A Little Less Conversation

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
A Little Less Conversation
Singel av Elvis Presley
A-side «Almost in Love»
Utgjeve September 1968
Innspelt 7. mars 1968, Western Recorders, Hollywood
Sjanger Rhythm and blues, soul
Lengd 2:28
Selskap RCA
Låtskrivar(ar) Mac Davis, Billy Strange
Produsent Elvis Presley
Elvis Presley-kronologi
«Let Yourself Go»
(1968)
A Little Less Conversation «If I Can Dream»
(1968)


«A Little Less Conversation» er ein song skriven av Mac Davis og Billy Strange, opphavleg framført av Elvis Presley for filmen Live a Little, Love a Little i 1968. Songen vart ein liten hit i USA då han kom ut som singel med «Almost in Love» som A-side. Ein remix frå 2002 av Junkie XL av ei seinare nyinnspeling av songen av Presley vart ein hit verda over, og toppa singellistene i ni land.

Originalinnspelingar[endre | endre wikiteksten]

«A Little Less Conversation» vart først spelt inn 7. mars 1968 i Western Recorders i Hollywood i California, og gjeven ut på singel med «Almost in Love», ein annan song frå filmen. Songen vart ikkje gjeven ut på album før i november 1970 då han kom ut på RCA Camden-plata Almost in Love. Det finst fleire forskjellige opptak av songen frå innspelinga den 7. mars. Singelversjonen bestod av opptak 16, som òg vart nytta i filmen. Versjonen som finst på Almost In Love er opptak 10, og er eitt sekund lengre.

Musikaren på innspelinga 7. mars var Hal Blaine på trommer Al Casey på gitar, Larry Knechtel på bass og Don Randi på piano.[1]

Nyinnspeling for fjernsynssendinga i 1968[endre | endre wikiteksten]

Presley spelte inn songen på ny i juni 1968 for musikken til comebackprogrammet hans i 1968, og hadde planar om å spele songen i programmet. Til slutt vart det avgjort å ikkje bruke songen. Den nye versjone transponerte tonearten til A-dur med korvokal frå The Blossoms.[2] I midten av 1990-åra selde Joseph A. Tunzi denne innspelinga til Bertelsmann Music Group og han vart så gjeven ut i 1998 på albumet Memories: The '68 Comeback Special. Tunzi hadde vore den førte som dokumentert denne innspelinga i boka Elvis Sessions II: The Innspelt Music of Elvis Aron Presley 1953-1977 frå 1996.[3]

Lister[endre | endre wikiteksten]

Liste (1968) Plassering
US Billboard Hot 100[4] 69

Junkie XL/JXL-versjonen[endre | endre wikiteksten]

A Little Less Conversation
Singel av Elvis Presley vs. JXL
frå albumet ELV1S og Radio JXL: A Broadcast from the Computer Hell Cabin
Utgjeve 1. mai 2002
Innspelt 2001
Sjanger Big beat
Lengd 3:30 (Radio edit)
6:09 (Extended remix)
6:22 (Album version)
Produsent JXL/Ad Bradley
Elvis Presley vs. JXL-kronologi
«Beauty Never Fades»
(2002)
A Little Less Conversation «Breezer»
(2003)


Etter at songen var blitt brukt i filmen Ocean's Eleven i 2001, vart «A Little Less Conversation» miksa av den nederlandske musikaren Tom Holkenborg, betre kjend som Junkie XL (eller JXL). Den elektroniske remiksen inneheld Elvis med ei lågare stemme, og det vart lagt vekt på gitarane og blåsarane frå 1968 og ein funky trommerytme. Holkenborg er den første artisten utafor Presley-organisasjonen som fekk løyve frå Elvis Presley-boet til å mikse ein Elvis Presley-song[5] (i 1980-åra hadde den langvarige produsenten til Presley, Felton Jarvis, hatt oversyn med remiksar av fleire av Presley sine innspelingar med nytt akkompagnement med originalvokalen til Elvis. Den første av desse vart gjeven ut på albumet Guitar Man i 1981).

