Melodi Grand Prix 1960

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Melodi Grand Prix 1960
Dato
Finale 20. februar 1960
Vertskap
Finale Store Studio, NRK Marienlyst, Oslo
Programleiarar Erik Diesen og Odd Grythe
Kringkastar Norsk rikskringkasting
Deltakarar
Deltakarar 11 (6 i finalen)
Vinnar
Song «Voi Voi»
Artist Nora Brockstedt
Resultat i Eurovision Song Contest 1960
Finalepoeng 11
Finaleplass 4.
Noreg i Eurovision Song Contest
EuroNoruega.svg Melodi Grand Prix 1961

Melodi Grand Prix 1960 var den første utgåva av Melodi Grand Prix, Noregs nasjonale uttaking til Eurovision Song Contest. Finalen blei send på radio og fjernsyn frå Store Studio 20. februar 1960, eit halvt år før den offisielle opninga av fjernsynet i Noreg.[1] Konkurransen blei arrangert av NRK, og vinnaren fekk representere Noreg i den internasjonale finalen i London. Vinnaren av konkurransen blei songen «Voi Voi», sungen av Nora Brockstedt og skriven av Georg Elgaaen. I den internasjonale finalen kom «Voi Voi» på ein delt 4. plass med 11 røyster, Noregs beste plassering fram til 1966.

Sendinga[endre | endre wikiteksten]

Hausten 1959 lyste NRK ut ein konkurranse der profesjonelle musikarar og amatørar blei oppmoda om å sende inn songar til meloditevlinga Melodi Grand Prix. 303 bidrag kom inn, og ein jury samansett av Øivind BerghErik DiesenOtto Nielsen og Leif Rustad, silte dei innsende bidraga ned til elleve.[2]

Dei elleve låtane blei så framførte av Jens Book-Jenssen og Inger Jacobsen i ein radiosend semifinale 4. februar, der dei seks beste gjekk vidare til finalen laurdag 20. februar.[3] Finalen var i all hovudsak lagd opp som ei radiosending, sidan svært få nordmenn hadde fjernsyn på denne tida. Finalen blei likevel overført som prøvesending på fjernsyn, eit halvt år før den offisielle opninga av fjernsynet i Noreg.

Erik Diesen leidde finalen frå Store Studio, mens Odd Grythe rapporterte direkte frå nabostudioet, der juryen sat. Kringkastingsorkestret spelte dei seks finalemelodiane under leiing av Øivind Bergh.

Resultatet i finalen[endre | endre wikiteksten]

Nr. Tittel Artist Komponist Tekstforfattar Poeng Plass
1 «Ny smart hatt» Torhild Lindal Andreas Berg Juul Hansen 79 2
2 «Lille Lilli-Ann fra Lillesand» Egil Ellingsen Andreas Berg Juul Hansen 64 5
3 «En drøm er alt» Siss Hartmann Ole Bråten og Birger Bråten Torleif Holm 79 2
4 «Et sommereventyr» Elisabeth Granneman Arne Larsen 74 4
5 «Frøken Alfabet» Per Müller Ernst Aas Oddvar Eika 59 6
6 «Voi Voi» Nora Brockstedt Georg Elgaaen 94 1

Røysting i finalen[endre | endre wikiteksten]

Ein jury på tolv personar, blant dei to tilfeldig utvalde publikummarar frå Store Studio, dømde kvar song frå 1 til 10 poeng.[4] Under røystinga sat jurymedlemmane bak ein vegg og synte røystene sine gjennom hol i veggen. Dette blei gjort for å hindre at jurymedlemmane skulle bli påverka av kvarandre. Resultatet blei som følgjer:[5]

Nr. Tittel 1. 2. 3. 4. 5. 6. 7. 8. 9. 10. 11. 12. Totalt
1 «Ny smart hatt» 6 7 6 9 7 7 7 6 5 6 5 8 79
2 «Lille Lilli-Ann fra Lillesand» 4 6 4 8 5 6 5 5 6 4 8 3 64
3 «En drøm er alt» 9 3 4 7 9 7 5 6 8 9 7 5 79
4 «Et sommereventyr» 4 6 4 7 8 6 7 5 10 5 8 4 74
5 «Frøken Alfabet» 3 3 4 5 6 4 4 4 7 6 7 6 59
6 «Voi Voi» 7 7 6 8 10 9 9 8 9 10 5 6 94

