Trettiårskrigen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå 30-årskrigen)
Gå til: navigering, søk
Trettiårskrigen
The Hanging by Jacques Callot.jpg
Les Grandes Misères de la guerre av Jacques Callot, 1632.
Dato 1618–1648
Stad Europa (stort sett i dagens Tyskland)
Resultat Freden i Westfalen
Partar
Protestantiske statar og allierte

Flagget til Sverige Sverige
Royal Standard of the Kingdom of France.svg Frankrike[1]
Flag of Bohemia.svg Böhmen
Flagget til Danmark Danmark-Noreg (1625–1629)[2]
Flag of Saxony.svg Kurfyrstedømet Sachsen
Prinsenvlag.svg Dei sameinte Nederlanda
Kurfyrstedømet Pfalz
Brunswick-Lüneburg Arms.svg Braunschweig-Lüneburg
Flag of England.svg England[3]
Flag of Scotland.svg Skottland
Brandenburg-Preussen
Transilvania
Hungarian Anti-habsburgske opprørarar[4]
Zaporozje-kosakkar
lenkje={{{namn}}} {{{namn}}}

Romersk-katolske statar og allierte

Banner of the Holy Roman Emperor (after 1400).svg Det tysk-romerske riket[5]

Spania og områda deira
Flagget til Danmark Danmark-Noreg (1643–1645)[2]

Kommandantar
Flagget til Sverige Gustav II Adolf av Sverige 

Flagget til Sverige Johan Banér
Flagget til Sverige Lennart Torstenson
Flagget til Sverige Carl Gustaf Wrangel
Flagget til Sverige Karl X Gustav
Flagget til Frankrike Ludvig XIII av Frankrike
Flagget til Frankrike Kardinal Richelieu
Flagget til Frankrike Marquis de Feuquieres 
Flagget til Frankrike Louis II de Bourbon
Flagget til Frankrike Vicomte de Turenne
Flagget til Böhmen Fredrik V
Flagget til Böhmen Jindrich Matyas Thurn
Flagget til Böhmen Kristian I av Anhalt-Bernburg
Flagget til Danmark Kristian IV av Danmark-Noreg
Flagget til Sachsen Bernhard av Sachsen-Weimar
Flagget til Sachsen Johan Georg I av Sachsen
Flagget til Den nederlandske republikken Maurice av Nassau
Flagget til Den nederlandske republikken Piet Pieterszoon Hein
Flagget til Den nederlandske republikken Vilhelm av Nassau
Flagget til Den nederlandske republikken Fredrik Henrik av Oranien
Flagget til Den nederlandske republikken Maarten Tromp
Flagget til Den nederlandske republikken Ernst Casimir
Flagget til Den nederlandske republikken Hendrik Casimir I
Flagget til England Hertugen av Buckingham
Flagget til Skottland Jarlen av Leven
Gabriel Bethlen
Ernst von Mansfeld
Kristian av Braunschweig
Bohdan Khmelnytskij

Flagget til Det tysk-romerske riket Johann Tserclaes av Tilly 

Flagget til Det tysk-romerske riket Albrecht von Wallenstein
Flagget til Det tysk-romerske riket Ferdinand II
Flagget til Det tysk-romerske riket Ferdinand III
Flagget til Det tysk-romerske riket Franz von Mercy 
Flagget til Det tysk-romerske riket Johann von Werth
Flagget til Det tysk-romerske riketGottfried Heinrich Graf zu Pappenheim
Fahne Kurbayern.gif Maximilian I
Flagget til Spania Filip IV av Spania
Flagget til Spania Hertugen av Olivares
Flagget til Spania Gonzalo Fernández de Córdoba
Flagget til Spania Ambrosio Spinola
Flagget til Spania Kardinal Ferdinand
Flagget til Spania Gómez Suárez de Figueroa
Flagget til Spania Fadrique de Toledo
Flagget til Spania Antonio de Oquendo
Flagget til Spania Francisco de Melo
Flagget til Spania Diego Felipez de Guzmán

Styrkar
495 000 mann:
  • 150 000 svenskar
  • 20 000 danskar og nordmenn
  • 75 000 nederlendarar
  • Om lag 100–150 000 tyskarar
  • 150 000 franskmenn
  • 20–30 000 ungararar (Anti-habsburgske ungarske opprørarar)
  • 6 000 transilvanarar
    [6]
450 000 mann:
  • 300 000 spanjolar (inkludert soldatar frå Dei spanske Nederlanda og Italia)
  • 100–200 000 tyskarar
  • Om lag: 20 000 ungararske og kroatiske kavaleristar[7]
Tap
8 000 000 inkludert sivile tap.[8]

Trettiårskrigen (1618–1648) vart utkjempa hovudsakleg i det som i dag er Tyskland, og til forskjellige tider omfatta krigen nesten alle landa i Europa. Det var ein av dei mest øydeleggjande krigane i europeisk historie.

Opphavet til krigen og målet til deltakarane var kompliserte, og ein kan ikkje peike ut ei enkelt årsak til krigen. Opphavleg vart krigen kjempa som ein religionskrig mellom protestantar og katolikkar i Det tysk-romerske riket, men stridar om den indre politikken og maktbalansen innanfor riket spelte òg ei stor rolle. Gradvis utvikla krigen seg meir til ein generell konflikt som omfatta dei fleste statane i Europa.[9][10] I denne generelle fasen vart krigen eit framhald av striden mellom franske Bourbon og Habsburg for å få forrang i Europa, og på sikt førte det til vidare krigføring mellom Frankrike og Habsburg.[11]

Heile regionar vart lagt i grus under trettiårskrigen av dei vandrande soldatane (bellum se ipsum alet). Episodar med hungersnaud og sjukdom førte til at folketalet i dei tyske statane, Böhmen, Dei sameinte Nederlanda og Italia fall kraftig, og fleire statar fekk store økonomiske problem. Sjølv om regimenta innanfor kvar arme ikkje strengt tatt var innleigde i den forstand at dei skifta side frå slag til slag, var dei individuelle soldatane innanfor kvart regiment truleg leigesoldatar som gjorde dette. Disiplinproblema vart derimot vanskelegare av måten militæret vart finansiert på i løpet 1600-talet. Armeane var forventa å vere stort sett sjølvfiansierte ved at ein plyndra eller skattla innbyggjarane i områda der dei opererte. Dette oppfordra til ei form for lovløyse som gjekk hardt ut over innbyggjarane i dei okkuperte områda. Fleire av stridane som var ein del av krigen vart ikkje løyste på lang tid. Trettiårskrigen enda med avtalar i Osnabrück og Münster, delar av den større freden i Westfalen.[12]

Opphavet til krigen[endre | endre wikiteksten]

Map Thirty Years War-en.svg

Freden i Augsburg (1555), signert av Karl V av Det tysk-romerske riket, stadfesta resultata etter riksdagen i Speyer i 1526, som enda krigen mellom tyske lutheranarar og katolikkar.[13]

  • Herskarar frå 225 tyske statar kunne velje religionen sin (lutheranisme eller katolisisme) i staten sin, og tvinge innbyggjarane til å følgje denne trua (cuius regio, eius religio-prinsippet).
  • Lutheranarar som levde i eit fyrstbispedøme (ein stat styrt av ein katolsk biskop) kunne halde fram å praktisere trua si.
  • Lutheranarar kunne halde områda dei hadde teke frå den katolske kyrkja sidan freden i Passau i 1552.
  • Fyrstbiskopane som hadde konvertert til lutheranismen måtte sei frå seg landområda sine (reservatum ecclesiasticum-prinsippet).

