Fame av David Bowie

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Fame
Singel av David Bowie
frå albumet Young Americans
B-side

Right

Utgjeve 25. juli 1975
Innspelt Januar 1975
Studio Electric Lady, New York City
Sjanger
Lengd 3:30 (singel)
4:12 (album)
Selskap RCA
Komponist David Bowie
Tekstforfattar David Bowie
Låtskrivar(ar)
Produsent
David Bowie-kronologi 
Young Americans
(1975)
Fame Golden Years
(1975)
David Bowie-kronologi
Never Let Me Down
(1987)
Fame Real Cool World
(1992)


«Fame» er ein song spelt inn av den engelske musikaren David Bowie i 1975 for albumet Young Americans. Seinare vart han gjeven ut som den andre singelen frå albumet på RCA Records i juli 1975. Songen var skriven av Bowie, Carlos Alomar og det tidlegare Beatles-medlemmet John Lennon, og spelt inn i Electric Lady Studios i New York City i januar 1975. Det er ein funkrocksong som omhandlar korleis Bowie (og Lennon) er misnøgde med problema kjendistilværet fører med seg.

Songen vart ein stor suksess i Nord-Amerika og vart den første singelen til Bowie som gjekk til topps på ¨Billboard Hot 100-lista og den kanadiske singellista. Songen var ein av dei meir suksessrike singlane det året og vart rangert på sjuandeplassen på Billboard Year-End Hot 100. Songen var ikkje like populær i Europa og nådde 17. plassen på UK Singles Chart og niandeplassen på VG-lista i Noreg.

I 1990 miksa Bowie songen på ny under tittelen «Fame '90» i samband med Sound+Vision-turneen hans. «Fame» har sidan kome ut på mange samlealbum, og vart ommastra i 2016 som ein del av plateboksen Who Can I Be Now? (1974–1976).

Songen er ein av fire Bowie-songar som er med på lista til Rock and Roll Hall of Fame over 500 songar som forma rock and roll.

Bakgrunn[endre | endre wikiteksten]

Med utgjevinga av albumet The Rise and Fall of Ziggy Stardust and the Spiders from Mars i 1972 slo Bowie stort gjennom.[3] På det albumet representerer Bowie sine ambisjonar om å bli kjend i songen «Star», som òg omfatta fantasiane om at «alle draumande ungdomar som mimer inn i ein hårbørste i eit forstadssoverom», på toppen av Bowie sin eigen frustrasjon over ikkje å ha oppfylt sitt potensial. [4] I byrjinga av 1975, betydde «heidring» eit par forskjellige ting for Bowie. Det betydde ikkje berre å bli stjerne, men òg føreståande søksmål som var resultatet av at forholdet mellom Bowie og manageren hans Tony Defries vart avslutta. [5] Det betydde òg eit dyrt musikalprosjekt laga av Defries, med tittelen Fame, som vart finansiert gjennom MainMan, eit selskap som vart bygget rundt heidringa til Bowie; showet omhandla Marilyn Monroe, men vart skrinlagt etter berre ei framvising på Broadway og etter at han alt hadde floppa utanfor Broadway.[5] Fame øydela nesten MainMan og var traumatisk i forholdet mellom Bowie og Defries. [5]

Bowie skildra seinare «Fame» som «stygg, sint», og innrømde at han var skriven med «med ein viss vondskap» retta mot MainMan. Dette vert støtta av biografen Peter Doggett, som skriv: «kvar gong i 'Fame' der Bowie klappa attende med eit kynisk svar til vanskane sine, hadde han [Defries] og hans episke feil i tankane,» og skreiv at teksten «bully for you, chilly for me» som eit slåande døme.[5] I 1990 sa Bowie at songen var den han likte minst på albumet[6] og sa: «Eg hadde særs opprørande managerproblem, og mykje vart bygd inn i den songen. Alt det ligg bak meg no. Eg trur at kjendistilvære i seg sjølv ikkje er ei løn. Det meste du kan sei er at det skaffar deg eit bord på restaurantar.»[7]

Komposisjon og innspeling[endre | endre wikiteksten]

Bowie skreiv «Fame» i lag med John Lennon, som òg bidrog med korvokal og gitar.

