Eurovision Song Contest 2024

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Framtidig hending: Denne artikkelen inneheld informasjon om ei framtidig hending. Han kan derfor bli endra når meir informasjon blir tilgjengeleg.
Eurovision Song Contest 2024
Offisiell tittel
68. Eurovision Song Contest
Dato
Semifinale 1 7. mai 2024
Semifinale 2 9. mai 2024
Finalen 11. mai 2024
Vertskap
Stad
Malmö Arena i Malmö i Sverige[1]
Varigskap
Opningsnummer
Pausenummer
Bidrag
Antal bidrag
37
Attende
Luxembourg
Kart
Røysting
Eurovision Song Contest
Liverpool 2023 2025

Eurovision Song Contest 2024 blir den 68. utgåva av Eurovision Song Contest, den årlege songtevlinga for medlemmane av Den europeiske kringkastingsunionen. Tevlinga finn stad i Malmö i Sverige etter at Loreen og «Tattoo» vann Eurovision Song Contest 2023 for Sverige.[1] Tevlinga blir organisert og produsert av Sveriges Television i samarbeid med EBU. Dette blir den sjuande gongen Sverige står vertskap, og det er tredje gongen Malmö er vertsby for Eurovision Song Contest.

Tevlinga består av tre sendingar: ein semifinale tysdag 7. mai, ein semifinale torsdag 9. mai og finalen laurdag 11. mai. Dei tre showa blir arrangert i Malmö Arena, som også husa tevlinga i 2013.[1] Sendingane blir overført direkte til alle deltakerlanda og andre land med senderettar.

Til saman deltek 37 land, like mange som året før. Luxembourg returnerer til Eurovision Song Contest etter å ha vore fråverande sidan 1993. Av deltakarlanda må 31 land gjennom ein av dei to semifinalane, der 20 av dei kvalifiserer seg til finalen. I tillegg deltek vertslandet Sverige og dei «fem store landa» i finalen, slik at finalefeltet består av 26 land. Vinnaren blir kåra av fagjuryar og sjåarar.

Bakgrunn[endre | endre wikiteksten]

Sverige vann Eurovision Song Contest 2023 i Liverpool i Storbritannia med «Tattoo» og Loreen. Dette var den sjuande sigeren til Sverige i tevlinga, etter at ABBA vann i 1974 med «Waterloo», Herreys i 1984 med «Diggi-loo diggi-ley», Carola i 1991 med «Fångad av en stormvind», Charlotte Perrelli i 1999 med «Take Me to Your Heaven», Loreen i 2012 med Euphoria og Måns Zelmerlöw i 2015 med «Heroes». Som vinnar av 2023-tevlinga vann Sverige samstundes retten til å arrangere Eurovision Song Contest i 2024.

Deltakande land[endre | endre wikiteksten]

Til saman deltek 37 land i tevlinga, blant dei er Luxembourg som ikkje har delteke sidan 1993.[2][3]

Semifinale 1[endre | endre wikiteksten]

Semifinalen blir arrangert tysdag 7. mai klokka 21.00 sentraleuropeisk sommertid. 15 land deltek i denne semifinalen, og dei ti beste kvalifiserer seg til finalen. Dei førehandskvalifiserte landa Frankrike, Storbritannia og vertslandet Sverige skal røyste i denne semifinalen.[4] Endeleg startrekkefølgje blir bestemt av produsentane av showet etter at alle bidraga er klåre i midten av mars 2024. Under er ei oversikt over deltakarane i rekkefølgja dei skal framføre sine bidrag i:[5]