Sjølv om freden i Augsburg enda fiendskapen for ei stund, løyste det ikkje den underliggande religiøse striden. I tillegg spreidde kalvinismen seg raskt gjennom Tyskland i åra som følgde. Dette førte til ei tredje trusretning, men dette vart ikkje anerkjend med vilkåra i Augsburg-avtalen, der berre katolisismen og lutheranismen var gjeldande.[14]

Herskarane frå nasjonane som grensa til Det tysk-romerske riket medverka òg til at trettiårskrigen braut ut:

  • Spania var interessert i dei tyske statane fordi dei hadde område i Dei spanske Nederlanda i den vestlege delen av Riket og statar innanfor Italia som var knytte saman over land via Spanskevegen. Nederlendarane gjorde opprør mot den spanske dominansen i 1560-åra og dette førte til ein langvarig sjølvstendekrig som varte fram til ein våpenkvile i 1609.
  • Frankrike var nesten kringsett av dei to habsburgske statane (Spania og Det tysk-romerske riket), og ønskte å utøve makta si mot dei svakare tyske statane. Dette ønsket overgjekk dei religiøse interessene og gjorde at det katolske Frankrike deltok på den elles protestantiske sida i krigen.
  • Sverige og Danmark var interesserte i å få kontroll over dei nordlege tyske statane som grensa til Austersjøen.

Det tysk-romerske riket var ei fragmentert samling av stort sett sjølvstendige statar. Stillinga som tysk-romersk keisar var hovudsakleg berre ein tittel, men keisarane, frå Huset Habsburg styrte òg direkte ein stor del av Riket (Erkehertugdømet Austerrike, i tillegg til Böhmen og Ungarn). Det austerrikske området var dermed ei europeisk stormakt aleine, og herska over åtte millionar innbyggjarar. Riket bestod òg av fleire større statar som Bayern, kurfyrstedømet Sachsen, markgrevskapet Brandenburg, Pfalz, Hessen, erkebispedømet Trier og Nürnberg (med 500 000 til ein millionar innbyggjarar). Mange mindre sjølvstendige grevskap, keisarfrie byar, abbed, fyrstbispedøme og små herredøme (som stundom ikkje rådde over meir enn ein enkel landsby) dekte resten av Riket. Bortsett frå Austerrike og kanskje Bayern, kunne ingen av desse einingane utøve makt på nasjonalpolitisk nivå, og alliansar mellom familietilknytte statar var vanlege, delvis fordi det var vanleg å dele opp famileeigedomane mellom etterkomarane.

Den religiøse spaninga heldt seg sterk gjennom andre halvdelen av 1500-talet. Freden i Augsburg byrja å løys seg opp, då nokre av dei konverterte biskopane nekta å gje frå seg bispedøma sine, og somme habsburgske og andre katolske herskarar i Det tysk-romerske riket og Spania ønskte å gjeninnføre katolisismen i regionen. Dette var tydeleg frå Kølnerkrigen (1583–88), ein konflikt som starta då fyrstbiskopen i byen, Gerhard Truckles Von Wald-burg, konverterte til kalvinismen. Sidan han var keisarleg kurfyrste kunne dette ha ført til eit protestantisk fleirtal blant fyrstane som valte den tysk-romerske keisaren  – ei stilling som alltid hadde vore katolsk.

I Kølnerkrigen dreiv spanske soldatar den tidlegare fyrstbiskopen ut og erstatta han med Ernst av Bayern, ein katolikk. Etter denne suksessen dreiv katolikkane på vidare og cuius regio, eius religio-prinsippet vart utført meir strengt i Bayern, Würzburg og andre statar. Dette tvinga dei lutherske innbyggjarane til å anten omvende seg eller flytte. Lutheranarane opplevde òg at herrar i Pfalz (1560), Nassau (1578), Hessen-Kassel (1603) og Brandenburg (1613) hoppa over til den nye kalvinismen. Så på byrjinga av 1600-talet var områda kring Rhinen og dei sørover til Donau stort sett katolske, medan lutheranarane dominerte i nord og kalvinistane i somme andre område, som vest i det sentrale Tyskland, Sveits og Nederlanda. Det fanst derimot minoritetar av dei andre trusretningane nesten alle stader. I somme herredøme og byar var talet på kalvinistar, katolikkar og lutheranarar nesten likt.

Dei spanske herskarane mislikte sterkt at dei habsburgske keisarane som følgde Karl V (særleg Ferdinand I og Maximilian II, men òg Rudolf II og etterkomarane hans Matthias) var tilfredse med at prinsane i Riket kunne velje trusretning sjølv. Desse herskarane unngjekk religionskrigar i riket ved å la dei forskjellige trusretningane spreie seg utan tvang. Dette gjorde dei som søkte religiøs einskap arg.[15] Samstundes ønskte Sverige og Danmark, begge lutheranske kongedøme, å støtte den protestantiske sida i Riket, samt få politisk og økonomisk innverknad der.

Dei religiøse spaningane braut ut i vald i den tyske fristaden Donauwörth i 1606. Den lutherske majoriteten der hindra dei katolske innbyggjarane frå å halde ein prosesjon, noko som førte til opprør. Dette førte til at hertug Maximilian av Bayern (1573–1651) blanda seg inn på vegner av katolikkane. Då valden gav seg, følte kalvinistane i Tyskland (som var i mindretal) seg truga. Dei knytte seg saman og danna Den evangeliske unionen i 1608, leia av Pfalz kurfyrsten Fredrik IV (1583–1610), (viss son Fredrik V gifta seg med Elizabeth Stuart, dottera til Jakob I av England).[16] Då denne unionen vart oppretta danna katolikkane Den katolske ligaen i 1609, leia av hertug Maximilian.

Spaningane eskalerte vidare i 1609 under den jüliche arvefølgjekrigen, som starta då hertug Johan Vilhelm av Jülich-Cleves-Berg, herskaren over det strategisk viktige Dei sameinte grevskapa Jülich-Cleves-Berg, døydde utan barn.[17] Det var to pretendentar til grevskapet. Den første var hertuginne Anna av Preussen, dottera til den eldste systera til hertug Johan Vilhelm, Maria Eleonora av Cleves. Anna var gift med kurfyrste Johan Sigismund av Brandenburg. Den andre var pfalzgreve Wolfgang Vilhelm av Neuburg, som var son av den nest eldste systera til hertug Johan Vilhelm, Anna av Cleves. Hertuginne Anna av Preussen gjorde krav på Jülich-Cleves-Berg som arving til den eldste linja, medan Wolfgang Vilhelm gjorde krav som den eldste mannelge arvingen. Begge pretendentane var protestantiske. For å hindre krig mellom rivalane okkuperte styrkane til Rudolf II av Det tysk-romerske riket i 1610 Jülich-Cleves-Berg fram til striden vart avgjort i Rikshoffrådet (Reichshofrat). Fleire protestantiske prinsar frykta derimot at keisaren, som var ein from katolikk, ønskte å halde Jülich-Cleves-Berg for seg sjølv for å hindre grevskapa å hamne i protestantiske hender.[17] Representantar for Henrik IV av Frankrike og Dei sameinte Nederlanda samla styrkar for å invadere Jülich-Cleves-Berg, men desse planane vart avlyste då Henrik IV vart myrda. I håp om å få ein fordel i striden, konverterte Wolfgang Vilhelm til katolisismen, medan Johan Sigismund konverterte til kalvinismen (sjølv om Anna av Preussen vart verande lutheranar).[17] Striden vart avgjort i 1614 med freden i Xanten der Dei sameinte grevskapa vart fråskilde: Jülich og Berg vart gjeven til Wolfgang William, medan kurfyrsten av Brandenburg fekk Cleves, Mark og Ravensberg.[17]

Bakgrunnen for det nederlandske opprøret er òg naudsynt for å forstå hendingane som førte fram til trettiårskrigen. Det var vidt kjend at Tolvårsvåpenkvilen kom til å gå ut i 1621, og gjennom Europa venta ein at Spania då ville prøve å gjenerobre Dei sameinte Nederlanda. På denne tida kunne styrkane til Ambrogio Spinola, 1. marki av Balbases, genuesisk kommandant for ein spansk arme, passere fritt gjennom dei vennlege territoria for å nå Dei sameinte Nederlanda. Den einaste fiendtlege staten som stod i vegen var Kurfyrstedømet Pfalz.[18] (Den føretrekte ruta til Spinola ville ta han gjennom Republikken Genova, hertugdømet Milano, gjennom Val Telline, rundt det fiendtlege Sveits ved å gå langs nordsida av Bodensjøen, så gjennom Alsace, erkebispedømet Strasbourg, så gjennom Kurfyrstedømet Pfalz, og så til slutt gjennom erkebispedømet Trier, Jülich og Berg og vidare til Dei sameinte Nederlanda).[18] Kurfyrstedømet Pfalz var derfor strategisk viktig i ei europeisk sak som var ut av alle proporsjonar samanlikna med storleiken på staten. Dette forklarer kvifor protestanten Jakob I av England fekk dottera Elizabeth Stuart gift med Fredrik V av Pfalz i 1612, trass i den vanlege sedvanen om at ei prinsesse berre ville gifte seg med ein annan kongeleg.

