Poor Boy av Elvis Presley

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Poor Boy
Song av Elvis Presley
Sjanger Country, Rock and Roll
Lengd 2:13
Selskap RCA Victor
Låtskrivar(ar) Elvis Presley, Vera Matson

«Poor Boy» er ein song av Elvis Presley. Songen var tilskriven Elvis Presley og Vera Matson, kona til Ken Darby, som i røynda skreiv songen, og vart publisert av Elvis Presley Music. Sonen vart nytta i filmen Love Me Tender og gjeve ut som ein EP på RCA Victor i 1956.

«Poor Boy» vart spelt inn 24. august 1956. Andre songar på EP-en var tittelsporet, «We're Gonna Move» og «Let Me». Singelen nådde 35. plassen på den amerikanske Billboard pop-lista i desember 1956 og låg på lista i alt 11 veker.[1]

I staden for eit heilt filmmusikkalbum med musikken frå Love Me Tender vart fire songar frå filmen gjevne ut på EP-en Love Me Tender i november 1956. EP-en vart sertifisert til platina av RIAA. EP-en nådde 10. plassen på Billboard EP-lista og 22. plassen på Billboard 200 albumlista. Han nådde niandeplassen på Top Pop Albums-lista med eit sal på over 600 000, i tillegg til 35. plassen på singellista. Dei fire songane på EP-en vart spelt inn i Fox-studioet Stage One i Hollywood, den 24. august 4. september og 1. oktober 1956.

Medverkande[endre | endre wikiteksten]

Andre versjonar[endre | endre wikiteksten]

Hillary Hawkins spelte inn ein versjon på singel, Paul Ansell spelte inn songen i 1999 og Carlos and The Bandidos spelte inn songen i 2003.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]