Sue (Or in a Season of Crime)

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Sue (Or in a Season of Crime)
Singel av David Bowie
frå albumet Nothing Has Changed
B-side «'Tis a Pity She Was a Whore»
Utgjeve 17. november 2014
Innspelt 24. juli 2014
Studio Avatar i New York City
Sjanger
Lengd 7:24
Selskap
Produsent
David Bowie-kronologi
«Love Is Lost (Hello Steve Reich Mix by James Murphy for the DFA)»
(2013)
Sue (Or in a Season of Crime) «Blackstar»
(2015)


«Sue (Or in a Season of Crime)» er ein song av den engelske musikaren David Bowie. Han vart gjeven ut 17. november 2014 som ein singel i samband med samleplata Nothing Has Changed. Han vart produsert av Bowie og den mangeårige samarbeidspartnaren Tony Visconti, og songen oppstod etter at dei to så bandleiar Maria Schneider opptre med orkesteret sitt i mai 2014. Dei byrja å samarbeida om det første store prosjekt til Bowie sidan The Next Day (2013). Etter arbeidsøkter i lag i midten av juni vart sporet spelt inn offisielt i Avatar Studios i New York 24. juli 2014, med bidrag frå Schneiders orkester.

Sjølv om han hadde eksperimentert med jazz tidlegare i karrieren, markerte «Sue» den første utforskinga av eksperimentell jazz for Bowie. Musikalsk inneheld songen ei rekkje instrument og er drive av eit messing- og fløytemotiv. Saksofonisten Donny McCaslin sørgde for soloane. Inspirert av skriveriet til diktaren Robert Browning, har teksten til «Sue» ein open ende som viser eit ekteskapsbrot. Songen hadde premiere i oktober 2014 og fekk positive meldingar frå musikkritikarar, men somme følte at det at han vart inkludert på eit samlealbum bagatellisert sporet. Ein musikkvideo regissert av Tom Hingston vart laga til songen.

Bowie spelte inn igjen både «Sue» og B-sida, «'Tis a Pity She Was a Whore» for sitt tjuefemte og siste studioalbum, Blackstar (2016). Den nye versjonen inneheld musikarane frå originalen, inkludert McCaslin, trommeslagar Mark Guiliana og gitaristen Ben Monder, saman med pianisten Jason Lindner, bassisten Tim Lefebvre og James Murphy frå LCD Soundsystem på perkusjon. Nyinnspelinga er meir avkledd enn originalen, med ein hardare, meir slagkraftig lyd påverka av drum'n'bass, medan vokalen til Bowie er meir dempa. Mange kritikarar har rost nyinnspelinga som overlegen den originale innspelinga.

Bakgrunn[endre | endre wikiteksten]

Bowie samarbeidde med bandleiaren Maria Schneider (avbilda i 2008) for «Sue».

8. mai 2014 vitja David Bowie og den mangeårige samarbeidspartnaren Tony Visconti Birdland-klubben på Manhattan for å sjå bandleiaren Maria Schneider opptre med orkesteret sitt. Dei to var i følgje Visconti «fullstendig overrumpa av venleiken og krafta i musikken hennar». Bowie kontakta henne kort tid etterpå, i håp om å samarbeida om ein ny song; det ville vere det første store prosjektet hans sidan The Next Day (2013).[1][2] Etter å ha laga ein heimedemo, byrja Bowie og Schneider arbeidet med sporet i siste halvdel av mai. Schneider sa om prosessen: «Eg sat ved pianoet der føre han og leika litt med harmoni, og eg sa då, "kanskje eg kan tenka meg å gjera noko med dette." Eg eksperimenterte på eiga hand i eit par veker før vi igjen møttest og byrja å samarbeida basert på desse ideane.»[1]

Schneider insisterte reiste at Bowie burde dra til 55 Bar, ein jazzklubb i New York midten av juni, for å sjå ein eksperimentell kvartett med saksofonisten Donny McCaslin og trommeslagaren Mark Guiliana. Ti dagar seinare sende Bowie ein epost til McCaslin og inviterte han og Guiliana til å samarbeida om det nye sporet. McCaslin aksepterte grasiøst og sa seinare: «Eg prøvde å ikkje tenka for mykje på det. Eg ville berre bli i augneblinken og gjera jobben.»[3]