I 1617 vart det tydeleg at Matthias av Det tysk-romerske riket og konge av Böhmen ville døy utan arvingar, og at landområda hans ville gå til den næraste mannlege slektningen, syskenbarnet erkehertug Ferdinand II av Austerrike, næraste arving og kronprins av Böhmen. Med Oñate-traktaten gjekk Filip III av Spania med på denne arvefølgja.

Ferdinand, som fekk utdanninga si hos jesuittane, var ein trufast katolikk som ønskte å innføre same religion i alle landområda sine. Dette gjorde han særs upopulær hos protestantane i Bömen (hovudsakleg husittane). I tillegg til meininga til innbyggjarane, avviste adelen hånleg Ferdinand, som hadde vorte valt til bøhmisk kronprins i 1617, og dette var med på å utløyse trettiårskrigen i 1618, då representanten hans vart kasta ut av eit vindauge i ein haug med hestemøkk. Den såkalla defenestrasjonen i Praha førte til ope opprør i Böhmen, som hadde mektige utanlandske allierte. Ferdinand vart oppskaka av denne kalkulerte fornærminga, men den intolerante politikken hans i hans eige land gjorde at han hadde ei svak stilling. Interessene til Habsburg såg dei neste åra ut til å lide tilbakeslag som ikkje var mogeleg å kome opp att frå. Dei protestantiske interessene såg ut til å gå mot ein rask total siger.

Krigen kan delast inn i fire store fasar: Det bøhmiske opprøret, den danske innblandinga, den svenske innblandinga og den franske innblandinga.

Det bøhmiske opprøret[endre | endre wikiteksten]

1618–1621[endre | endre wikiteksten]

Treskjering som syner defenestrasjon i Praha (1618), som markerte starten på det bøhmiske opprøret, den første delen av trettiårskrigen.

Utan arvingar ønskte keisar Matthias å sikre ein ordentleg overgang medan han enno levde ved å la familiearvingen sin (den særs katolske Ferdinand av Steiermark, seinare Ferdinand II av Det tysk-romerske riket) bli valt til konge av Böhmen og Ungarn.[19] Somme av dei protestantiske leiarane i Böhmen frykta at dei ville miste dei religiøse rettane sine som vart gjevne til dei av keisar Rudolf II i 1609. Dei føretrekte den protestantiske Fredrik V, kurfyrsten av Pfalz (etterfølgjaren til Fredrik IV, som skapte Den evangeliske unionen.[20] Dei andre protestantane støtta derimot katolikkane,[21] og i 1617 vart Ferdinand behørig valt til kronprins, og då Matthias døydde, automatisk valt til den neste kongen av Böhmen.

Historisk attspeling av slaget ved Dei kvite fjella

Den valte kongen sendte så to katolske rådmenn (Vilem Slavata av Chlum og Jaroslav Borzita av Martinice) som sine representantar til Hradčany slott i Praha i mai 1618. Ferdinand ønskte at dei skulle styre for han når han var borte. Den 23. mai 1618 samla ein gjeng protestantar seg og kasta dei (og sekretæren Philip Fabricius) ut av vindauget på slottet, som var 21 meter over bakken. Merkverdig nok overlevde dei fordi dei landa i ein haug hestemøkk. Denne hendinga, kjend som (den andre) defenestrasjonen i Praha, starta det bøhmiske opprøret. Kort tid etter spreidde konflikten seg til heile det bøhmiske kronområdet, inkludert sjølve Böhmen, Schlesien, Oberlausitz, Niederlausitz og Mähren. Mähren vart alt innblanda i konflikten mellom katolikkane og protestantane. Religionskrigen spreidde seg etter kvart over heile det europeiske kontinentet, med Frankrike, Sverige og fleire andre land.[20]

Hadde det bøhmiske opprøret vorte verande ein lokal konflikt, kunne krigen vore over på mindre enn 30 månader, men då keisar Matthias døydde, vart dei opprørske protestantiske leiarane, som hadde vore nær ved å kome til ei semje med katolikkane, dristigare. Sidan både Ferdinand (no offisielt på trona etter at keisar Matthias døydde) og bøhmarane no var svake, spreidde krigen seg til vestlege delar av Tyskland. Ferdinand vart tvungen til å be nevøen sin, kong Filip IV av Spania, om støtte.

Bøhmarane som desperat trengde allierte mot keisaren, søkte om å bli teken opp i Den evangeliske unionen, som var leia av den originale kandidaten deira for den bøhmiske trona, den kalvinistiske Fredrik V av Pfalz. Bøhmarane gav hint om at Fredrik ville verte konge av Böhmen om han let dei inn i unionen og verna dei. Liknande tilbod vart derimot òg gjeven til andre medlemmar av dei bøhmiske landområda, som hertugen av Savoie, kurfyrsten av Sachsen, og fyrsten av Transilvania. Austerrikarane, som såg ut til å fange opp kvart brev som forlet Praha, gjorde innhalda i breva offentleg kjend.[22] Det øydela mykje av støtta for bøhmarane, særleg i hoffet til Sachsen. Opprøret gjekk i starten bøhmarane sin veg. Dei fekk med seg Oberösterreich, der adelen hovudsakleg var lutheranarar eller kalvinistar. Niederösterreich gjorde opprør kort tid etter, og i 1619 leia grev Thurn sjølv ein arme heilt til murane av Wien.

Osmansk støtte[endre | endre wikiteksten]

Bethlen Gabor søkte støtte hos Det osmanske riket mot habsburgarane.
Fredrik V av Pfalz som konge av Böhmen, måla i 1634, to år etter han døydde, av Gerrit von Honthorst.

I aust leia den protestantiske ungarske fyrsten av Transilvania, Bethlen Gabor, eit felttog inn i Ungarn med støtte frå den osmanske sultanen Osman II. I frykt av den katolske politikken til Ferdinand II, bad Bethlen Gabor om eit protektorat av Osman, slik at Det osmanske riket vart den einaste mektige allierte av dei bøhmiske statane etter at dei hadde drive bort det habsburgske styret og valt Fredrik V som ein protestantisk konge.[23] Det vart utbytta ambassadørar og Heinrich Bitter vitja Konstantinopel i januar 1620, og Mehmed Aga vitja Praha i juli 1620. Osmanarane tilbaud ein styrke på 60 000 kavaleristar til Fredrik og planar vart lagt for ein invasjon av Polen med 400 000 soldatar i byte mot årlege utbetalingar til sultanen.[24] Desse forhandlingane utløyste den polske-osmanske krigen i 1620–21.[25] Osmanarane slo polakkane, som fekk støtte av habsburgarane i trettiårskrigen, i slaget ved Cecora i september–oktober 1620,[26] men klarte ikkje å utrette noko meir før bøhmarane vart slått i slaget ved Det kvite fjellet i november 1620.[27]

Keisaren som hadde vore oppteken med Uskok-krigen, skunda seg å danna ein arme for å stoppe bøhmarane og deira allierte frå å invadere landet hans. Grev Bucquoy, kommandanten til keisararmeen, slo styrkane til Den evangeliske unionen leia av grev Mansfeld i slaget ved Sablat, den 10. juni 1619. Dette blokkerte kommunikasjonslinjene til grev Thurn med Praha, og han vart tvungen til å gje opp omleiringa av Wien. Slaget ved Sablat kosta òg protestantane ein viktig alliert — Savoie, lenge ein motstandar av at habsburgarane skulle utvide landområda sine. Savoie hadde alt sendt store pengesummar til protestantane og til og med soldatar til garnisonane i Rhinland. Erobringa til Mansfeld avslørte involveringa til Savoie, og dei vart tvungen til å gå ut av krigen.

