Sound and Vision

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Sound and Vision
Singel av David Bowie
frå albumet Low
B-side A New Career in a New Town
Utgjeve 11. februar 1977
Innspelt September–november 1976
Studio Château d'Hérouville (Hérouville i Frankrike); Hansa (Vest-Berlin)
Sjanger pop
Lengd 3:00
Selskap RCA
Låtskrivar(ar) David Bowie
Produsent
David Bowie-kronologi
«Suffragette City»
(1976)
Sound and Vision «Be My Wife»
(1977)


«Sound and Vision» er ein song av den engelske musikaren David Bowie. Det kom ut i januar 1977 på det 11. studioalbumet hans, Low i 1977. RCA Records gav seinare ut songen som den første singelen frå albumet. Han var produsert av Bowie og Tony Visconti og spelt inn i Château d'Hérouville i Hérouville i Frankrike i september 1976, og så i Hansa Studios i Vest-Berlin frå oktober til november. Songen byrjar som ein enkel akkordprogressjon i G-dur, som Bowie gav til musikarane sine, og skreiv og spelte inn vokalen sin seinare. Korvokal vert sungen av Brian Eno og den dåverande kona til Visconti, Mary Hopkin.

Songen er det næraste ein kjem ein «konvensjonell popsong» på Low, men har ein rar struktur. Han byrjar som ein instrumental, med element som byggjer seg opp gjennom songen. Vokalen til Bowie kjem først inn etter over eitt og eit halvt minutt i songen. Teksten i songen er mørk og introspektiv, noko som gjenspeglar den mentale tilstand til Bowie etter mange års narkotikamisbruk. Dei held fram dei lyriske emna til andre spor på den første sida av Low. Teksten gjev ein sterk kontrast til sjølve musikken, som er meir lystig og positiv. Som andre spor på LowLow vart trommelyden på songen oppnådd ved bruk av apparatet Eventide H910 Harmonizer, som Visconti hadde med seg.

Singelen kom ut februar 1977 og vart ein kommersiell suksess, som nådde tredjeplassen på UK Singles Chart med hjelp av at han vart nytta i TV-reklamar for BBC. Det signaliserte likevel den kommersielle nedgangen til Bowie fram til 1983 i USA, der han berre nådde 69. plassen. Musikkritikarar og biografar har sett på «Sound and Vision» som ein av dei største songane til Bowie. Bowie framførte songen berre éin gang på Isolar II-turneen, men framførte han ofte på seinare turnear. Det er laga remixar av songen i dei følgjande tiåra, og han har dukka opp på mange samlealbum.

Låtskriving og innspeling[endre | endre wikiteksten]

Som albumet vart «Sound and Vision» produsert av David Bowie og Tony Visconti med bidrag frå Brian Eno.[1] Akkompagnementet vart spelt inn i Château d'Hérouville i Hérouville i Frankrike i september 1976, medan vokalen til Bowie og andre ekstra lydspor vart spelte inn i Hansa Tonstudio i Vest-Berlin frå oktober til november.[2] I følgje forfattaren Hugo Wilcken var dette den første songen Bowie skreiv i Frankrike med Eno i tankane.[3] Innspelingsprosessen for songen, og resten av albumet, skilde seg frå tidlegare album. Akkompagnementet vart spelt inn først, etterfølgd av ekstra lydspor, med tekst og vokal skrive og spelt inn til slutt. Denne tredelte prosessen vart spelt først nytta under innspelinga av Iggy Pop-albumet The Idiot tidlegare det året,[4] og Bowie kom til å nytte prosessen resten av karrieren sin.[5]

I følgje biografiforfattaren Chris O'Leary, byrja songen som ein enkel fallande akkordprogressjon i G-dur, som Bowie gav til bandet. Han føreslo vidare melodiar, ei basslinje og idear for trommene. Trommeslagaren Dennis Davis meinte det høyrdest ut «som ein Crusaders-melodi», medan bassisten George Murray meinte det minna om Bo Diddley. Som med dei fleste spora på albumet, gjekk bandet frå grunnideen til det ferdige akkompagnementet på få forsøk.[6] Som resten a albumet vart trommene på «Sound and Vision» handsama gjennom Visconti sitt Eventide H910 Harmonizer.[7] Då Bowie spurte om kva maskinen gjorde, svarte Visconti: «det køddar med tidsstrukturen.»[8] Gjennom albumet var lyden særskild tydeleg på «Speed of Life», «Breaking Glass» og «Sound and Vision», seinare skildra av biografiforfattaren David Buckley som «revolusjonerande» og «slåande».[7] Songen vart stort sett fullført utan Eno, som kom seint til innspelinga, etter at alle akkompagnementa for side ein i røynda var ferdige.[9]

A black and white photo of a young blonde-haired woman holding a microphone and singing
Den dåverande kona til Visconti, Mary Hopkin, song korvokal på «Sound and Vision» (avbilda frå 1970).

