Rebel Rebel

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Rebel Rebel
Singel av David Bowie
frå albumet Diamond Dogs
B-side «Queen Bitch»
Utgjeve 15. februar 1974
Innspelt Ludolf Studios i Hilversum i Nederland 14.-16. januar 1974
Sjanger Glamrock
Lengd 4:30
Selskap RCA Records
LPBO 5009
Låtskrivar(ar) David Bowie
Produsent David Bowie
David Bowie-kronologi
«Sorrow»
(1973)
Rebel Rebel «Rock 'n' Roll Suicide»
(1974)

«Rebel Rebel» er ein song av David Bowie, som kom ut i 1974 som singel og på albumet Diamond Dogs. Han vert omtalt som ein av hans mest covra songar,[1] og var Bowie sitt farvel til glammiljøet som gjorde han til stjerne.[2][3]


Musikk og tekst[endre | endre wikiteksten]

Bowie spelar «Rebel Rebel» på AVRO sitt TopPop i 1974.

«Rebel Rebel» var opphavleg skriven for ein planlagt Ziggy Stardust-musikal seint i 1973,[4] og var den siste singelen Bowie skreiv i glamrockstilen som hadde vorte varemerket hans. Det var òg den første hiten hans sidan 1969 der Mick Ronson ikkje spelte gitar. Bowie speler sjølv gitar på denne songen og nesten alle dei andre songane på Diamond Dogs, som NME-kritikarane Roy Carr og Charles Shaar Murray kalla «ein rocka, skitten lyd som var like mykje inspirert av Keith Richards som han var av Ronno».[5]

Songen er kjend for kjønnstvitydige teksten («You got your mother in a whirl / She's not sure if you're a boy or a girl»), i tillegg til det særeigne riffet, som rockejournalist Kris Needs har skildra som «eit klassisk riff som klistrar seg til hjernen på same vis som Stones sitt 'Satisfaction'».[6] Bowie sa sjølv seinare, «det er eit fabelaktig riff! Rett og slett fabelaktig! Då eg snubla over det var det som 'Åh, takk skal du ha!'»[7] Alan Parker spelte riffet på albumet med ein Les Paul-gitar og ein Fender-forsterker med ein enkel Wharfedale-høgtarlar. Han sa seinare at Bowie hadde laga kring tre fjerdedelar av riffet då han spelte riffet for Parker på ein akustisk gitar. Han bad Parker om å gjere riffet meir likt Rolling Stones. Parker spelte riffet om att på ein elektrisk gitar og la til litt, mellom anna dei tre siste notane av riffet.[8]

Den transseksuelle rockeartisten Jayne County hevdar at «Rebel Rebel» delvis var basert på County-songen «Queenage Baby»,[9] som vart spelt inn i januar 1974 av Bowie sitt Mainman Records, men ikkje gjeven ut på den tida. Songen kom seinare ut i 2006 på Wayne County at the Trucks, og somme kritikarar, då dei har høyrt songen, er samd med County.[10][11]

Utgjeving og etterverknad[endre | endre wikiteksten]

Singelen vart raskt ein glam-hymne, den kvinnelege varianten av den tidlegare hitten til Bowie for Mott the Hoople, «All the Young Dudes».[5] Han nådde 5. plass i Storbritannia og 64. plass i USA. I Noreg nådde singelen 9. plass. Den amerikanske utgåva av singelen var ei heilt anna innspeling, spelt inn i april 1974. Den var raskare, tettare og meir sær, med vokaleffektar og Bowie på alle instrumenta utanom Geoff MacCormackcongatrommer.[7] Han vart raskt trekt attende og erstatta av den britiske singelversjonen. Arrangementet frå den amerikanske singelen vart derimot nytta av Bowie på den nordamerikanske turneen i 1974, slik songen er på konsertalbumet David Live.

