Baal av David Bowie

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå Baal (EP))
Hopp til navigering Hopp til søk
Baal
EP av David Bowie
Utgjeve 13. februar 1982
Innspelt September 1981
Studio Hansa by the Wall, Berlin
Lengd 11:14
Selskap RCA
Produsent
David Bowie-kronologi
Changestwobowie
(1981)
Baal Rare
(1982)


Meldingar
Karakter
KjeldeKarakter
Allmusic4/5 starsStar full.svgStar full.svgStar full.svgStar empty.svg[1]

Baal er ein EP av den engelske musikaren David Bowie som består av innspelingar av songar skrivne for Bertolt Brecht-musikalen Baal. Han vert stundom kalla David Bowie in Bertolt Brecht's Baal, slik det står på plateomslaget. EP-en vart den siste utgjevinga til Bowie med nye innspelingar for RCA Records. Han signerte ein kontrakt med EMI Records for det neste albumet sitt.

Bakgrunn[endre | endre wikiteksten]

I august 1981 hadde Bowie byrja å øve for BBC-versjonen av Baal. Teksten til songane vart alle omsette av Ralph Manheim og John Willett. Bowie syntest ikkje att fjernsynsteateret hadde vore ein suksess då det vart sendt på grunn av kinematografien, men hadde endra meining innan 1983.[2] Dominic Muldowney gav alt nytt musikalsk preg, utanom «The Drowned Girl», som vart gjort slik Kurt Weill hadde gjort det opphavleg for Das Berliner Requiem. I september 1981 drog Bowie og Tony Visconti attende til Hansa studio i Berlin for å spele inn på ny dei fem songane frå Baal han song i musikalen.

«Baal's Hymn» er ein kombinasjon av vignettar spreidde kring skodespelet og etablerer den amoralske karakteren i Baal. «Remembering Marie A.» omhandlar korleis Baal minner over ein tidlegare kjæraste, der han kan hugse skya som flaut over hovudet hans, men ikkje andletet på jenta han var saman med. «Ballad of the Adventurers» er ein aggressiv sørgjesong etter mora døydde. «The Drowned Girl» omhandlar sjølvmordet til ein av kjærastane til Baal. Det vart laga ein musikkvideo til denne songen av David Mallet samstundes med at det vart filma video for «Wild is the Wind». «The Dirty Song» er eit kort nummer der Baal audmjuka kjærasten Sophie.

Mottaking[endre | endre wikiteksten]

Framføringa til Bowie som Baal vart sendt 2. mars 1982, og RCA gav ut EP-en i samband med dette. Både skodespelet og EP fekk god omtale, og EP-en nådde 29. plassen på den britiske lista, som var bra med tanke på dei uvanlege songane. I tillegg til 7"-utgåva, som kom i eit dobbeltfalsa omslag med lange notat om det musikalske innhaldet og ein kort biografi av Bertolt Brecht, EP-en kom ut som 12", og vart ein del spelt på klubbar og radio. Det var den siste utgjevinga til Bowie for RCA Records. Den neste utgjevinga til Bowie kom på EMI.

Seinare utgjevingar[endre | endre wikiteksten]

«The Drowned Girl» kom ut på den tredoble CD-samlinga The Platinum Collection i 2005 og så i 2007 då den tredje CD-en kom ut under tittelen The Best of David Bowie 1980/1987. Sistnemnde inkluderte òg musikkvideoen for songen på ein DVD. «The Drowned Girl» og «Baal's Hymn» er begge med på den utvida nyutgjevinga av Sound + Vision i 2003 og 2014. EP-en vart gjeven ut digitalt i 2007.[3] Alle fem spora kom ut som ein del av samleplata Re:Call 3, ein del av plateboksen A New Career in a New Town (1977–1982) frå september 2017.[4]

Innhald[endre | endre wikiteksten]

All tekst er skriven av Bertolt Brecht og omsett av John Willett; all_musikk er komponert av Dominic Muldowney, utanom der andre er nemnde.

Side A
Nr.TittelTekstMusikkLengd
1.«Baal's Hymn» (Der Choral vom großen Baal) ikkje oppført, Muldowney4:02
2.«Remembering Marie A.» (Erinnerung an die Marie A.)tradisjonell, tilpassa av Brecht, oms. Willetttradisjonell, adapt. Franz Servatius Bruinier, arr. Muldowney2:07
Total lengd:6:09
Side B
Nr.TittelMusikkLengd
1.«Ballad of the Adventurers» (Die Ballade von den Abenteurern) 2:01
2.«The Drowned Girl» (Vom ertrunkenen Mädchen)Kurt Weill, arr. Muldowney2:26
3.«The Dirty Song»Ludwig Prestel, arr. Muldowney0:38
Total lengd:5:05

Medverkande[endre | endre wikiteksten]

  • David Bowie – vokal, gitar, produksjon
  • Tony Visconti – bass, produksjon
  • ukjende studiomusikarar - andre instrument
  • Eduard Meyer – lydteknikar
Visuelt
  • Andrew Christian – kunstnarisk leiar
  • Partridge Rushton – design & kunst
  • John Timbers (Radio Times) – fotografi
  • ukjend fotograf– portrett av Bertolt Brecht (frå In Life, In Pictures, In Text)
  • Frans Masereel – treutskjering (frå The Radical Imagination)

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • Denne artikkelen bygger på «Baal (EP)» frå Wikipedia på engelsk, den 10. mai 2011.
    • Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
  1. «David Bowie In Bertolt Brecht's Baal». AllMusic. Henta 1. september 2021. 
  2. https://www.bbc.co.uk/sounds/play/p06w6m3y
  3. «In Bertolt Brecht's Baal». Illustrated db Discography. Henta 1. september 2021. 
  4. «A New Career In A New Town [1977–1982] master». discogs.com. Henta 1. september 2021.