“Heroes” av David Bowie

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå "Heroes" av David Bowie)
Hopp til navigering Hopp til søk
Denne artikkelen handlar om songen. For albumet, sjå “Heroes”.
“Heroes”
Singel av David Bowie
frå albumet “Heroes”
B-side V-2 Schneider
Utgjeve 23. september 1977
Innspelt Juli–august 1977
Studio Hansa (Vest-Berlin)
Sjanger Kunstrock
Lengd
    • 6:07 (album)
    • 3:32 (singel)
Selskap RCA Records
Låtskrivar(ar) David Bowie, Brian Eno
Produsent David Bowie, Tony Visconti
David Bowie-kronologi
«Be My Wife»
(1977)
“Heroes” «Beauty and the Beast»
(1978)


«“Heroes”» er ein song av den engelske musikaren David Bowie, skriven i lag med Brian Eno og produsert av Bowie og Tony Visconti. Han vart spelt inn i juli og august 1977 i Hansa Studio by the Wall. Han vart gjeven ut 23. september 1977 som den første singelen frå det 12. studioalbumet hans med same namn, med B-sida «V-2 Schneider». Songen kmo ut i Berlinperioden til Bowie og songen vart ikkje ein stor hit verken i Storbritannia eller USA då han kom ut, men han har sidan vorte ein av signaturlåtane hans. I januar 2016 etter Bowie døydde, nådde songen 12. plassen på UK Singles Chart. «“Heroes”» er rekna som den nest mest covra låten til Bowie etter «Rebel Rebel».[1]

Bowie vart inspirert til teksten då han såg produsenten Tony Visconti omfamne kjærasten sin ved Berlinmuren og songen fortel ei soge om to kjærastar, ein frå Aust- og ein frå Vest-Berlin. Framføringa til Bowie av «“Heroes”» den 6. juni 1987 ved den tyske Riksdagen i Vest-Berlin har blitt rekna som ein katalysator for at Berlinmuren seinare fall.[2][3][4] Etter at Bowie døydde i januar 2016 takka den tyske regjeringa Bowie for å ha «hjelpt til med å bringe ned muren», og sa «du er no blant heltar».[5]

«“Heroes”» har fått mykje lovord sidan han kom ut, og finst på mange lister over dei beste songane gjennom tidene. Rolling Stone kåra han til den 46. beste songen og NME til den 15. beste.[6] Bowie-forfattaren David Buckley har skrive at «“Heroes”» «er kanskje popens definitive melding om den potensielle triumfen til menneskeanda over motgang».[7]

Tittel og tekst[endre | endre wikiteksten]

Tittelen på songen er ein referanse til «Hero» av det tyske krautrockbandet Neu! frå 1975,[8] som Bowie og Eno var tilhengjarar av. Det var ein av dei første songane dei spelte inn for albumet, men han vart verande ein instrumental til slutten av produksjonen.[9] Hermeteikna i tittelen vart sett inn for å vise til den ironiske meininga av uttrykket i den elles romantiske og triumferande teksten og musikken.[10][11][12][13] Produsent Tony Visconti tok æra for å ha inspirert til biletet av dei to kjærastane som kyssar kvarandre ved «muren», då han og korvokalist Antonia Maaß omfamna kvarandre, medan Bowie såg dei frå vindauget i Hansa Studio.[14] Bowie sa då songen kom ut at personane i songen var eit ukjend, ungt par, men Visconti, som var gift med Mary Hopkin på denne tida, meiner at det var fordi Bowie ikkje ville avsløre forholdet hans til Maaß til nokon. Bowie stadfesta dette i 2003, over to tiår etter Visconti og Hopkin var skilde.[9]

Musikk[endre | endre wikiteksten]

Bowie sa at det «det jamne tempoet og rytmen» var inspirert av Velvet Underground-songen «I'm Waiting for the Man».[15]