Songaren Mary Hopkin, den dåverande kona til Visconti og oppført på omslaget som Mary Visconti, song korvokal på songen.[10] Hopkin var på besøk i Frankrike med barna sine då ho vart spurt om ho ville bidra. Ho song inn vokalen sin før det var skrive noko tekst eller melodi. I 2011 fortalte ho:[11]

«Ein kveld henta Brian meg inn i studio for å kjapt syngje korvokal med han på 'Sound And Vision'. Med song dette søte, vesle 'doo doo'-riffet i lag. Det var meint å vere eit fjernt ekko, men då David høyrde det, justerte han lyden slik at det vart ein dominerande vokal - noko eg vart flau over. Eg elskar songen og er ein stor beundrar av arbeidet til Bowie.»

Komposisjon[endre | endre wikiteksten]

Mal:Quote box Som dei fleste songane på den første sida av Low,[12] er «Sound and Vision» klassifisert av AllMusic-skribenten Dave Thompson som eit «songfragment».[13] Strukturmessig byrjar han som eit instrumental, og det går 46 sekund før korvokalen kjem inn . Ved 1:14 syng Eno og Hopkin vokallinja si, som er eit ekko av gitarlinja, etterfølgd av ein mørkare saksofon spelt av Bowie.[14][15] Vokalen til Bowie kjem inn etter eitt minutt og 45 sekund,[16] som vart gjort etter forslag frå Eno for å «forvirre forventningane til lyttaren».[6] O'Leary meinte at songen vert sett saman gjennom tida han varerer: først «rytmeseksjon, så «strykarar» (ARP Solina), så korvokal, så blåsarar, før komponinsten sjølv kjem inn, som om han er kalla til scenen for å bukke.»[6]

Han vart skildra av Bowie som hans «ultimate retrettlåt»,[6] der teksten skildra sinnstilstanden hans etter ein lang periode med dopmisbruk.[14] Dei gjev introspeksjon: Bowie trekker ned persiennene, har verden stengt ute og sit i eit tom rom og «venter på gåva av lyd og syn»[17][18] Bowie sa vidare: «Det var berre tanken om å kome seg ut av amerika, den deprimerande tida eg gjekk gjennom. ... Det var ynskje om å bli sett i eit lite kjølerom med allmektig blått på veggane og persienner på vindauga.»[19] Wilcken kalla «Sound and Vision» midtpunktet på side ein. Det har same lyriske tema som på «Breaking Glass» og «What in the World» ved at det «etter å ha mislykkast i å få kontakt med kvinnelege andre», fokuserer tekstane på sjølvet og ved å «drive inn i mi einsemd», set du scenen for den ordlause introspeksjonen på side to.[15][20] Biografen Nicholas Pegg og forfattaren Peter Doggett samanliknar songen med Bowie-songen «Quicksand» frå 1971. Sistnemnde skreiv: «Som 'Quicksand', var 'Sound and Vision' ei innrømming frå Bowie om at den kreative inspirasjonen hans hadde forsvunne: med list brukte han ei vedkjenning av kunstnarisk konkurs til å vekke musen sin attende til livet.»[14] I følgje Visconti var det opphavleg fleire vers, men dei vart fjerna under miksinga.[21]

Teksten står i sterk kontrast til sjølve musikken, som er meir livleg og glad.[6] Forfattaren Thomas Jerome Seabrook skreiv at den «låge, reflekterande vokalen til Bowie er i strid med den livlege, nesten parodiske kjensla musikken kring teksten gjev.»[15] Nesten alle instrumenta som speler på songen har ein handsama lyd. Trommene er av O'Leary skildra som «ein radiator som startar opp»,[6] og av Seabrook som «piske-liknande».[15] Bassen er «særs komprimert», pianoet har ein «phasing»-effekt, «strykarane» er full av «delay og sustain», medan Seabrook meiner at saksofon òg vart handsama av Visconti sin Harmonizer.[15] Gjennom songen kan ein høyre ein sizzle cymbal på det tredje slaget på nesten kvar takt og to gitarar er panorert til forskjellige kanalar, med hovudgitarlinja i venstre, og ein «nesten reggae-rytme» ligg i høgre.[6][14]