Young Americans-innspelinga i røynda var over seint i 1974, vart songane forseinka medan Bowie fjerna seg frå Defries. Det er forskjellige kjelder om korleis «Fame» kom til i studio, men både Doggett og Nicholas Pegg skreiv at det kom av ei rekkje «heldige» hendingar.[8][9] Seint i 1974 var Bowie i New York City, der han møtte John Lennon, som på den tida heldt seg borte frå kona Yoko Ono.[10] Dei to jamma i lag, som førte til ei innspeling i Electric Lady Studios i januar 1975. Der hadde Carlos Alomar utvikla eit gitarriff for Bowie sin versjon av «Footstompin'» av The Flairs, som Bowie meinte var «bortkasta» å nytte på ein coverversjon. Lennon, som var i studio, kom opp med hovudideen då han byrja å syngje «aim» over riffet, som Bowie så gjorde til «Fame» og så, i følgje Marc Spitz, skreiv dei resten av teksten til songen i lag med Lennon.[11][12] Men i følgje Doggett, skal Lennon bere ha kome med akkurat nok tekstbidrag til at han vart oppført som medlåtskrivar.[8] Bowie sa seinare at Lennon var energien og inspirasjonen for «Fame», og det var derfor han gav han status som medlåtskrivar..[9] Lennon motsa seinare denne soga i eit intervju i 1980 der han sa: «Med tok eit mellomspel av Stevie Wonder og spelte det baklengs, og så laga me ein song av det!»[8][9] Etter at gruppa gjorde ferdig riffet, kom dei opp med noko som passa inn i lag med «svart amerikansk musikk» i byrjinga av 1975: eit «syskenbarn» av «Hollywood Swinging» av Kool & the Gang, «The Payback» av James Brown og «Do It ('Til You're Satisfied)» av B.T. Express.[13] (Seinare i 1975 gav Brown ut songen «Hot (I Need to Be Loved, Loved, Loved),» der hovudriffet var lånt direkte frå «Fame.») Doggett skreiv at andre potensielle inspirasjonskjelder var songen «Jungle Walk» av The Rascals frå 1972 og songane «Pick Up the Pieces» av Average White Band og «Brighter Day» av Keith Christmas, ein ven av Bowie.[5] Totalt sett meiner Doggett at «Fame» liknar «Thank You (Falettinme Be Mice Elf Agin)» av Sly and the Family Stone som i likskap med «Fame» er ein funk-song med «vondskapsfull kvass» tekst.[14]

«Fame» er ein funkrocksong[2] som omhandlar korleis Bowie (og Lennon) er missnøgd med problema som kjendistilære medfører, inkludert «managerar som grabbar til seg pengar, tankelaus beundring, uønska følgje og det hole vakuumet i limousin-livsstilen».[15] Ein kan høyre Lennon syngje «Fame» i falsett gjennom heile songen. Doggett meinte det var «slåande» at falsetten strekte seg over tre oktavar, frå «Yoko Ono-sopran» til «Johnny Cash basso profundo».[14] I lag med «Fame» arbeidde Bowie igjen med Lennon på ein versjon av Lennon sin Beatles-song «Across the Universe». På denne spelte Lennon rytmegitar.[12] I følgje Spitz vart «Fame» og «Across the Universe» begge lagt til Young Americans i siste augneblink.[12] Sjølv om Young Americans hovudsakleg vart produsert i lag med Tony Visconti, var ikkje han til stades under innspelinga av «Fame».[12] I staden vart desse songane produserte av lydteknikaren Harry Maslin.[16] På songen syng Bowie «What you need, you have to borrow» som i følgje Spitz vart sungen med same «gift» i røysta som Jimi Hendrix hadde då han song «Businessmen they drink my wine», på versjonen hans av Bob Dylan-songen «All Along the Watchtower».[10]

Utgjeving og mottaking[endre | endre wikiteksten]

«Fame» kom ut 7. mars 1975 som det siste sporet på det niande studioalbumet hans, Young Americans.[17][18] Han vart sidan gjeven ut av RCA Records (som PB 10320) som den andre singelen frå albumet den 25. juli 1975 med songen «Right» som B-side.[19]

«Fame» vart den første songen til Bowie på toppen av Billboard Hot 100, og skyvde ned «Rhinestone Cowboy» av Glen Campbell i veka 20. september 1975. For veka 27. september 1975, gjekk «Fame» ned til andreplassen bak John Denver sin «I'm Sorry» for ei veke, før han gjekk til topps igjen den neste veka, før han til slutt vart erstatta av Neil Sedaka sin «Bad Blood». Bowie sa seinare at han hadde «absolutt inga aning» om at songen kom til å gjere det bra som singel og sa «Eg kunne ikkje ha plukka ein singel om han traff meg i andletet.»[20] Trass i at «Fame» vart den til då største suksessen til Bowie i Amerika, nådde songen berre 17. plassen på UK Singles Chart.

