Språk i Eurovision Song Contest
Språk i Eurovision Song Contest gjev oversyn over språk og dialektar som har vorte sunge i Eurovision Song Contest.
Frå 1956 til 1965 kunne ein synge på det språket ein ynskja, men i 1966 vart det innførd ein regel om at songane skulle verte sunge på eit av dei offisielle språka i landet ein representerte. Dette var fordi Ingvar Wixell hadde sunget på engelsk for Sveirge i 1965.
Regelen varte heilt fram til 1973 då det att vart lov å synge på det språket ein ynskja. Fleire vinnarar på midten av 1970-talet benytta seg av å synge på engelsk, inkludert ABBA som representerte Sverige i 1974. I 1977 vedtok Den europeiske kringkastingsunionen (EBU) at ein ikkje lengar kunne velgje språk, men at ein måtte nytte eit av dei offisielle språka i landet ein representerte. Sidan Vest-Tyskland og Belgia allereie hadde valt song før språkregelen vart gjenninførd, fekk dei lov til å synge på engelsk. Songen til Austerrike inneheld òg litt engelsk.
I 1999 vart regelen endra att, slik at ein kunne nytte det språket ein måtte ynskje. Denne endringa førte til at det belgiske bidraget i 2003 vart sungen på eit kunstig språk. I 2006 vart det nederlandske bidraget sungen både på engelsk og eit kunstig språk. Det belgiske bidraget i 2008 vart óg sungen på eit kunstig språk.
Sidan gjenninnføringa av denne regelen har fleire land valt å synge sine songar på fleire ulike språk, ofte engelsk og det offisielle språket i landet. Tidlegare henda det ofte at fleire land, som Kroatia med songen «Don't Ever Cry» i 1993 og Austerrike med songen «One Step» og Bosnia-Hercegovina med songen «Goodbye» i 1997, valte bidrag som vart sungen på eit av dei offisielle språka i landet, men hadde tittel og éin linje av songen på eit anna språk, ofte engelsk.
Landet som har nytta flest språk i éin song er Noreg. Bidraget «It's Just a Game» av Bendik Singers, som representerte Noreg i 1973, vart sungen på tolv språk: engelsk, fransk, spansk, italiensk, nederlandsk, tysk, irsk, serbokroatisk, hebraisk, finsk, svensk og norsk. I 2012 vil songen «Love Unlimited» av Sofi Marinova, som skal representere Bulgaria, verte sungen på elleve språk: bulgarsk, tyrkisk, gresk, spansk, serbokroatisk, fransk, romanés, italiensk, aserbajdsjansk, arabisk og engelsk.
To land har aldri sunge på eit av sine offisielle språk: Aserbajdsjan har ikkje delteke med ein song på aserbajdsjansk sidan debuten i 2008 og Kviterussland har ikkje delteke med ein song på kviterussisk eller russisk sidan debuten i 2004.
Fyrste bruk av språk [endre]
Eurovision Song Contest på dei nasjonale språka [endre]
| Språk | Land der språket har offisiell status | Eurovision Song Contest på språket |
|---|---|---|
| Albansk | Festivali Evropian i Këngës | |
| Arabisk | مسابقة يوروفيجن للأغاني | |
| Armensk | Եվրատեսիլ երգի մրցույթ | |
| Aserbajdsjansk | Avroviziya Mahnı Müsabiqəsi | |
| Bosnisk | Eurovision Song Contest | |
| Bulgarsk | Песенен конкурс Евровизия | |
| Dansk | Europæisk Melodi Grand Prix | |
| Engelsk | Eurovision Song Contest | |
| Estisk | Eurovisiooni lauluvõistlus | |
| Finsk | Eurovision laulukilpailu | |
| Fransk | Concours Eurovision de la Chanson | |