1621–1625[endre | endre wikiteksten]

Måleri som syner slaget ved Det kvite fjellet (1620), der keisarstyrkane under Johan Tzerclaes av Tilly vann ein avgjerande siger.
Don Ambrosio Spinola, 1. marki av Balbases, kommandant for den spanske hæren.

Spanjolane sendte ein arme frå Brussel under Ambrosio Spinola for å støtte keisaren. I tillegg vart det sendt ein spansk ambassadør til Wien, Don Íñigo Vélez de Oñate, som overtalte det protestantiske Sachsen til å gå inn mot Böhmen i byte mot at dei fekk kontroll over Lausitz. Saksarane invaderte og den spanske armeen i vest hindra styrkane til Den evangeliske unionen frå å assistere. Oñate konspirerte om å overføre kurfyrste-tittelen frå Pfalz til hertugen av Bayern i byte for støtta hans og Den katolske ligaen.

Kommandert av general Philyaw, pasifiserte armeen til Den katolske ligaen (som inkluderte René Descartes i rekkjene) Oberösterreich, medan styrkane til keisaren pasifiserte Niederösterreich. Dei to armane slo seg saman og flytta nordover og inn i Böhmen. Ferdinand II slo Fredrik V i det avgjerande slaget ved Det kvite fjellet, nær Praha, den 8. november 1620. I tillegg til å verte katolsk, vart Böhmen verande under habsburgarane i nesten 300 år.

Dette nederlaget førte til at Den evangeliske unionen vart oppløyst og at Fredrik V tapte landområda sine. Fredrik vart gjort fredlaus i Det tysk-romerske riket, og landområda hans, det rhinske Pfalz, vart gjeven til katolske adelsmenn. Tittelen kurfyrste av Pfalz vart gjeven til den fjerne slektningen hertug Maximilian av Bayern. Fredrik, som var landlaus, vart ein viktig landflyktig og prøvde å få støtte for saka si i Sverige, Nederlanda og Danmark.

Dette var eit alvorleg slag for den protestantiske saka i regionen. Då opprøret kollapsa vart landområda til den bøhmiske adelen konfiskert og adelen undertrykt for å sikre at landet gjekk over til den katolske sida etter meir enn to hundreår under husittane og andre religiøse dissentar. Spanjolane, som prøvde å kome nederlendarane i forkjøpet i førebuingane av ei fornying av åttiårskrigen, tok landområdet til Fredrik, Rheinpfalz. Den første fasen av krigen i det austlege Tyskland enda 31. desember 1621, då fyrsten av Transilvania og keisaren signerte freden i Nikolsburg, som gav Transilvania mange område i Kongelege Ungarn.

Johan Tzerclaes av Tilly, kommandant for den bayerske og keisarlege armeen.

Somme historikarar rekna perioden frå 1621–1625 som ein eigen del av trettiårskrigen, kalla «den pfalsiske fasen». Med det katastrofale nederlaget til den protestantiske armeen ved Det kvite fjellet og fyrsten av Transilvania borte, var store delar av Böhmen pasifisert. Krigen i Pfalz heldt derimot fram. Kjende leigesoldatar, som grev Ernst von Mansfeld, støtta Fredrik V i å forsvare landa hans, Øvre Pfalz og Rheinpfalz. Denne fasen av krigen bestod av mange mindre slag, hovudsakleg omleiringar utført av den spanske armeen. Mannheim og Heidelberg fall i 1622, og Frankenthal vart teken to år seinare, noko som opna Pfalz for spanjolane.

Restane av dei protestantiske armeane, leia av grev Ernst von Mansfeld og hertug Kristian av Braunschweig, gjekk inn i nederlandsk teneste. Sjølv om dei redda Bergen-op-Zoom (oktober 1622) frå omleiringa her, kunne ikkje nederlendarane gje dei permanent ly. Dei vart betalte og sendt til naboområdet Aust-Friesland. Mansfeld vart verande att i Dei sameinte Nederlanda, medan Kristian reiste for å «assistere» slektningen sin i Den nedersaksiske rikskrinsen, noko som gav han merksemda til Tilly. Med meldingane om at Mansfeld ikkje kom til å støtte han, byrja armeen til Kristian å gradvis trekkje seg attende til den nederlandske grensa. Den 6. august 1623 tok den meir disiplinerte armeen til Tilly dei att, berre 15 km frå den nederlandske grensa. Slaget som følgde er kjend som slaget ved Stadtlohn. I dette slaget vann Tilly grundig og utsletta fire femdelar av armeen til Kristian, som hadde vore på 15 000 mann. Etter denne katastrofen vart Fredrik V, som alt var i eksil i Haag, utsett for aukande press frå svigerfaren, Jakob I, om å ende involveringa si i krigen. Han vart tvungen til å gje opp håpet om framtidige felttog. Det protestantiske opprøret var knust.

Hugenottopprøra (1620–1628)[endre | endre wikiteksten]

For meir om dette emnet, sjå hugenottopprøra.

I Frankrike gjorde dei protestantiske hugenottane, hovudsakleg i dei sørvestlege provinsane, opprør mot den sentrale kongemakta i det franske styret. Opprøret kom etter at Henrik IV døydde. Han var opphavleg sjølv ein hugenott før han konvertere til katolisismen og hadde verna protestantane gjennom ediktet i Nantes. Den nye kongen, Ludvig XIII, under regjeringa til den italienske og katolske mora, Marie de' Medici, vart meir intolerant overfør protestantane. Hugenottopprøra kom etter tjue år med indre fred under Henrik IV, etter dei franske religionskrigane i 1562–1598. Opprøret førte til store militære møte, som enda i nederlag for hugenottane: omleiringa av Montauban i 1621, sjøslaget ved Saint-Martin-de-Ré den 27. oktober 1622, erobringa av Ré i 1625 og omleiringa av La Rochelle i 1627–1628 som vart ein internasjonal konflikt som omfatta England i den engelsk-franske krigen (1627-1629). Huset Stuart i England vart involvert for å prøve å sikre fred i Europa (via den spanske maken) og hadde blanda seg inn i krigen mot både Spania og Frankrike. Men på grunn av det store nederlaget (som indirekte førte til at den engelske leiaren Hertugen av Buckingham var avretta), samt at dei mangla midlar til å føre krig, som kom av ein indre konflikt mellom Karl I og parlamentet hans, stoppa England å involvere seg i dei europeiske sakene, noko som tok motet frå dei protestantiske styrkane på kontinentet.[28] Frankrike vart verande det største katolske kongedømet som ikkje var tilknytt Habsburg-statane, og førte seinare aktiv krig mot Spania. Den franske krona svarte ikkje på hugenottopprøret med den typiske religiøse polariseringa ein såg andre stader i trettiårskrigen, men gjorde heller forsøk på å oppnå eit nasjonalt hegemoni som eit einevelde.

Dansk innblanding (1625–1629)[endre | endre wikiteksten]

Den katolske general Albrecht von Wallenstein.

Freden i Riket var kortvarig då Danmark starta striden opp att. Den danske involveringa, som vert kalla Den nedersaksiske krigen eller Kejserkrigen,[29] starta då Kristian IV av Danmark-Noreg, ein lutheranar som òg var hertug av Holstein, eit hertugdøme i Det tysk-romerske riket, støtta dei lutherske herskarane i nabostaten Niedersachsen ved å føre ein arme mot keisarstyrkane.[30] Danmark frykta for suvereniteten sin som ein protestantisk nasjon, etter den nylege suksessen til katolikkane. Kristian IV hadde òg gjort det godt med politikken sin i Nord-Tyskland. Til dømes vart Hamburg i 1621 tvungen til å akseptere dansk suverenitet og den andre sonen til Kristian vart fyrstbiskop av Bremen. Kristian IV hadde oppnådd ein stabilitet og velstand i kongedømet sitt ein knapt såg andre stader i Europa. Stabiliteten og velstanden vart betalt for ved Øresundtollen og omfattande krigserstatningar frå Sverige.[31] Saka til Danmark fekk støtte av Frankrike som i lag med England gjekk med på å subsidiere delar av krigen. Kristian hadde sjølv utpeikt leiaren for Den nedersaksiske rikskrinsen og samla ein arme på 20 000 leigesoldatar og ein nasjonal arme på 15 000 mann.