Innspeling[endre | endre wikiteksten]

Fellesøkter[endre | endre wikiteksten]

Dei første fellesøktene for «Sue» byrja i Euphoria Studios på Manhattan i midten av juni. Schneider ønskte Bowie sine tankar om retninga og strukturen til komposisjonen før den offisielle innspelinga byrja. Saman med McCaslin, Guiliana, trombonisten Ryan Keberle og bassisten Jay Anderson rekrutterte Schneider avant-jazzgitarist Ben Monder, som stundom spelte i orkesteret hennar.[1][4] Monder fortalde Yahoo! Music i 2016,«"Eg hadde ikkje spelt med Maria på ei stund før dette prosjektet ... Men ho sa at ho kunne høyra lyden min for det aktuelle sporet, så David møtte meg og Donny.»[5] Monder sette Bowie høgt: «Me hadde nettopp ei øving for Maria Schneider-økta, og han var veldig jordnær, veldig hyggeleg. Han syntest å gjera ein innsats for å få deg til å føle at du ikkje var i nærvær av ein rockegud.»[5]

I følgje Visconti, som samproduserte sporet med Bowie, jamma Schneider og kjernemedlemmene i bandet hennar «i fleire timar ... i løpet av tre lange økter i eit øvingsstudio».[4] Schneider fortalde biografen Chris O'Leary at den første versjonen av sporet var «veldig annleis». Ho lét spelarane først improvisera over ein E-dur-akkord, men følte at det var «for mykje», og endra det til ein «B-seksjon» for Bowie, noko som gjorde at han kunne fortsetja å revidere tekstane til den siste innspelinga. Rytmane byrja å danna seg og Bowie fann teksten sin etter nokre få økter.[1] Etter den siste økta møttest Bowie og Schneider for å fullføre arrangementet og strukturen.[4]

Den siste innspelinga[endre | endre wikiteksten]

«Sue» vart offisielt spelt inn 24. juli 2014 i Avatar Studios i New York[1]. Bowie hadde tenkt å bruka Magic Shop, studioet der han hadde spelt inn The Next Day, men det viste seg å vera for lite for orkesteret på 17 personar. Bowie delte ut teksten sin til musikarane i byrjinga av økta; songtittelen stod på notearka. Arrangementet til songen gav musikarane ein stor grad av fridom under innspelinga. Guiliana hugsa seinare: «Bortsett frå David og Marias overordna retning, var diagrammet eg spelte frå ganske minimalt ... Meir ein guide, enn ein spesifikk notasjon.»[4]

Under innspelinga instruerte Schneider musikarane om å improvisere rundt vokalen til Bowie. McCaslin og Keberle bidrog med fleire soloar gjennom heile økta; Visconti brukte McCaslin for det meste under den siste innspelinga, medan spelinga til Keberle dukka fram, ifølgje O'Leary, «i den taktlause delen etter 'Suuuue .. goodbye!'»[1] Ifølgje biografen Nicholas Pegg var forutan Guiliana, Monder, Anderson, Keberle og McCaslin, dei andre orkestermedlemmene som spelte på innspelinga: esse Han (fløyte, altfløyte, bassfløyte); David Pietro (altfløyte, klarinett, sopransaksofon); Rich Perry (tenorsaksofon); Scott Robinson (klarinett, bassklarinett, kontrabassklarinett); Tony Kadleck, Greg Gisbert, Augie Haas, Mike Rodriguez (trompet, valthorn); Keith O'Quinn, Marshall Gilkes (trombone); George Flynn (basstrombone, kontrabasstrombone) og Frank Kimbrough (piano).[4]

Komposisjon[endre | endre wikiteksten]

Tekst[endre | endre wikiteksten]

