Songen Diamond Dogs

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Diamond Dogs
Singel av David Bowie
frå albumet Diamond Dogs
B-side «Holy Holy»
Utgjeve 14. juni 1974
Innspelt Ludolf Studios, Hilversum januar 1974
Sjanger Glamrock, bluesrock, garasjerock
Lengd 5:56
Selskap RCA Records
APBO 0293
Låtskrivar(ar) David Bowie
Produsent David Bowie
David Bowie-kronologi
«Rock 'n' Roll Suicide»
(1974)
Diamond Dogs «1984»
(1974)

«Diamond Dogs» er ein song frå 1974 av David Bowie og tittelsporet på albumet med same namn. Songen vart òg gjeven ut som singel same året.

Teksten introduserer lyttaren til den nyaste personen til Bowie: Halloween Jack som bur på toppen av eit leilegheitskompleks på eit post-apokalyptisk Manhattan. Gitarstilen er kraftig påverka av The Rolling Stones og signaliserte at Bowie flytta seg bort frå glamrock og nærare ein protopunk- og Stooges-aktig stil.[1]

Tittelsporet vert av mange rekna som eit uvanleg val for singel, og han nådde berre 21. plassen på singellista i Storbritannia. I følgje NME-kritikarane Roy Carr og Charles Shaar Murray, var songen «som ein potensiell hitsingel uventa skuffande. For lang, for lite visjon, for vanskeleg å danse til... du veit kva det går i»[2] Singelen nådde ikkje singellista i USA, men vart ein sentral del av den nordamerikanske turneen til Bowie i 1974.

B-sida til singelen var «Holy Holy» frå 1971, ei nyinnspeling frå innspelinga av Ziggy Stardust same året.

Tekst og musikk[endre | endre wikiteksten]

This ain't rock'n'roll, this is genocide

David Bowie (1974)

Songen er ein classic rock-song i Rolling Stones-stil med med ein grotesk tekst om folk med amupterte armar og bein i prestekjortlar, folk avviste av Tod Browning og forskjellig ultravald.[3]

Songen opnar med applaus henta frå konsertalbumet Coast to Coast av the Faces, og ein kan til og med høyre Rod Stewart rope «hey» like før gitarriffet startar. Mot slutten har Bowie teke ei saksofonlinje spelt av Bobby Keyes på Rolling Stones sin «Brown Sugar». Hovudriffet til Bowie kan høyrast ut som ei omskriving av Stones sin «It’s Only Rock ‘n Roll (But I Like It)», som vart til under ein jam som Bowie deltok på. Songen endar med Bowie som spela reit Bo Diddley-riff..[3]

Songen heitte opphavleg «Diamond Dawgs».[3] og vart spelt inn frå 15. januar til midten av februar 1974.

Innhald[endre | endre wikiteksten]

  1. «Diamond Dogs» (Bowie) – 5:56 (berre i Australia vart ei 2'58" lang utgåve vart nytta (RCA 102462) istaden for albumversjonen[4])
  2. «Holy Holy» (Bowie) – 2:20

Medverkande[endre | endre wikiteksten]

Lister[endre | endre wikiteksten]

Liste (1974) Plassering
UK Singles Chart 21
Irish Singles Chart 27

Konsertversjonar[endre | endre wikiteksten]

  • Eit konsertopptak frå 1974-turneen vart gjeven ut på David Live. Denne versjonen finst òg på den nederlanske samlinga Rock Concert. Eit anna konsertopptak frå 1974-turneen vart gjeven ut på det halvoffisielle albumet A Portrait in Flesh.
  • Eit konsertopptak frå 23. mars 1976 vart gjeven ut på Live Nassau Coliseum '76, ein del av 2010-utgåva av Station to Station.

Andre utgjevingar[endre | endre wikiteksten]

Andre versjonar[endre | endre wikiteksten]

  • Beck spelte inn ein versjon av «Diamond Dogs», produsert av Timbaland, for filmen Moulin Rouge! i 2001. Dansarane i filmen var òg kalla Diamond Dogs, på same vis som dansarane på turneen til Bowie i 1974.
  • Blind Willie's Johnson - Only Bowie (1995)
  • Dramarama - Konsertopptak (1992)
  • Duran Duran - Thank You (japansk utgåve 1995)
  • Rancid Vat - «Bowiecide»
  • Graveyard School - Hero: The Main Man Records Tribute to David Bowie (2007)
  • Gilby Clarke - Swag

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Nicholas Pegg (2000). The Complete David Bowie: s.63
  2. Roy Carr & Charles Shaar Murray (1981). Bowie: An Illustrated Record: s.64
  3. 3,0 3,1 3,2 Chris O’Leary. Diamond Dogs. Pushing Ahead of the Dame. Vitja 10. februar 2016.
  4. David Bowie -- http://www.illustrated-db-discography.nl/ entry for Diamond Dogs