Melodi Grand Prix 1989

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Melodi Grand Prix 1989
Dato
Finale 11. mars 1989
Vertskap
Finale Stavanger Forum, Stavanger
Programleiar Øystein Bache
Kringkastar Norsk rikskringkasting
Deltakarar
Deltakarar 9
Vinnar
Song «Venners nærhet»
Artist Britt Synnøve Johansen
Resultat i Eurovision Song Contest 1989
Finalepoeng 30
Finaleplass 17.
Noreg i Eurovision Song Contest
Melodi Grand Prix 1988 EuroNoruega.svg Melodi Grand Prix 1990

Melodi Grand Prix 1989 var den 29. utgåva av Melodi Grand Prix, Noregs nasjonale uttaking til Eurovision Song Contest. Ni finalistar kjempa i finalen 11. mars 1989 som blei arrangert i Stavanger Forum i Stavanger. Vinnarlåten blei «Venners nærhet», framført av Britt Synnøve Johansen. Songen er komponert av Inge Enoksen med tekst av Leiv N. Grøtte. Britt Synnøve Johansen representerte Noreg i den internasjonale finalen i Lausanne, der «Venners nærhet» kom på 17. plass med 30 poeng.

Sendinga[endre | endre wikiteksten]

For andre gang valde NRK å flytte finalen ut av Oslo og til Stavanger Forum, der finalen også blei arrangert i 1986. Ni deltakarar stod på scenen. Dei var plukka ut blant 30 innsendte bidrag frå fleire plateselskap, representert ved Linde Gilberg (Sony), Svein Gundersen, Lars Høel (Slagerfabrikken), Petter Singsaas (RCA), Arve Sigvaldsen (Crema) og Pete Knutsen, som i tillegg var kapellmester for orkesteret. Programleiar var Øystein Bache, og det var 4500 publikummarar i salen.[1]

Dette året blei kvar song framført direkte med ein førehandsinnspelt musikkvideo som blei vist under delar av kvar framføring. Fleire kjende deltakarar var attende i tevlinga, mellom anna Tor Endresen, Ola Fjellvikås, Kate Gulbrandsen og førehandsfavoritten Jahn Teigen.

Songane blei dømde av fem juryar, kvar på fem medlemmar som alle var til stades i salen. Juryane røysta fram tre av bidraga til superfinalen, mens dei resterande seks melodiane blei ståande att uplasserte. Då det blei klart at publikumsfavoritt Jahn Teigen ikkje var blant superfinalistane, bua publikum høgt. Dei tre superfinalistane framførde songane sine om att, og juryane røysta igjen. Etter ei spennande røysting vann heimefavoritten Britt Synnøve Johansen med «Venners nærhet».

Resultat[endre | endre wikiteksten]

Første runde[endre | endre wikiteksten]

Nr. Tittel Artist Komponist Tekstforfattar Status
A «Beat for beat» Heidi Halvorsen Harald Græsdahl og Tore Holm Ute
B «Til det gryr av dag» Tor Endresen Oddvar Ruud Marit Vollen Vidare
C «Venners nærhet» Britt Synnøve Johansen Inge Enoksen Leiv N. Grøtte Vidare
D «Vinger over Europa» Rune Rudberg Nick Borgen Arve Sigvaldsen Ute
E «Et lite lys» Ingeborg Hungnes Svein Gundersen Stig Nilsson Vidare
F «Min Mona Lisa» Ola Fjellvikås Rolf Graf Ute
G «Barneøyne» Kari Gjærum og Jannecke Øinæs Robert Morley Eva Jansen Ute
H «Optimist» Jahn Teigen Jahn Teigen Jahn Teigen, Knut Meiner og Ove Borøchstein Ute
I «Nærhet» Kate Gulbrandsen Kate Gulbrandsen Kate Gulbrandsen og Rolf Løvland Ute

Superfinale[endre | endre wikiteksten]

Nr. Tittel Artist Komponist Tekstforfattar Plass Poeng
B «Til det gryr av dag» Tor Endresen Oddvar Ruud Marit Vollen 2 57
C «Venners nærhet» Britt Synnøve Johansen Inge Enoksen Leiv N. Grøtte 1 62
E «Et lite lys» Ingeborg Hungnes Svein Gundersen Stig Nilsson 3 56

Røysting i superfinalen[endre | endre wikiteksten]

Kvar jurygruppe hadde fem medlemmar. Kvar medlem gav 4 poeng til favoritten sin, 2 til andreplassen og 1 poeng til songen dei likte minst. Kvar jury hadde altså totalt 35 poeng å dele ut. «Til det gryr av dag» leia helt fram til siste jurygruppe, som gav 18 poeng til «Venners nærhet». Sekretariatet bestod av Bjørn Scheele, politiinspektør Gunvor Molaug og Terje Klevstrand.