Teksten til «Sue» med open slutt, skildrar slutten av eit ekteskap over åtte vers. Ved starten fekk han jobben (eit ekko av The Next Day Extra-sporet «The Informer»), dei får eit hus. Ting går likevel gale når forteljaren seier at Sue er sjuk, klinikken ringde og «røntgenbileta ser fine ut». Sue sitt motiv gjennom heile songen er setninga på fire tonar spelte av messing- og fløyteseksjonane, og sunge av Bowie i dei to første versa. Etter kvart som sporet fortset, byrjar skuldingane til forteljaren, noko som fører til at motivet heile tida blir endra.[1][4]

Til slutt skuldar forteljaren Sue for svik («I found your note that you wrote last night / It can't be right you went with him») og myrdar henne («I pushed you down beneath the weeds»), kyssar liket hennar og seier farvel. Etter drapet hennar finn forteljaren eit notat som fortel heile historia («you went with that clown»). Bowie startar det siste verset «Sue, I never dreamed», som var tittelen på den første songen han nokon gong spelte inn, med det første bandet sitt Kon-Rads i 1963.[1][6] Pegg meinte inspirasjonen til teksten kom frå skriveria til diktaren Robert Browning, nærare bestemt «Porphyria's Lover» og «My Last Duchess».[4]

Musikk[endre | endre wikiteksten]

«Sue» er første gongen Bowie utforskar eksperimentell jazz. Sjølv om han hadde eksperimentert med jazz på Black Tie White Noise og The Buddha of Suburbia (begge 1993), brukte han hovudsakleg rock- og R&B-musikarar i staden for ekte jazzmusikarar.[1][4] Andre kritikarar har indikert at sporet har element av jazz-pop og postindustriell musikk.[7][8] Visconti sa om sporet: «Dette er verkeleg moderne jazz. Dei speler ikkje bebop, det er ikkje noko tradisjonelt med dei.»[4]

Med ei lengd på over sju minutt inneheld songen ei rekkje forskjellige instrument, der nokre utfyller vokalen til Bowie medan andre motverkar han. O'Leary skildrar utvalet av instrument som «fresande fraksjonar - instrument i lause samanhengar som snart blir brote frå kvarandre og rører seg i forskjellige tempo».[1] Grunnlinja spelt av Keberle låner tungt frå Plastic Soul-singel frå 1997 kalla «Brand New Heavy», som gjorde at låtskrivarane av denne songen, Paul Bateman og Bob Bhamra, vart oppført som låtskrivarar på «Sue» i lag med Bowie og Schneider. Spelinga til McCaslin er utbreidd på songen og understrekar ofte teksten. I den avsluttande delen står saksofonen hans i sentrum, med det gjenverande orkesteret som speler rundt han.[1] Både Bowie og Visconti roste McCaslin sitt saksofonbidrag, medan sistnemnde sa til Mojo: «Det er ein av dei mest sjelfulle saksofon-soloane David og eg nokon gong har høyrt ... Det har alltid fått oss til å gråte, spesielt sluttdelen. Han er ein så lidenskapeleg spelar.»[4]

Utgjeving[endre | endre wikiteksten]

BBC Radio 6 Music-programleiaren Guy Garvey hadde premiere på «Sue (Or in a Season of Crime)» den 12. oktober 2014.[9] I følgje O'Leary var mottakinga blanda.[1] Parlophone gav ut «Sue» som ein 10"-singel, med katalognummer 1ORDB2014,[10] og for digital nedlasting 17. november 2014 i Storbritannia og 28. november 2014 i USA.[4][11] «Sue» vart òg inkludert på samlealbumet Nothing Has Changed, gjeve ut same dag.[12] Kory Grow i Rolling Stone hylla songen som «fengslande», og kalla det eit høvande tillegg til katalogen til Bowie.[7] I The Guardian gav Alexis Petridis sporet ei positiv melding og sa at det var ein indikasjon på at Bowie ikkje er redd for å fortsetje og eksperimentere i nye sjangrar. Han følte at det var meir ei «utsegn» enn ein song, etter den «overlegne, men relativt enkle rocken [på The Next Day]». Han var likevel kritisk til at songen var med på Nothing Has Changed, og skriv dette får han til å verka som ein «ettertanke».[13] Michael Rancic frå Exclaim! var samd, og følte at det at han vart inkludert på samlinga «bagatelliserte» sporet.[14]

