Melodi Grand Prix 2008

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Melodi Grand Prix 2008
Flickr - proteusbcn - Semifinal 1 EUROVISION 2008 (27).jpg
Dato
Delfinale 1 11. januar 2008
Delfinale 2 18. januar 2008
Delfinale 3 25. januar 2008
Sistesjansen 6. februar 2008
Finale 9. februar 2008
Vertskap
Delfinale 1 Stavanger
Delfinale 2 Kongsvinger
Delfinale 3 Bodø
Sistesjansen Oslo
Finale Oslo Spektrum
Programleiar Per Sundnes
Kringkastar Norsk rikskringkasting
Deltakarar
Deltakarar 18 (8 i finalen)
Vinnar
Song «Hold On Be Strong»
Artist Maria Haukaas Storeng
Resultat i Eurovision Song Contest 2008
Semifinalepoeng 106
Semifinaleplass 4.
Finalepoeng 182
Finaleplass 5.
Noreg i Eurovision Song Contest
Melodi Grand Prix 2007 EuroNoruega.svg Melodi Grand Prix 2009

Melodi Grand Prix 2008 var den 46. utgåva av Melodi Grand Prix, Noregs nasjonale uttaking til Eurovision Song Contest. 18 songar deltok i tre delfinalar og Siste sjanse. Av desse kom åtte til finalen 9. februar 2008 i Oslo Spektrum i Oslo. Vinnarlåten blei «Hold On Be Strong», framført av Maria Haukaas Storeng og skriven av Mira Craig. Storeng representerte Noreg i Eurovision Song Contest 2008 i Beograd. Der kvalifiserte ho seg via første semifinale og enda på 5. plass i finalen med 182 poeng. Dette var Noregs beste plassering på fem år.

Sendingane[endre | endre wikiteksten]

For tredje år på rad bestod Melodi Grand Prix av tre delfinalar, ein Siste sjanse og ein finale. Seks songar deltok i kvar delfinale, og dei to beste gjekk rett til finalen i Oslo Spektrum laurdag 9. februar, medan tredje- og fjerdeplassane fekk ein ny moglegheit i Siste sjanse onsdag 6. februar. Dei to siste i kvar delfinale var ute av tevlinga. I Siste sjanse gjekk dei to beste melodiane vidare, slik at det til saman blei åtte songar i finalen.

Fleire byar og tettstader melde seg på i konkurransen om å få ein av delfinalane til seg. Til slutt blei Stavanger, Kongsvinger og Bodø vald til delfinalestader. Bodø hadde òg hatt delfinalar dei to åra før. Per Sundnes var programleiar for alle sendingane. Den første delfinalen blei arrangert i eit 4000 kvadratmeter stort telt på tomta til det komande nye konserthuset i Sandvigå i Stavanger. Dei to neste delfinalane blei haldne høvesvis i Nordlandshallen i Bodø og Kongsvingerhallen i Kongsvinger. Siste sjanse blei halden på utestaden Stratos i Oslo, medan finalen gjekk av stabelen i Oslo Spektrum.

I startfeltet var det mange ukjende artistar, med dansebandet Ole Ivars og Maria Haukaas Storeng som dei mest kjende. Crash! og Veronica Akselsen var attende i tevlinga.

I kvar av dei tre delfinalane fekk ein tidlegare Melodi Grand Prix-vinnar framføre vinnarlåten sin. Dei var høvesvis Kirsti Sparboe med «Oj, oj, oj, så glad jeg skal bli», Anne-Karine Strøm med «Mata Hari» og Ketil Stokkan med «Romeo». I finalen var det Jahn Teigen som stod for pausenummeret, og han framførte ein hylla potpurri med mange av poplåtane sine. Fjorårsvinnar Guri Schanke framførte også «Ven a bailar conmigo» i gullfinalen før røystinga.

Resultatet i alle delfinalane og Siste sjanse blei avgjort av sjåarane sine røyster. I finalen røysta sjåarane fram fire låtar til gullfinalen. Resultatet i gullfinalen blei avgjort av tre fagjuryar i kombinasjon med sjåarane sine telefon- og SMS-røyster. Torstein Sødal, Veronica Akselsen, King of Trolls og Maria Haukaas Storeng gjekk vidare til gullfinalen. Maria Haukaas Storeng vann til slutt ein suveren siger i gullfinalen.