For å slå han ned, søkte Ferdinand II militær støtte hos Albrecht von Wallenstein, ein bøhmisk adelsmann som hadde vorte rik etter å ha konfiskert landområde frå sine eigne landsmenn.[32] Wallenstein gav armeen sin, med mellom 30 000 og 100 000 soldatar, til Ferdinand II mot at han fekk retten til å plyndre dei erobra områda. Kristian, som ikkje kjende til styrkane til Wallenstein då han invaderte, vart tvungen til å trekkje seg attende føre den samla styrken til Wallenstein og Tilly. Det dårleg hellet til Kristian heldt fram då alle dei allierte han trudde han hadde på si side vart tvungen til side: England var for svak og internt delt, Frankrike var midt i ein borgarkrig, Sverige var i krig med Det polsk-litauiske samveldet, og verken Brandenburg eller Sachsen var interesserte i å avslutte den spinkle freden i det austlege Tyskland. Wallenstein slo armeen til Mansfeld i slaget ved Dessau bru (1626) og general Tilly slo danskane i slaget ved Lutter (1626).[33] Mansfeld døydde nokre månader seinare av sjukdom, visstnok av tuberkulose, i Dalmatia.

Skotske soldatar i teneste for Gustav Adolf, 1631.

Armeen til Wallenstein marjserte nordover og okkuperte Mecklenburg, Pommern og til slutt sjølve Jylland. Han klarte derimot ikkje å ta den danske hovudstaden på øya Sjælland. Wallenstein mangla ein flåte og verken byane i Hansaen eller Polen let keisarflåten få byggje flåten sin ved Austersjøen. Han kringsette så Stralsund, den einaste krigførande hamnebyen ved Austersjøen med fasilitetar til å byggje ein stor flåte. Kostnaden med å halde fram krigen var derimot enorm samanlikna med det ein ville oppnå ved å erobre resten av Danmark.[34] Wallenstein frykta å mista dei nordtyske områda sine til ein dansk-svensk allianse, og Kristian IV hadde lidd nok eit nederlag i slaget ved Wolgast, så begge var klare for å forhandle.[35]

Forhandlingane vart avslutta med freden i Lübeck i 1629, som sa at Kristian IV kunne få halde på Danmark, om han gav opp støtta til dei protestantiske tyske statane. Så i dei to påfølgjande åra vart fleire landområde underlagt dei katolske statane. På dette tidspunktet overtalte Den katolske ligaen Ferdinand II til å ta attende dei lutherske landormåda som i følgje freden i Augsburg rettmessig høyrte til Den katolske kyrkja. Spesifisert i restitusjonsediktet (1629) var desse landområda to erkebispedøme, seksten bispedøme og hundrevis av kloster. Same året døydde Gabriel Bethlen, den kalvinistiske fyrsten i Transilvania. Berre hamnebyen Stralsund heldt framleis ut mot Wallenstein og keisaren.

Svensk innblanding (1630–1635)[endre | endre wikiteksten]

Kavalerislag kring 1640 av den flamske målaren Sebastian Vrancx

Somme i hoffet til Ferdinand II stolte ikkje på Wallenstein, og meinte at han prøvde å slå styrkane sine saman med dei tyske fyrstane og slik få makt over Riket. Ferdinand II avsette Wallenstein i 1630. Han vart seinare invitert til svenskane, leia av kong Gustaf II Adolf, då dei invaderte Det tysk-romerske riket med stor suksess og lukka snudde for katolikkane. Bidraga hans gjorde Sverige til den leiande protestantiske makta på kontinentet fram til Det svenske imperiet enda i 1721.[36] [37]

Gustav Adolf, som Kristian IV før han, kom til kontinentet for å støtte dei tyske lutheranarane og hindre at katolikkane truga heimlandet deira, samstundes som dei ønskte å få økonomisk makt i dei tyske statane kring Austersjøen. I tillegg var Gustav uroa over den voksande makta til Det tysk-romerske riket. Ingen veit heilt sikkert kvifor Gustav gjekk inn i krigen. Som Kristian IV, fekk Gustav Adolf økonomisk støtte av kardinal Richelieu, statsministeren til Ludvig XIII av Frankrike og av nederlendarane.[38] Frå 1630 til 1634 dreiv dei svensk-leia armeane katolikkane attende, og tok attende mykje av dei tapte protestantiske områda. I dette felttoget klarte han å erobre halvparten av kongedøma til keisaren.

Dei svenske styrkane gjekk inn i Det tysk-romerske riket via hertugdømet Pommern, som tente som eit svensk bruhovud etter Stettin-traktaten i 1630. Etter at Wallenstein vart avsett i 1630, var Ferdinand II avhengig av Den katolske ligaen. Gustav Adolf allierte seg med Frankrike i Bärwalde-traktaten (januar 1631). Frankrike og Bayern signerte den hemmelege Fontainebleau-traktaten i 1631, men dette vart rekna som irrelevant for dei svenske åtaka mot Bayern. I slaget ved Breitenfeld i 1631 slo styrkane til Gustav Adolf Den katolske ligaen leia av general Tilly.[39] [40] Eit år seinare møttest dei igjen til nok ein siger for protestantane og denne gongen mista i tillegg Tilly livet. Den evangeliske unionen hadde no overtaket, med Sverige i føringa. I 1630 hadde Sverige betalt minst 2 368 022 riksdalar for armeen sin på 42 000 mann. I 1632 betalte Sverige berre ein femtedel av dette (476 439 riksdalar) for kostnaden av ein arme som var meir enn tre gonger større (149 000 mann). Dette var mogeleg på grunn av støtte frå Frankrike, og at dei rekrutterte fangar (dei fleste av dei tekne ved slaget ved Breitenfeld) i den svenske armeen. Dei fleste leigesoldatane som Gustav II Adolf av Sverige rekrutterte var tyske[41], men skotske leigesoldatar var heller ikkje uvanleg. Då Tilly døydde søkte Ferdinand II igjen støtte hos Wallenstein og den store armeen hans. Wallenstein marsjerte sørover og truga forsyningslinja til Gustav Adolf. Gustav Adolf visste at Wallenstein venta på eit åtak og var førebudd, men hadde ikkje andre val. Wallenstein og Gustav Adolf møttest i slaget ved Lützen i 1632, der svenskane vann. Gustav Adolf mista derimot livet i slaget.

Mistanken Ferdinand II hadde mot Wallenstein heldt fram i 1633, då Wallenstein prøvde å mekle mellom den katolske og protestantiske sida. Ferdinand II kan ha frykta at Wallenstein ville byte side, og fekk han fjerna frå kommandoen og arrestert. Ein av soldatane til Wallenstein, kaptein Devereux, tok livet av han då han prøvde å kontakte svenskane i rådhuset i Eger (Cheb) den 25. februar 1634. Same året, vart dei protestantiske styrkane, som no mangla Gustav som leiar, slått i det første slaget ved Nördlingen av ein spansk-keisarleg styrke kommandert av kardinal Ferdinand.

Våren 1635 tok den svenske motstanden i det sørlege Tyskland slutt. Etter dette møttest keisaren og det protestantiske Tyskland for forhandlingar og danna freden i Praha i 1635, som fastsette at tvangsfullbydinga frå restitusjonsediktet skulle utsettast i 40 år og la dei protestantiske herskarane få attende dei sekulariserte bispedøma dei hadde i 1627. Dette verna dei lutherske herskarane i det nordaustlege Tyskland, men ikkje dei i sør og vest (som hadde fått landområda sine okkupert av keisaren eller ligaen før 1627).