Biografiforfattarane til Bowie reknar «Sound and Vision» som det næraste ein kjem ein konvensjonell popsong på Low.[15][16] Wilcken skriv at instrumenteringa og korvokalen på sporet i lag skapar ein «sonisk effekt» som liknar ein «popsong med hermeteikn, og ikkje heilt sikker på om det er ein del av sjangeren eller om det refererer til det».[19] Michael Gallucci i Ultimate Classic Rock meiner det er ei kjensle av «pop-minimalisme» på «Sound and Vision» og «Be My Wife» somsynte at Bowie var på veg inn i ein ny fase i karrieren sin.[22] I magasinet ZigZag skildra Kris Needs rytmen på songen som «hoppande, futuristisk disco».[23] Doggett kalla på liknande vis songen ei «fullført popsong like stramt produsert som ein kvar disco-klassikar på den tida.»[14]

Utgjeving[endre | endre wikiteksten]

Då Bowie presenterte det 11. studioalbumet sitt Low for RCA Records, sjokkerte det selskapet.[24] Det skulle opphavleg ut i november 1976, men selskapet forseinka utgjevinga til janaur 1977 fordi dei frykta dårleg sal.[25][26] Trass i at det ikkje vart marknadsført av verken Bowie eller, selde Low godt og nådde andreplassen på UK Albums Chart og 11. plassen på den amerikanske Billboard 200-lista.[27]Low var «Sound and Vision» det fjerde sporet på side ein, mellom «What in the World» og «Always Crashing in the Same Car».[12]

Då albumet kom ut meinte ein kritikar at det ikkje var ein einaste «singel» på albumet,[28] medan andre meinte «Sound and Vision» var det «opplagte» valet.[29] Uansett valte RCA ut «Sound and Vision» som den første singelen frå albumet, og gav han ut 11. februar 1977, med katalognummer PB 0905 og den instrumentale «A New Career in a New Town» som B-side.[30] Singelen vart nytta av BBC for trailerar for fjernsynsprogramma deira på den tida. Fordi Bowie valte og ikkje marknadsføre singelen, gav dette likevel songen mykje eksponering og han klatra til tredjeplassen,[31] den høgaste plasseringa hans på den britiske singellista sidan «Sorrow» i 1973.[27][17] Songen vart òg ein topp 10-hit i Tyskland, Austerrike og Nederland. Men i Canada nådde han berre 87. plassen[32] og berre 69. plassen i USA, der han signalliserte den kommersielle nedgangen fram til «Let's Dance» i 1983.[33] Suksessen til singelen i Storbritannia forvirra sjefane i RCA. Bowie skremde selskapet og overtydde dei til å gje ut Iggy Pop-albumet The Idiot, som kom ut i mars 1977.[34]

Det vart òg gjeven ut på 12" promosingel i USA i 1977. Denne inneheld ein sju minuttar lang remiks av «Sound and Vision», som glei inn i Iggy Pop-songen «Sister Midnight».[33]

Mottaking[endre | endre wikiteksten]

I meldinga si for Low kalla Tim Lott i Sounds «Sound and Vision» som «høgdepunktet» på albumet. Han kalla songen «metallisk vakker», og hylla vokalen til Bowie: «Synginga hans er som alltid meir mekanisk enn melodisk, men i denne samanhengen er det perfekt folie for den grove gitaren og den glidande synthesieren.»[28] Doggett kalla «Sound and Vision» «utan tvil ein av dei viktigaste songane Bowie nokon gong har skrive,» fordi songen let Bowie å få kontakt meg seg sjølv igjen etter ein lang periode med dopmisbruk.[14] Pegg kalla det «ein av hans mest markante og glimrande innspelingar.»[17] NME ranegrte songen som den 29. beste songen i 1977.[35]