Resultat i finalen[endre | endre wikiteksten]

Første runde[endre | endre wikiteksten]

Nr. Tittel Artist Komponist Tekstforfattar Status
1 «Get Up» Crash! Trond Holter Ute
2 «Andagassi» Ann-Mari Andersen Stein Austrud Ann-Mari Andersen Ute
3 «Hold On» Tinkerbells Aina Beate Gundersen og Svein Gundersen Jan Groth Ute
4 «Am I Supposed to Love Again» Veronica Akselsen Anne Takle Laila Samuelsen Gullfinale
5 «Far Away» King of Trolls Frode Anderssen Gullfinale
6 «Som i himmelen» Ole Ivars William Kristoffersen Ute
7 «Eastern Wind» Torstein Sødal Christian Ingebrigtsen og Eivind Rølles Gullfinale
8 «Hold On Be Strong» Maria Haukaas Storeng Mira Craig Gullfinale

Gullfinale[endre | endre wikiteksten]

Nr. Tittel Artist Komponist Tekstforfattar Røyster Plass
4 «Am I Supposed to Love Again» Veronica Akselsen Anne Takle Laila Samuelsen 109 957 4
5 «Far Away» King of Trolls Frode Anderssen 115 811 3
7 «Eastern Wind» Torstein Sødal Christian Ingebrigtsen og Eivind Rølles 118 095 2
8 «Hold On Be Strong» Maria Haukaas Storeng Mira Craig 195 661 1

Røysting i finalen[endre | endre wikiteksten]

Dei fire mest populære songane i første runde gjekk vidare til gullfinalen. Det fulle resultatet frå første runde blei aldri offentleggjort, og gullfinalistane blei presenterte i tilfeldig rekkjefølgje. I gullfinalen blei resultatet avgjort av ei blanding mellom fagjuryar og sjåarane sine telefonrøyster. Dei tre delfinalebyane hadde kvar sin fagjury som gav 2 000, 4 000, 6 000 og 10 000 poeng til de fire gullfinalistane. Etter fagjuryane blei telefon- og SMS-røystene presenterte. Røystene blei delte inn i fem ulike geografiske regionar ut frå kor i landet røystene blei gitt. Kvar røyst talde eitt poeng. Poenga for landsdelane under motsvarar dermed talet på mottatte telefon- og SMS-røyster.[1]

Nr. Tittel Stavanger Kongsvinger Bodø Nord-Noreg Midt-Noreg Vest-Noreg Austlandet Sør-Noreg Totalt
4 «Am I Supposed to Love Again» 4 000 6 000 6 000 4 713 10 878 11 505 55 751 11 110 109 957
5 «Far Away» 2 000 2 000 2 000 7 520 14 627 15 043 58 797 13 824 115 811
7 «Eastern Wind» 10 000 4 000 4 000 5 391 10 423 15 308 46 226 22 747 118 095
8 «Hold On Be Strong» 6 000 10 000 10 000 22 056 23 396 21 169 83 342 19 698 195 661

Delfinalane[endre | endre wikiteksten]

Delfinale 1[endre | endre wikiteksten]

Sandvigå, Stavanger, fredag 11. januar 2008

Nr. Tittel Artist Komponist Tekstforfattar Status
1 «Lystgass» Podium Terje Lennavik Håkan Fjerdingen Siste sjanse
2 «Andagassi» Ann-Mari Andersen Stein Austrud Ann-Mari Andersen Finale
3 «Colliding» Nicholas Carlie Nate Campany Per Kristian Ottestad Ute
4 «Baby Don’t Stop the Music» Michelle Fred Ball Hannah Robinson Ute
5 «Hold On» Tinkerbells Aina Beate Gundersen og Svein Gundersen Jan Groth Siste sjanse
6 «Am I Supposed to Love Again» Veronica Akselsen Anne Takle Laila Samuelsen Finale

Delfinale 2[endre | endre wikiteksten]

Kongsvingerhallen, Kongsvinger, fredag 18. januar 2008

Nr. Tittel Artist Komponist Tekstforfattar Status
1 «Always Always» Zuma Alexander Stenerud Siste sjanse
2 «Would You Spend the Night With Me» Cube Åge Sten Nilsen Ute
3 «A Little More» Anne Hvidsten Anne Hvidsten Siste sjanse
4 «Get Up» Crash! Trond Holter Finale
5 «I'm in Love» Sven Garås Robin Nordahl Ingrid Nørsett Ute
6 «Hold On Be Strong» Maria Haukaas Storeng Mira Craig Finale

Delfinale 3[endre | endre wikiteksten]