Richard Buskin i Sound on Sound skildra «“Heroes”» som eit «særs eksperimentelt stykke kunstrock». Musikken, skriven av Bowie og Eno, består av to akkordar (D-G) med «korte ekskursjonar til kjende akkordar» i G-dur.[16] Biografen David Buckley har samanlikna songen med ein Wall of Sound-produksjon, med eit mektig og støyande arrangement av gitarar, perkusjon og synthesizerar.[14] Eno har sagt at musikalsk har stykket alltid høyrdest «storarta og heroisk ut» og at han hadde «akkurat det ordet - heroes - i tankane, sjølv før Bowie byrja å skrive teksten».[17] Det grunnleggande akkompagnementet bestod av eit vanleg arrangement med piano, bassgitar, rytmegitar og trommer. Dei andre partane bestod av syntheziser av Eno med hjelp av ein EMS VCS3 skapte lågfrekvente bordun-tonar, med ein rytmefrekvens frå tre oscillatorar som produserte ein skjelvande effekt. I tillegg skapte King Crimson-gitarist Robert Fripp ein uvanleg vedvarande lyd på gitaren, skapt av feedback ved at han sat forskjellige stader i rommet for å endre tonen på feedbacken. Visconti miksa ut basstromma til Dennis Davis og sa at songen verka å «gå tungt» med tromma, men hadde ei meir energisk kjensle utan denne. [18]

Vokalsperre-effekt[endre | endre wikiteksten]

Vokalen til Bowie vart spelt inn etter at dei fleste studiomusikarane hadde reist frå Berlin. [17] Visconti rigga eit system med tre mikrofonar for å fange den episke vokalen[19], med ein mikrofon like føre Bowie, ein 7 meter unna og den siste 17 meter unna. Mikrofonane hadde lydsperrer som opna seg når volumet frå stemma til Bowie vart høg nok, slik at berre den første var open for den rolegare vokalen i starten av songen, den andre opna seg når vokalen vart litt høgare, og alle tre av dei opna seg for dei mest høglydte partia. Dette skapte progressivt meir klang og atmosfære etter høgare vokalen vart.[20] Jay Hodgson skreiv «Framføringa til Bowie veks så i intensitet i takt med at stadig meir atmosfære fyller leveringa hans, før han i siste verset må rope for å bli høyrd ... Jo meir Bowie roper, berre for å bli høyrd, jo lenger bak i miksen til dette fleirdelte systemet til Visconti pressar vokalsporet seg og skapar ein sterk metafor for situasjonen kring dei dømde kjærastane Bowie syng om.»[21]

Utgjeving og etterverknad[endre | endre wikiteksten]

«"Heroes"» vart gjeven ut på forskjellige språk og forskjellige lengder (ein samlar sin våte draum i følgje NME-redaktørane Roy Carr og Charles Shaar Murray[10]). I motsetnad til den forbløffande studiosituasjonen, vart videoen (regissert av Stanley Dorfman)[9] naken og enkel, der Bowie syng songen i eit enkelt opptak, filma frå forskjellige vinklar, i eit mørkt rom føre ein lyskastar.

«“Heroes”» kom ut 23. september 1977 som den første singelen frå det 12. studioalbumet til Bowie med same namnRCA Records med ei lengd på 3:32 og albumsporet «V-2 Schneider» som B-side.[22] Han kom så ut med ei lengd på 6:07 som det tredje sporet, mellom «Joe the Lion» og «Sons of the Silent Age», på albumet i oktober same året.[23] Ein annan 12"-singel inneheld både singel- og albumversjonen, og kom ut i USA på RCA Victor (as RCA / JD-11151) same året.[24] Den tyske og franske versjonen, kalla høvesvis «"Helden"» og «"Héros"», kom ut på RCA (RCA / PC-9821).[25]

Trass i at singelen vart marknadsført, mellom anna med den første framferda til Bowie på Top of the Pops sidan 1972,[14] nådde berre singelen 24. plassen i Storbritannia og nådde ikkje lista i det heile i USA.[26] I Italia selde singelen til gullplate.[27]

Mottaking og ettermæle[endre | endre wikiteksten]

Charlie Gillett skreiv for NME då plata kom ut: «Vel han hadde eit ganske godt løp for pengane våre, for ein fyr som ikkje var noko songar. Men eg trur tida hans har vore og gått, og dette høyrest berre sliten ut. Så igjen, kanskje det store, tunge riffet vil bli absorbert på radioen, og den monotone kjensla kan berre vere hypnotisk nok til å trekke folk til å kjøpe ho. Eg håar ikkje det.»[28] Trass i den dårlege meldinga vart songen plassert på sjetteplassen på årslista til NME for 1977.[29]