Dave Thompson i AllMusic kalla songen «ein storm av ein hard funk-dans med tekst, full av fiendtleg kritikk av korleis suksess kostar ein personleg -- som passar perfekt med det livlege tempoet og kjensla i songen.»[21] Etter at Bowie døydde i 2016 hadde Rolling Stone songen på lista si over 30 essensielle songar av Bowie.[22] I 2018 hadde skribentar i NME songen med på lista si over dei 41 beste Bowie-songane, med «Fame» rangert på 21. plassen.[23]

Songen er ein av fire Bowie-songar som vart inkludert på lista til Rock and Roll Hall of Fame over 500 songar som forma rock and roll.[24]

Innhald[endre | endre wikiteksten]

7" britisk singel[17]
  1. «Fame» (Bowie, Alomar, Lennon) – 3:30
  2. «Right» (Bowie) – 4:13

Salslister og salstrofé[endre | endre wikiteksten]

Vekeslister[endre | endre wikiteksten]

Liste (1975–2016) Plassering
Belgia (Ultratop 50 Flandern)[25] 17
Belgia (Ultratop 40 Vallonia)[26] 20
Canada Top Singles (RPM)[27] 3
Frankrike (SNEP)[28] 181
Ungarn (Singel Topp 40)[29] 12
Nederland (Mega Single Top 100)[30] 6
Noreg (VG-lista)[31] 9
UK Singles (Official Charts Company)[32] 17
US Billboard Hot 100[33] 1
US Hot Rock & Alternative Songs (Billboard)[34] 14
US R&B (Billboard)[35] 21

Årslister[endre | endre wikiteksten]

Liste (1975) Plassering
Canada[36] 37
Nederland[37] 71
US Billboard Hot 100[38] 7

Salstrofé[endre | endre wikiteksten]

Region Salstrofé Salstal
Canada (Music Canada)[39] Gull 5 000^
USA (RIAA)[40] Gull 1 000 000^

^salstala er basert på sertifiseringa aleine
xuspesifserte tal er baserte på sertifiseringa aleine

Medverkande[endre | endre wikiteksten]

I følgje biografen Chris O'Leary:[41]

Konsertversjonar[endre | endre wikiteksten]

Andre utgjevingar[endre | endre wikiteksten]

«Fame '90»[endre | endre wikiteksten]

Fame '90
av David Bowie
frå albumet Changesbowie
Utgjeve 26. mars 1990
Sjanger funk
Lengd 3:36 (Gass Mix)
Selskap
  • EMI
  • Rykodisc
Komponist David Bowie
Tekstforfattar David Bowie
Låtskrivar(ar)
David Bowie-kronologi 
«Never Let Me Down»
(1987)
Fame '90 «Real Cool World»
(1992)


Ein nymiksa versjon av «Fame» kom ut på EMI i 1990 i samband med Sound+Vision-turneen, samleplata Changesbowie og filmmusikkalbumet Pretty Woman. Bowie ønskte å mikse ein amerikansk singel for turneen og albumet og stod mellom «Let's Dance» og «Fame». Sidan «Let's Dance» var gjeven ut relativt nyleg, fall valet på «Fame». Bowie likte valet: «Han dekkjer mykje, Fame. Han har stått seg godt gjennom åra. Han høyrest framleis potent ut. Det er ein ganske stygg, sint liten song. Oeg eg likar det.»[7] «Gass Mix» vart sidan gjeven ut på Pretty Woman-albumet.

Innhald[endre | endre wikiteksten]

Song skriven av David Bowie, Carlos Alomar og John Lennon.

US CD-singel (Rykodisc RCD5 1018)
  1. «Fame '90» (with Queen Latifah) – 4:10
  2. «Fame '90» (House Mix) – 5:58
  3. «Fame '90» (Gass Mix) – 3:38
  4. «Fame '90» (Hip Hop Mix) – 5:58
  5. «Fame '90» (Absolutely Nothing Premeditated/Epic Mix) – 14:25
Vest-Tyskland maxi CD-singel (EMI CDP 560-20-3805-2)
  1. «Fame '90» (House Mix) – 5:58
  2. «Fame '90» (Hip Hop Mix) – 5:58
  3. «Fame '90» (Gass Mix) – 3:38
  4. «Fame '90» (Queen Latifah's Rap Version) – 3:10
«Exclusive Changes pack» 7" vinylsingel (FAMES 90)
  1. «Fame '90» (Gass Mix) – 3:38
  2. «Fame '90» (Queen Latifah's Rap Version) – 3:10
Limited edition 7" biletdisk på vinyl (FAME PD 90)
  1. «Fame '90» (Gass Mix) – 3:38
  2. «Fame '90» (Bonus Beat Mix) – 4:45
  • Singelen kom ut i forskjellige format: som 7"-singel, ein kassettsingel, ein 12"-singel, CD-singlar og to avgrensa utgjevingar som biletdisk (med den unike «Bonus Beat mix») og ein 7"-vinyl med tre trykk som syner forskjellige fasar av karrieren til Bowie og ein unik miks kalla Queen Latifah's mix[46]