I 2002 vart ein fjernsynsversjon av «A Little Less Conversation» av Junkie XL brukt for Nike sin reklamekampanje for fotball-VM i 2002.[5] Ein singel, tilskriven «Elvis vs. JXL», vart gjeven ut og gjekk til topps i over tjue land.[6]

På same tid vart det gjeve ut eit samlealbum med alle førsteplassane til Presley i USA, kalla ELV1S: 30 No. 1 Hits. I siste augneblin vart «A Little Less Conversation (Junkie's remix Version)» lagt til albumet som den 31. songen før albumet kom ut i oktober 2002. Versjoenn kom òg ut på Junkie XL-albumet Radio JXL: A Broadcast from the Computer Hell Cabin i 2004.

I USA nådde songen 50. plassen på Billboard Hot 100, den første singelen til Presley inne på Hot 100 sidan 1981.

Lister og salstrofé[endre | endre wikiteksten]

Vekeslister[endre | endre wikiteksten]

Illegal chart entered Belgia (Flanders)|3 Illegal chart entered Belgia (Wallonia)|8
Liste (2002) Plassering
Australia (ARIA)[7] 1
Austerrike (Ö3 austerriksk Topp 40)[8] 3
Canada (Nielsen SoundScan)[9] 1
Danmark (Tracklisten)[10] 1
Finland (Suomen virallinen lista)[11] 6
Frankrike (SNEP)[12] 5
Tyskland (Media Control AG)[13] 8
Ungarn (Rádiós Top 40)[14] 1
Ungarn (Single Top 10)[15] 1
Irland (IRMA)[16] 1
Italia (FIMI)[17] 3
Nederland (Mega Single Top 100)[18] 1
New Zealand (RIANZ)[19] 1
Noreg (VG-lista)[20] 1
Portugal (Portuguese Singles Chart)[21] 1
Romania (Romanian Top 100)[22] 2
Sverige (Sverigetopplistan)[23] 1
Sveits (Schweizer Hitparade)[24] 1
UK Singles (Official Charts Company)[25] 1
US Billboard Hot 100[26] 50
US Adult Pop Songs (Billboard)[27] 26

Årslister[endre | endre wikiteksten]

Liste (2002) Peak
position
Australian Top 100 Singles[28] 3
Australian Dance Singles[29] 1
New Zealand (Innspelt Music NZ)[30] 20
UK Singles (Official Charts Company)[31] 5

Tiårslister[endre | endre wikiteksten]

Lister (2000–2009) Plassering
UK Singles Chart[32] 31

Salstrofé[endre | endre wikiteksten]

Region Salstrofé Salstal
Australia (ARIA)[33] 2× Platina 140 000^
Austerrike (IFPI Austerrike)[34] Gull 7,500x
Belgia (BEA)[35] Gull 25 000*
Frankrike (SNEP)[36] Sølv 125 000*
New Zealand (RMNZ)[37] Gull 7 500*
Noreg(IFPI Noreg)[38] 2× Platina 20 000*
Sverige (GLF)[39] Platina 30 000x
Sveits(IFPI Switzerland)[40] Platina 40 000x
Storbritannia (BPI)[41] Platina 700 000[42]
USA (RIAA)[43] Gull 500 000^

*salstala er basert på sertifiseringa aleine
^salstala er basert på sertifiseringa aleine
xuspesifserte tal er baserte på sertifiseringa aleine

Andre versjonar og nyinnspelingar[endre | endre wikiteksten]

