Eurovision Song Contest 1971

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Eurovision Song Contest 1971
250px
Dato
Vertskap
Stad
Gaiety Theatre
Det irske flagget Dublin i Irland
Programleiar(ar)
Bernadette Ní Ghallchóir
Varigskap
Opningsnummer
Pausenummer
Bidrag
Debuterte
Flag of Malta.svg Malta
Attende
Flag of Finland.svg Finland
Flag of Norway.svg Noreg
Flag of Portugal.svg Portugal
Flag of Sweden.svg Sverige
Flag of Austria.svg Austerrike
Kart
Røysting
Vinnar
Flagget til Monaco «Un Banc, Un Arbre, Une Rue»
Eurovision Song Contest
1970 Wiki Eurovision Heart (Infobox).svg 1972
██ Land som deltok i konkurransen██ Land som ikkje deltok i konkurransen

Eurovision Song Contest 1971 (ESC 1971) var den 16. gongen Eurovision Song Contest vart arrangert. Konkurransen vart halden i Gaiety Theatre i Dublin i Irland. Finalen fann stad laurdag 3. april. Monaco vann konkurransen med songen «Un Banc, Un Arbre, Une Rue», framførd på fransk av Séverine.

Det nye stemmesystemet som vart innført dette året, førte til at nokre land gav færre poeng enn andre. Om dette vart utnytta for å øydeleggje vinnarsjansane for andre land, er likevel usikkert. Dette året kunne grupper på opptil seks personar delta i tevlinga for fyrste gong. Tidlegare hadde berre solistar og duoar vore tillate.

Monaco sitt vinnarbidrag vart skrive av franskmenn, framført av ein fransk songar busett i Frankrike, sunge på fransk, og orkesteret vart dirigert av ein franskmann. Songaren Séverine har seinare hevda at ho aldri har vitja Monaco, korkje før eller sidan.

Malta deltok for fyrste gong dette året, medan Finland, Noreg, Portugal, Sverige og Austerrike kom tilbake etter å ha boikotta konkurransen året før. (Austerrike hadde heller ikkje delteke i 1969.)

Bidraga[endre | endre wikiteksten]

Finale[endre | endre wikiteksten]

Nr. Land Artist Song Språk Plass Poeng
1. Flag of Austria.svg Austerrike Marianne Mendt «Musik» Wiener-dialekt (tysk) 16 66
2. Flag of Malta.svg Malta Joe Grech «Marija l-Maltija» Maltesisk 18 52
3. Flag of Monaco.svg Monaco Séverine «Un banc, un arbre, une rue» Fransk 1 128
4. Flag of Switzerland.svg Sveits Peter, Sue & Marc «Les illusions de nos vingt ans» Fransk 12 78
5. Flag of Germany.svg Vest-Tyskland Katja Ebstein «Diese Welt " Tysk 3 100
6. Flag of Spain.svg Spania Karina «En un mundo nuevo» Spansk 2 116
7. Flag of France.svg Frankrike Serge Lama «Un jardin sur la terre» Fransk 10 82
8. Flag of Luxembourg.svg Luxembourg Monique Melsen «Pomme, pomme, pomme» Fransk 13 70
9. Flag of the United Kingdom.svg Storbritannia Clodagh Rodgers «Jack In The Box» Engelsk 4 98
10. Flag of Belgium (civil).svg Belgia Lily Castel & Jacques Raymond «Goeiemorgen, morgen» Nederlandsk 14 68
11. Flag of Italy.svg Italia Massimo Ranieri «L'amore è un attimo» Italiensk 5 91
12. Flag of Sweden.svg Sverige Family Four «Vita vidder» Svensk 6 85
13. Flag of Ireland.svg Irland Angela Farrell «One Day Love» Engelsk 11 79
14. Flag of the Netherlands.svg Nederland Saskia & Serge «Tijd» Nederlandsk 6 85
15. Flag of Portugal.svg Portugal Tonicha «Menina do alto da serra» Portugisisk 9 83
16. Flag of SFR Yugoslavia.svg Jugoslavia Krunoslav Slabinac «Tvoj dječak je tužan» Kroatisk 14 68
17. Flag of Finland.svg Finland Markku Aro & Koivistolaiset «Tie uuteen päivään» Finsk 8 84
18. Flag of Norway.svg Noreg Hanne Krogh «Lykken er» Norsk 17 65

Kjelder[endre | endre wikiteksten]