The Bewlay Brothers

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
The Bewlay Brothers
Song av David Bowie
frå albumet Hunky Dory
Utgjeve 17. desember 1971
Innspelt Trident Studios, London, 30. juli 1971
Sjanger Folkrock, psykedelisk folk
Lengd 5:27
Selskap RCA
Låtskrivar(ar) David Bowie
Produsent Ken Scott, David Bowie

«The Bewlay Brothers» er ein song skriven av David Bowie i 1971 for albumet Hunky Dory. Det var ein av dei siste songane som vart skrivne og spelt inn for Hunky Dory.

Bowie kalla distribusjonsselskapet sitt seint i 1970-åra for Bewlay Bros. Music og nytta namnet som eit psevdonym for seg sjølv, Iggy Pop og Colin Thurston som produsentar for Iggy-albumet Lust for Life i 1977.

Songen vart spelt live første gong på BBC Radio 2 i 2002.

Komposisjon[endre | endre wikiteksten]

Lester Bangs: «Eg traff på Bowie hin kvelden.»
Lou Reed: «Bra for deg. Eg syns det er trist.»
Bangs: «Han stal alle riffa dine, sjølvsagt.»
Reed: «Alle stel riff. Du stel dine. David skreiv nokre verkeleg flotte songar.»
Bangs: «Å kom igjen. Alle kan skrive bra songar!
Sam the Sham skreiv flotte songar! Har David skrive noko betre enn 'Wolly Bully'?»
Reed: «Har du nokon gong høyrt ‘The Bewlay Brothers’, din drittsekk?»

«Let Us Now Praise Famous Death Dwarves», Creem, mars 1975.

Bowie skreiv og spelte inn songen etter at resten av bandet hadde gått heim frå studio for kvelden. I tillegg vart det lagt til nokre fleire lydspor seinare.

Denne balladen har vorte skildra som «truleg den tettaste og mest ugjennomtrengelege songen til Bowie».[1] Låtskrivaren sjølv fortalte visstnok produsenten Ken Scott at songen var meint for den amerikanske marknaden, fordi «amerikanarane alltid likar å legge for mykje inn i ting», sjølv om «teksten ikkje gav noko meining i det heile».[2] Bowie var først avvisande til songen og skildra han som «Star Trek i skinnjakke», og meinte at hans eigen tekst var uforståeleg.

Somme biografar har sett referansar i songen til halvbroren til Bowie, Terry, som var schizofren, medan andre, som Tom Robinson, har skjelna ein «homofil agenda».[3] Bowie snakka om songen i 2008: «Eg veit ikkje korleis eg skulle ha tolka teksten anna enn å foreslå at det er lag av spøkjelse i han. Han er ein palimpsest, då.»[4]

«Bewlay Brothers» byrjar melankolsk med akustisk gitar og forvrengd piano, og dette varer gjennom tre lange vers på 14 taktar kvar, og tener òg som refreng. Ein liknande struktur finn ein òg i tidlegare songar som «Cygnet Committee». Versa er skilde av ein fire taktar lang gitarpause. Songen vert avslutta med eit kor av forvrengd stemmer med varispeeding; NME -kritikarane Roy Carr og Charles Shaar Murray samanlikna effekten med «Laughing Gnome», men på «ein langt meir skummel måte».[1]

Andre utgjevingar[endre | endre wikiteksten]

  • Songen finst på Sound and Vision i 1989.
  • Ein alternativ miks vart gjeven ut som bonusspor på Rykodisc-utgåva av Hunky Dory i 1990.
  • Songen vart gjeven ut på samlealbumet ISELECT i 2008, der Bowie sjølv valte ut songane.

Medverkande[endre | endre wikiteksten]

Andre versjonar[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 Roy Carr & Charles Shaar Murray (1981). Bowie: An Illustrated Record: s.41
  2. David Buckley (1999). Strange Fascination - David Bowie: The Definitive Story: s.114-115
  3. Nicholas Pegg (2000). The Complete David Bowie: s.37
  4. David Bowie (2008). "DAVID BOWIE: I went to buy some shoes - and I came back with Life On Mars", The Daily Mail, 28 juni 2008. Henta 2. mai 2011.
  5. https://soundcloud.com/aebridger/ae-bridger-the-bewlay-brothers