Ein livleg eurodance-miks vart laga av CJ Crew, for samlealbumet Dancemania Speed 10 i 2002.[44] I Glee syng Will Schuester (Matthew Morrison) ein kombinasjon av ein spansk- og engelskspråkleg versjon av songen.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Jorgensen, Ernst, Elvis Presley, A Life in Music: The Complete Recording Sessions St. Martin’s Press, New York, 1998 s. 243
  2. «Master & Session». elvisrecordings.com. http://www.elvisrecordings.com. Henta 7 January 2012. 
  3. Elvis Sessions II: The Innspelt Music of Elvis Aron Presley 1953-1977, JAT Publishing, 1996, ISBN 1-88846401-1, Joseph A. Tunzi, Introduction by Al Pachucki, Pages 139 and 399
  4. «Elvis Presley Album & Song Chart History: Billboard Hot 100». Billboard. Nielsen Business Media, Inc. http://www.billboard.com/artist/301690/elvis+presley/chart?f=379. Henta 6 August 2011. 
  5. 5,0 5,1 Elvis Makes Chart History, British Broadcasting Corporation, 16 June 2002, http://news.bbc.co.uk/2/hi/entertainment/2048610.stm, henta 9 April 2011 
  6. «Elvis's Legacy —». Infoplease.com. 2007. http://www.infoplease.com/spot/elvis1.html. Henta 7 January 2012. 
  7. "Australian-charts.com – Elvis Presley vs. JXL – A Little Less Conversation". ARIA Top 50 Singles. Hung Medien.
  8. "Elvis Presley vs. JXL – A Little Less Conversation – Austriancharts.at" (på tysk). Ö3 austerriksk Topp 40. Hung Medien.
  9. «Canada Digital Songs : Page 1». Billboard. http://www.billboard.com/charts/hot-canada-digital-songs/2002-08-31. Henta 14. april 2016. 
  10. "Danishcharts.com – Elvis Presley vs. JXL – A Little Less Conversation". Tracklisten. Hung Medien.
  11. "Finnishcharts.com – Elvis Presley vs. JXL – A Little Less Conversation". Suomen virallinen lista. Hung Medien.
  12. "Lescharts.com – Elvis Presley vs. JXL – A Little Less Conversation" (på fransk). Les classement single. Hung Medien.
  13. «Single – Elvis Presley vs. JXL, A Little Less Conversation» (på tysk). http://www.officialcharts.de/song.asp?artist=Elvis+Presley+vs%2E+JXL&title=A+Little+Less+Conversation&cat=s&country=de.  Media Control Charts.
  14. "Archívum – Slágerlisták – MAHASZ – Magyar Hanglemezkiadók Szövetsége" (på ungarsk). Rádiós Top 40 játszási lista. Magyar Hanglemezkiadók Szövetsége.
  15. "Archívum – Slágerlisták – MAHASZ – Magyar Hanglemezkiadók Szövetsége" (på ungarsk). Topp 10-singellista. Magyar Hanglemezkiadók Szövetsége.
  16. "Chart Track". Den irske singellista. Irish Recorded Music Association.
  17. "Italiancharts.com – Elvis Presley vs. JXL – A Little Less Conversation". Top Digital Download. Hung Medien.
  18. "Dutchcharts.nl – Elvis Presley vs. JXL – A Little Less Conversation" (på nederlandsk). Mega Single Top 100. Hung Medien / hitparade.ch.
  19. "Charts.org.nz – Elvis Presley vs. JXL – A Little Less Conversation". Top 40 Singles. Hung Medien.
  20. "Topp 20 Single uke 25, 2002 – VG-lista. Offisielle hitlister fra og med 1958". VG-lista. Verdens Gang AS.
  21. «Top40-charts.com». http://top40-charts.com/chart.php?cid=20&date=2002-07-17. Henta November 24, 2015. 
  22. «Romanian Top 100 - arhiva». Web.archive.org. 2004-12-26. Arkivert frå originalen den 10 November 2005. https://web.archive.org/web/20051110160209/http://www.rt100.ro/editie-top-100_x10032.html. Henta 2014-04-02. 
  23. "Swedishcharts.com – Elvis Presley vs. JXL – A Little Less Conversation". Topp 60. Hung Medien.
  24. "Elvis Presley vs. JXL – A Little Less Conversation – swisscharts.com". Den svetisiske singellista. Hung Medien.
  25. "Archive Chart" UK Singles Chart. Official Charts Company.