Seinare har kritikken vore god. I februar 1999 kåra Q Magazine «"Heroes"» som ein av dei 100 beste singlane gjennom tidene. I mars 2005 plasserte det same magasinet songen på 56. plass på lista si over dei 100 beste gitarsongane. I 2004 rangerte Rolling Stone songen på 46. plassen på lista si over dei 500 beste songane gjennom tidene. Songen var med på lista til Pitchfork Media over dei «500 beste songane frå punk til i dag» i 2008. John J. Miller frå National Review rangerte «"Heroes"» på 21. plass på ei liste over «dei 50 største konservartive rockesongane»[30] på grunn av den anti-sovjetiske, politiske konteksten. Songen vart òg ein homo-hymne.[31][32] Uncut plasserte øvst på lista si over dei 30 beste Bowie-songane i 2008.[33]

Bowie har ofte spelt songen på konsertane sine. Songen har vorte mykje nytta i reklamefilmar, mellom anna for Microsoft, Kodak, CGU Insurance, HBO Olé (HBO Latin America) og forskjellige idrettsarrangørar verda over. Heroes finst i videospelet Rock Band.

Songen vart spelt under innmarsjen til deltakarane i opningsseremonien til sommar-OL 2012 i London då dei britiske utøvarane entra stadion.

Moby har sagt at «“Heroes”» er ein av favorittsongane hans og meinte det var «uungåeleg» at musikken hans kom til å bli inspirert av denne songen,[34] og Dave Gahan, frontmann og songar i Depeche Mode, vart henta inn i bandet då bandsjefen Vince Clarke høyrde han syngje «“Heroes”» under ein jam.[35]

Lovord[endre | endre wikiteksten]

Publikasjon Land Lovord År Plassering
TIME USA «All-Time 100 Songs»[36] 2011 N/A
Rolling Stone USA «500 beste songane gjennom tidene»[37] 2003 46
NME Storbritannia «100 beste singlane gjennom tidene»[38] 2002 5
NME Storbritannia «500 beste songane gjennom tidene»[39] 2014 15
NME Storbritannia «100 beste songane i levetida til NME...så langt»[40] 2012 3
NME Storbritannia «NME-lesarane sine favorittsongar siste 60 åra»[40] 2012 16
NME Storbritannia «Beste songar frå 1970-åra»[40] 2014 4
NME Storbritannia «David Bowie sine 40 beste songar»[41] 2014 1
Mojo Storbritannia «Dei 100 beste singlane gjennom tidene»[42] 1997 34
Sounds Storbritannia «Tidenes 100 beste singlar»[43] 1985 2
Q Storbritannia «Q-lesarane sine 100 beste singlar gjennom tidene»[44] 1999 36
Pitchfork USA The Pitchfork 500[45] 2008 N/A
Pitchfork USA «Dei 200 beste songane frå 1970-åra»[46] 2016 6
Radio X Storbritannia «Dei 1000 beste songane gjennom tidene»[47] 2010 24
Radio X Storbritannia «Beste britiske»[48] 2016 7
Uncut Storbritannia «David Bowie sine 30 beste songar»[49] 2008 1

N/A indikerer uordna liste.

Innhald[endre | endre wikiteksten]

Alle songar skrivne av David Bowie og Brian Eno, utanom der andre er nemnde

7" vinyl
  1. «“Heroes”» – 3:38
  2. «V-2 Schneider» (Bowie) – 3:10
12" vinyl
  • RCA / JD-11151 (US promo)[24]
  1. «“Heroes”» (Album version) – 6:07
  2. «“Heroes”» (Single version) – 3:29
  • RCA / PC-9821 (Tyskland)[25]
  1. «“Heroes”» / «'Helden'» (English/German version) – 6:09
  2. «“Heroes”» / «'Héros{» (English/French version) – 6:09

Medverkande[endre | endre wikiteksten]

I følgje biografen Chris O'Leary:[50]

Salslister og salstrofé[endre | endre wikiteksten]

Salslister[endre | endre wikiteksten]

Vekeslister[endre | endre wikiteksten]

Liste (1977–78) Plassering
Australia (AMR) 11
Austerrike (Ö3 austerriksk Topp 40)[52] 19
Belgia (Ultratop 50 Flandern)[53] 17
Irland (IRMA)[54] 8
Nederland (Mega Single Top 100)[55] 9
New Zealand (RIANZ)[56] 34
UK Singles (Official Charts Company)[57] 24
USA Record World Singles Chart 101–150[58] 126