Nr. Tittel 15–30 år 30–45 år 45–60 år Pressejury Fagjury Totalt
B «Til det gryr av dag» 11 16 14 9 7 57
C «Venners nærhet» 12 11 11 10 18 62
E «Et lite lys» 12 8 10 16 10 56

Jurymedlemmar[endre | endre wikiteksten]

15–30 år 30–45 år 45–60 år Pressejury Fagjury
  • Gaute Risa
  • Hege Aasa
  • Hjørdis Mossige Forsell
  • Kato Hansen
  • Kjersti Møllerup
  • Christian Sirevåg
  • Irene Halvorsen
  • Jan Haua
  • Lilleba Høyland
  • Torleif Jonassen
  • Audny Olufsen
  • Einar Bjordal
  • Kjellaug Kalvik
  • Magne Solheim
  • Torbjørg Undem
  • Martin Bekkelund
  • Rolf Edmund Lund
  • Rune Slyngstad
  • Tarald Aano
  • Trygve Lundemo

Teigen mista gullfinalen[endre | endre wikiteksten]

Den store favoritten dette året var Jahn Teigen og «Optimist».[2] Då det blei klart at «Optimist» ikkje var blant dei tre superfinalistane, reagerte publikum med vantru og buing. Fleire gonger blei jurygruppene pipne ut, og publikum trampeklappa og ropte «Teigen, Teigen!». Til slutt laup Jahn Teigen ut i salen for å ta imot jubelen frå publikum. Programleiar Øystein Bache hadde store problem med å roe ned publikum og fortsetje sendinga.[3]

Jahn Teigen sjølv var ikkje særleg nådig etter finalen og spurde sarkastisk «Kven vann?» under ein improvisert pressekonferanse etter sendinga. Han fekk òg kritikk for at han sprang ut i salen og tok «merksemda bort» frå dei tre superfinalistane.[4] Teigen sjølv svarte: «Det var som å få et kick. Jeg måtte bare ut for å vise dem min takknemlighet.»[5]

Presse og tv-sjåarar kritiserte også juryordninga i dagane etter finalen, og fagdommar Inger Lise Rydal uttalte at det ikkje var moro å bli pipen ut av publikum.[6] Den svenske journalisten Måns Ivarsson kalla resultatet for ein skandale og samanlikna Teigen sitt fall som «om brudgommen blei kasta ut frå bryllaupsfesten.»[7] Etter sendinga blei VGs vakttelefon ringt ned av rundt hundre rasande tv-sjåarar som meinte juryane hadde boikotta Teigen.[8]

Andre hendingar[endre | endre wikiteksten]

Vinnarmelodien fekk ikkje mykje positiv omtale, og Rolf Løvland meinte «Venners nærhet» ikkje ville ha «nubbesjans» i den internasjonale finalen. «Det blir 17. plass!» sa Løvland til VG. Løvland fekk også heilt rett – det norske bidraget blei nummer 17 av 22 i Lausanne.[9] Vinnarmelodien hamna heller ikkje på hitlistene, mens «Optimist» låg fem veker på VG-lista med fjerdeplass som beste notering.[10]

Programleiar Øystein Bache og songaren Ingeborg Hungnes møtte kvarandre under tevlinga og blei etter kvart eit par. Dei er gifte i dag og har tre barn.

Den norske finalen blei sett av rundt 2,5 millionar nordmenn – rundt 77 prosent av nordmenn over 15 år, ifølgje ei spørjeundersøking gjort for VG.[11]

Fotnotar[endre | endre wikiteksten]

  1. «Melodi Grand Prix 1989 – norsk finale». Norsk rikskringkasting. 11. mars 1989. Besøkt 1. august 2016.
  2. Stensland, Morten (11. mars 1989). «Teigen er storfavoritt». Verdens Gang. s. 51.
  3. «Melodi Grand Prix 1989 – norsk finale (nedteljing til Superfinalen)». Norsk rikskringkasting. 11. mars 1989. Besøkt 1. august 2016.
  4. «Teigen skapte kaos». Verdens Gang. 13. mars 1989. s. 32–33.
  5. Lie, Wibecke (12. mars 1989). «Teigen vant, men tapte igjen». Norsk Telegrambyrå.
  6. «– Ikke moro å bli pepet ut». Verdens Gang. 13. mars 1989. s. 37.
  7. Ivarsson, Måns (13. mars 1989). «– En skandale». Verdens Gang. s. 36.
  8. «Grasrota i opprør». Verdens Gang. 13. mars 1989. s. 35.
  9. «Det blir 17. plass i Sveits». Verdens Gang. 13. mars 1989. s. 37.
  10. «VG-lista for 'Optimist'». Verdens Gang. Besøkt 1. august 2016.
  11. Lillelien, Per (15. mars 1989). «Spenningen borte fra Melodi Grand Prix». Verdens Gang. s. 40.