Teenage Wildlife

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Teenage Wildlife
Song av David Bowie
frå albumet Scary Monsters (and Super Creeps)
Utgjeve 12. september 1980
Innspelt The Power Station, New York, februar 1980; Good Earth, London, april 1980
Sjanger
Lengd 6:56
Selskap RCA
Låtskrivar(ar) David Bowie
Produsent David Bowie, Tony Visconti

«Teenage Wildlife» er ein song skriven av David Bowie i 1980 for albumet Scary Monsters (and Super Creeps). Med ei lengd på nesten sju minutt er han den lengste songen på albumet og den lengste Bowie hadde spelt inn sidan «Station to Station» (1976). Han var sidan forbigått av andre, lengre songar som «Bring Me the Disco King» frå 2003 og «Blackstar» i 2016.

Musikk og tekst[endre | endre wikiteksten]

«Ironisk nok er teksten om å ta eit kort syn på livet, ikkje sjå for langt fram og ikkje føresjå dei komande harde slaga»

David Bowie[2]

Den originale tittelen på songen var «It Happens Everyday». Produsenten Tony Visconti sa «I staden for å syngje 'Not another teenage wildlife' song han 'It happens everyda-a-ay.'»[3]

Mot eit musikalsk arrangement som minna mykje om den klassiske songen hans «Heroes», inkludert teksturaktig gitarspeling av både Robert Fripp og Chuck Hammer, og vandrande fraser etter tekstparagrafane, verkar Bowie å rette målet mot post-punk-artistane, særskild Gary Numan, som var inspirerte av nettopp Bowie:[4]

A broken-nosed mogul are you

One of the new wave boys
Same old thing in brand new drag
Comes sweeping into view
As ugly as a teenage millionaire

Pretending it’s a whiz-kid world

I eit intervju i 1980 sa Bowie om Numan og hans «whiz-kid world» at «Det Numan gjorde gjorde han glimrande, men i repetisjon, det er det same om att og om att når du har høyrt det ein gong. Det er den falske ideen om eit høgteknologisk samfunn og alt det som ikkje eksisterer. Eg trur ikkje me er nokon stad nær eit slikt samfunn. Det er ei enorm myte som diverre er blitt foreviga, trur eg, ved å lese om kva eg har gjort i det rockeområdet i det siste, og i forbrukarområdet har fjernsynet frykteleg mykje å svare for med tanke på fabrikasjonen av denne dataverd-myta.»[5] Songaren Boy George har sagt at favorittsongteksten hans var «As ugly as a teenage millionaire».[6]

Andre utgjevingar[endre | endre wikiteksten]

Songen kom ut på samleplata The Collection (2005).

Konsertversjonar[endre | endre wikiteksten]

Songen vart ofte spelt under Outside-turneen i 1995-1996 og to ulike konsertopptak finst på albuma Ouvre le Chien (Live Dallas 95) (2020) og No Trendy Réchauffé (Live Birmingham 95) (2020).

Medverkande[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Sheffield, Rob (18. august 2016). «Rob Sheffield on David Bowie's Essential Albums». Rolling Stone. Henta 9. august 2021. 
  2. O'Leary, Chris (19 Feb 2019). «Teenage Wildlife: inside the song about Bowie's midlife crisis». The Guardian. 
  3. Currie, David, red. (1985). David Bowie: The Starzone Interviews. London: Omnibus Press. 
  4. Buckley, David (1999). Strange Fascination. London: Virgin. s. 363–375. 
  5. MacKinnon, Angus (September 1980). «The Future Isn't What it Used to Be». NME. 
  6. Smash Hits flexi-disc, 1985 Boy George interview

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]