Etter at Bowie døydde i 2016 vart «Sound and Vision» rangert som ein av dei beste Bowie-songane av mange publikasjonar. Rolling Stone-skribentane rangerte «Sound and Vision» som ein av 30 essensielle Bowie-songar, og skreiv at sjølv om Low fekk blanda mottaking då det kom ut, var «Sound and Vision» som den første singelen «genial» på grunn av det «smarte lokketilbodet» i songen.[36] I 2018 røysta lesarane i NME «Sound and Vision» som den 19. beste songen til Bowie,[37] medan skribenten Emily Barker kåra det til den nest beste songen til Bowie, etter «"Heroes"».[38] I 2020 rangerte Tom Eames i Smooth Radio det til den tiande beste Bowie-songen,[39] medan Alexis Petridis i The Guardian rekna «Sound and Vision» som den aller beste Bowie-songen og klla det «både ein fantastisk popsong og eit kunstnarisk vågestykke.» Petridis sa at med kontrasten mellom musikk og tekst, skapte Bowie ein song som «overskrider tid». Han konkluderte i meldinga si: «Komplett original, ingenting i lyden knyt han til midten av 1970-åra. Det ser ut til at magien oppsummerer Bowie.»[40] I 2021 røysta lesarane i The Telegraph «Sound and Vision» som den 12. beste Bowie-songen og skreiv: «Eit slag av ein song i starten av Low, som syner Bowie på veg inn i ein ny, lidenskapleg stil som kom til å splitte lyttarane hans, men med ein liberal bruk av synthesizer òg sementerte statusen hans som banebrytar innan electronica.»[41]

Konsertopptak og seinare utgjevingar[endre | endre wikiteksten]

«Sound and Vision» vart berre framført ein gong under Isolar II-turneen i 1978, ved Earl's Court i London, den 1. juli 1978.[33] I følgje Seabrook var dette fordi Bowie sleit med å syngje songen, på liknande vis som «Golden Years».[42] Denne framføringa kom ut på Rarestonebowie (1995)[33] og den første autoriserte utgjevinga var på Welcome to the Blackout (Live London '78) (2018).[43] Bowie framførte òg songen under Sound+Vision (1990), Heathen (2002), og A Reality-turneane (2003).[33] Han vart òg framført på A&E-programmet Live by Request den 15. juni 2002.[2]

Songen har sidan vore på ei rekkje samleplater, som The Best of Bowie (1980), Changestwobowie (1981),[44] plateboksen Sound + Vision (1989),[45] Changesbowie (EMI LP- og kassettversjonen) (1990), The Singles Collection (1993), Bowie: The Singles 1969–1993 (1993),[46] The Best of David Bowie 1974/1979 (1998),[47] Best of Bowie (2002),[48] The Platinum Collection (2006),[49] Nothing Has Changed (2014),[50] og Bowie Legacy (2016).[51] Utgåva av Low frå 1991 kom med ein ny remiks av «Sound and Vision» av produsenten David Richards. Pegg skreiv at denne har ein «ubehageleg tutande saksofon» som han meiner «forstyrrar den teksturaktige atmosfæren på originalen.»[33] Denne remiksen og to andre remiksar kom ut på singel i USA, miksa av 808 State. Denne vart tilskriven «David Bowie vs 808 State» og sidan gjeven ut på ein digital EP i 2010.[33] Ein annan nedstrippa remiks vart skapt av Sonjay Prabhakar i 2013 for ein Sony-reklame. Med tittelen «Sound and Vision 2013» kom denne berre ut på ein CD-R-promo.[33]

Innhald[endre | endre wikiteksten]

Alle songar skrivne av David Bowie.

Original 7"-singel[52]
  1. «Sound and Vision» – 3:00
  2. «A New Career in a New Town» – 2:50
David Bowie vs 808 State (1991)[53]
  1. «Sound + Vision (808 Gift mix)» – 3:58
  2. «Sound + Vision (808 'lectric Blue remix instrumental)» – 4:08
  3. «Sound + Vision (David Richards remix 1991)» – 4:40
  4. «Sound + Vision (originalversjonen)» – 3:03
David Bowie vs 808 State – Sound And Vision Remix EP (2010)[54]
  1. «Sound + Vision (808 Gift mix)» – 3:58
  2. «Sound + Vision (808 'lectric Blue remix instrumental)» – 4:08
  3. «Sound + Vision (David Richards remix 1991)» – 4:40
  4. «Sound + Vision (originalversjonen)» – 3:03
  • Denne 2010-utgåva var berre digital
David Bowie – Sound And Vision (2013)[55]
  1. «Sound and Vision 2013» – 1:50
  2. «Sound and Vision (ommastra)» – 3:04
  • Digital nedlasting og i 2017 tilgjengeleg på vinylsingel

Medverkande[endre | endre wikiteksten]

I følgje biografen Chris O'Leary:[2]

