazi-referansar og eit refreng som fortel lyttarane om å gje opp håpet.[3] «Quicksand» gjev ingen forsikringar og eller fellesskap. Songaren kunne ha vore ein galen mann på randa av total kollaps, eller nokon (som heltinna i «Life on Mars?») som sit i ein kinosal og vert bombardert av ustoppelege, grufulle bilete.[3] Teksten indikerer at livet ikkje berre er ein illusjon, men at føremålet aldri kjem til å bli avslørt, uavhengig av religion, guru eller førestelnad. «Knowledge comes with death’s release» («Kunnskap kjem med døden») er den einaste positive bodskapen.

Tekstmessig er songen, som mange av dei andre songane til Bowie på denne tida, påverka av buddhisme, okkultism og konseptet til Friedrich Nietzsche om overmennesket.[4] Han syner til det magiske samfunnet Golden Dawn og nemner ein av dei mest kjende medlemmane, Aleister Crowley, i tillegg til Heinrich Himmler, Winston Churchill og Juan Pujol (kodenamn Garbo).[5] Det som er nytt i denne songen, samanlikna med tidlegare Bowie-songar er at han nemner Himmler, syng om løgnene til Churchill og den «heilage» mytologien til naziriket.[3] Dette kulminerte med ei open flørting med nazibilete i midten av 1970-åra og i «Station to Station», som er den mest fascistiske plata hans.[3]

Mottaking[endre | endre wikiteksten]

NME-redaktørane Roy Carr og Charles Shaar Murray har skildra sone som «Bowie i hans mørkaste og mest metafysiske stemning»,[4] medan ei nyare melding i Rolling Stone la merke til «særs god synging» og «vakkert gitarmotiv».[6]

Andre utgjevingar[endre | endre wikiteksten]

  • Songen vart gjeven ut som B-sida til singelen «Rock 'n' Roll Suicide» i april 1974.
  • RCA inkluderte songen i biletdisk-serien Life Time.
  • Ein demoversjon av songen vart gjeven ut som bonusspor på Rykodisc-utgåva av Hunky Dory i 1990.

Bowie spelte «Quicksand» som ein del av ein medley i 1973, og spelte så ikkje songen igjen før i 1997, då han spelte ein ny versjon for BBC og byrja å spele han på konsertane sine igjen.

Medverkande[endre | endre wikiteksten]

Andre versjonar[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Kevin Cann (2010). Any Day Now - David Bowie: The London Years: 1947-1974: pp.223-224
  2. David Buckley (1999). Strange Fascination - David Bowie: The Definitive Story: s.115
  3. 3,0 3,1 3,2 3,3 Chris O’Leary. Quicksand. Pushing Ahead of the Dame. Vitja 24. januar 2016.
  4. 4,0 4,1 Roy Carr & Charles Shaar Murray (1981). Bowie: An Illustrated Record: s.41
  5. David Sheppard (2007). "Wishful Beginnings", MOJO 60 Years of Bowie: s.24
  6. John Mendelsohn (6 januar 1972). «Hunky Dory». Rolling Stone (Rolling Stone). 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]