Vertsbyar for Eurovision Song Contest

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Vertsbyar for Eurovision Song Contest gjev oversyn over byar som har arrangert Eurovision Song Contest. Tevlinga vert arrangert av landet som vinn året før, og kan sjølv velgje kva for by som skal vere vert. Sjølv om tevlinga vert finansiert av sponsorar og krinkastarane frå dei ulike deltakarlanda, må vertsbyen og -landet vere ansvarleg for å dekkje kostandane for mellom anna overføring, arena, overnattingar og transport for deltakarane. For å velgje vertsby må ein sørge for å ha nok hotellrom, god høve til transport og få støtte frå lokale styresmaktar. Fleire byar kan søke om å vere vertsby, og kringkastaren velgjer ut den dei meiner vil gjere det best. Å arrangere tevlinga gjer óg høve til å tiltrekkje seg internasjonal merksamd.

Val av vertsby[endre | endre wikiteksten]

Den fyrste utgåva av Eurovision Song Contest vart halden i Lugano i Sveits, som óg er hovudkvarteret til Den europeiske kringkastingsunionen. Året etter takka Frankfurt am Main i Vest-Tyskland ja til å arrangere tevlinga etter at Sveits ikkje ynskja å arrangere tevlinga att. I 1958 stadfesta Den europeiske kringkastingsunionen at vinnarlandet får fyrsterett på arrangere tevlinga året etter. Sidan regelen vart innførd har det berre hendt fem gonger at vinnarlandet ikkje ynskja å arrangere tevlinga. I 1960, 1963 og 1974 nekta høvesvis Nederland, Frankrike og Luxembourg å arrangere tevlinga av di dei allereie hadde arrangert tevlinga dei siste åra og av di dei ikkje hadde god nok økonomi. Etter å ha vunne i 1971 nekta Monaco å vere vertsland av di dei ikkje hadde nokon stad å arrangere tevlinga. Alle desse gongane vart tevlinga arrangert i Storbritannia. I 1980 måtte Nederland arrangere tevlinga av di Israel nekta å arrangere tevlinga to år på rad. Når eit land vinn tevlinga må Den europeiske kringkastingsunionen stadfeste om landet får vere vert for arrangementet. Deretter velgjer ein vertsby. Sjølv om hovudstedene ofte vert valt som vertsby av di han er den mest folkerike, er det ikkje alltid det beste alternativet for å arrangere Eurovision Song Contest. Dei fyrste åra valte ein byar som Hilversum, Cannes og Napoli framfor hovudstadene Amsterdam, Paris og Roma. Storbritannia er det landet som har arrangert tevlinga flest gonger, heile åtte gonger. Irland har arrangert tevlinga sju gonger, og arrangerte tevlinga tre år på rad frå, i 1993, 1994 og 1995. Arenaen som har vorte brukt flest gonger er Point Theatre, i 1994, 1995 og 1997. Parken er den største arenaen som har arrangert Eurovision Song Contest, medan Millstreet er den minste byen som har arrangert tevlinga.

Vertsbyar[endre | endre wikiteksten]

EuroReino Unido.svg BBC Television Centre.
EuroSuecia.svg Scandinavium.
EuroItalia.svg Studio 15 di Cinecittà.
EuroNoruega.svg Oslo Spektrum.
EuroTurquía.svg Abdi İpekçi Arena.
EuroSrbija.svg Beogradska arena.
EuroAlemania.svg Düsseldorf Arena.
Tevlingar Land By Arena År
8 Storbritannia London Royal Festival Hall 1960
BBC Television Centre 1963
Royal Albert Hall 1968
Wembley Conference Centre 1977
Edinburgh Usher Hall 1972
Brighton Brighton Dome 1974
Harrogate Harrogate International Centre 1982
Birmingham National Indoor Arena 1998
7 Irland Dublin Gaiety Theatre 1971
Royal Dublin Society 1981
1988
Point Theatre 1994
1995
1997
Millstreet Green Glens Arena 1993
5 Sverige Stockholm Sankt Eriks-Mässan 1975
Globen 2000
Göteborg Scandinavium 1985
Malmö Malmö Isstadion 1992
Malmö Arena 2013
4 Nederland Hilversum AVRO Studio 1958
Amsterdam RAI Congrescentrum 1970
Haag Congresgebouw 1976
1980
Luxembourg Luxembourg Villa Louvigny 1962
1966
Grand Théâtre de Luxembourg 1973
1984
3 Frankrike Cannes Palais des Festivals et des Congrès 1959
1961
Paris Palais des congrès de Paris 1978
Danmark København Tivolis Koncertsal 1964
Parken 2001
B&W Hallerne 2014
Noreg Bergen Grieghallen 1986
Oslo Oslo Spektrum 1996
Bærum Telenor Arena 2010
Tyskland Frankfurt am Main Großer Sendesaal des hessischen Rundfunks 1957
München Rudi-Sedlmayer-Halle 1983
Düsseldorf Düsseldorf Arena 2011
2 Sveits Lugano Teatro Kursaal 1956
Lausanne Palais de Beaulieu 1989
Italia Napoli Sala di Concerto della RAI 1965
Roma Studio 15 di Cinecittà 1991
Israel Jerusalem Merkaz HaKongresim HaBeinLeumi 1979
1999
1 Austerrike Wien Großer Festsaal der Wiener Hofburg 1967
Spania Madrid Teatro Real 1969
Belgia Brussel Heysel Park 1987
Jugoslavia Zagreb Koncertna dvorana Vatroslav Lisinski 1990
Estland Tallinn Saku Suurhall 2002
Latvia Riga Olimpiskā Skonto halle 2003
Tyrkia Istanbul Abdi İpekçi Arena 2004
Ukraina Kiev Kyivskyi Palats Sportu 2005
Hellas Aten Olymbiakό Kleistό Gymnastírio 2006
Finland Helsinki Hartwall-areena 2007
Serbia Beograd Beogradska arena 2008
Russland Moskva Olimpijskij 2009
Aserbajdsjan Baku Bakı Kristal Zalı 2012

Fotnotar[endre | endre wikiteksten]

Kjelde[endre | endre wikiteksten]