Eurovision Song Contest 1991

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Eurovision Song Contest 1991
Dato
Finalen 4. mai 1991
Vertskap
Stad
Studio 15 de Cinecittà
Flagget til Italia Roma i Italia
Dirigent
Bruno Canfora
Kringkastar(ar)
Flagget til Italia RAI
Varigskap
Opningsnummer
Pausenummer
Finalen Arturo Brachetti
Bidrag
Attende
Flagget til Malta Malta
Trekte seg
Det nederlandske flagget Nederland
Ikkje med
Flagget til Monaco Monaco
Flagget til Marokko Marokko
Kart
ESC 1991 Map.svg
██ Land som deltok i tevlinga

██ Land som ikkje deltok i tevlinga

Røysting
Eurovision Song Contest
Eurovision Song Contest 1990 Eurovision Song Contest 1992

Eurovision Song Contest 1991 (ESC 1991) var den 36. gongen Eurovision Song Contest vart arrangert. Tevlinga vart halden i Studio 15 de Cinecittà i Roma i Italia. Finalen fann stad laurdag 4. mai 1991. Sverige vann tevlinga med songen «Fångad av en stormvind», framført av Carola.

Grunna Golfkrigen og indre uro i Jugoslavia, bestemte RAI kort tid før tevlinga at arrangementet skulle flyttast frå Sanremo i Nordvest-Italia til Roma, for tryggleiken skuld.

Nederland deltok ikkje som fylgje av at 4. mai var minnedag for dei som fall under den andre verdskrigen. Etter at Vest-Tyskland vart sameint på nytt med Aust-Tyskland, som aldri har delteke, 3. oktober 1990, endra landet namn til Tyskland.

Problem med tevlinga[endre | endre wikiteksten]

På grunn av flyttinga, såg det ut som RAI ikkje var heilt klar for showet. Roma hadde dels vorte overfløymd av regn før tevlinga, noko som skapte ytterlegare problem. Programleiarane prata italiensk gjennom heile tevlinga, noko som gjorde det vanskeleg for resten av Europa å fylgje med på kva som hende. Toto Cutugno hadde fleire gonger vanskar med å uttala både songtitlar og namn på artistar og låtskrivarar. Dei vart òg skulda for å prøve å ta så mykje av showet som mogleg, mellom anna med å ikkje la publikum klappe klårt under heile tevlinga. Toto Cutugno lét heller ikkje representanten som skulle gratulere Carola då ho hadde vunne, prate tydeleg.

Orkesteret var ikkje alltid på plass til rett tid, og fleire artistar klaga på at det var lite å drikka og ingenting å eta under røystinga. Det oppstod òg tekniske problem med å kontakta dei ulike landa om røysteresultat.

Då Carola skulle opptre, forsvann lyden delvis under andre verset av «Fångad av en stormvind». Ein kunne berre høyra blåseinstrument og trommer i nokre sekund fordi ein sikring hadde gått. Carola heldt fram likevel. Sjølv om Sverige til slutt fekk like mange poeng som Frankrike sitt bidrag, «C'est le dernier qui a parlé qui a raison» av Amina, vann Sverige ved den tida sitt regelverk om røystelikskap. Båe landa fekk 146 poeng.

Oppteljing[endre | endre wikiteksten]

Reglane ved røystelikskap på den tida bestod i å telja kor mange poeng landet hadde fått i dei ulike valørane. Dersom eit land hadde fleire tolvarar enn enn eit anna, ville det vinne. Ved like mange tolvarar, ville landet med flest tiarar vinne, osb. Då Sverige og Frankrike hadde like mange tolvarar, vann Sverige fordi dei hadde fleire tiarar enn Frankrike.

Dette vart dimed fyrste og førebels siste gong ein har måtta ta i bruk reglane som avgjer kven som vinn ved like mange røyster. Då fire land vann med same poengsum i 1969 var det ikkje innført nokon reglar for dette, og alle fire landa vart utropt som vinnarar.

Med dagens regelverk ved røystelikskap ville Frankrike ha vunne fordi det hadde fått røyster frå fleire ulike land enn Sverige. Etter desse reglane ville Frankrike òg ha vunne i 1969, då det var eitt av dei fire vinnarlanda.

Finalen[endre | endre wikiteksten]

Finalen vart halden 4. mai 1991 i Studio 15 de Cinecittà i Roma, etter å ha vorte flytta frå Sanremo. Sverige vann tevlinga for tredje gong. Irland og Storbritannia enda på ein delt tiandeplass.