# Land Artist Song Språk Plass Poeng
01 Kypros[6][7] Silia Kapsis[8][9] «Liar» Engelsk
02 Serbia[10] Teya Dora «Ramonda» Serbisk
03 Litauen[11] Silvester Belt «Luktelk» Litauisk
04 Irland[12] Bambie Thug[13] «Doomsday Blue» Engelsk
05 Ukraina[14] Alyona Alyona og Jerry Heil[15] «Teresa & Maria» Ukrainsk og engelsk
06 Polen[16] Luna «The Tower» Engelsk
07 Kroatia[17] Baby Lasagna «Rim Tim Tagi Dim» Engelsk
08 Island[18][19] Hera Björk «Scared of Heights» Engelsk
09 Slovenia[20] Raiven[21] «Veronika» Slovensk
10 Finland[22] Windows95man «No Rules!» Engelsk
11 Moldova[23] Natalia Barbu «In the Middle» Engelsk
12 Aserbajdsjan[24] Fahree med Ilkin Dovlatov «Özünlə apar» Engelsk og aserbajdsjansk
13 Australia Electric Fields «One Milkali» Engelsk og yankunytjatjara
14 Portugal[25] Iolanda «Grito» Portugisisk
15 Luxembourg[3][26] Tali[27] «Fighter» Fransk og engelsk

Semifinale 2[endre | endre wikiteksten]

Semifinalen blir arrangert torsdag 7. mai klokka 21.00 sentraleuropeisk sommertid. 16 land deltek i denne semifinalen, og dei ti beste kvalifiserer seg til finalen. Dei førehandskvalifiserte landa Italia, Spania og Tyskland skal røyste i denne semifinalen.[4] Endeleg startrekkefølgje blir bestemt av produsentane av showet etter at alle bidraga er klåre i midten av mars 2024. Under er ei oversikt over deltakarane i rekkjefølgja dei skal framføre sine bidrag i:[5]

# Land Artist Song Språk Plass Poeng
01 Malta[28] Sarah Bonnici[29] «Loop» Engelsk
02 Albania[30] Besa Kokëdhima[31] «Titan» Engelsk
03 Hellas[32] Marina Satti[33] «Zari» Gresk og engelsk
04 Sveits[34] Nemo «The Code» Engelsk
05 Tsjekkia[35][36] Aiko[37] «Pedestal» Engelsk
06 Austerrike[38] Katleen[39][40] «We Will Rave» Engelsk
07 Danmark[41] Saba «Sand» Engelsk
08 Armenia Ladaniva «Jako» Armensk
09 Latvia[42] Dons «Hollow» Engelsk
10 San Marino[43] Megara «11:11» Spansk og italiensk[a]
11 Georgia[44] Nutsa Buzaladze[45] «Firefighter» Engelsk
12 Belgia[46] Mustii[47] «Before the Party's Over» Engelsk
13 Estland[48] 5miinust og Puuluup «(Nendest) narkootikumidest ei tea me (küll) midagi» Estisk
14 Israel[49] Eden Golan[50] «Hurricane» Engelsk og hebraisk
15 Noreg[51] Gåte[52][53] «Ulveham» Norsk
16 Nederland[54] Joost Klein[55][56] «Europapa» Nederlandsk og engelsk[b]

Finalen[endre | endre wikiteksten]

Finalen blir arrangert laurdag 11. mai klokka 21.00 sentraleuropeisk sommartid. 26 land deltek: fjorårsvinnar Sverige, dei fem store landa, dei ti beste frå den fyrste semifinalen og dei ti beste frå den andre semifinalen. Oversikt over finalistane:

# Land Artist Song Språk Plass Poeng
Frankrike[57][58] Slimane[59] «Mon amour» Fransk
Italia[60] Angelina Mango «La noia» Italiensk
Spania[61] Nebulossa[62] «Zorra» Spansk
Storbritannia[63][64] Olly Alexander[65][66] «Dizzy» Engelsk
Sverige[5] Marcus & Martinus «Unforgettable» Engelsk
Tyskland[67][68] Isaak «Always on the Run» Engelsk