Etter å ha slutta å spele songen etter Sound and Vision-turneen i 1990, førte Bowie «Rebel Rebel» attende att i 1999 for 'hours...'-turneen. I 2003 vart det spelt inn ein ny versjon av songen med arrangement av Mark Plati og utan referansar til quaaludes som i originalen. Dette vart gjeven ut på ei bonusplata som følgde somme versjonar av Reality same året og på 30th Anniversary Edition av Diamond Dogs i 2004. I 2004 vart songen òg miksa i ein mash-up med Reality-songen «Never Get Old». Resultatet vart singelen «Rebel Never Gets Old».

Innhald[endre | endre wikiteksten]

  1. «Rebel Rebel» (Bowie) – 4:20
  2. «Queen Bitch» (Bowie) – 3:13

Den britiske singelen hadde «Queen Bitch» som B-side, medan den amerikanske versjonen hadde «Lady Grinning Soul».

Medverkande[endre | endre wikiteksten]

Lister[endre | endre wikiteksten]

Liste (1974–2016) Plassering
Australia (Kent Music Report)[12] 28
Canada 30
Finland 7
Tyskland 33
Irland 2
Noreg 9
Storbritannia 5
US Billboard Hot 100 64
US Billboard Rock Songs 16

Konsertversjonar[endre | endre wikiteksten]

  • Eit konsertoptak frå 1974-turneen vart gjeven ut på David Live. Denne versjonen finst òg på den nederlanske samlinga Rock Concert. Eit anna konsertopptak frå 1974-turneen kom ut på det halvoffisielle albumet A Portrait in Flesh.
  • Eit konsertopptak frå 23. mars 1976 vart gjeven ut på Live Nassau Coliseum '76, som kom ut på 2010-utgåva av Station to Station.
  • Eit konsertopptak filma den 12. september 1983 vart gjeven ut i filmen Serious Moonlight på VHS og laserdisc i 1984 og DVD i 2006.
  • Bowie spelte songen på Live Aid i 1985.
  • Songen vart spelt i 1987 på Glass Spider-turneen og gjeven ut på Glass Spider-videoen (1988) og DVD/CD (2007).
  • Bowie spelte songen på Later... with Jools Holland, eit britisk fjernsynsprogram i 2002
  • Den nye versjonen av «Rebel Rebel» frå 2003 vart spelt under Reality-turneen og finst på A Reality Tour. Denne versjonen vart som regel spelt som opningssongen.

Andre utgjevingar[endre | endre wikiteksten]

Andre versjonar[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Nicholas Pegg (2000). The Complete David Bowie: s.90-92
  2. Mat Snow (2007). "Hang on to Yourself", MOJO 60 Years of Bowie: s.51
  3. David Buckley (1999). Strange Fascination - David Bowie: The Definitive Story: s.210-217
  4. David Buckley (1999) Ibid: s.140
  5. 5,0 5,1 Roy Carr & Charles Shaar Murray (1981). Bowie: An Illustrated Record: s.60
  6. Kris Needs (1983). Bowie: A Celebration: s.29
  7. 7,0 7,1 Nicholas Pegg (2000). Op Cit: s.170. Pegg meiner òg at Alan Parker hjelpte Bowie med gitarspelinga på albumet og den britiske singelversjonen av «Rebel Rebel», men på plateomslaget til Diamond Dogs er Parker berre nemnt på «1984».
  8. Chris O’Leary. Rebel Rebel. Pushing Ahead of the Dame. Vitja 10. februar 2016.
  9. Fox, Katrina (2006-08-24). «Complete and Utter County». http://www.katrinafox.com/jaynecounty.htm. 
  10. Lalumia, Jimi. «Wayne County at the Trucks». Punk Globe Magazine. http://www.punkglobe.com/waynecountytrucksreview.html. 
  11. Thompson, Dave. «Wayne County at the Trucks - Review». Allmusic. http://www.allmusic.com/album/r862715. 
  12. Kent, David (1993). Australian Chart Book 1970–1992. St Ives, N.S.W.: Australian Chart Book. s. 43. ISBN 0-646-11917-6. 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]