Eurovision Song Contest 1969

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Text document with red question mark.svg Denne artikkelen manglar kjelder eller referansar. Hjelp Wikipedia med å finna truverdige kjelder!
Eurovision Song Contest 1969
250px
Dato
Vertskap
Stad
Teatro Real
Flagget til Spania Madrid i Spania
Programleiar(ar)
Laurita Valenzuela
Varigskap
Opningsnummer
Pausenummer
Bidrag
Kart
Røysting
Eurovision Song Contest
1968 Wiki Eurovision Heart (Infobox).svg 1970
██ Land som deltok i konkurransen██ Land som ikkje deltok i konkurransen

Eurovision Song Contest 1969 (ESC 1969) var den fjortande gongen Eurovision Song Contest vart arrangert. Konkurransen vart halden i Teatro Real i Madrid i Spania. Finalen fann stad laurdag 29. mars. Frankrike vann konkurransen med den franske songen «Un Jour, Un Enfant», framført av Frida Boccara. Nederland vann konkurransen med den nederlandske songen «De Troubadour», framført av Lenny Kuhr. Spania vann konkurransen med den spanske songen «Vivo Cantando», framført av Salomé. Storbritannia vann konkurransen med songen «Boom Bang-a-Bang», framført av Luluengelsk.

Det var fyrste gong fleire land kom på 1. plass med same poengsum, då Frankrike, Nederland, Spania og Storbritannia alle hadde fått 18 poeng kvar etter avstemminga. På denne tida var det ingen reglar som skilte landa ved stemmelikskap, og alle fire vart difor utropt til vinnarar. Etter dagens reglar ville Frankrike ha vunne, av di det var flest ulike land som røysta på Frankrike.

Austerrike nekta å delta i ein konkurranse som vart halden i eit diktatorstyrt land (Spania var på denne tida kontrollert av Francisco Franco). Den kjende kunstnaren Salvador Dalí var ansvarleg for designet til publisitetsmaterialet i forkant av konkurransen så vel som metallskulpturen som vart brukt på scena.

Liechtenstein hadde ymta frampå om å delta i konkurransen dette året - og hadde til og med vald ut songen «Un beau matin», men fekk ikkje delta fordi landet ikkje hadde nokon TV-stasjon som var medlem av EBU.

Bidraga[endre | endre wikiteksten]

Finale[endre | endre wikiteksten]

Nr. Land Artist Song Språk Plass Poeng
1. Flag of SFR Yugoslavia.svg Jugoslavia Ivan & 3M «Pozdrav svijetu» Serbokroatisk 13 5
2. Flag of Luxembourg.svg Luxembourg Romuald Figuier «Catherine» Fransk 11 7
3. Flag of Spain.svg Spania Salomé «Vivo cantando» Spansk 1 18
4. Flag of Monaco.svg Monaco Jean Jacques «Maman, Maman» Fransk 6 11
5. Flag of Ireland.svg Irland Muriel Day «The Wages of Love» Engelsk 7 10
6. Flag of Italy.svg Italia Iva Zanicchi «Due grosse lacrime bianche» Italiensk 13 5
7. Flag of the United Kingdom.svg Storbritannia Lulu «Boom Bang-a-Bang» Engelsk 1 18
8. Flag of the Netherlands.svg Nederland Lenny Kuhr «De troubadour» Nederlandsk 1 18
9. Flag of Sweden.svg Sverige Tommy Körberg «Judy, min vän» Svensk 9 8
10. Flag of Belgium (civil).svg Belgia Louis Neefs «Jennifer Jennings» Nederlandsk 7 10
11. Flag of Switzerland.svg Sveits Paola Del Medico «Bonjour, Bonjour» Tysk 5 13
12. Flag of Norway.svg Noreg Kirsti Sparboe «Oj, oj, oj, så glad jeg skal bli» Norsk 16 1
13. Flag of Germany.svg Vest-Tyskland Siw Malmkvist «Primaballerina» Tysk 9 8
14. Flag of France.svg Frankrike Frida Boccara «Un jour, un enfant» Fransk 1 18
15. Flag of Portugal.svg Portugal Simone de Oliveira «Desfolhada portuguesa» Portugisisk 15 4
16. Flag of Finland.svg Finland Jarkko ja Laura «Kuin silloin ennen» Finsk 12 6

Kjelder[endre | endre wikiteksten]