Liste (2016) Plassering
Australia (ARIA)[59] 36
Austerrike (Ö3 austerriksk Topp 40)[52] 14
3
Frankrike (SNEP)[60] 9
Tyskland (Media Control AG)[61] 19
Irland (IRMA)[62] 29
Italia (FIMI)[63] 17
Japan Hot Overseas (Billboard)[64] 18
Nederland (Mega Single Top 100)[55] 47
New Zealand (RIANZ)[56] 34
Portugal (AFP)[65] 32
Skottland (Official Charts Company)[66] 8
Spania (PROMUSICAE)[67] 59
Sverige (Sverigetopplistan)[68] 37
Sveits (Schweizer Hitparade)[69] 17
UK Singles (Official Charts Company)[70] 12
US Hot Rock Songs (Billboard)[71] 11

Årslister[endre | endre wikiteksten]

Liste (2019) Plassering
Portugal (AFP)[72] 1683

Salstrofé[endre | endre wikiteksten]

Region Salstrofé Salstal
Danmark (IFPI Danmark)[73] Gull 0^
Italia (FIMI)[74] Gull 15 000*
Storbritannia (BPI)[75] Platina 600 000^

xuspesifserte tal er baserte på sertifiseringa aleine

Konsertversjonar[endre | endre wikiteksten]

Andre utgjevingar[endre | endre wikiteksten]

  • Ein forkorta 7" singel på 3:32 med «V-2 Schneider» på baksida, vart gjeven ut separat på engelsk, fransk ("Héros") og tysk ("Helden"). Alle desse tre, samt «V-2 Schneider», vart gjeven ut i lag på ein australsk singel.
  • Den komplette engelske albumversjonen vart gjeven ut på ein spansk 12" singel.
  • Ein versjon som startar med den engelske versjonen og sluttar med den tyske ("Heroes/Helden") finst på tyske utgåve av vinylutgåva av albumet og finst òg på filmmusikkalbumet til filmehn Christiane F. og på Rare.
  • Songen finst på samleplatene:
  • Songen vart gjeven ut som biletplate i RCA Life Time-settet.
  • Den tyske („Helden“) og franske («Héros») versjonen av singelen, i tillegg til den engelsk-tyske (“Heroes”/„Helden“) og den engelsk-franske (“Heroes”/«Héros») versjonen av albumsporet, kom ut på ein EP i 2017 i plateboksen A New Career in a New Town (1977–1982). Singelversjonen av med på Re:Call 3, som var i same samlinga.[85] I 2015 nådde den franske versjonen av “Heroes” òg 37. plassen på singellista i Frankrike.[86]

Andre versjonar[endre | endre wikiteksten]

Wallflowers-versjonen[endre | endre wikiteksten]

Det amerikanske rockebandet The Wallflowers spelte inn ein versjon av songen for filmmusikken til monsterfilmen Godzilla. Denne versjonen nådde tiandeplassen på den amerikanske Billboard Modern Rock Tracks-lista i 1998 og 27. plassen på Billboard Hot 100 Airplay-lista og 23. plassen på Billboard Top 40 Mainstream-lista. I Canada toppa singelen RPM Alternative 30 i seks veker og nådde 13. plassen på RPM Top Singles-lista. Den britiske duoen Dom and Nic regisserte musikkvideoen til songen.[87]

I mai 1998 melde Billboard-redaktøren Larry Flick songen og skreiv at versjonen «lyser vakkert opp den hjarteskjerande kvaliteten i teksten» men at Wallflowers-songaren Jakob Dylan ikkje klarte å gjenskape «ironien og det kvasse» i versjonen til Bowie.[88] I ei melding av Godzilla-albumet på AllMusic, skreiv Stephen Thomas Erlewine at versjonen var respektfull for originalen.[89]

Medverkande[endre | endre wikiteksten]

The Wallflowers

Andre

  • Patrick Warren – strykearrangement, chamberlain
  • Buddy Judge – harmonivokal
  • Andrew Slater – produsent
  • Brian Scheuble – lydteknikar
  • Tom Lord-Alge – miksing

Salslister[endre | endre wikiteksten]

Vekeslister[endre | endre wikiteksten]
1998 weekly chart performance
Liste (1998) Plassering
Australia (ARIA)[90] 38
Canada Top Singles (RPM)[91] 13
Canada Adult Contemporary Tracks (RPM)[92] 28
1
Tyskland (Media Control AG)[93] 85
Iceland (Íslenski Listinn Topp 40)[94] 21
US Radio Songs (Billboard)[95] 27
US Adult Alternative Songs (Billboard)[96] 3
US Adult Pop Songs (Billboard)[97] 20
US Alternative Songs (Billboard)[98] 9
US Mainstream Rock (Billboard)[99] 4
US Pop Songs (Billboard)[100] 23