  26. "Presley?f=379&g=Singles Elvis Presley Album & Song Chart History" Billboard Hot 100 for Elvis Presley. Prometheus Global Media.
  27. "Presley?f=343&g=Singles Elvis Presley Album & Song Chart History" Billboard Adult Pop Songs for Elvis Presley. Prometheus Global Media.
  28. «ARIA Charts – End of Year Charts – Top 100 Singles 2002». Australian Recording Industry Association. Arkivert frå originalen den 6 July 2011. http://www.aria.com.au/pages/aria-charts-end-of-year-charts-top-100-singles-2002.htm. Henta 2 August 2011. 
  29. «ARIA Charts – End of Year Charts – Dance Singles 2002». Australian Recording Industry Association. Arkivert frå originalen den 21 July 2011. http://www.aria.com.au/pages/aria-charts-end-of-year-charts-dance-singles-2002.htm. Henta 2 August 2011. 
  30. «New Zealand Top Selling Singles of 2002». Innspelt Music NZ. http://nztop40.co.nz/chart/?chart=4109. Henta 21 May 2016. 
  31. «2002 Year-end Charts». UKChartsPlus (PDF). http://www.ukchartsplus.co.uk/ChartsPlusYE2002.pdf. Henta 1 desember 2015. 
  32. BBC Radio 1 Chart of the Decade, as presented by DJ Nihal on 29. desember 2009
  33. «ARIA Charts – Accreditations – 2002 Singles». Australian Recording Industry Association. http://www.aria.com.au/pages/aria-charts-accreditations-singles-2002.htm. 
  34. «Austrian single salstrofé – Elvis vs. JXL – A Little Less Conversation» (på German). IFPI Austerrike. http://www.ifpi.at/?section=goldplatin.  Enter Elvis vs. JXL in the field Interpret. Enter A Little Less Conversation in the field Titel. Select single in the field Format. Click Suchen
  35. «Ultratop − Goud en Platina – 2002». Ultratop & Hung Medien / hitparade.ch. http://www.ultratop.be/xls/Awards%202002.htm. 
  36. «French single salstrofé – Elvis vs. JXL – A Little Less Conversation» (på French). Syndicat National de l'Édition Phonographique. http://www.disqueenfrance.com/fr/pag-259165-CERTIFICATIONS.html?year=2002. 
  37. «New Zealand single salstrofé – Elvis vs. JXL – A Little Less Conversation». Recording Industry Association of New Zealand. http://rianz.org.nz/rianz/oldchart.asp?chartNum=1329&chartKind=S. 
  38. «Norwegian single salstrofé – Elvis vs. JXL – A Little Less Conversation» (på Norwegian). IFPI Norway. http://www.ifpi.no/sok/lst_trofeer_sok.asp?type=artist. 
  39. «Guld- och Platinacertifikat − År 2002» (på Swedish) (PDF). IFPI Sweden. http://www.ifpi.se/wp-content/uploads/ar-20021.pdf. 
  40. «The Official Swiss Charts and Music Community: Awards (Elvis Presley vs. JXL; 'A Little Less Conversation')». Hung Medien. http://www.swisscharts.com/search_certifications.asp?search=Elvis+Presley+vs.+JXL+A+Little+Less+Conversation. 
  41. «British single salstrofé – Elvis vs JXL – A Little Less Conversation». British Phonographic Industry. http://www.bpi.co.uk/certified-awards.aspx.  Enter A Little Less Conversation in the field Search. Select Title in the field Search by. Select single in the field By Format. Click Go
  42. Adam Miller (3. mars 2015). «20 of the biggest selling singles of the 2000's you've already forgotten». EntertainmentWise. Arkivert frå originalen den 22 desember 2015. https://web.archive.org/web/20151222121121/http://archive.entertainmentwise.com/feature/165860/20-forgotten-biggest-selling-single-of-the-2000s-. Henta 14. april 2016. 
  43. «American single salstrofé – Presley, Elvis – A Little Less Conversation». Recording Industry Association of America. http://www.riaa.com/goldandplatinumdata.php?artist=%22A+Little+Less+Conversation%22.  If necessary, click Advanced, then click Format, then select Single, then click SEARCH
  44. Discogs, Dancemania Speed 10

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]