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 1,2 «Malmö will host the 68th Eurovision Song Contest in May 2024». eurovision.tv (på engelsk). Den europeiske kringkastingsunion. 7. juli 2023. Henta 7. juli 2023. 
  2. «Eurovision 2024: 37 broadcasters head to Malmö». eurovision.tv. Den europeiske kringkastingsunion. 5. desember 2023. Henta 5. desember 2023. 
  3. 3,0 3,1 «Luxembourg to return to the Eurovision Song Contest in 2024». EBU. 12. mai 2023. Henta 12. mai 2023. 
  4. 4,0 4,1 «Eurovision 2024: Semi-Final Draw results». eurovision.tv. Den europeiske kringkastingsunion. 30. januar 2024. Henta 30. januar 2024. 
  5. 5,0 5,1 5,2 «Eurovision 2024: Semi-Final Running Orders revealed!». eurovision.tv (på engelsk). Den europeiske kringkastingsunion. 26. mars 2024. Henta 26. mars 2024.  Referansefeil: Ugyldig <ref>-merke; namnet «:4» er definert fleire gonger med ulikt innhald
  6. Granger, Anthony (20. oktober 2022). «Cyprus: PANIK Records CEO Confirms Talent Show Selection For Eurovision 2024». Eurovoix (på engelsk). Henta 11. mai 2023. 
  7. Bijuvignesh, Darshan (15. mai 2023). «Cyprus: Competitive National Selection For Eurovision 2024». Eurovoix (på engelsk). Henta 15. mai 2023. 
  8. «Cyprus: Silia Kapsis joins the party!». EBU. 25. september 2023. Henta 25. september 2023. 
  9. Bijuvignesh, Darshan (25. september 2023). «Cyprus: Silia Kapsis to Eurovision 2024». Eurovoix (på engelsk). Henta 25. september 2023. 
  10. Granger, Anthony (14. juli 2023). «Serbia: Eurovision 2024 Participation Confirmed». Eurovoix (på engelsk). Henta 14. juli 2023. 
  11. Granger, Anthony (17. juli 2023). «Lithuania: Eurovision 2024 Participation Confirmed». Eurovoix (på engelsk). Henta 17. juli 2023. 
  12. Granger, Anthony (11. mai 2023). «Ireland: RTÉ Will Assess Options For Eurovision Selection Going Forward». Eurovoix (på engelsk). Henta 21. mai 2023. 
  13. «Bambie Thug will head to Malmö for Ireland with 'Doomsday Blue'». eurovision.tv. Den europeiske kringkastingsunion. 27. januar 2024. Henta 27. januar 2024. 
  14. Stephenson, James (28. juli 2023). «Ukraine: Eurovision 2024 Participation Confirmed». Eurovoix (på engelsk). Henta 28. juli 2023. 
  15. «Alyona Alyona and Jerry Heil win in Ukraine». eurovision.tv. Den europeiske kringkastingsunion. 4. februar 2024. Henta 4. februar 2024. 
  16. Farren, Neil (20. september 2023). «Poland: Confirms Eurovision 2024 Participation». Eurovoix (på engelsk). Henta 22. september 2023. 
  17. Farren, Neil (15. september 2023). «Croatia: Eurovision 2024 Participation Confirmed». Eurovoix (på engelsk). Henta 15. september 2023. 
  18. Granger, Anthony (31. mai 2023). «Iceland: Eurovision 2024 Participation Confirmed». Eurovoix (på engelsk). Henta 31. mai 2023. 
  19. Björnsdóttir, Anna María (30. mai 2023). «Gríðarlegur áhugi Íslendinga á Eurovision». RÚV (på islandsk). Henta 31. mai 2023. 
  20. Stephenson, James (19. september 2023). «Slovenia: Eurovision 2024 Participation Confirmed, Will Announce Plans in October». Eurovoix (på engelsk). Henta 19. september 2023. 
  21. «Raiven brings her symphony of sirens from Slovenia». EBU. 12. desember 2023. Henta 12. desember 2023. 
  22. Granger, Anthony (28. februar 2023). «Finland: Bigger Venue for UMK 2024?». Eurovoix (på engelsk). Henta 11. mai 2023. 
  23. Granger, Anthony (13. juni 2023). «Moldova: TRM Confirms Eurovision 2024 Participation». Eurovoix (på engelsk). Henta 13. juni 2023. 