Video[endre | endre wikiteksten]

Filmregissøren Gus Van Sant regiserte ein musikkvideo for denne versjonen, med klipp frå mange tidlegare Bowie-videoar.[46] I musikkvideoen kan ein òg sjå Bowie danse med Louise Lecavalier, ein av hovuddansarane i den kanadiske dansetruppen La La La Human Steps (som Bowie samarbeidde med på Sound + Vision-turneen).[47] Den amerikanske versjonen av videoen erstatta somme av musikkvideoane til Bowie med scener frå filmen Pretty Woman.

«Fame» vart nytta som lydspor til ein animert musikkvideo med same tittel, regissert av Richard Jefferies og Mark Kirkland medan dei var studentar på California Institute of the Arts. Filmen, som kom ut i 1975, vann Student Academy Award for animasjon og vart sendt i NBC-serien The Midnight Special.[48]

Salslister[endre | endre wikiteksten]

Liste (1990) Plassering
Australia (ARIA)[49] 85
Belgia (Ultratop)[50] 22
Europa (Eurochart Hot 100)[51] 69
Irland (IRMA)[52] 11
Nederland (Nederlandsk Topp 40)[53] 17
Nederland (Single Top 100)[50] 16
New Zealand (RIANZ)[50] 32
Sveits (Schweizer Hitparade)[50] 29
UK Singles (Official Charts Company)[54] 28
Tyskland (Media Control AG)[55] 36

Bruk i film og fjernsyn[endre | endre wikiteksten]

Andre versjonar[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Doggett, Peter (2012). The Man Who Sold the World: David Bowie and the 1970s. HarperCollins Publishers. ISBN 978-0-06-202466-4. 