Nordlandshallen, Bodø, fredag 25. januar 2008

Nr. Tittel Artist Komponist Tekstforfattar Status
1 «Two Monkeys (On The Roof)» Avalanche Kjetil Røsnes og Kirsti Johansen Ute
2 «Hear When I'm Calling» Maria Trøen Jarl Aanestad Ute
3 «Som i himmelen» Ole Ivars William Kristoffersen Siste sjanse
4 «Sillycone Valley» Lene Alexandra Ivar Winther Ivar Winther og Kam An Leung Siste sjanse
5 «Eastern Wind» Torstein Sødal Christian Ingebrigtsen og Eivind Rølles Finale
6 «Far Away» King of Trolls Frode Anderssen Finale

Siste sjanse[endre | endre wikiteksten]

Stratos, Oslo, onsdag 6. februar, 2008

Nr. Tittel Artist Komponist Tekstforfattar Status
1 «Lystgass» Podium Terje Lennavik Håkan Fjerdingen Ute
2 «Hold On» Tinkerbells Aina Beate Gundersen og Svein Gundersen Jan Groth Finale
3 «Always Always» Zuma Alexander Stenerud Ute
4 «A Little More» Anne Hvidsten Anne Hvidsten Ute
5 «Som i himmelen» Ole Ivars William Kristoffersen Finale
6 «Sillycone Valley» Lene Alexandra Ivar Winther Ivar Winther og Kam An Leung Ute

Hendingar[endre | endre wikiteksten]

Til saman kom det inn over 600 bidrag til NRKs opne konkurranse, over hundre fleire enn året før. I tillegg kontakta NRK fleire låtskrivarar og inviterte dei til å sende inn bidrag.[2][3] Åra før hadde det vore ein svensk dominans blant deltakarlåtane i Melodi Grand Prix, noko Jan Eggum kritiserte året før. NRK rosa kvaliteten på dei norske bidraga, og alle låtane i Melodi Grand Prix 2008 var skrivne av nordmenn.[4] Dette var første gong sidan 2001 at berre nordmenn hadde levert låtar til ein norsk finale. Fleire av dei inviterte komponistane som Christian Ingebrigtsen og Eivind Rølles kravde at NRK måtte satse heilnorsk.[5]

Dette året flytta NRK delfinalane attende til fredagar, medan Siste sjanse blei halden onsdagen før finalen. Sjåartalet for finalen var 1 128 000, opp nesten 150 000 frå året før.[6] For delfinalane og Siste sjanse var sjåartala høvesvis 765 000, 711 000, 750 000 og 468 000. Dette var omtrent som for delfinalane året før.[7]

Vinnarlåten blei den største suksessen sidan Wig Wams «In My Dreams» tre år før. «Hold On Be Strong» låg heile 21 veker på VG-lista, der ei veke var på førsteplass. Låten hamna òg på hitlister i fleire andre land, blant anna i Hellas, Danmark og Sverige.[8][9] Det norske bidraget deltok i den første semifinalen i Eurovision Song Contest 20. mai. Der kom Maria Haukaas Storeng på 4. plass og kvalifiserte seg til finalen laurdag 24. mai. I finalen kom «Hold On Be Strong» på en 5. plass, det beste norske resultatet sidan Jostein Hasselgård i 2003. Noreg blei også det beste vesteuropeiske landet i tevlinga. «Hold On Be Strong» blei òg nominert til Årets hit til Spellemannprisen 2008. Dette var andre gong ein Melodi Grand Prix-vinnar blei nominert til denne prisen, første gong var «Nocturne» i 1995.[10]

Fotnotar[endre | endre wikiteksten]

  1. «Melodi Grand Prix 2008 – norsk finale (2:2)». Norsk rikskringkasting. 9. februar 2008. Besøkt 9. august 2016.
  2. Henriksen, Arve (7. desember 2007). «– Legges merke til». Aftenposten. s. 8.
  3. Henriksen, Arve (25. september 2007). «Helnorsk Grand Prix»Aftenposten. s. 12.
  4. Grønneberg, Anders (13. desember 2007). «Helnorsk Grand Prix». Dagbladet. s. 76.
  5. Grønneberg, Anders (7. desember 2007). «MGP skal bli helnorsk». Dagbladet. s. 60.
  6. «Mest sett – lørdag 9. februar». Verdens Gang. 16. februar 2008. s. 59.
  7. «Mest sett – onsdag 6. februar». Verdens Gang. 13. februar 2008. s. 51.
  8. Hindhamar, Sølve (21. mai 2008). «Suksess på uventede steder»seher.no.
  9. «Swedish Charts». Hung Medien. Besøkt 9. august 2016.
  10. Ruus, Mari (6. januar 2009). «– Utrolig kult!»Verdens Gang.