Avtalen gjorde og at det var mogeleg å slå i saman armeane til keisaren og dei tyske statane til ein enkelt arme for Det tysk-romerske riket (sjølv om Johan Georg I av Sachsen og Maximilian I av Bayern fekk halde sjølvstendig kommando over styrkane sine, av praktiske årsaker). Til slutt vart det forbode for dei tyske prinsane å inngå alliansar med kvarandre eller utanlandske statar, og alle herskarane som hadde gått til krig mot keisaren etter at svenskane kom til i 1630 fekk no amnesti.

Frankrike var ikkje nøgd med avtalen, fordi han hadde styrkt habsburgarane. Frankrike gjekk derfor inn i krigen og starta den siste perioden av trettiårskrigen. Sverige tok ikkje del i freden i Praha og heldt fram krigen i lag med Frankrike.

Like etter freden i Praha, vart den svenske armeen under Johan Banér pressa attende av den forsterka keisararmen til det nordlege Tyskland.

Fransk innblanding (1635–1648)[endre | endre wikiteksten]

Sjølv om han var katolsk kardinak, allierte Kardinal Richelieu Frankrike med protestantane.
Torstenson 1642

Sjølv om Frankrike var katolsk, var dei ein rival av Det tysk-romerske riket og Spania. Kardinal Richelieu, statsministeren til kong Ludvig XIII av Frankrike, meinte at habsburgarane var for mektige, sidan dei hadde mange område aust for Frankrike, inkludert delar av Nederlanda. Richelieu hadde alt blanda seg indirekte inn i krigen i januar 1631, då den franske diplomaten Hercules de Charnace signerte Bärwalde-traktaten med Gustav Adolf, der Frankrike gjekk med på å støtte svenskane med 1 000 000 livre kvart år i byte mot at at Sverige skulle oppretthalde ein arme i Tyskland mot habsburgarane. Avtalen sa òg at Sverige ikkje skulle gjere fred med Det tysk-romerske riket med mindre Frankrike hadde godkjend det først.

Etter det svenske nederlaget i Nördlingen i september 1634 og freden i Praha i 1635 der dei protestantiske tyske prinsane bad om fred med den tyske keisaren, sidan det såg tvilsamt ut at Sverige kunne halde fram krigen aleine, valte Richelieu å gå inn i krigen direkte mot habsburgarane. Frankrike erklærte krig mot Spania i mai 1635 og mot Det tysk-romerske riket i august 1636, og opna offensivane mot habsburgarane i Tyskland og Nederlanda. Frankrike og Sverige signerte strategiske avtalar i Wismar (1636) og Hamburg (1638).

Like etter freden i Praha vart den svenske armeen under Johan Banér pressa attende av den forsterka keisararmeen til nordlege område av Tyskland. Då dei forfølgde svenskane nordover mista keisararmeen mange mann på grunn av desertering og andre årsaker, og dei møttest til slutt i slaget ved Wittstock i 1636. Den svenske armeen under Banér slo denne gongen keisararmeen og snudde slik om mange av effektane av nederlaget i Nördlingen.

Dei franske militæroperasjonane gjekk ikkje bra, og spanjolane gjekk til motåtak og invaderte fransk territorium. Keisargeneralen Johann von Werth og den spanske kommandanten kardinal Ferdinand av Spania herja dei franske provinsane Champagne, Bourgogne og Picardie, og truga til og med Paris i 1636 før dei vart drivne attende av Bernhard av Sachsen-Weimar. Sigeren til Bernhard i slaget ved Compiègne pressa habsburgarmeen attende til grensa til Frankrike. Spreidde kampar følgde så, men ingen av sidene klarte å få overtaket. I 1642 døydde kardinal Richelieu.

Etter slaget ved Wittstock, tok den svenske armeen attende initiativet i det tyske felttoget. I det andre slaget ved Breitenfeld i 1642, utanfor Leipzig, slo den svenske feltmarskalken Lennart Torstenson, ein tysk-romersk arme leia av erkehertug Leopold Vilhelm av Austerrike og hans nestkommanderande general Ottavio Piccolomini, hertugen av Amalfi. Keisararmeen tapte heile 20 000 mann. I tillegg tok svenskane 5 000 til fange og erobra 46 kanonar. 4 000 svenskar vart drepne eller skadde. Slaget gjorde at Sverige kunne okkupere Sachsen. Nederlaget gjorde keisar Ferdinand III meir villig til å forhandle om fred, ikkje berre med Frankrike, men òg med Sverige.

Den svenske omleiringa av Praha i 1648.

I 1643 døydde Ludvig XIII og den fem år gamle sonen hans, Ludvig XIV tok over trona. Den franske generalen Louis II de Bourbon, 4. prins de Condé, Duc d'Enghien, Den store Condé slo den spanske armeen i slaget ved Rocroi i 1643. Statsministeren til Ludvig XIII, kardinal Mazarin, som måtte ta seg av den heimlege striden kalla Fronden i 1645, starta så forsøket på å få enda krigen. I 1643 førebudde Danmark seg igjen på å gå inn i trettiårskrigen, men på keisaren si side (mot Sverige). Den svenske marskalken Lennart Torstenson dreiv den danske prinsen Fredrik bort frå Bremen-Verden, og fekk ein skanse sør for Danmark som hindra danskane frå å delta som meklarar i fredsforhandlingane i Westfalen.[42] Torstensson okkuperte så Jylland og etter at den kongelege svenske marinen under Carl Gustaf Wrangel påførte den danske marinen eit avgjerande nederlag i slaget ved Fehmern Belt i kamphandlinga den 13. oktober 1644, vart danskane tvungen til å gjere fred. Med Danmark ute av krigen kunne Torstenson så forfølgje keisararmeen under Gallas frå Jylland i Danmark og ned til Böhmen. I slaget ved Jankau nær Praha slo den svenske armeen keisararmeen under Gallas og kunne okkupere Böhmen og truge både Praha og Wien. I 1645 slo Louis II de Bourbon, Prince de Condé den bayerske armeen i det andre slaget ved Nördlingen. Den siste katolske kommandanten som var verdt å merke seg, baron Franz von Mercy, døydde i slaget.[43]

Den 14. mars 1647 signerte Bayern, Köln, Frankrike og Sverige våpenkvilen i Ulm. I 1648 slo svenskane (kommandert av marskalk Carl Gustaf Wrangel) og franskmennene (leia av Turenne og Condé) keisararmen i slaget ved Zusmarshausen og Lens. Slaget ved Praha i 1648 vart den siste kamphandlinga i trettiårskrigen. Den svenske generalen Hans Christoff von Königsmarck, kommanderte den flygande kolonnen til Sverige, gjekk inn i byen og erobra Praha slott på vestsida av elva Vltava. Dette gjorde at berre Austerrike no var trygt i habsburgske hender.

Freden i Westfalen[endre | endre wikiteksten]

For meir om dette emnet, sjå Freden i Westfalen.
Europa etter freden i Westfalen, 1648.