Årslister[endre | endre wikiteksten]
1998 year-end chart performance
Liste (1998) Plassering
Canada Top Singles (RPM)[101] 62
Canada Rock/Alternative (RPM)[102] 5

Andre coverversjonar[endre | endre wikiteksten]

Seinare bruk av songen[endre | endre wikiteksten]

  • I 2012 vart songen spelt då det britiske laget gjekk inn på den olympiske stadionen under opningsseremonien til sommar-OL 2012 i London. Songen vart òg spelt etter kvar medaljeseremoni under leikane.[107]
  • I 2012 vart songen nytta i filmen The Perks of Being a Wallflower.
  • I 2014 vart songen nytta i traileren til den brasilianske filmen Praia do Futuro.[108]
  • I dagane etter Bowie døydde januar 2016 var songen den mest strøymde Bowie-songen på Spotify.[109]
  • Sommaren 2016 nytta BBC Sport songen under ein montasje for å oppsummere hendingar under fotball-EM 2016.[110]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Pegg 2016, s. 197.
  2. Ford, Matt (18. august 2021). «Remembering David Bowie». The Atlantic. Arkivert frå originalen 12. januar 2016. Henta 18. august 2021. 
  3. Fisher, Max (18. august 2021). «David Bowie at the Berlin Wall: the incredible story of a concert and its role in history». Vox. Arkivert frå originalen 18. august 2021. Henta 18. august 2021. 
  4. «The Berlin Wall – A multimedia history: David Bowie plays Berlin». Rundfunk Berlin-Brandenburg. 9. november 2014. Arkivert frå originalen 14. januar 2016. Henta 18. august 2021. 
  5. «Tyskland to David Bowie: Thank You for Helping to Bring Down the Berlin Wall». Foreign Policy. 18. august 2021. Arkivert frå originalen 4. oktober 2016. Henta 18. august 2021. 
  6. «The 500 Greatest Songs of All Time – November 2003». Rolling Stone. Arkivert frå originalen 1. januar 2005. Henta 26. september 2016. 
  7. David Buckley (2015). David Bowie: The Music and The Changes. Omnibus Press. s. 63. ISBN 978-1-78323-617-6. Arkivert frå originalen 2. mars 2020. Henta 22. august 2017. 
  8. Mat Snow (2007). "Making Heroes", MOJO 60 Years of Bowie: s.69
  9. 9,0 9,1 9,2 Nicholas Pegg (2000). The Complete David Bowie: s. 90–92
  10. 10,0 10,1 Carr & Murray 1981, s. 90–92.
  11. Matthew-Walker, Robert (1985). «David Bowie, theatre of music»: 46. «The use of quotation marks possibly implies that the »Heroes« are not to be taken too seriously.» 
  12. Welch, Chris (1999). «David Bowie: Changes, 1970–1980»: 116. «The use of quotation marks around the title meant that Bowie felt there was something ironic about being a rock 'n' roll hero to his fans, while he kept his own emotional life as far distant and remote and private as possible.» 
  13. NME interview in 1977 with Charles Shaar Murray Arkivert 3. juli 2007 ved Wayback Machine.. Henta frå Bowie: Golden Years 20. februar 2007.
  14. 14,0 14,1 14,2 David Buckley (1999). Strange Fascination - David Bowie: The Definitive Story: s.323-326
  15. Buckley 2005, s. 280.
  16. Doggett 2012, s. 333.
  17. 17,0 17,1 Pegg 2016, s. 193.
  18. https://www.soundonsound.com/techniques/classic-tracks-david-bowie-heroes
  19. Hodgson, Jay (2010). Understanding, p.88. ISBN 978-1-4411-5607-5.
  20. Richard Buskin (October 2004). "Classic Tracks: Heroes", Sound on Sound. Henta 9. mai 2011.
  21. Hodgson (2010), p. 89.
  22. 22,0 22,1 «“Heroes”» (7" single liner notes). UK: RCA Records. 1977. PB 1121. 
  23. «“Heroes”» (liner notes). UK: RCA Records. 1977. PL 12522. 
  24. 24,0 24,1 «“Heroes”» (12" single liner notes). US: RCA Records. 1977. JD-11151. 
  25. 25,0 25,1 «'Helden'» (Single liner notes). Tyskland: RCA Records. 1977. PC-9821. 
  26. Pegg 2016, s. 196.