  1. Taylor, Steve (2006). The A to X of Alternative Music. Continuum. s. 45. ISBN 0826482171. Arkivert frå originalen 5. juli 2014. Henta 31. juli 2021. «...'Fame', a funk workout...» 
  2. 2,0 2,1 Elliott, Paul (30. mai 2016). «The Top 20 Greatest Funk Rock Songs». Classic Rock Magazine. Arkivert frå originalen 22. mars 2018. Henta 4. februar 2019. 
  3. Pegg 2016, s. 616.
  4. Pegg 2016, s. 778.
  5. 5,0 5,1 5,2 5,3 5,4 Doggett 2012, s. 276.
  6. Pegg 2016, s. 257.
  7. 7,0 7,1 «David Bowie Interview». Q magazine: 60–70. April 1990. 
  8. 8,0 8,1 8,2 Doggett 2012, s. 275.
  9. 9,0 9,1 9,2 Pegg 2016, s. 256.
  10. 10,0 10,1 Spitz 2009, s. 247.
  11. Timothy White's Rock Stars: Hearing Pictures: David Bowie's Sound + Vision (radio interview). 20. mai 1990. 
  12. 12,0 12,1 12,2 12,3 Spitz 2009, s. 249.
  13. Doggett 2012, s. 275–276.
  14. 14,0 14,1 Doggett 2012, s. 277.
  15. Pegg 2016, s. 256–257.
  16. Visconti, Tony (2007). Tony Visconti: the Autobiography: Bowie, Bolan and the Brooklyn Boy. Harper. s. 222–224. 
  17. 17,0 17,1 Young Americans (liner notes). David Bowie. US: RCA Records. 1975. APK1-0998. 
  18. Erlewine, Stephen Thomas. «Young Americans – David Bowie». AllMusic. Henta 31. juli 2021. 
  19. O'Leary 2015, s. 499.
  20. Isler, Scott (August 1987). «David Bowie Opens Up – A Little». Musician (106): 60–73. 
  21. Thompson, Dave. ««Fame» – David Bowie». AllMusic. Henta 31. juli 2021. 
  22. Rolling Stone Staff (11. januar 2016). «David Bowie: 30 Essential Songs». Rolling Stone. Arkivert frå originalen 3. desember 2019. Henta 31. juli 2021. 
  23. Barker, Emily (8. januar 2018). «David Bowie's 40 greatest songs – as decided by NME and friends». NME. Arkivert frå originalen 3. november 2019. Henta 31. juli 2021. 
  24. «The Songs That Shaped Rock and Roll». Rock and Roll Hall of Fame. Arkivert frå originalen 17. mars 2010. Henta 31. juli 2021. 
  25. "Ultratop.be – David Bowie – Fame" (på nederlandsk). Ultratop 50. Ultratop & Hung Medien / hitparade.ch.
  26. "Ultratop.be – David Bowie – Fame" (på fransk). Ultratop 40. Ultratop & Hung Medien / hitparade.ch.
  27. "RPM Top Singles." RPM. Library and Archives Canada.
  28. "Lescharts.com – David Bowie – Fame" (på fransk). Les classement single. Hung Medien.
  29. "Archívum – Slágerlisták – MAHASZ" (på ungarsk). Singel Topp 40. Magyar Hanglemezkiadók Szövetsége. Henta 31. juli 2021.
  30. "Dutchcharts.nl – David Bowie – Fame" (på nederlandsk). Mega Single Top 100. Hung Medien / hitparade.ch.
  31. "Norwegiancharts.com – David Bowie – Fame". VG-lista. Hung Medien.
  32. "september 1975/ Archive Chart" UK Singles Chart. Official Charts Company.
  33. "Bowie?f=379&g=Singles David Bowie Album & Song Chart History" Billboard Hot 100 for David Bowie. Prometheus Global Media.
  34. "David Bowie Chart History (Hot Rock & Alternative Songs)". Billboard. Retrieved 31. januar 2016.
  35. «David Bowie Fame Chart History». billboard.com. Arkivert frå originalen 12. mai 2018. Henta 6. april 2018. 
  36. «Item Display – RPM – Library and Archives Canada». collectionscanada.gc.ca. Arkivert frå originalen 1. august 2017. Henta 2. desember 2016. 
  37. «Jaaroverzichten – Single 1975» (på nederlandsk). Single Top 100. Hung Medien. Arkivert frå originalen 15. februar 2014. Henta 13. mars 2018. 
  38. «Top 100 Hits of 1975/Top 100 Songs of 1975». www.musicoutfitters.com. Arkivert frå originalen 14. september 2017. Henta 6. april 2018. 
  39. «Canadian single salstrofé – David Bowie – Fame». Music Canada. 
  40. «American single salstrofé – David Bowie – Fame». Recording Industry Association of America.  If necessary, click Advanced, then click Format, then select Single, then click SEARCH
  41. O'Leary 2015, s. 426.
  42. «Live Nassau Coliseum '76 – David Bowie». AllMusic. Arkivert frå originalen 17. november 2019. Henta 31. juli 2021. 
  43. Who Can I Be Now? (1974–1976) (Box set booklet). David Bowie. UK, Europe & US: Parlophone. 2016. 0190295989842. 
  44. Loving the Alien (1983–1988) (Box set booklet). David Bowie. UK, Europe & US: Parlophone. 2018. 0190295693534. 
  45. «David Bowie - Fame 40th Anniversary (Chanson)». Lescharts.com. Henta 31. juli 2021. 
  46. 46,0 46,1 »News," Melody Maker magazine, 24. mars 1990, side 3
  47. «Rolling Stone Summer Music Guide 1990», Rolling Stone: 3, 1990 
  48. dadsvolunteer (31. oktober 2016). «David Bowie – Fame – Animated Video (Midnight Special)». Henta 6. april 2018 – via YouTube. 
  49. Ryan, Gavin (2011). Australia's Music Charts 1988–2010 (PDF utg.). Mt Martha, Victoria, Australia: Moonlight Publishing. s. 39.  retrieved 13. september 2020
  50. 50,0 50,1 50,2 50,3 Australian-Charts.com David Bowie Fame 90 (Song), arkivert frå originalen 12. november 2013, henta 11. november 2013 
  51. «Eurochart Hot 100 Singles» (PDF). Music & Media. 21. april 1990. Henta 31. juli 2021. 
  52. "The Irish Charts – Search Results – Fame". Irish Singles Chart.
  53. «David Bowie – Fame 90». top40.nl. Henta 21. juni 2021. 
  54. Official Charts Company – Fame 90, arkivert frå originalen 12. november 2013, henta 11. november 2013 
  55. "Die ganze Musik im Internet: Charts, News, Neuerscheinungen, Tickets, Genres, Genresuche, Genrelexikon, Künstler-Suche, Musik-Suche, Track-Suche, Ticket-Suche – musicline.de" (på tysk). Media Control Charts. PhonoNet GmbH.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]