Ny runde for å skilje dei to songane som kom på delt andreplass:

Nr. Tittel 1. 2. 3. 4. 5. 6. 7. 8. 9. 10. 11. 12. Totalt
1 «Ny smart hatt» 9 7 10 10 6 10 10 10 9 5 4 9 99
3 «En drøm er alt» 10 3 5 9 10 9 6 9 10 7 9 5 92

Jurymedlemmar: 1. Kolbjørn Ofstad, 2. Håkon Tveten, 3. Jacob Dybwad, 4. Thorleif Østereng, 5. Jens Gunderssen, 6. Bjørn Woll, 7. Carl Solberg, 8. Rolf Syversen, 9. Otto Nes, 10. Asbjørn G. Holmen – og publikumsmedlemmene 11. Helge Fikstad og 12. Astrid Hanevold.

Resultatet i semifinalen[endre | endre wikiteksten]

Semifinalen blei send på radio 4. februar med Erik Diesen som programleiar. Ein ekspertjury på ti personar røysta, og kvar medlem gav frå 1 til 5 poeng til kvar song. Dei seks beste gjekk vidare til finalen.[2][6][7]

Nr. Tittel Artist Poeng Plass
1 «Månen tur-retur» Jens Book-Jenssen 17 11
2 «Den dag du kommer» Inger Jacobsen 27 7
3 «Et sommereventyr» Inger Jacobsen 32 3
4 «Frøken Alfabet» Jens Book-Jenssen 28 4
5 «En drøm er alt» Inger Jacobsen 28 4
6 «En aften igjen» Inger Jacobsen 25 8
7 «Det blir sol hvor vi seiler» Jens Book-Jenssen 21 9
8 «Ny smart hatt» Inger Jacobsen 35 2
9 «Voi Voi» Inger Jacobsen 43 1
10 «En bukett anemoner» Jens Book-Jenssen 21 9
11 «Lille Lilli-Ann fra Lillesand» Inger Jacobsen 28 4

Hendingar[endre | endre wikiteksten]

På førehand hadde NRK gjort det klart at den som song vinnarlåta i den norske finalen, ikkje nødvendigvis skulle representere Noreg i London. Til slutt bestemde NRK at Nora Brockstedt likevel skulle få æra av å bli Noregs første representant i Eurovision Song Contest.[8]

Komponistane og tekstforfattarane blei haldne hemmelege til etter at vinnaren var kåra, dette for å unngå at juryen skulle la seg påverke av kven som hadde skrive songane. Hemmeleghaldet var vanleg praksis i tevlinga på 1960-talet, og det var først i 1971 at komponistane blei kjende før ein norsk finale.

Vinnarmelodien blei ein stor slager og låg ni veker på VG-lista med ein 5. plass som høgaste notering.[9] «Voi Voi» kan i dag karakteriserast som ein evergreen i norsk Melodi Grand Prix-historie. Tittelen på songen seiast å vere samisk for hei hei, men det er òg finsk for au då.[10] Det skulle gå 20 nye år før eit samisk språk blei brukt i ein vinnarlåt, då «Sámiid ædnan» vann den norske finalen i 1980.

Fotnotar[endre | endre wikiteksten]

  1. Jon Annar Fordal (22. april 2009). «Fjernsynets historie». Norsk rikskringkasting. Henta 25. august 2016. 
  2. 2,0 2,1 «Schlager-semifinalen kringkastes ikveld». Aftenposten. 4. februar 1960. s. 4.
  3. Jostein Pedersen. «Absolutt Grand Prix, Volum 1».
  4. «Refleksjoner om en finale»Aftenposten. 22. februar 1960. s. 7.
  5. «1960 – Oslo (arkivert side)». OGAE Norway. Besøkt 26. august 2016.
  6. «'Voi Voi' for en slagersamling!». Verdens Gang. 5. februar 1960. s. 6.
  7. «Norwegian Semi-Final 1960». Eurovision Song Contest National Finals Page. 
  8. Hjorthen og Kjølleberg, Ingeborg Rygh og Even (19. februar 2010). «Grand Prix-sirkusets første år»nrk.no.
  9. «VG-lista for 'Voi Voi'». Verdens Gang. Besøkt 24. august 2016.
  10. «voi voi på norsk bokmål». Glosbe – den flerspråklige online ordbok. Besøkt 26. august 2016.