Over ein fireårsperiode deltok partane (Det tysk-romerske riket, Frankrike og Sverige) aktivt i forhandlingane i Osnabrück og Münster i Westfalen.[44] Slutten av krigen vart ikkje markert med berre ein avtale, men ei rekkje avtalar, som freden i Hamburg. Den 15. mai 1648 vart freden i Münster signert og dette enda åttiårskrigen. Over fem månader seinare, den 24. oktober, vart freden i Münster og Osnabrück signerte.[44][45] [46]

Krigsoffer[endre | endre wikiteksten]

Ein bonde bed om nåde føre ein brennande gard.
Tiggar, truleg ein krigsveteran, kring 1622, av Jacques Callot

Øydeleggingane under krigen var så store at folkesetnaden i dei tyske statane vart redusert med mellom 25 % og 40 %.[47] Somme regionar vart langt hardare råka enn andre.[48] Til dømes mista Württemberg tre fjerdedelar av folkesetnaden sin under krigen.[49] I Brandenburg var tapet halve folkesetnaden, medan det i andre område er estimert at to tredjedelar mista livet.[50] Den mannlege folkesetnaden i dei tyske statane var redusert med nesten halvparten.[51] Folkesetnaden i dei tsjekkiske landområda minka med ein tredjedel på grunn av krig, sjukdom, hungersnaud og utdrivinga av tsjekkiske protestantar.[52][53] Mange sivile liv og eigedomar gjekk tapt på grunn av dei grådige og fælslege leigesoldatane, som bestod av både rike kommandantar og fattige soldatar.[54] Landsbyane var særleg utsette for dei omvandrande armeane. Dei som overlegde, som den vesle landsbyen Drais nær Mainz, brukte over hundre år på å kome seg att. Dei svenske armeane aleine kan ha øydelagd opp mot 2 000 slott, 18 000 landsbyar og 1500 byar i Tyskland, ein tredjedel av alle dei tyske byane.[55] Krigen påførte både økonomien og innbyggjartalet i Sentral-Europa store tap, men kan òg berre ha vore ei alvorleg forverring av endringar som hadde starta tidlegare.[56][57]

Farsotter av forskjellige slag herja i delar av Tyskland og dei omliggande områda frå 1618 til 1648. Krigen var med å spreie desse sjukdommane med troppeforflytningar, innførsel av soldatar frå framande land og dei mange slagfrontane som vart flytta rundt. I tillegg førte dei mange flyktningane i byane til både sjukdom og hungersnaud.

Politiske følgjer[endre | endre wikiteksten]

Prosentvis reduksjon i innbyggjartalet i Tyskland

Ei følgje av krigen var delinga av Tyskland i mange territorium — alle desse vann, trass i at dei var ein del av riket, de facto suverenitet. Dette avgrensa makta til Det tysk-romerske riket og desentraliserte den tyske makta.

Trettiårskrigen omarrangerte den europeiske maktstrukturen. Det siste tiåret av krigen var det klåre teikn på at Spania var svekka. Medan Spania kriga i Frankrike, tok Portugal — som hadde vore i personalunion med Spania i 60 år — Johan IV av Braganza som konge i 1640, og Huset Braganza vart det nye dynastiet i Portugal (sjå den portugisiske restaurasjonskrigen). Samstundes vart Spania tvungen til å godta sjølvstendet til Dei sameinte Nederlanda i 1648, noko som enda åttiårskrigen. Bourbon-Frankrike utfordra makta til Habsburg-Spania i den fransk-spanske krigen (1635–59); og fekk definitivt overtaket med devolusjonskrigen (1667–68) og den fransk-nederlandske krigen (1672–78), under Ludvig XIV.

Frå 1643–45, dei siste åra av trettiårskrigen, kjempa Sverige og Danmark Hannibalfeiden. Resultatet av denne krigen og avslutninga på den store europeiske krigen med freden i Westfalen i 1648 var med på å opprette Sverige som ei stormakt i Europa etter krigen.

Sentral-Europa mot slutten av trettiårskrigen, som viser oppdelinga som følgde desentraliseringa.


Edikta ein vart samde om under signeringa av freden i Westfalen var viktige i grunnlaget for det som sjølv i dag er grunnleggjande prinsipp for ein suveren nasjonalstat. I tillegg til å fastsetje landegrensene for mange av landa som var involvert i krigen (samt for dei nye som vart skapte sidan), endra freden i Westfalen forholdet mellom undersåttar og herskarane deira. I tidlegare tider hadde folket ein tendens til å ha overlappande politiske og religiøse truskap. No vart ein samde om at innbyggjarane i kvar nasjon først og fremst var underlagt lovene til herskarane dei var underlagt og ikkje nabostatane, om dei så var religiøse eller verdslege statar.

Krigen hadde òg nokre mindre tydelege følgjer. Trettiårskrigen markerte den siste store religionskrigen på det europeiske kontinentet og enda den langvarig religiøse striden etter reformasjonen, som hadde starta over hundre år tidlegare. Det var andre religiøse konfliktar i åra som følgde, men ingen storkrigar.[58] I tillegg førte dei store øydeleggingane til at ein slutta å nytte leigesoldatar i same grad som før.

Krigen hadde òg følgjer andre stader, sidan dei europeiske statane utvida kampane deira til dei oversjøiske koloniane. I 1630 tok ein nederlandsk flåte på 70 skip dei rike sukker-områda i Pernambuco (Brasil) frå portugisarane, men hadde mista alt i 1654. Kampar fann òg stad i Afrika og Asia. Øydelegginga av Koneswaram-tempelet i Trincomalee i 1624 og Ketheeswaram-tempelet førte til eit omfattande felttog som øydela fem hundre hinduistiske heilagdomar, Saraswathi Mahal-biblioteket og tvinga tamilane til å konvertere til katolisismen då portugisarane erobra kongedømet Jaffna. Fillip II og III av Portugal og seinare nederlendarane og engelskmennene, nytta fort bygd frå øydelagde tempel, som Fort Fredrick i Trincomalee, til å utkjempe sjøslag mot nederlendarane, engelskmennene, franskmennene og danskane.[59][60]

Involverte statar[endre | endre wikiteksten]

Thirty Years War involvement graph nn.svg

Direkte mot keisaren
Indirekte mot keisaren
Direkte for keisaren
Indirekte for keisaren

Fiksjon[endre | endre wikiteksten]

Gabriel Bethlen, fyrste og kommandant for den transilvanske armeen.

Galleri[endre | endre wikiteksten]

