Strangers When We Meet
| Strangers When We Meet Singel av David Bowie frå albumet Outside |
||
| B-side | «The Man Who Sold the World» (Live) | |
|---|---|---|
| Utgjeve | november 1995 | |
| Innspelt | New York, januar–februar 1995; Westside Studios, London, oktober 1995. | |
| Sjanger | Poprock | |
| Lengd | 4:19/3:35 | |
| Selskap | RCA 74321 329407 |
|
| Produsent | David Bowie, Brian Eno, David Richards | |
| David Bowie-kronologi | ||
| «The Hearts Filthy Lesson» (1995) |
Strangers When We Meet | «Hallo Spaceboy» (1996) |
«Strangers When We Meet» er ein song av David Bowie, opphavleg spelt inn for albumet The Buddha of Suburbia i 1993. I 1995 spelte Bowie inn songen på ny for albumet Outside og denne versjonen vart gjeven ut som singel i lag med ein omarbeidd versjon av «The Man Who Sold the World».
Musikalsk har songen fleire likskapar med tidlegare Bowie-songar. Gitartemaet i bakgrunnen på Buddha of Suburbia-versjonen er særs lik temaet i «Look Back in Anger». Basslinja i byrjinga av songen er den same basslinja som er nytta i songen «Join the Gang» frå 1967.
Sjølv om den nye versjonen av «The Man Who Sold the World» vart kalla ein live- eller konsertversjon , er det i røynda eit studioopptak basert på ein omarbeidd versjon spelt på Outside Tour, og miksa av Brian Eno før singelen vart gjeven ut.
Videoen til Samuel Bayer for songen har somme visuelle likskapar med videoen han laga for «The Hearts Filthy Lesson», men var mykje enklare og rolegare. Trass i framføring av songen på Top of the Pops, gjekk den doble A-sida berre til 39. plass på den britiske singellista før han fall ut av lista.
Tittelen på songen kan vere ein referanse til filmen frå 1960 med same namn eller refrenget frå Leroy Van Dyke-songen 'Walk on By' frå 1961.
Innhaldsliste |
Innhald [endre]
7”-versjon [endre]
- «Strangers When We Meet (Edit)» (Bowie) – 4:19
- «The Man Who Sold the World» (Live) (Bowie) – 3:35
UK CD-versjon [endre]
- «Strangers When We Meet» (Edit) (Bowie) – 4:19
- «The Man Who Sold the World» (Live) (Bowie) – 3:35
- «Strangers When We Meet» (Album version) (Bowie) – 5:06
- «Get Real» (Bowie/Eno)
US CD-versjon [endre]
- «Strangers When We Meet» (Album version) (Bowie) – 5:06
- «Strangers When We Meet» (Buddha of Suburbia album version) (Bowie) – 5:06
- «The Man Who Sold the World» (Live) (Bowie) – 3:35
Medverkande [endre]
- Musikarar:
- David Bowie: vokal, tangentinstrument, gitar, saksofon
- Brian Eno: synthesizers på «Strangers When We Meet» og «Get Real»
- Reeves Gabrels: gitar
- Carlos Alomar: gitar
- Erdal Kizilcay: bass, tangentinstrument på «Strangers When We Meet» og «Get Real»
- Mike Garson: piano, tangentinstrument
- Sterling Campbell: Trommer på «Strangers When We Meet» og «Get Real»
- Gail Ann Dorsey: bassgitar på «The Man Who Sold the World»
- Peter Schwartz, George Simms: tangentinstrument på «The Man Who Sold the World»
- Zachary Alford: Trommer på «The Man Who Sold the World»
Kjelder [endre]
- Denne artikkelen bygger på «Strangers When We Meet (song)» frå Wikipedia på engelsk, den 27. september 2011.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- Pegg, Nicholas, The Complete David Bowie, Reynolds & Hearn Ltd, 2000, ISBN 1-903111-14-5