| Georgisk | ევროვიზიის სიმღერის კონკურსი | |
| Gresk | Διαγωνισμός Τραγουδιού Eurovision | |
| Hebraisk | אירוויזיון | |
| Islandsk | Söngvakeppni evrópskra sjónvarpsstöðva | |
| Irsk | Comórtas Amhránaíochta na hEoraifíse | |
| Italiensk | Concordo Eurovision della Canzone | |
| Katalansk | Festival de la Cançó d'Eurovisió | |
| Kroatisk | Pjesma Eurovizije | |
| Kviterussisk | Конкурс песні Еўрабачанне | |
| Latvisk | Eirovīzijas dziesmu konkurss | |
| Litauisk | Eurovizijos dainų konkursas | |
| Luxembourgsk | Eurovision Song Contest | |
| Makedonsk | Евровизија | |
| Maltesisk | Festival tal-Eurovision | |
| Nederlandsk | Eurovisiesongfestival | |
| Montenegrinsk | Evrovizija | |
| Norsk (bokmål) | Eurovisjonens musikkonkurranse | |
| Polsk | Konkurs Piosenki Eurowizji | |
| Portugisisk | Festival Eurovisão da Canção | |
| Rumensk (moldovsk) | Concursul Muzical Eurovision | |
| Retoromansk | ||
| Russisk | Конкурс песни Евровидение | |
| Serbisk | Песма Евровизије | |
| Slovakisk | Veľká cena Eurovízie | |
| Slovensk | Pesem Evrovizije | |
| Spansk | Festival de la Canción de Eurovisión | |
| Svensk | Eurovision Song Contest | |
| Tsjekkisk | Velká cena Eurovize | |
| Tyrkisk | Eurovision Şarkı Yarışması | |
| Tysk | Eurovision Song Contest | |
| Ukrainsk | Пісенний конкурс Євробачення | |
| Ungarsk | Eurovíziós Dalfesztivál |
Kjelder [endre]
- Denne artikkelen byggjer på «Languages in the ESC» frå Wikipedia på engelsk, den 14. februar 2011.
|
|
|
|---|---|
| Språk | Albansk · Arabisk · Armensk · Aserbajdsjansk · Bosnisk · Bretonsk · Bulgarsk · Dansk · Engelsk · Estisk · Finsk · Fransk · Georgisk · Gresk · Haitisk · Hebraisk · Irsk · Islandsk · Italiensk · Karelsk · Katalansk · Korsikansk · Kroatisk · Latin · Latvisk · Litauisk · Luxembourgsk · Makedonsk · Maltesisk · Montenegrinsk · Napolitansk-kalabresisk · Nederlandsk · Nordsamisk · Norsk · Polsk · Portugisisk · Retoromansk · Romanés · Rumensk · Russisk · Serbisk · Serbokroatisk · Slovakisk · Slovensk · Spansk · Svensk · Swahili · Tahitisk · Tsjekkisk · Tyrkisk · Tysk · Udmurtisk · Ukrainsk · Ungarsk |
| Dialektar | Høgalemannisk · Mühlviertelsk · Samogitisk · Sørbairisk · Võro · Wienersk |
| Andre språk | Franglais · Kunstig språk |
|
|
|
|---|---|
| Diskografi · Historie · Vertsbyar · Vinnarar · Programleiarar · Røysting · Land · Språk · Reglar · Dei fem store · Forholdet mellom Armenia og Aserbajdsjan · OGAE · Eurovision.tv · Marcel Bezençon · Marcel Bezençon Awards · Host City Insignia · Eurovision Song Contest Previews · Best of Eurovision · Barbara Dex Award · Congratulations: 50 Years of the Eurovision Song Contest · The Eurovision Song Contest – The Official History · The Secret History of Eurovision | |
| 1956 · 1957 · 1958 · 1959 · 1960 · 1961 · 1962 · 1963 · 1964 · 1965 · 1966 · 1967 · 1968 · 1969 · 1970 · 1971 · 1972 · 1973 · 1974 · 1975 · 1976 · 1977 · 1978 · 1979 · 1980 · 1981 · 1982 · 1983 · 1984 · 1985 · 1986 · 1987 · 1988 · 1989 · 1990 · 1991 · 1992 · 1993 · 1994 · 1995 · 1996 · 1997 · 1998 · 1999 · 2000 · 2001 · 2002 · 2003 · 2004 · 2005 · 2006 · 2007 · 2008 · 2009 · 2010 · 2011 · 2012 · 2013 · 2014 |