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • Denne artikkelen bygger på «Thirty Years' War» frå Wikipedia på engelsk, den 23. januar 2012.
  • Helfferich, Tryntje, ed. The Thirty Years War: A Documentary History, (Indianapolis: Hackett, 2009). 352 pages. 38 key documents including diplomatic correspondence, letters, broadsheets, treaties, poems, and trial records. excerpt and text search
  • Wilson, Peter H. ed. The Thirty Years War: A Sourcebook (2010); includes state documents, treaties, correspondence, diaries, financial records, artwork; 240pp
  1. George Ripley, Charles Anderson Dana, The American Cyclopaedia, New York, 1874, s. 250, "...the standard of France was white, sprinkled with golden fleur de lis...". *[1] The original Banner of Frankrike was strewn with fleurs-de-lis. *[2]:on the reverse of this plate it says: "Le pavillon royal était véritablement le drapeau national au dix-huitième siecle...Vue du chateau d'arrière d'un vaisseau de guerre de haut rang portant le pavillon royal (blanc, avec les armes de Frankrike)." Tekst frå Encyclopædia Britannica si 11. utgåve, eit leksikon som i dag er offentleg eigedom.: "The oriflamme and the Chape de St Martin were succeeded at the end of the 16th century, when Henry III., the last of the Huset Valois, came to the throne, by the white standard powdered with fleurs-de-lis. This in turn gave place to the famous tricolour." Frankrike entered the war in 1635.
  2. 2,0 2,1 1625–1629. Aligned with the Catholic Powers 1643–1645.
  3. I krig med Spania 1625–30 (og Frankrike 1627–29).
  4. Scores Hungarians was fall into line with army of Gabriel Bethlen in 1620. Ágnes Várkonyi: Age of the Reforms, Magyar Könyvklub publisher, 1999. ISBN 963 547 070 3
  5. Tekst frå Encyclopædia Britannica si 11. utgåve, eit leksikon som i dag er offentleg eigedom.: "The Austrian imperial standard has, on a yellow ground, the black double-headed eagle, on the breast and wings of which are imposed shields bearing the arms of the provinces of the rike. The flag is bordered all round, the border being composed of equal-sided triangles with their apices alternately inwards and outwards, those with their apices pointing inwards being alternately yellow and white, the others alternately scarlet and black ." Also, Whitney Smith, Flags through the ages and across the world, McGraw-Hill, England, 1975 ISBN 0-07-059093-1, s.114 – 119, "The imperial banner was a golden yellow cloth...bearing a black eagle...The double-headed eagle was finally established by Sigismund as regent...".
  6. Gabriel Bethlen's army numbered 5 000 Hungarian pikeman and 1 000 German mercenary, with the anti-Habsburg Hungarian rebels numbered together approx. 35 000 men. László Markó: The Great Honors of the Hungarian State (A Magyar Állam Főméltóságai), Magyar Könyvklub 2000. ISBN 963 547 085 1
  7. László Markó: The Great Honors of the Hungarian State (A Magyar Állam Főméltóságai), Magyar Könyvklub 2000. ISBN 963 547 085 1
  8. Norman Davies, Europa, p.568
  9. «The Thirty-Years-War». Western New England College. http://mars.wnec.edu/~grempel/courses/wc2/lectures/30yearswar.html. 
  10. «::The Thirty Years War 1621 to 1626:». www.historylearningsite.co.uk. http://www.historylearningsite.co.uk/30YW_1621-1626.htm. 
  11. «Thirty Years' War». Encyclopædia Britannica. http://www.britannica.com/eb/article-9072150/Thirty-Years-War. 
  12. Wilson, Peter. "Europa's Tragedy". Penguin, 2009, s.735-755
  13. «Diets of Speyer (German history) – Britannica Online Encyclopedia». www.britannica.com. http://www.britannica.com/eb/topic-559499/Diets-of-Speyer. 
  14. «::The Peace in Prague::». www.historylearningsite.co.uk. http://www.historylearningsite.co.uk/peace_of_prague.htm. 
  15. «The Thirty Years War». Pipeline. http://www.pipeline.com/~cwa/TYWHome.htm#Background. 
  16. «Fredrik the Winter King. The Columbia Encyclopedia, Sixth Edition. 2001–07». www.bartleby.com. http://www.bartleby.com/65/fr/FredWK.html. 
  17. 17,0 17,1 17,2 17,3 C. V. Wedgwood, The Thirty Years War (Penguin, 1957, 1961), s. 48.
  18. 18,0 18,1 C. V. Wedgwood, The Thirty Years War (Penguin, 1957, 1961), s. 50.
  19. «The Defenestration of Prague « Criticality». steveedney.wordpress.com. http://steveedney.wordpress.com/2006/05/23/the-defenestration-of-prague/. 
  20. 20,0 20,1 «Böhmenn Revolt-Thirty Years War». Thirty Years War. http://thirtyyearswar.tripod.com/revolt.html. 
  21. «Wars of the Western Civilization». www.visualstatistics.net. http://www.visualstatistics.net/east-west/War%20West/War%20West.htm#Thirty. 
  22. T. Walter Wallbank, Alastair M. Taylor, Nels M. Bailkey, George F. Jewsbury, Clyde J. Lewis, Neil J. Hackett , Bruce Borland (Ed.) (1992). Civilization Past & Present Volume II. New York, N.Y: Harper Collins Publishers. ss. 15. The Development of the Europaan State System: 1300–1650.. ISBN 0-673-38869-7. 
  23. An economic and social history of The Ottoman Empire Halil İnalcık, Suraiya Faroqhi, Donald Quataert, Bruce McGowan, Sevket Pamuk, Cambridge University Press, 1997 ISBN 0-521-57455-2 s. 424-425 [3]
  24. The winter king Brennan C. Pursell s.112-113
  25. God's Playground: The origins to 1795 by Norman Davies p
  26. History of The Ottoman Empire and modern Turkey av Ezel Kural Shaw s.191 [4]
  27. Halil İnalcık, s.424-425
  28. Peltonen, s.271
  29. Lockhart, Paul Douglas (2007). Denmark, 1513–1660: the rise and decline of a Renaissance monarchy. Oxford University Press. s. 166. ISBN 0199271216. 
  30. «Danish Kings • Christian 4.». www.danskekonger.dk. http://www.danskekonger.dk/eng/biografi/ChrIV.html. 
  31. Wilson, Peter. "Europe's Tragedy". Penguin, 2009, s.400-433
  32. «Wallenstein Palace Gardens». www.prague-guide.co.uk. Arkivert frå originalen. Mal:Citation error. http://web.archive.org/web/20080405122000/http://www.prague-guide.co.uk/categories/Attractions,-What-to-See/Wallenstein-Palace-Gardens/. 
  33. The Danish interval
  34. «CATHOLIC ENCYCLOPEDIA: Albrecht von Wallenstein». www.newadvent.org. http://www.newadvent.org/cathen/15538b.htm. 
  35. *Lockhart, Paul Douglas (2007). Denmark, 1513–1660: the rise and decline of a Renaissance monarchy. Oxford University Press. s. 170. ISBN 0199271216. 
  36. The Thirty-Years-War
  37. «Thirty Years War». www.hyperhistory.com. http://www.hyperhistory.com/online_n2/civil_n2/histscript6_n2/thirty1.html. 
  38. «Lecture 6: Europa in the Age of Religious Wars, 1560–1715». www.historyguide.org. http://www.historyguide.org/earlymod/lecture6c.html. 
  39. «HistoryNet  — From the World’s Largest History Magazine Publisher » Thirthy Year's War: Slaget ved Breitenfeld». www.historynet.com. http://www.historynet.com/thirty-years-war-battle-of-breitenfeld.htm/6. 
  40. and Lützen: AD 1631–1632 «History of THE THIRTY YEAR'S WAR». www.historyworld.net. http://www.historyworld.net/wrldhis/PlainTextHistories.asp?historyid=ac18#Breitenfeld and Lützen: AD 1631–1632. 
  41. http://www.sfhm.se/templates/pages/ArmeStandardPage____1241.aspx?epslanguage=EN
  42. Böhme, Klaus-R (2001). «Die sicherheitspolitische Lage Schwedens nach dem Westfälischen Frieden». I Hacker, Hans-Joachim (på German). Der Westfälische Frieden von 1648: Wende in der Geschichte des Ostseeraums. Kovač. s. 35. ISBN 3830005008. 
  43. «Franz, baron von Mercy – Britannica Online Encyclopedia». www.britannica.com. http://www.britannica.com/eb/article-9052107/Franz-baron-von-Mercy. 
  44. 44,0 44,1 «::The Thirty Years War::». Chris Atkinson. http://www.pipeline.com/~cwa/TYWHome.htm. 
  45. End of the Eighty Years War «The Thirty Years War: The Freden i Westfalen». www.pipeline.com. http://www.pipeline.com/~cwa/Westfalen_Phase.htm#The End of the Eighty Years War. 
  46. «Tyskland History Timeline». www.landreports.org. http://www.landreports.org/history/timeline.aspx?landId=91. 
  47. "History of Europe – Demographics". Encyclopædia Britannica.
  48. Trettiårskrigen: Slaget ved Breitenfeld, HistoryNet
  49. «Germany  — The Thirty Year's War  — The Freden i Westfalen». About.com. http://historymedren.about.com/library/text/bltxtgermany16.htm. 
  50. Preussen in the later 17th Century, University of Wisconsin-Madison
  51. Coins of the Thirty Years War, The Wonderful World of Coins, Journal of Antiques & Collectibles January Issue 2004
  52. «The Thirty Year's War  — Czech republic». www.czech.cz. Arkivert frå originalen. Mal:Citation error. http://web.archive.org/web/20080504165414/http://www.czech.cz/en/czech-republic/history/all-about-czech-history/the-thirty-years-war/. 
  53. «Historical/Cultural Timeline – 1600s». College of Education, University of Houston. http://www.fm.coe.uh.edu/timeline/1600s.html. 
  54. «The Thirty Year War and its Consequences  — Universitätsstadt Tübingen». www.tuebingen.de. http://www.tuebingen.de/en/1560_6209.html. 
  55. years_war.htm «Population». History Learningsite. http://www.historylearningsite.co.uk/population_thirty years_war.htm. 
  56. Tyskland after the Thirty Years War, Boise State University
  57. «The Trettiårskrigen». history-world.org. http://history-world.org/The%20Thirty%20Years'%20War.htm. 
  58. «Lecture 6: Europe in the Age of Religious Wars, 1560–1715». www.historyguide.org. http://www.historyguide.org/earlymod/lecture6c.html. 
  59. Gnanaprakasar, S. A critical history of Jaffna, s. 153–72.
  60. «Portuguese Colonial Period (1505–645 CE)». Rohan Titus. http://www.ceylontamils.com/history/history4.php.