Ved sida av den fulle 7:24-versjonen av songen inkluderte singelen B-sida «'Tis a Pity She Was a Whore» og ei radioutgåve av «Sue», med ei lengde på 4:01. Denne singelutgåva, som berre inneheld seks vers i staden for åtte, kom i lag med ein monokrom musikkvideo regissert av Tom Hingston, som tidlegare laga eit kort klipp for The Next Day-sporet «I'd Rather Be High».[1][4][15] Videoen vart spelt inn i London og inneheld klipp av Bowie som opptredde i eit studio saman med orkesteret som vart filma under økta i juli av Jimmy Miller. Samtidig vart det projisert tekstar på ein vegg medan ein silhuettfigur glir inn og ut av gatelyset i ei mørk gate. Pegg skildra videoen som «ein noir-aktig samling med ekko av The Third Man».[4]

På den 58. årlege Grammyprisutdelinga i februar 2016 vann Schneider Grammy-prisen for beste arrangement, instrumental og vokal for arbeidet sitt med «Sue (Or in a Season of Crime)».[16]

Innhald[endre | endre wikiteksten]

Side A
Nr.TittelLåtskrivar(ar)Lengd
1.«Sue (Or in a Season of Crime)»
7:24
Side B
Nr.TittelLåtskrivar(ar)Lengd
1.«'Tis a Pity She Was a Whore»Bowie5:27
2.«Sue (Or in a Season of Crime)» (Radio edit)
  • Bateman
  • Bhamra
  • Bowie
  • Schneider
4:01

Blackstar-versjonen[endre | endre wikiteksten]

Sue (Or in a Season of Crime)
Song av David Bowie
frå albumet Blackstar
Utgjeve 8. januar 2016
Innspelt 2. februar, 23 & 30. april 2015
Sjanger Kunstrock
Lengd 4:40
Selskap
Produsent

Innspeling[endre | endre wikiteksten]

Under innspelinga for det som skulle bli det siste studioalbumet hans Blackstar (2016), valte Bowie å spela inn igjen «Sue» frå botnen av, ved å bruka kjernen av det same bandet med McCaslin, Guiliana, pianisten Jason Lindner og bassist Tim Lefebvre.[18] Monder spelte inn ekstra lydspor på gitar, medan James Murphy frå LCD Soundsystem spelte perkusjon. Arbeidet hans med Arcade Fire-albumet Reflektor inspirerte Bowie til å lage ein remiks av «Love Is Lost» for The Next Day Extra.[19] Den originale B-sida «'Tis a Pity She Was a Whore», vart òg spelt inn på nytt under innspelinga for Blackstar.[20]

Den nye versjonen vart kalla «Re-Sue» i Bowie sine handskrivne notat for albumet, og vart spelt inn 2. februar 2015 i Magic Shop i New York, med originalen som mal. I følgje Lindner freista bandet eit «kvartettarrangement» av originalen, men fann liten suksess. Eit anna forsøk, berre ved bruk av trommar, bass og vokal, vart spelt inn, men vart raskt avvist. McCaslin sa seinare: «Den nye versjonen av 'Sue' tok lengst tid fordi originalen me spelte inn med Maria er så spesifikk, med all orkestreringa.» Deretter bestemte han seg for å strippe Schneider sitt partitur ned til saksofon, klarinett og altfløyte, som skulle bli grunnlaget for den nye versjonen. Bowie spelte inn vokalen sin 23. og 30. april 2015 i Human Worldwide Studios i New York.[1][18]

I følgje Guiliana instruerte Bowie bandet om å «verkeleg gå for det» under innspelinga. Lefebvre hugsa Bowie og Visconti «gav oss åtte barar for å berre herje. Mark og eg hadde spelt mykje live drum'n'bass saman, og det er sjokkerande og fantastisk å høyra det på ei David Bowie-plate. Dei tillét oss å gjera det me gjer.» Denne delen skjer etter det sjette verset, ved 3:07-merket. Pegg skildrar denne delen av sporet som minner om Bowie-albumet Earthling frå 1997.[1][21]

