Telling Lies
Hopp til navigering
Hopp til søk
Telling Lies Singel av David Bowie frå albumet Earthling | ||
Utgjeve | 4. november 1996 | |
Innspelt | Looking Glass Studio, New York City | |
Sjanger | Rock, Jungle | |
Lengd | 5:07 | |
Selskap | BMG | |
Låtskrivar(ar) | David Bowie | |
---|---|---|
Produsent | David Bowie | |
David Bowie-kronologi | ||
«Hallo Spaceboy» (1996) |
Telling Lies | «Little Wonder» (1997)
|
«Telling Lies» er ein song av David Bowie, som vart gjeven ut på singel i 1996 og i 1997 på albumet Earthling.
Tre versjonar av «Telling Lies» vart gjeven ut på den offisielle heimesida til Bowie den 11. september 1996 - ein versjon kvar veke. Dette var første gong ein stor artist hadde gjort ein singel tilgjengeleg for nedlasting. I følgje ei pressemelding frå den tida lasta over 300 000 menneske ned den originale singelen som då berre var tilgjengeleg på Internett. To månadar seinare vart han gjeven ut som CD-singel av BMG.
Innhald[endre | endre wikiteksten]
- «Telling Lies (Feelgood mix by Mark Plati)» - 5:07
- «Telling Lies (Paradox mix by A Guy Called Gerald)» - 5:10
- «Telling Lies (Adam F mix)» - 3:58
Medverkande[endre | endre wikiteksten]
- Produsentar:
- David Bowie
- Musikarar:
- David Bowie: Vokal, gitar, sampling, tangentinstrument
- Reeves Gabrels: Programmering, synthesizerar, gitarar, vokal
- Mark Plati: Programmering, loopar, sampling, tangentinstrument
- Gail Ann Dorsey: Bass, vokal
- Zachary Alford: Trommer
- Mike Garson: Tangentinstrument, piano
Konsertopptak[endre | endre wikiteksten]
- Ein versjon frå Paradiso i Amsterdam i Nederland den 10. juni 1997 vart gjeven ut på LiveAndWell.com i 2000.
Andre utgjevingar[endre | endre wikiteksten]
- «Adam F mix» vart gjeven ut som bonusspor på den japanske utgåva av Earthling. Han vart òg gjeven ut i Storbritannia på ein avgrensa versjon av singelen «Little Wonder» i januar 1997.
- «Paradox mix» vart gjeven ut på den britiske 12"-versjonen av singelen «Dead Man Walking» i april 1997. Denne miksen er òg på bonusplata som følgde LiveAndWell.com i 2000.
- «Feelgood mix» og «Paradox mix» vart gjeven ut på bonusplata til Digibook Expanded Edition av Earthling i 2004.
Kjelder[endre | endre wikiteksten]
- Denne artikkelen bygger på «Telling Lies» frå Wikipedia på engelsk, den 28. september 2011.