Wild Is the Wind

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

«Wild Is the Wind» er ein song skriven av Dimitri Tiomkin og Ned Washington. Han vart opphavleg spelt inn av Johnny Mathis for filmen Wild Is the Wind i 1957. Songen var særs populær og var ein av fem songar som var nominerte for Oscarprisen det året. Han var sungen av Johnny Mathis i mars 1958 under oscarseremonien. Han vart seinare spelt inn av Nina Simone på albumet Wild Is The Wind (1966). David Bowie spelte inn ein versjon i 1976 av songen for albumet Station to Station. Bowie likte stilen til Simone og etter å ha møtt henne i Los Angeles vart han inspirert til å spele inn songen for albumet.

Det nederlandske bandet Clan of Xymox gav ut ein versjon i 1994 på albumet Headcloud. Det australsk-engelske bandet Fatal Shore spelte inn «Wild Is the Wind» for eit album i 1997. George Michael spelte inn songen i 1999 for albumet Songs from the Last Century, og Chan Marshall (Cat Power) spelte inn ein versjon for albumet hennar The Covers Record i 2000, samt gav ut ein konsertversjon for iTunes i 2006. Den skotske songaren Billy Mackenzie spelte òg songen, og vart gjeven ut i 2001 posthumt. TV on the Radio sampla Nina Simone-versjonen av songen «Say You Do» på debutplata OK Calculator i 2002. I 2003 spelte Barbra Streisand songen for albumet The Movie Album og filma ein musikkvideo til han. Esperanza Spalding spelte ein versjon av songen til albumet sitt Chamber Music Society i 2010.

Nina Simone-versjonar[endre | endre wikiteksten]

Nina Simone spelte først inn «Wild Is the Wind» på scenen i 1959. Denne versjonen kom ut på albumet Nina Simone at Town Hall. Den mest kjende tolkinga hennar av songen var ei studioinnspeling for samlealbumet Wild Is the Wind (1966), som bestod av songar spelte inn for to tidlegare albumprosjekt. Simone omarbeidde songen med eit langsamt, enkelt arrangement, og strekte vokalleveringa ut til å høyrast ut som sjelfull, håplaust tap.[1][2] 1966-versjonen vart nytta i traileren til filmen Revolutionary Road i 2008. I november 2013 (54 år etter den første utgjevinga hennar av songen) nådde songen sjetteplassen på Billboard's Digital Jazz chart.[3]

David Bowie-versjonen[endre | endre wikiteksten]

Wild Is the Wind
Singel av David Bowie
frå albumet Changestwobowie
B-side

Golden Years

Utgjeve November 1981
Innspelt September – November 1975
Studio Cherokee, Los Angeles
Sjanger R&B
Lengd 3:34 (musikkvideo)
5:58 (album)
Selskap RCA
BOW 10
Komponist Dimitri Tiomkin
Tekstforfattar Ned Washington
Låtskrivar(ar)
Produsent
David Bowie-kronologi 
«Under Pressure»
(1981)
Wild Is the Wind Baal (EP)
(1982)


David Bowie spelte inn ein versjon av «Wild Is the Wind» for albumet Station to Station i 1976. Bowie likte godt stilen til Simone, og etter å ha møtt ho i Los Angeles i 1975 vart han inspirert til å spele inn songen for albumet sitt. Bowie sa seinare at versjonen til Simone «påverka meg verkeleg... eg spelte han inn som ein hyllest til Nina.»[4]

Bowie tok særskild vare på det moderne rockearrangmentet og produksjonen til «Wild Is the Wind», og kom opp med ein kjenslerik og romantisk vokal, der orda vert trekt ut meir langdsamt og med større kjensle av tap, som følgde versjonen til Simone frå 1966 nærare enn originalen til Mathis.[5]

Musikkvideo[endre | endre wikiteksten]

For å marknadsføre samlealbumet Changestwobowie i 1981, vart det laga ein svartkvit musikkvideo, regissert av David Mallet. Han syner Bowie og fire musikarar som mimer til studioinnspelinga, inkludert Tony Visconti (kontrabass), Coco Schwab (gitar), Mel Gaynor (trommer) og Andy Hamilton (saksofon). Den svarte bakgrunnen og det skarpe lyset gjenskapte stilen på Isolar-turneen i 1976.[6]

Medverkande[endre | endre wikiteksten]

Musikars
Produsentar

Konsertopptak[endre | endre wikiteksten]

Bowie framførte songen i juni 2000 under Mini-turneen. Eit opptak frå BBC Radio Theatre i London, den 27. juni 2000, kom ut på ei bonusplate som følgde dei første utgåvene av Bowie at the Beeb i 2000. Eit opptak 23. juni 2000 vart gjort for Channel 4-programmet TFI Friday. Bowie si framføring av songen, som opningsnummer, på Glastonburyfestivalen den 25. juni 2000, vart gjeven ut i 2018 på Glastonbury 2000.

Bowie framførte òg songen med Mike Garson å piano for den veldedige konserten The Black Ball i New York i november 2006, den siste konserten Bowie spelte før han døydde i 2016.[7]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. «Review: 'Nina Revisited... A Tribute To Nina Simone'». Npr.org. Henta 28. april 2021. 
  2. «Subscribe to read | Financial Times». Ft.com. Henta 28. april 2021. 
  3. «Nina Simone». Billboard.com. Henta 28. april 2021. 
  4. Pegg 2011, s. 278.
  5. James E. Perone (2007). The Words and Music of David Bowie. Greenwood. s. 54–55. ISBN 9780275992453. 
  6. Pegg 2011, s. 734.
  7. Pegg 2011, s. 279.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]