Komposisjon[endre | endre wikiteksten]

Guiliana skildra den innspelte versjonen av «Sue» som «nedstrippa» og «litt raskare» enn originalen.[21] I Bowie sine handskrivne notat for sporet understreka han «sterk bass». For å kompensere brukte Lefebvre fleire pedalar gjennom songen, inkludert ein Pork Loin-pedal, ein Octave-pedal og ein Corona-pedal. Mot slutten speler han det han kalla «EDM-greiner», ved å bruka toppstrengane på bassen. Monder speler på same måte som han gjorde på originalen. Medan han i utgangspunktet dobla Lefebvre si grunnlinje, bruker han deretter ein hybrid Stratocaster og Ibanez AS-50 frå 1982 for å laga reverb gjennom. Med to Wurlitzer-orgel erstattar Lindner horna og treblåseinstrumenta frå originalen, saman med ytterlegare klang.[1] Samanlikna med originalen er Bowie og McCaslin mindre framtredande på nyinnspelinga. Synginga til Bowie er meir dempa, og inneheld «mindre vibrato» og «meir nyanse». Han syng dei åtte versa i originalen i eit mykje raskare tempo. O'Leary skriv McCaslin framfører «ein vepseaktig summing etter det første verset. «Sue»-motivet vart introdusert på klarinett ved 2:02».[1][21]

Mange kommentatorar har notert seg den drastisk forskjellige kjensla på nyinnspelinga samanlikna med den originale innspelinga. Pegg skildra nyinnspelinga som «eit hardare, slagkraftigere åtak, driven av dei nådelause trommene til Guiliana, ein strålande, stammande grunnlinje frå Tim Lefebvre og ein serie atmosfæriske gitaroverdubbar frå Ben Monder». [21] På same måte noterte Chris Gerard frå PopMatters «kvassare groove» og generelt «tyngre stemning».[22] Stephen Dalton frå Louder skriv at innspelinga på nytt «kjennest skarpare, tettare og tyngre», med ekstra funkrockgitar og «perkussive gys».[23] NME-skribenten Sam Richards skreiv at drum'n'bass-rytmen og korleis den generelle stemninga syntest å matcha den «morderiske hensikta» i teksten.[24] I Rolling Stone skildra David Fricke nyinnspelinga som eit «dynamisk finpuss» av originalen, med «meir vondsinna programmering».[25] Ben Rayner frå Toronto Sun kallar nyinnspelinga for ein «flammande, nådelaus tumult» som er «grovare hogd [og] tyngre» enn originalen.[26] Rancic skriv at sporet «høyrest 'jazzy'» ut, men den «lause strukturen» har ingen verkelege jazzkvalitetar.[14]

Utgjeving[endre | endre wikiteksten]

Nyinnspelinga av «Sue» vart gjeve ut 8. januar 2016 som det fjerde sporet på det siste albumet til Blackstar, plassert mellom «Lazarus» og «Girl Loves Me».[27] Bowie døydde to dagar etter utgjevinga, etter å ha lide av leverkreft i 18 månader.[28][29] I meldinga si av Blackstar skildra Andy Gill frå The Independent nyinnspelingane av både «Sue» og B-sida «' Tis a Pity She Was a Whore» som som «fotnotar til overgangseksperimenta på 'Station to Station', men med mindre potente melodiar, og mindre interesse for behagelege former ».[30] Petridis roste nyinnspelinga over originalen og skreiv: «Det høyrest ut som eit band, i staden for at Bowie poda seg inn i andres musikalske visjon.» [31] Rancic skriv at medan originalen vart bagatellisert av at han vart inkludert på eit samlealbum, gjev nyinnspelinga «den faktiske venstresvingen som The Next Day annonserte», ved at han viste at artisten framleis var «kreativt uføreseieleg».[14] Barry Walters frå NPR roste trommespelinga til Guiliana på sporet og skreiv, «[han] festar hyperfunken i jungle saman til uregelmessige taktar og aksentar som understrekar ensembleframferd, ikkje studio-sampela perfeksjon».[29] Rayner roste nyinnspelinga som overlegen originalen, og komplementerte rytmeseksjonen og framføringane til McCaslin og Bowie.[26]