  24. Granger, Anthony (16. juli 2023). «Azerbaijan: Eurovision 2024 Selection Launched». Eurovoix (på engelsk). Henta 15. juli 2023. 
  25. Van Dijk, Sem Anne (7. august 2023). «Portugal: Eurovision 2024 Participation Confirmed». Eurovoix (på engelsk). Henta 7. august 2023. 
  26. Sandy Schmit (12. mai 2023). «Et ass offiziell: Lëtzebuerg ass 2024 nees beim Eurovision Song Contest dobäi». RTL Lëtzebuerg. Henta 12. mai 2023. 
  27. «TALI will front Luxembourg's return to Eurovision with 'Fighter'». eurovision.tv. Den europeiske kringkastingsunion. 27. januar 2024. Henta 27. januar 2024. 
  28. Granger, Anthony (15. april 2023). «Malta: Malta Eurovision Song Contest 2024 Confirmed as Songwriting Camp Announced». Eurovoix (på engelsk). Henta 11. mai 2023. 
  29. «Sarah Bonnici heads from Malta to Malmö». eurovision.tv. Den europeiske kringkastingsunion. 4. februar 2024. Henta 4. februar 2024. 
  30. Bijuvignesh, Darshan (30. august 2023). «Albania: RTSH Confirms Eurovision 2024 Participation». Eurovoix (på engelsk). Henta 30. august 2023. 
  31. «It's Albania: Besa Kokëdhima wins ticket to Eurovision 2024». EBU. 23. desember 2023. Henta 23. desember 2023. 
  32. Stephenson, James (15. september 2023). «Greece: Eurovision 2024 Participation Confirmed». Eurovoix (på engelsk). Henta 15. september 2023. 
  33. Farren, Neil (24. oktober 2023). «Greece: Marina Satti to Eurovision 2024». Eurovoix (på engelsk). Henta 24. oktober 2023. 
  34. Gannon, Rory (7. juli 2023). «Switzerland confirms Eurovision 2024 participation». That Eurovision Site (på engelsk). Henta 11. juli 2023. 
  35. «The Czech Republic is looking for its representative for the Eurovision Song Contest 2024!». Česká televize (på engelsk). 16. oktober 2023. Henta 16. oktober 2023. 
  36. Granger, Anthony (16. oktober 2023). «Czechia: Eurovision 2024 Participation Confirmed». Eurovoix (på engelsk). Henta 16. oktober 2023. 
  37. «Aiko will represent Czechia at Eurovision 2024». EBU. 13. desember 2023. Henta 13. desember 2023. 
  38. Jiandani, Sanjay (14. juni 2023). «Austria: ORF confirms participation at Eurovision 2024». ESCToday (på engelsk). Henta 15. juni 2023. 
  39. «Kaleen will head to Malmö for Austria». eurovision.tv (på engelsk). Den europeiske kringkastingsunion. 16. januar 2024. Henta 16. januar 2024. 
  40. «Kaleen tanzt für Österreich in Malmö an». oe3.ORF.at (på tysk). 8. november 2019. Henta 16. januar 2024. 
  41. Christian Ellegaard (12. mai 2023). «DR-chef om dansk Eurovision-fiasko: 'Nej, vi har ikke mistet grebet'». DR (på dansk). Henta 19. mai 2023. 
  42. Granger, Anthony (11. september 2023). «Latvia: Eurovision 2024 Participation Confirmed». Eurovoix (på engelsk). Henta 11. september 2023. 
  43. Washak, James (8. august 2023). «San Marino: Una Voce per San Marino to Remain as Eurovision Selection for 2024». Eurovoix (på engelsk). Henta 9. august 2023. 
  44. Jiandani, Sanjay (15. september 2023). «Georgia: GPB confirms participation at Eurovision 2024». ESCToday (på engelsk). Henta 15. september 2023. 
  45. «International Idol Nutsa Buzaladze to represent Georgia». eurovision.tv. Den europeiske kringkastingsunion. 12. januar 2024. Henta 12. januar 2024. 
  46. Granger, Anthony (16. august 2023). «Belgium: RTBF Confirms Eurovision 2024 Participation». Eurovoix (på engelsk). Henta 16. august 2023. 
