Eurovision Song Contest 1975

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Eurovision Song Contest 1975
ESC 1975 logo.png
Dato
Vertskap
Stad
Sankt Eriks-Mässan
Flagget til Sverige Stockholm i Sverige
Programleiar(ar)
Karin Falck
Varigskap
Opningsnummer
Pausenummer
Bidrag
Debuterte
Flag of Turkey.svg Tyrkia
Attende
Flag of France.svg Frankrike
Flag of Malta.svg Malta
Trekte seg
Flag of Greece (1822-1978).svg Hellas
Kart
Røysting
Vinnar
Det nederlandske flagget «Ding-A-Dong»
Eurovision Song Contest
1974 Wiki Eurovision Heart (Infobox).svg 1976
██ Land som deltok i konkurransen██ Land som ikkje deltok i konkurransen

Eurovision Song Contest 1975 (ESC 1975) var den 20. gongen Eurovision Song Contest blei arrangert. Konkurransen blei halden i Sankt Eriks-Mässan i Stockholm i Sverige. Finalen fann stad laurdag 22. mars. Nederland vann konkurransen med songen «Ding-A-Dong», framførd av Teach-Inengelsk.

Fleire land nytta seg av moglegheita til ikkje å synge på nasjonalspråket. Land som Portugal og Jugoslavia song på engelsk under prøvane som blei vist for juryane, for deretter å synge på nasjonalspråket under fjernsynssendinga. Det portugisiske bidraget «Madrugada» var ein hyllest til nellikrevolusjonen, kor songen hadde spela ei nøkkelrolle. Ifølgje historikar John Kennedy O'Connor skal den portugisiske artisten ha måtta blitt overtala til ikkje å ha på seg militæruniform, samt til ikkje å ha med seg våpen på scena.

Poengsystemet der kvart lands jury gjev poeng i valørane 12, 10 og 8–1 til sine favorittbidrag, blei innført i 1975, og dette systemet blir framleis brukt i konkurransen. Forslaget kom frå finsk TV, og målet var å forhindre at bidrag skulle få null poeng. Stemmene blei presentert i den rekkjefølgja bidraga hadde blitt framført, ikkje i stigande rekkjefølgje, slik som i dag. Dette blei innført fyrst i 1980.

Tyrkia deltok for fyrste gong i Eurovision Song Contest dette året, og Hellas trekte seg frå konkurransen som følgje av Tyrkias invasjon av Nord-Kypros. Frankrike og Malta kom tilbake til konkurransen. Totalt 19 bidrag deltok i konkurransen, noko som var ny rekord.

Bidraga[endre | endre wikiteksten]

Finale[endre | endre wikiteksten]

Nr. Land Artist Song Språk Plass Poeng
1. Flag of the Netherlands.svg Nederland Teach-In «Ding-A-Dong» Engelsk 1 152
2. Flag of Ireland.svg Irland The Swarbriggs «That's What Friends Are For» Engelsk 9 68
3. Flag of France.svg Frankrike Nicole Rieu «Et bonjour à toi l'artiste» Fransk 4 91
4. Flag of Germany.svg Vest-Tyskland Joy Fleming «Ein Lied kann eine Brücke sein» Tysk, engelsk 17 15
5. Flag of Luxembourg.svg Luxembourg Geraldine Branagan «Toi» Fransk 5 84
6. Flag of Norway.svg Noreg Ellen Nikolaysen «Touch My Life (With Summer)» Engelsk 18 11
7. Flag of Switzerland.svg Sveits Simone Drexel «Mikado» Tysk 6 77
8. Flag of SFR Yugoslavia.svg Jugoslavia Pepel In Kri «Dan ljubezni» Slovensk 13 22
9. Flag of the United Kingdom.svg Storbritannia The Shadows «Let Me Be The One» Engelsk 2 138
10. Flag of Malta.svg Malta Renato Micallef «Singing This Song» Engelsk 12 32
11. Flag of Belgium (civil).svg Belgia Ann Christy «Gelukkig zijn» Nederlandsk, engelsk 15 17
12. Flag of Israel.svg Israel Shlomo Artzi «את ואני» («At Va'Ani») Hebraisk 11 40
13. Flag of Turkey.svg Tyrkia Semiha Yankı «Seninle Bir Dakika» Tyrkisk 19 3
14. Flag of Monaco.svg Monaco Sophie «Une chanson c'est une lettre» Fransk 13 22
15. Flag of Finland.svg Finland Pihasoittajat «Old Man Fiddle» Engelsk 7 74
16. Flag of Portugal.svg Portugal Duarte Mendes «Madrugada» Portugisisk 16 16
17. Flag of Spain.svg Spania Sergio y Estíbaliz «Tú volverás» Spansk 10 53
18. Flag of Sweden.svg Sverige Lasse Berghagen «Jennie, Jennie» Engelsk 8 72
19. Flag of Italy.svg Italia Wess & Dori Ghezzi «Era» Italiensk 3 115

Kjelder[endre | endre wikiteksten]