Melodi Grand Prix 1993

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Melodi Grand Prix 1993
Dato
Finale 6. mars 1993
Vertskap
Finale Chateau Neuf, Oslo.
Programleiar Ingunn Kyrkjebø
Kringkastar Norsk rikskringkasting
Deltakarar
Deltakarar 8
Vinnar
Song «Alle mine tankar»
Artist Silje Vige
Resultat i Eurovision Song Contest 1993
Finalepoeng 120
Finaleplass 5.
Noreg i Eurovision Song Contest
Melodi Grand Prix 1992 Melodi Grand Prix 1994

Melodi Grand Prix 1993 var den 32. utgåva av Melodi Grand Prix, Noregs nasjonale uttaking til Eurovision Song Contest. Åtte finalistar kjempa i finalen 6. mars 1993 som blei arrangert i Chateau Neuf i Oslo. Vinnarlåten blei «Alle mine tankar», framført av Silje Vige. Songen er skriven av far hennar, Bjørn Erik Vige. Silje Vige representerte Noreg i den internasjonale finalen i Millstreet, der «Alle mine tankar» kom på 5. plass med 120 poeng. Det var Noregs beste plassering på fem år.

Sendinga[endre | endre wikiteksten]

NRK flytta dette året finalen til Chateau Neuf, der tevlinga sist blei arrangert i 1988. Det kom inn rundt 400 bidrag til den opne konkurransen, og ein jury plukka ut seks av dei til finalen laurdag 6. mars. I tillegg inviterte NRK Jahn Teigen og Tor Endresen til å delta. Dermed blei det åtte melodiar i finalen, det lågaste talet på finalistar sidan 1979.

Også dette året valde NRK eit tema for finalen – gamle, gode dagar – og kalla programmet Varieté Melodi Grand Prix. Publikum blei oppmoda om å kle seg i hattar og gamle kostyme, noko mange av publikummarane i Chateau Neuf hadde vald å gjere.[1]

Johnny Logan som vann den internasjonale finalen året før, ønskte deltakarane lukke til i ein innspelt video, og programleiar Ingunn Kyrkjebø opna showet med eit song- og dansenummer. Rolf Løvland leia husbandet som akkompagnerte finalemelodiane.

Det var fleire debutantar i startfeltet dette året, men Tor Endresen og Jahn Teigen var attende i tevlinga. Det same var New Jordal Swingers og Rune Larsen som sist hadde deltatt høvesvis i 1978 og 1977. Fjorårets vinnar, Merethe Trøan, var òg tilbake, og Mia Gundersens syster, Toni Gundersen, song «Roser i regn».

Magikar Geir Gjelten, illusjonisten Finn Jon og sjongløren Tomm Percy stod for pauseunderhaldninga. Deretter kåra ti distriktsjuryar 16 år gamle Silje Vige til vinnar med «Alle mine tankar».[2]

Resultat[endre | endre wikiteksten]

Nr. Tittel Artist Komponist og tekstforfattar Poeng Plass
A «Det skulle vært sommer» Rune Larsen og Helge Nilsen Ove Thue 37 7
B «Roser i regn» Toni Gundersen Glenn Kringlebotn og Magne Skålnes 48 4
C «Comeback» New Jordal Swingers Tom Pettersen 47 5
D «Alle mine tankar» Silje Vige Bjørn Erik Vige 75 1
E «Foruten vind» Stein Hauge og Kim Fairchild Are Selheim 57 2
F «Hva» Tor Endresen Rolf Løvland 53 3
G «Din egen stjerne» Merethe Trøan Per Berge Johannessen 46 6
H «Jackpot» Jahn Teigen Jahn Teigen 27 8

Røysting[endre | endre wikiteksten]

Ti distriktsjuryar med ti medlemmar i kvar, kåra vinnaren. Kvar jury gav 1–6, 8 og 10 poeng til finalebidraga. Av dei hundre jurymedlemmane var det 60 lekfolk, og 40 fagfolk med tilknyting til popmusikk. Leif Erik Forberg frå NRK P2 var hovuddommar. «Alle mine tankar» leia under heile røystinga og vann klart.