Medverkande[endre | endre wikiteksten]

Originalversjonen[endre | endre wikiteksten]

Frå den offisielle nettsida til Bowie.[32]

Maria Schneider orchestra

Blackstar-versjonen[endre | endre wikiteksten]

Personell etter Chris O'Leary:[33]

Salslister[endre | endre wikiteksten]

Salslister for «Sue (Or in a Season of Crime)»
Liste (2014–16) Plassering
Frankrike (SNEP)[34] 52
Ungarn (Single Top 10)[35] 13
Italia (FIMI)[36] 73
Nederland (Mega Single Top 100)[37] 83
Portugal (AFP)[38] 69
Sverige (Sverigetopplistan)[39] 96
Sveits (Schweizer Hitparade)[40] 54
UK Singles (Official Charts Company)[41] 81
US Hot Rock Songs (Billboard)[42] 43

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,00 1,01 1,02 1,03 1,04 1,05 1,06 1,07 1,08 1,09 1,10 1,11 1,12 1,13 1,14 1,15 1,16 O'Leary 2019, s. 614–620.
  2. Pegg 2016, s. 269.
  3. Pegg 2016, s. 269–270.
  4. 4,00 4,01 4,02 4,03 4,04 4,05 4,06 4,07 4,08 4,09 4,10 4,11 4,12 Pegg 2016, s. 270.
  5. 5,0 5,1 Wiederhorn, Jon (20. september 2021). «'Blackstar' Guitarist Recalls Bowie's Last Days in the Studio». Yahoo! Music. Arkivert frå originalen 24. juni 2021. Henta 24. juni 2021. 
  6. Pegg 2016, s. 122–123, 270.
  7. 7,0 7,1 Grow, Kory (18. november 2014). «David Bowie – «Sue (Or in a Season of Crime)»». Rolling Stone (New York City: Wenner Media LLC). Arkivert frå originalen 29. juli 2017. Henta 20. desember 2014. 
  8. Jarenwattananon, Patrick; et al. «NPR Music's Favorite Songs Of 2014». National Public Radio. National Public Radio. Arkivert frå originalen 9. juni 2019. Henta 12. mai 2017. 
  9. «New David Bowie single 'Sue (Or In A Season Of Crime)' to receive first play on Sunday». NME. 9. oktober 2014. Arkivert frå originalen 12. oktober 2014. Henta 27. september 2021. 
  10. O'Leary 2019, s. 670–680.
  11. «Sue single update plus cover artwork revealed». David Bowie Official Website. 22. september 2014. Arkivert frå originalen 25. september 2014. Henta 25. september 2014. 
  12. Mansfield, Brian (9. september 2014). «New Bowie single coming with career compilation». USA Today. Arkivert frå originalen 25. februar 2020. Henta 9. september 2014. 
  13. Petridis, Alexis (12. oktober 2014). «David Bowie: Sue (or In a Season of Crime) – review». The Guardian. Arkivert frå originalen 20. september 2021. Henta 25. juni 2021. 
  14. 14,0 14,1 14,2 Rancic, Michael (7. januar 2016). «David Bowie – Blackstar». Exclaim!. Arkivert frå originalen 9. januar 2016. Henta 26. september 2021. 
  15. Blistein, Jon (13. november 2014). «Watch David Bowie's Noir-Inspired New Video 'Sue'». Rolling Stone (New York City: Wenner Media LLC). Arkivert frå originalen 20. september 2021. Henta 29. august 2018. 
  16. Harrison, Lily (20. september 2021). «Grammys 2016 Winners: The Complete List». E!. Arkivert frå originalen 120. september 2021. Henta 29. august 2018. 
  17. «Sue (Or in a Season of Crime)» (Digital media notes). David Bowie. UK: Parlophone. 2014. 1ORDB2014. 
  18. 18,0 18,1 Pegg 2016, s. 270–271.
  19. Pegg 2016, s. 473.
  20. Pegg 2016, s. 285.
  21. 21,0 21,1 21,2 21,3 Pegg 2016, s. 271.