  47. «Belgium announces first artist for Eurovision 2024!». EBU. 30. august 2023. Henta 30. august 2023. 
  48. Jiandani, Sanjay (5. juli 2023). «Estonia: ERR confirms participation at Eurovision 2024». ESCToday (på engelsk). Henta 5. juli 2023. 
  49. Holdiness, Timothy (5. juni 2023). «'The Next Star' to select for Israel in 2024». ESCXTRA (på engelsk). Henta 5. juni 2023. 
  50. «Eden Golan wins 'HaKokhav HaBa' in Israel». eurovision.tv. Den europeiske kringkastingsunion. 6. februar 2024. Henta 6. februar 2024. 
  51. Grace, Emily (11. april 2023). «Norway: Melodi Grand Prix 2024 Songwriting Camp Begins In Oslo». Eurovoix (på engelsk). Henta 11. mai 2023. 
  52. «Gåte win Norway's Melodi Grand Prix». eurovision.tv. Den europeiske kringkastingsunion. 3. februar 2024. Henta 3. februar 2024. 
  53. «Gåte er vinneren av Melodi Grand Prix 2024». nrk.no. NRK. 4. februar 2024. Henta 4. februar 2024. 
  54. Granger, Anthony (16. mai 2023). «Netherlands: AVROTROS Confirms Eurovision 2024 Participation». Eurovoix (på engelsk). Henta 16. mai 2023. 
  55. «Joost Klein to represent the Netherlands at Eurovision 2024». EBU. 11. desember 2023. Henta 11. desember 2023. 
  56. «Joost Klein vertegenwoordigt Nederland op het Eurovisie Songfestival 2024». AVROTROS. 11. desember 2023. Henta 11. desember 2023. «Joost Klein zal Nederland vertegenwoordigen op het Eurovisie Songfestival in Malmö, Zweden.» 
  57. Granger, Anthony (7. juni 2023). «France: Eurovision 2024 Participation Confirmed». Eurovoix (på engelsk). Henta 7. juni 2023. 
  58. Jiandani, Sanjay (7. juni 2023). «France: France 2 confirms participation at Eurovision 2024». ESCToday (på engelsk). Henta 7. juni 2023. 
  59. «Slimane will represent France at Eurovision 2023». EBU. 8. november 2023. Henta 8. november 2023. 
  60. «Claudio Fasulo: “Più Eurovision su Rai1 nel 2024. Mengoni e la bandiera arcobaleno? Non lo sapevamo”». Spettacolo Fanpage (på italiensk). Henta 19. mai 2023. 
  61. Grace, Emily (11. mai 2023). «Spain: Eurovision 2024 Participation Confirmed as Benidorm Fest Rules Released». Eurovoix (på engelsk). Henta 11. mai 2023. 
  62. «Nebulossa wins 'Benidorm Fest' in Spain». eurovision.tv. Den europeiske kringkastingsunion. 3. februar 2024. Henta 3. februar 2024. 
  63. «United Kingdom participation in the Eurovision Song Contest 2024 is confirmed plus all three live shows will be broadcast on BBC One and iPlayer». BBC (på engelsk). 18. oktober 2023. Henta 18. oktober 2023. 
  64. Cília, João (18. oktober 2023). «United Kingdom: Eurovision 2024 Semi-Finals To Air On BBC One». Eurovoix (på engelsk). Henta 18. oktober 2023. 
  65. «It's Olly Alexander for the United Kingdom at Eurovision 2024». EBU. 16. desember 2023. Henta 16. desember 2023. 
  66. «Eurovision 2024: Pop star Olly Alexander to represent the UK». BBC. 16. desember 2023. Henta 16. desember 2023. 
  67. Granger, Anthony (15. mai 2023). «Germany: Confirms Participation in Eurovision 2024». Eurovoix (på engelsk). Henta 15. mai 2023. 
  68. «Deutschland wird auch 2024 am Eurovision Song Contest teilnehmen». Spiegel (på tysk). 15. mai 2023. Henta 15. mai 2023. 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Wikimedia Commons har multimedia som gjeld: Eurovision Song Contest 2024


Referansefeil: <ref>-merke finst for gruppenamnet «lower-alpha», men inkje samsvarande <references group="lower-alpha"/>-merke vart funne