Produksjon

Salslister[endre | endre wikiteksten]

Liste (1977) Plassering
Austerrike (Ö3 austerriksk Topp 40)[56] 15
Belgia (Ultratop 50 Flandern)[57] 3
Belgia (Ultratop 40 Vallonia)[58] 11
Kanadiske singlar (RPM)[32] 87
Nederland (Mega Single Top 100)[59] 2
New Zealand (RIANZ)[60] 7
UK Singles (Official Charts Company)[31] 3
US Billboard Hot 100[61] 69
Tyskland (Media Control AG)[62] 6

Andre versjonar[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Perone 2007, s. 60.
  2. 2,0 2,1 2,2 O'Leary 2019, s. 43.
  3. Wilcken 2005, s. 86.
  4. Seabrook 2008, s. 102.
  5. Pegg 2016, s. 386–387.
  6. 6,0 6,1 6,2 6,3 6,4 6,5 6,6 O'Leary 2019, s. 43–44.
  7. 7,0 7,1 Buckley 2005, s. 264–265.
  8. Doggett 2012, s. 307.
  9. Trynka 2011, s. 316.
  10. Pegg 2016, s. 384.
  11. Pegg 2016, s. 253–254.
  12. 12,0 12,1 Erlewine, Stephen Thomas. «Low – David Bowie». AllMusic. Arkivert frå originalen 29. august 2013. Henta 14. august 2021. 
  13. Thompson, Dave. ««Sound and Vision» – David Bowie». AllMusic. Arkivert frå originalen 25. januar 2021. Henta 14. august 2021. 
  14. 14,0 14,1 14,2 14,3 14,4 14,5 Doggett 2012, s. 310–311.
  15. 15,0 15,1 15,2 15,3 15,4 15,5 Seabrook 2008, s. 122–124.
  16. 16,0 16,1 Buckley 2005, s. 265–266.
  17. 17,0 17,1 17,2 Pegg 2016, s. 253.
  18. Seabrook 2008, s. 113.
  19. 19,0 19,1 Wilcken 2005, s. 87.
  20. Wilcken 2005, s. 87–88.
  21. Buckley 2005, s. 266.
  22. Gallucci, Michael (14. januar 2017). «40 Years Ago: David Bowie Cleans Up and Branches Out on 'Low'». Ultimate Classic Rock. Arkivert frå originalen 29. juni 2019. Henta 13. august 2021. 
  23. Needs, Kris (February 1977). «David Bowie: Low». ZigZag. Arkivert frå originalen 6. september 2015. Henta 14. august 2021 – via Rock's Backpages (krev abonnement). 
  24. Spitz 2009, s. 282.
  25. Seabrook 2008, s. 116.
  26. Ives, Brian (20. februar 2017). «David Bowie: A Look Back at His '90s Era – When He Got Weird Again». Radio.com. Arkivert frå originalen 28. mars 2018. Henta 13. august 2021. 
  27. 27,0 27,1 Buckley 2005, s. 272.
  28. 28,0 28,1 Lott, Tim (15. januar 1977). «Innovation to Innovation — David Bowie: Low (RCA Records RS 1108) *****». Sounds. Arkivert frå originalen 3. april 2021. Henta 30. juli 2021 – via Rock's Backpages (krev abonnement). 
  29. Scoppa, Bud (February 1977). «David Bowie: Low». Phonograph Record. Arkivert frå originalen 18. januar 2021. Henta 13. august 2021 – via Rock's Backpages (krev abonnement). 
  30. O'Leary 2019, s. 651.
  31. 31,0 31,1 "Chart Stats – David Bowie – Sound and Vision" UK Singles Chart. Chart Stats.
  32. 32,0 32,1 «Image : RPM Weekly – Library and Archives Canada». Bac-lac.gc.ca. 17. juli 2013. Arkivert frå originalen 9. oktober 2016. Henta 14. august 2021. 
  33. 33,0 33,1 33,2 33,3 33,4 33,5 33,6 33,7 Pegg 2016, s. 254.
  34. Trynka 2011, s. 324.
  35. «NME's best albums and tracks of 1977». NME. 9. august 2021. Arkivert frå originalen 22. april 2021. Henta 22. april 2021. 
  36. «David Bowie: 30 Essential Songs: «Sound and Vision»». Rolling Stone. 8. januar 2020. Arkivert frå originalen 14. august 2021. Henta 14. august 2021. 
  37. Anderson, Sarah (8. januar 2018). «20 best David Bowie tracks – as voted by you». NME. Arkivert frå originalen 30. oktober 2020. Henta 14. august 2021. 
  38. Barker, Emily (8. januar 2018). «David Bowie's 40 greatest songs – as decided by NME and friends». NME. Arkivert frå originalen 25. januar 2021. Henta 14. august 2021. 