  22. Gerard, Chris (8. januar 2016). «David Bowie: Blackstar». PopMatters. Arkivert frå originalen 10. januar 2016. Henta 26. september 2021. 
  23. Dalton, Stephen (27. november 2015). «David Bowie: Blackstar». Classic Rock. Arkivert frå originalen 6. januar 2016. Henta 25. juni 2021. 
  24. Richards, Sam (8. januar 2016). «David Bowie – 'Blackstar' Review: The NME Verdict». NME. Arkivert frå originalen 4. mars 2016. Henta 26. september 2021. 
  25. Fricke, David (23. desember 2015). «Blackstar». Rolling Stone. Arkivert frå originalen 29. desember 2015. Henta 26. september 2021. 
  26. 26,0 26,1 Rayner, Ben (8. januar 2016). «David Bowie's Blackstar a nearly perfect goodbye: review». Toronto Sun. Postmedia. Arkivert frå originalen 20. september 2021. Henta 20. september 2021. 
  27. Erlewine, Stephen Thomas. «Blackstar – David Bowie». AllMusic. Arkivert frå originalen 24. april 2019. Henta 27. september 2021. 
  28. Furness, Hannah (20. september 2021). «David Bowie's last release, Lazarus, was 'parting gift' for fans in carefully planned finale». The Daily Telegraph. London, England. Arkivert frå originalen 25. mars 2016. Henta 26. september 2021. 
  29. 29,0 29,1 Walters, Barry (20. september 2021). «Review: David Bowie's 'Blackstar' Is Adventurous To The End». NPR. Arkivert frå originalen 7. april 2020. Henta 26. september 2021. 
  30. Gill, Andy (22. desember 2015). «David Bowie's Blackstar – exclusive first review: A Bowie desperate to break with the past». The Independent. Arkivert frå originalen 26. desember 2015. Henta 26. september 2021. 
  31. Petridis, Alexis (7. januar 2016). «David Bowie: Blackstar review – a spellbinding break with his past». The Guardian. Arkivert frå originalen 9. januar 2016. Henta 26. september 2021. 
  32. «Sue: The players, the sound file, the RSD sleeve». David Bowie Official Website. Arkivert frå originalen 13. april 2017. Henta 27. september 2021. 
  33. O'Leary 2019, s. 614.
  34. "Lescharts.com – David Bowie – Sue (Or In A Season Of Crime)" (på fransk). Les classement single. Hung Medien.
  35. "Archívum – Slágerlisták – MAHASZ – Magyar Hanglemezkiadók Szövetsége" (på ungarsk). Topp 10-singellista. Magyar Hanglemezkiadók Szövetsége.
  36. «Top Digital – Classifica settimanale WK 2 (dal 2016-01-08 al 2016-01-14)» (på italiensk). Federazione Industria Musicale Italiana. Arkivert frå originalen 6. april 2017. Henta 20. september 2021. 
  37. "Dutchcharts.nl – David Bowie – Sue (Or In A Season Of Crime)" (på nederlandsk). Mega Single Top 100. Hung Medien / hitparade.ch.
  38. "Portuguesecharts.com – David Bowie – Sue (Or In A Season Of Crime)". AFP Top 100 Singles. Retrieved 28. september 2021.
  39. "Swedishcharts.com – David Bowie – Sue (Or In A Season Of Crime)". Topp 60. Hung Medien.
  40. "David Bowie – Sue (Or In A Season Of Crime) – swisscharts.com". Den svetisiske singellista. Hung Medien.
  41. "Archive Chart" UK Singles Chart. Official Charts Company.
  42. Mal:BillboardID/D/Mal:BillboardEncode/D/chart?f=902 "David Bowie – Chart history" Billboard Hot Rock Songs for David Bowie.