  27. «Certificazione Singoli Digitali dalla settimana 1 del 2009 alla settimana 2 del 2014» (PDF) (på italiensk). Federation of the Italian Music Industry. Arkivert frå originalen (PDF) 18. august 2021. Henta 18. august 2021. 
  28. Gillett, Charlie (15. oktober 1977). «Singles reviews». NME: 12–13. 
  29. «NME Singles 1977». Rocklistmusic.co.uk. Arkivert frå originalen 9. oktober 2017. Henta 18. august 2021. 
  30. John J. Miller (26. mai 2006). [1] Arkivert 30. juni 2015 ved Wayback Machine.. Henta 20. februar 2007.
  31. Eves, Natasha (December 2015). «I'm Not Perfect: the role of Grace Jones and David Bowie in aiding the dissemination of queer subjectivities» (PDF). Ephemeral Magazine. Goldsmiths, University of London. Arkivert frå originalen (PDF) 4. mars 2016. Henta 18. august 2021. 
  32. McDonald, Patrick Range (16. juni 2008). «Queer Town: The Gay Wedding in Beverly Hills». LA Weekly. Arkivert frå originalen 4. mars 2016. Henta 18. august 2021. 
  33. «David Bowie's 30 best songs». Uncut. March 2008. Arkivert frå originalen 24. februar 2016. Henta 18. august 2021. 
  34. Gordinier, Jeff (31. mai 2002), «Loving the Aliens», Entertainment Weekly, no. 656, s. 26–34 
  35. Shaw, William (April 1993), «In The Mode», Details magazine: 90–95, 168 
  36. «All-TIME 100 Songs». TIME. Arkivert frå originalen 2. februar 2016. Henta 18. august 2021. 
  37. «Rolling Stone : 500 Greatest Songs». 26. desember 2005. Arkivert frå originalen 26. desember 2005. Henta 18. august 2021. 
  38. «100 Greatest Singles of All Time». NME. Arkivert frå originalen 27. april 2006. Henta 16. februar 2016. 
  39. «NME The 500 Greatest Songs of All Time, 2014». NME. Arkivert frå originalen 18. februar 2016. Henta 18. august 2021. 
  40. 40,0 40,1 40,2 «60 Years of the NME». NME. Arkivert frå originalen 18. august 2021. Henta 18. august 2021. 
  41. «David Bowie's 40 Greatest Songs». NME. Arkivert frå originalen 24. februar 2016. Henta 18. februar 2016. 
  42. «Mojo 100 Greatest Singers of All Time». Mojo. Arkivert frå originalen 3. mars 2016. Henta 18. august 2021. 
  43. «All Time Top 100 Singles». Sounds. Arkivert frå originalen 3. mars 2016. Henta 16. februar 2016. 
  44. «Q Readers Top 100 Singles of All Time». Q. Arkivert frå originalen 24. juni 2016. Henta 18. august 2021. 
  45. «The Pitchfork 500: Our Guide to the Greatest Songs from Punk to the Present». Pitchfork Media. Arkivert frå originalen 8. januar 2016. Henta 18. august 2021. 
  46. «The 200 Best Songs of the 1970s». Arkivert frå originalen 1. juli 2017. Henta 20. desember 2016. 
  47. «The Top 1,000 Songs of All Time». Radio X. Arkivert frå originalen 3. november 2015. Henta 18. august 2021. 
  48. «Best of British». Radio X. Arkivert frå originalen 5. august 2021. Henta 5. august 2021. 
  49. «David Bowie's 30 best songs». Uncut. Arkivert frå originalen 24. februar 2016. Henta 18. august 2021. 
  50. O'Leary 2019, s. 85.
  51. «BBC Arts – BBC Arts, Breaking down David Bowie's Heroes – track by track». Bbc.co.uk. Arkivert frå originalen 26. januar 2016. Henta 18. august 2021. 
  52. 52,0 52,1 "David Bowie – Heroes – Austriancharts.at" (på tysk). Ö3 austerriksk Topp 40. Hung Medien. Henta 18. august 2021.
  53. "Ultratop.be – David Bowie – Heroes" (på nederlandsk). Ultratop 50. Ultratop & Hung Medien / hitparade.ch. Henta 18. august 2021.
  54. "The Irish Charts – Search Results – Heroes". Irish Singles Chart. Retrieved 18. august 2021.
  55. 55,0 55,1 "Dutchcharts.nl – David Bowie – Heroes" (på nederlandsk). Mega Single Top 100. Hung Medien / hitparade.ch. Henta 18. august 2021.
  56. 56,0 56,1 "Charts.org.nz – David Bowie – Heroes". Top 40 Singles. Hung Medien. Henta 18. august 2021.