  39. Eames, Tom (26. juni 2020). «David Bowie's 20 greatest ever songs, ranked». London: Smooth Radio. Arkivert frå originalen 22. januar 2021. Henta 14. august 2021. 
  40. Petridis, Alexis (19. mars 2020). «David Bowie's 50 greatest songs – ranked!». The Guardian. UK. Arkivert frå originalen 16. mars 2021. Henta 14. august 2021. 
  41. Staff (10. januar 2021). «David Bowie's 20 greatest songs». The Telegraph (London: Telegraph Media Group). Arkivert frå originalen 3. februar 2021. Henta 14. august 2021. 
  42. Seabrook 2008, s. 124.
  43. Erlewine, Stephen Thomas. «Welcome to the Blackout (Live London '78) – David Bowie». AllMusic. Arkivert frå originalen 17. november 2019. Henta 8. august 2021. 
  44. Thompson, Dave. «Changestwobowie – David Bowie». AllMusic. Arkivert frå originalen 30. desember 2019. Henta 14. august 2021. 
  45. «Sound + Vision boxset repack press release». David Bowie Official Website. 26. juli 2014. Arkivert frå originalen 29. april 2021. Henta 29. april 2021. 
  46. Erlewine, Stephen Thomas. «The Singles: 1969–1993 – David Bowie». AllMusic. Arkivert frå originalen 1. mai 2021. Henta 7. mai 2021. 
  47. Erlewine, Stephen Thomas. «The Best of David Bowie 1969/1974 – David Bowie». AllMusic. Arkivert frå originalen 8. mai 2019. Henta 15. mars 2020. 
  48. Erlewine, Stephen Thomas. «Best of Bowie – David Bowie». AllMusic. Arkivert frå originalen 1. april 2019. Henta 15. mars 2020. 
  49. Monger, James Christopher. «The Platinum Collection – David Bowie». AllMusic. Arkivert frå originalen 8. mai 2019. Henta 28. august 2018. 
  50. Sawdey, Evan (10. november 2017). «David Bowie: Nothing Has Changed». PopMatters. Arkivert frå originalen 14. juli 2017. Henta 113. august 2021. 
  51. Monroe, Jazz (28. september 2016). «David Bowie Singles Collection Bowie Legacy Announced | Pitchfork». Pitchfork. Arkivert frå originalen 26. september 2019. Henta 29. september 2016. 
  52. »Sound and Vision" (Single liner notes). David Bowie. UK: RCA Records. 1977. PB 0905. 
  53. «Sound + Vision (Remix)» (CD liner notes). David Bowie vs 808 State. US: Tommy Boy Records. 1991. TBCD 510. 
  54. «Sound + Vision Remix EP» (Digital media notes). David Bowie vs 808 State. UK: Parlophone. 2010. none. 
  55. «Sound and Vision 2013» (Digital media notes). David Bowie. Parlophone. 2013. none. 
  56. "David Bowie – Sound and Vision – Austriancharts.at" (på tysk). Ö3 austerriksk Topp 40. Hung Medien.
  57. "Ultratop.be – David Bowie – Sound and Vision" (på nederlandsk). Ultratop 50. Ultratop & Hung Medien / hitparade.ch.
  58. "Ultratop.be – David Bowie – Sound and Vision" (på fransk). Ultratop 40. Ultratop & Hung Medien / hitparade.ch.
  59. "Dutchcharts.nl – David Bowie – Sound and Vision" (på nederlandsk). Mega Single Top 100. Hung Medien / hitparade.ch.
  60. "Charts.org.nz – David Bowie – Sound and Vision". Top 40 Singles. Hung Medien.
  61. "Bowie?f=379&g=Singles David Bowie Album & Song Chart History" Billboard Hot 100 for David Bowie. Prometheus Global Media.
  62. "Die ganze Musik im Internet: Charts, News, Neuerscheinungen, Tickets, Genres, Genresuche, Genrelexikon, Künstler-Suche, Musik-Suche, Track-Suche, Ticket-Suche – musicline.de" (på tysk). Media Control Charts. PhonoNet GmbH.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]