When It Rains, It Really Pours

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
When It Rains, It Really Pours
Song av Elvis Presley
frå albumet Elvis for Everyone
Utgjeve 10. august 1965
Innspelt 24. februar 1957
Sjanger Rockabilly, rhythm and blues
Lengd 1:47
Selskap RCA Victor
Låtskrivar(ar) Billy «The Kid» Emerson

«When It Rains, It Really Pours» er ein song opphavleg skriven og innspelt av Billy «The Kid» Emerson. Versjonen hans, kalla «When It Rains It Pours», kom ut på Sun Records i 1954. Songen vart sidan spelt inn av Elvis Presley i 1957, men ikkje gjeve ut før i 1965 på albumet Elvis for Everyone.

Emerson-versjonen[endre | endre wikiteksten]

Songen vart spelt inn 27. oktober 1954 i Sun Recording Studio i Memphis i Tennessee. Sam Phillips var produsenten. Han vart gjeven ut 8. januar 1955 som Sun 214, og som B-sida til songen «Move Baby Move», som ikkje gjekk inn på salslistene.

Musikarane på den tida Emerson spelte inn songen var Emerson på piano, Elven Parr på gitar, Robert Prindell på trommer, Charles Smith på altsaksofon, Bennie Moore på tenorsaksofon og Luther Taylor på trompet.[1]

Presley-versjonane[endre | endre wikiteksten]

Presley hadde først prøvd og spelt inn songen medan han var på Sun Records i november 1955,[2] med Elvis og Scotty Moore på gitarar, Bill Black på bass og Johnny Bernero på trommer, men han vart aldri ferdig før kontrakten med Sun vart seld til RCA Records kring samstundes.[3] Lydbanda med innspelingane til Presley for Sun vart gjevne til RCA som ein del av avtalen, og dei fleste av dei vart gjevne ut på album kort tid etter. Men Presley si utgåve av «When It Rains, It Really Pours» frå 1955 vart ikkje gjeven ut. Denne var tapt i fleire år fram til 1982, då opptaket vart funnen og offisielt gjeve ut på samlealbumet Elvis: A Legendary Performer Volume 4.[2]

Den 24. februar 1957 spelte Presley inn songen igjen, denne gongen for RCA. Denne versjonen vart heller ikkje gjeven ut før albumet Elvis for Everyone i 1965.[2]

I 1968 song Presley songen under øvinga til fjernsynsprogrammet Elvis, som ein potensiell song for showet. Sjølv om songen ikkje vart spelt på sendinga, vart øvinga gjeven ut på plata The Complete '68 Comeback Special i 2008.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Billy «the Kid» Emerson, Billy «The Kid» Emerson: Red Hot The Sun Years, Plus, CD, Bear Family Records, Hambergen, Tyskland, 2009, liner notes
  2. 2,0 2,1 2,2 Worth, Fred. Elvis A-Z. s. 496. 
  3. Jorgensen, Ernst, Elvis Presley: A Life in Music, The Complete Recording sessions, St. Martin's Press, New York, 1998, s. 30

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]