# Land Artist Song Språk Poeng Plass
01 Flagget til Den sosialistiske føderale republikken Jugoslavia Jugoslavia Bebi Dol «Brazil» Serbokroatisk 1 21
02 Flagget til Island Island Stefán og Eyfi «Draumur um Nínu» Islandsk 26 15
03 Flagget til Malta Malta Georgina og Paul Giordimaina «Could It Be» Engelsk 106 6
04 Flagget til Hellas Hellas Sophia Vossou «I ánixi» Gresk 36 13
05 Flagget til Sveits Sveits Sandra Simó «Canzone per te» Italiensk 118 5
06 Flagget til Austerrike Austerrike Thomas Forstner «Venedig im Regen» Tysk 0 22
07 Flagget til Luxembourg Luxembourg Sarah Bray «Un baiser volé» Fransk 29 14
08 Flagget til Sverige Sverige Carola «Fångad av en stormvind» Svensk 146 1
09 Flagget til Frankrike Frankrike Amina «C'est le dernier qui a parlé qui a raison» Fransk 146 2
10 Flagget til Tyrkia Tyrkia İzel Çeliköz, Reyhan Karaca
og Can Uğurluer
«İki Dakika» Tyrkisk 44 12
11 Det irske flagget Irland Kim Jackson «Could It Be That I'm In Love» Engelsk 47 10
12 Flagget til Portugal Portugal Dulce Pontes «Lusitana paixão» Portugisisk 62 8
13 Flagget til Danmark Danmark Anders Frandsen «Lige der hvor hjertet slår» Dansk 8 19
14 Flagget til Noreg Noreg Just 4 Fun «Mrs. Thompson» Norsk 14 17
15 Flagget til Israel Israel Duo Datz «Kan» Hebraisk 139 3
16 Flagget til Finland Finland Kaija Kärkinen «Hullu yö» Finsk 6 20
17 Flagget til Tyskland Tyskland Atlantis 2000 «Dieser Traum darf niemals sterben» Tysk 10 18
18 Flagget til Belgia Belgia Clouseau «Geef het op» Nederlandsk 23 16
19 Flagget til Spania Spania Sergio Dalma «Bailar pegados» Spansk 119 4
20 Det britiske flagget Storbritannia Samantha Janus «A Message to Your Heart» Engelsk 47 10
21 Flagget til Republikken Kypros Kypros Élena Patróklou «SOS» Gresk 60 9
22 Flagget til Italia Italia Peppino di Capri «Comme è ddoce 'o mare» Napolitansk-kalabresisk 89 7

Røystegjeving[endre | endre wikiteksten]

Tavla er ordna etter røysterekkefølgja i finalen.[1]

Deltakarland Poenggjeavande land Sum Plass
Flagget til Den sosialistiske føderale republikken Jugoslavia Flagget til Island Flagget til Malta Flagget til Hellas Flagget til Sveits Flagget til Austerrike Flagget til Luxembourg Flagget til Sverige Flagget til Frankrike Flagget til Tyrkia Det irske flagget Flagget til Portugal Flagget til Danmark Flagget til Noreg Flagget til Israel Flagget til Finland Flagget til Tyskland Flagget til Belgia Flagget til Spania Det britiske flagget Flagget til Republikken Kypros Flagget til Italia
Flagget til Den sosialistiske føderale republikken Jugoslavia Jugoslavia   1                                     1 21
Flagget til Island Island       4     10                 5         7 26 15
Flagget til Malta Malta 1   2 6 4 10 12 2 7 12 7   6     10 4 6 7   10 106 6
Flagget til Hellas Hellas 4   5   2         1     1 4 1   1 5   10 2 36 13
Flagget til Sveits Sveits 5 5   7 8 12 8 4 2 2 6 5 3 8 5 6 12   8 8 4 118 5
Flagget til Austerrike Austerrike                                         0 22
Flagget til Luxembourg Luxembourg   4       5 1   3   2 4       3 2   3 2 29 14
Flagget til Sverige Sverige 6 12     10 10 7   6 3 10 12 8 10 8 12 10 4 12 6 146 1
Flagget til Frankrike Frankrike 10 7 3 8 7 12   5   7 5   12 12 10 8 7 8 6 7 12 146 2
Flagget til Tyrkia Tyrkia     7           7     8   7       2 5   8 44 12
Det irske flagget Irland 3   4   3 1 8     4   7   1 2 2 5   4   3 47 10
Flagget til Portugal Portugal   8   4 1   2 7 10 5   1 2   7     10   4 1 62 8
Flagget til Danmark Danmark               3         5               8 19
Flagget til Noreg Noreg   6         1     1     2     4         14 17
Flagget til Israel Israel 12 10 8 5 8   5 6 3 12 8 4 10 7 6   8 12 10 5 139 3
Flagget til Finland Finland   1   1             4                   6 20
Flagget til Tyskland Tyskland                         6         1   3 10 18
Flagget til Belgia Belgia           3   2 5             3   3 2   5 23 16
Flagget til Spania Spania 8 2 6 10 12 7 6 4 6 8 6 8   4 2 4 7 6 1 12 119 4
Det britiske flagget Storbritannia     10 3 5 6 3   1     1 3   5     3   1 6 47 10
Flagget til Republikken Kypros Kypros 2 3 12 12     4   12   5 3     6   1       60 9
Flagget til Italia Italia 7   2 6 2       8 10 10 12   10 3 12     7     89 7

12 poeng[endre | endre wikiteksten]

Kvart land gav 12 poeng til sin favoritt. Under er ei oversikt over alle 12-poenga som vart tildelt under avrøystinga.

Antall Mottakerland 12 poeng fra
4 Flagget til Frankrike Frankrike Austerrike, Israel, Italia, Noreg
Flagget til Sverige Sverige Danmark, Island, Storbritannia, Tyskland
3 Flagget til Israel Israel Jugoslavia, Spania, Tyrkia
Flagget til Republikken Kypros Kypros Frankrike, Hellas, Malta
2 Flagget til Italia Italia Finland, Portugal
Flagget til Malta Malta Irland, Sverige
Flagget til Spania Spania Kypros, Sveits
Flagget til Sveits Sveits Belgia, Luxembourg


Artistar som har delteke tidlegare[endre | endre wikiteksten]

Artist Land Tidlegare år
Thomas Forstner  Austerrike 1989
Stefán Hilmarsson (med Eyfi)  Island 1988 (del av Beathoven)
Eiríkur Hauksson (del av Just 4 Fun)  Noreg 1986 (del av ICY for  Island)
Hanne Krogh (del av Just 4 Fun)  Noreg 1971 og 1985 (del av Bobbysocks, vinnar)
Carola  Sverige 1983

Referansar[endre | endre wikiteksten]

  1. «Eurovision Song Contest 1991 – Scoreboard». eurovision.tv. Henta 14. august 2017. 

Kjelder[endre | endre wikiteksten]