  57. "Archive Chart" UK Singles Chart. Official Charts Company. Henta 18. august 2021.
  58. Whitburn, Joel (2015). The Comparison Book. Menonomee Falls, Wisconsin: Record Research Inc. s. 57. ISBN 978-0-89820-213-7. 
  59. "Australian-charts.com – David Bowie – Heroes". ARIA Top 50 Singles. Hung Medien. Henta 18. august 2021.
  60. "Lescharts.com – David Bowie – Heroes" (på fransk). Les classement single. Hung Medien. Henta 18. august 2021.
  61. "Die ganze Musik im Internet: Charts, News, Neuerscheinungen, Tickets, Genres, Genresuche, Genrelexikon, Künstler-Suche, Musik-Suche, Track-Suche, Ticket-Suche – musicline.de" (på tysk). Media Control Charts. PhonoNet GmbH. Henta 18. august 2021.
  62. "The Irish Charts – Search Results – Heroes (Re-entry)". Irish Singles Chart. Retrieved 18. august 2021.
  63. "Italiancharts.com – David Bowie – Heroes". Top Digital Download. Hung Medien. Henta 16. januar 2016.
  64. «Billboard Japan Hot Overseas» (på japansk). Billboard Japan. 18. januar 2016. Arkivert frå originalen 19. februar 2017. Henta 18. februar 2017. 
  65. «Portuguesecharts – David Bowie – Heroes». portuguesecharts.com. Hung Medien. Arkivert frå originalen 12. april 2016. Henta 18. februar 2017. 
  66. "Archive Chart". Scottish Singles Top 40. Official Charts Company.
  67. "Spanishcharts.com – David Bowie – Heroes" Canciones Top 50. Hung Medien.
  68. "Swedishcharts.com – David Bowie – Heroes". Topp 60. Hung Medien. Henta 18. august 2021.
  69. "David Bowie – Heroes – swisscharts.com". Den svetisiske singellista. Hung Medien. Henta 18. august 2021.
  70. "Archive Chart" UK Singles Chart. Official Charts Company. Henta 18. august 2021.
  71. Mal:BillboardID/D/Mal:BillboardEncode/D/chart?f=902 "David Bowie – Chart history" Billboard Hot Rock Songs for David Bowie. Henta18. august 2021.
  72. «Top AFP - Audiogest - Top 3000 Singles + EPs Digitais» (PDF) (på portugisisk). Associação Fonográfica Portuguesa. Henta 16. august 2020. 
  73. «Danish single salstrofé – David Bowie – Heroes». IFPI Denmark. Henta 13. august 2020. 
  74. «Italian single salstrofé – David Bowie – Heroes» (på italiensk). Federation of the Italian Music Industry. Henta 13. august 2020.  Select Online in the field Scegli la sezione. Select Week -- and Year ----. Enter David Bowie in the field Artista. Click Avvia la ricerca
  75. «British single salstrofé – David Bowie – Heroes». British Phonographic Industry. Henta 13. august 2020.  Enter Heroes in the field Search. Select Title in the field Search by. Select single in the field By Format. Click Go
  76. 76,0 76,1 «'Heroes' single is forty years old today». Davidbowie.com. 23. september 2017. Arkivert frå originalen 18. august 2021. Henta 18. august 2021. 
  77. Campbell, Irving (2007). A Guide to the Outtakes of Marc Bolan (1 utg.). Wellington, New Zealand: Great Horse. s. 179. ISBN 978-0-473-12076-4. 
  78. «David Bowie – “Heroes” – Top of the Pops, 1977 – (Nacho version)». David Bowie News (på engelsk). 19. oktober 2017. Henta 23. april 2020. 
  79. Erlewine, Stephen Thomas. «Stage – David Bowie». AllMusic. Arkivert frå originalen 5. august 2019. Henta 8. august 2021. 
  80. Erlewine, Stephen Thomas. «Welcome to the Blackout (Live London '78) – David Bowie». AllMusic. Arkivert frå originalen 17. november 2019. Henta 8. august 2021. 
  81. Loving the Alien (1983–1988) (Box set booklet). David Bowie. UK, Europe & US: Parlophone. 2018. 0190295693534. 
  82. Serious Moonlight (Live '83) (CD liner notes). David Bowie. Europe: Parlophone. 2019. 0190295511180. 
  83. David Buckley (1999). Op Cit: s.424