Nr. Tittel Drammen Ålesund Fredrikstad Kristiansand Trondheim Bergen Lillehammer Karasjok Oslo Tromsø Totalt
A «Det skulle vært sommer» 2 1 3 1 5 2 2 6 10 5 37
B «Roser i regn» 8 3 2 2 6 10 1 5 8 3 48
C «Comeback» 3 5 10 8 1 3 3 10 2 2 47
D «Alle mine tankar» 10 6 6 10 10 8 8 2 5 10 75
E «Foruten vind» 5 8 5 3 8 4 10 3 3 8 57
F «Hva» 1 10 8 5 3 6 4 8 4 4 53
G «Din egen stjerne» 4 4 4 4 4 5 5 4 6 6 46
H «Jackpot» 6 2 1 6 2 1 6 1 1 1 27

Hendingar[endre | endre wikiteksten]

To dagar før finalen melde VG om treigt billettsal og fleire hundre ledige plassar i Chateau Neuf. Avisa spekulerte på om det treige salet kunne kome av at publikum blei oppmoda om å kle seg ut i gamle klede, men NRK avviste at det var kostymeplikt.[3]

Etter finalen arrangerte VG ei telefonrøysting der lesarane kunne røyste på favorittlåten sin. Tor Endresens «Hva» vann klart, mens «Alle mine tankar» blei nummer tre. 8000 ringde inn og røysta. Casino-general Hallvard Flatland meinte vinnarmelodien var «totalt sjanselaus» i Eurovision Song Contest 1993.[4] VGs kritikar var derimot positiv og meinte juryane hadde valt rett låt.[5]

Veka etter finalen blei det klart at vinnarmelodien hadde blitt spelt i NRK Rogaland hausten før. «Alle mine tankar» stod i fare for å bli diskvalifisert, sidan reglane til EBU ikkje tillèt at eit bidrag har vore spelt før tevlinga.[6]

NRK bad EBU vurdere saka. Nokre dagar seinare kom EBU med ei utsegn der dei tilrådde NRK om å trekkje melodien, for å vere sikre på å unngå mulege protestar frå andre deltakarland. NRK trassa derimot tilrådinga og valde likevel å sende «Alle mine tankar» til den internasjonale finalen.[7] «Vi tar sjansen», sa informasjonsleiar i NRK, Svein Kjos, til VG.[8] Det kom heller ingen protestar, og det norske bidraget enda til slutt på ein sterk 5. plass i Eurovision Song Contest 1993.

Dette var siste gong NRK brukte ei manuell poengtavle i Melodi Grand Prix. Kvart år sidan har poengtavla vore digital.

Hausten 1992 starta dei automatiske tv-meter-målingane som gir eit langt meir nøyaktig sjåartal enn metodane som blei brukte åra før.[9] Den norske finalen blei sett av 1 364 000 sjåarar, ifølgje tv-meter-målinga som kan samanliknast med dagens målingar. Ifølgje Scan-Facts undersøking hadde den norske finalen 2 280 000 sjåarar. Dette talet baserer seg på ei telefonundersøking gjort blant 300 tilfeldig valde personar dagen etter finalen og kan derfor ikkje direkte samanliknast med tv-meter-målinga.[10][11]

Fotnotar[endre | endre wikiteksten]

  1. NTB Tekst (5. mars 1993). «Melodi Grand Prix i nostalgiens tegn». Norsk Telegrambyrå.
  2. «Varieté Melodi Grand Prix (Melodi Grand Prix 1993 – norsk finale)». Norsk rikskringkasting. 6. mars 1993. Besøkt 2. august 2016.
  3. Nodland, Erik (4. mars 1993). «Tregt billettsalg før Grand Prix». Verdens Gang. s. 50.
  4. Jacobsen og Nodland, Catharina og Erik (7. mars 1993). «Tor Endresen folkevinner for tredje gang». Verdens Gang. s. 50.
  5. Bakkemoen, Kurt (7. mars 1993). «Rett låt vant i går». Verdens Gang. s. 52.
  6. Hansen og Jacobsen, Bård E. og Catharina (8. mars 1993). «Silje kan bli disket». Verdens Gang. s. 40.
  7. NTB Tekst (12. mars 1993). «Silje ikke disket – får reise til Grand Prix-finalen». Norsk Telegrambyrå.
  8. Hognestad, Lars H. (13. mars 1993). «NRK tar sjansen». Verdens Gang. s. 56.
  9. «Slik leser du tv-børsen». Verdens Gang. 8. september 1992. s. 51.
  10. Nodland, Erik A. (9. mars 1993). «TV-børsen». Verdens Gang. s. 51.
  11. Gimnes, Lasse (8. mars 1993). «Grand Prix blir slaktet». Verdens Gang. s. 51.