Eurovision Song Contest 1972

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Eurovision Song Contest 1972
250px
Dato
Vertskap
Stad
Usher Hall
Det britiske flagget Edinburgh i Storbritannia
Programleiar(ar)
Moira Shearer
Varigskap
Opningsnummer
Pausenummer
Bidrag
Kart
Røysting
Vinnar
Flagget til Luxembourg «Après toi»
Eurovision Song Contest
1971 Wiki Eurovision Heart (Infobox).svg 1973
██ Land som deltok i konkurransen██ Land som ikkje deltok i konkurransen

Eurovision Song Contest 1972 (ESC 1972) var den 17. gongen Eurovision Song Contest vart arrangert. Konkurransen vart halden i Usher Hall i Edinburgh i Storbritannia. Grunnen til at konkurransen fann stad i Storbritannia var at Monaco, som hadde vunne året før, ikkje var i stand til å vera vertsland. Finalen fann stad laurdag 25. mars. Luxembourg vann konkurransen med songen «Après toi», framførd på fransk av Vicky Leandros.

Avstemminga vart organisert slik at kvart land hadde to dommarar til stade i hallen under konkurransen. Kvar dommar gav så kvart av dei andre landas bidrag frå eit til fem poeng, slik at kvart land til saman gav mellom to og ti poeng til samtlege andre bidrag i konkurransen.

Det irske bidraget dette året vart sunge på irsk, og dette er foreløpig den einaste gongen dette har skjedd i konkurransen. Med eit lite unntak då Noreg song nokon få ord på irsk i 1973.

Bidraga[endre | endre wikiteksten]

Finale[endre | endre wikiteksten]

Nr. Land Artist Song Språk Plass Poeng
1. Flag of Germany.svg Vest-Tyskland Mary Roos «Nur die Liebe läßt uns leben» Tysk 3 107
2. Flag of France.svg Frankrike Betty Mars «Comé-comédie» Fransk 11 81
3. Flag of Ireland.svg Irland Sandie Jones «Ceol an Ghrá» Irsk 15 72
4. Flag of Spain.svg Spania Jaime Morey «Amanece» Spansk 10 83
5. Flag of the United Kingdom.svg Storbritannia The New Seekers «Beg, Steal or Borrow» Engelsk 2 114
6. Flag of Norway.svg Noreg Grethe Kausland & Benny Borg «Småting» Norsk 14 73
7. Flag of Portugal.svg Portugal Carlos Mendes «A festa da vida» Portugisisk 7 90
8. Flag of Switzerland.svg Sveits Véronique Müller «C'est la chanson de mon amour» Fransk 8 88
9. Flag of Malta.svg Malta Helen & Joseph «L-imħabba» Maltesisk 18 48
10. Flag of Finland.svg Finland Päivi Paunu & Kim Floor «Muistathan» Finsk 12 78
11. Flag of Austria.svg Austerrike Milestones «Falter im Wind» Tysk 5 100
12. Flag of Italy.svg Italia Nicola di Bari «I giorni dell'arcobaleno» Italiensk 6 92
13. Flag of SFR Yugoslavia.svg Jugoslavia Tereza Kesovija «Muzika i ti» Serbokroatisk 9 87
14. Flag of Sweden.svg Sverige Family Four «Härliga sommardag» Svensk 13 75
15. Flag of Monaco.svg Monaco Anne-Marie Godart & Peter MacLane «Comme on s'aime» Fransk 16 65
16. Flag of Belgium (civil).svg Belgia Serge & Christine Ghisoland «À la folie ou pas du tout» Fransk 17 55
17. Flag of Luxembourg.svg Luxembourg Vicky Leandros «Après toi» Fransk 1 128
18. Flag of the Netherlands.svg Nederland Sandra Reemer & Dries Holten «Als het om de liefde gaat» Nederlandsk 4 106

Kjelder[endre | endre wikiteksten]