  84. Collins, Sean T. (5. desember 2018). «David Bowie: Glastonbury 2000 Album Review». Pitchfork. Arkivert frå originalen 11. juli 2019. Henta 8. august 2021. 
  85. «A NEW CAREER IN A NEW TOWN (1977–1982) – David Bowie Latest News». DavidBowie.com. 22. juli 2016. Arkivert frå originalen 28. juli 2017. Henta 18. august 2021. 
  86. «David Bowie - Heroes (Chanté en Français)». Lescharts.com. Henta 31. juli 2021. 
  87. Hay, Carla (18. april 1998). «MVPA Rewards Clips That Stray from the Mainstream» (PDF). Billboard 110 (16): 74. 
  88. Flick, Larry, red. (2. mai 1998). «Reviews & Previews – Singles» (PDF). Billboard 110 (18): 22. 
  89. Erlewine, Stephen Thomas. «Original Soundtrack – Godzilla: The Album». AllMusic. Henta 13. august 2021. 
  90. "Australian-charts.com – The Wallflowers – Heroes". ARIA Top 50 Singles. Hung Medien.
  91. "RPM Top Singles." RPM. Library and Archives Canada.
  92. "RPM Adult Contemporary Tracks." RPM. Library and Archives Canada.
  93. "Die ganze Musik im Internet: Charts, News, Neuerscheinungen, Tickets, Genres, Genresuche, Genrelexikon, Künstler-Suche, Musik-Suche, Track-Suche, Ticket-Suche – musicline.de" (på tysk). Media Control Charts. PhonoNet GmbH.
  94. «Íslenski Listinn Topp 40 (21.5. – 28.5. 1998)». Dagblaðið Vísir (på islandsk). 22. mai 1998. s. 42. Henta 18. august 2021. 
  95. "Wallflowers?f=350&g=Singles The Wallflowers Album & Song Chart History" Billboard Radio Songs for The Wallflowers. Prometheus Global Media.
  96. "The Wallflowers Chart History (Adult Alternative Songs)". Billboard.
  97. "Wallflowers?f=343&g=Singles The Wallflowers Album & Song Chart History" Billboard Adult Pop Songs for The Wallflowers. Prometheus Global Media.
  98. "Wallflowers?f=377&g=Singles The Wallflowers Album & Song Chart History" Billboard Alternative Songs for The Wallflowers. Prometheus Global Media.
  99. "The Wallflowers – Listehistorie" Billboard Mainstream Rock Songs for The Wallflowers.
  100. "Wallflowers?f=381&g=Singles The Wallflowers Album & Song Chart History" Billboard Pop Songs for The Wallflowers. Prometheus Global Media.
  101. «RPM's Top 100 Hits of '98» (PDF). RPM 68 (12): 20. 14. desember 1998. Henta 18. august 2021. 
  102. «RPM's Top 50 Alternative Tracks of '98». RPM (Library and Archives Canada). Henta 18. august 2021. 
  103. «Coldplay Launches A Head Full of Dreams Tour With Vivid Colors, Multiple Stages, David Bowie Tribute & More». Billboard. 116. august 2021. Arkivert frå originalen 18. juni 2018. Henta 18. juni 2018. 
  104. Trendell, Andrew (22. september 2017). «Depeche Mode share official cover of David Bowie's “Heroes” to mark track's 40th anniversary». NME. Arkivert frå originalen 30. mai 2014. Henta 22. september 2017. 
  105. «King Crimson to release EP featuring David Bowie's Heroes». teamrock.com. 28. april 2017. Arkivert frå originalen 26. september 2017. Henta 25. september 2017. 
  106. «Marillion, Anathema, Steve Hackett among Progressive Music Award winners». teamrock.com. 14. september 2017. Arkivert frå originalen 22. mars 2018. Henta 25. september 2017. 
  107. Sarah Lyall (27. juli 2012). «A Five-Ring Opening Circus, Weirdly and Unabashedly British». The New York Times. Arkivert frå originalen 28. juli 2012. Henta 28. juli 2012. 
  108. «Berlin Film Review: 'Praia do Futuro'». Variety. Arkivert frå originalen 7. april 2014. Henta 13. april 2014. 
  109. Quoctrung Bui; Josh Katz; Jasmine C. Lee (12. januar 2016). «The David Bowie Song That Fans Are Listening to Most: 'Heroes'». The New York Times. Arkivert frå originalen 27. februar 2017. Henta 26. februar 2017. 
  110. «BBC Euro 2016 Closing Montage». YouTube. 11. juli 2016. 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]