Jump They Say

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Jump They Say
Singel av David Bowie
frå albumet Black Tie White Noise
B-side Pallas Athenas (Don’t Stop Praying Mix)
Utgjeve mars 1993
Innspelt Mountain Studios, Montreux; Hit Factory, New York, juni/juli 1992
Sjanger Rock
Lengd 3:53
Selskap Arista
74321 139424
Låtskrivar(ar) David Bowie
Produsent Nile Rodgers
David Bowie-kronologi
«Real Cool World»
1992
Jump They Say «Black Tie White Noise»
1993


«Jump They Say» er ein song av David Bowie frå albumet hans Black Tie White Noise frå 1993. Han vart gjeven ut som den første singelen frå albumet i mars 1993.

Songen omhandla kjenslene til Bowie for hans schizofrene halvbror Terry, som tok sjølvmord den 16. januar 1985. Teksten fortel om ein mann pressa til fullstendig desperasjon av presset som vert lagt på han. Bowie har òg snakka om sine eigne kjensler om å hoppe inn i det ukjende metafysisk sett. Musikalsk førte påverknaden til Nile Rodgers til ein funk-aktig stil, sjølv om songen òg syner innverknad frå samtidig jazz, med ein solo frå avant-jazz-trompetisten Lester Bowie.

Som den første singelen frå albumet vart «Jump They Say» kraftig marknadsført av det nye selskapet til Bowie, Savage Records (via Arista Records i Europa). Ein påfallande musikkvideo vart laga av Mark Romanek, som synte Bowie som ein forretningsmann som vert paranoid av kollegaene sine, som tilsynelatande utfører eksperiment på han og tvinger han til å hoppe frå taket av bygningen til selskapet. Videoen var kraftig påverka av Jean-Luc Godard-filmen Alphaville frå 1965, samt Chris Marker-filmen La jetée og Orson Welles-filmen The Trial - begge frå 1962. Påverknad frå Stanley Kubrick-filmen 2001: A Space Odyssey frå 1968 er òg synleg. Sjølv om songen ikkje var den første Bowie gav ut etter Tin Machine, vart han marknadsført som eit comeback og nådde 9. plass i Storbritannia, den første Topp 10-singelen hans sidan «Absolute Beginners» i 1986, og den siste han har hatt så langt.

Bowie valte å ikkje turnere etter Black Tie White Noise, men songen vart spelt på Outside Tour i 1995.

Innhald[endre | endre wikiteksten]

7”-versjonen[endre | endre wikiteksten]

  1. «Jump They Say» (Radio edit) – 3:53
  2. «Pallas Athena» (Don't Stop Praying Mix) – 5:36

12": Arista / 74321 139421 (EU)[endre | endre wikiteksten]

  1. «Jump They Say» (Hardhands Mix) – 5:40
  2. «Jump They Say» (Full album version) – 4:22
  3. «Jump They Say» (Leftfield 12" vocal) – 7:42
  4. «Jump They Say» (Dub Oddity Mix) 4:44

12": Arista / 74 321 13 69 61 (EU)[endre | endre wikiteksten]

  1. «Jump They Say» (Club Hart remix) – 5:05
  2. «Jump They Say» (JAE-E Mix) – 5:32
  3. «Jump They Say» (JAE-E Dub) – 4:48
  4. «Jump They Say» (Leftfield remix) – 7:41
  5. «Jump They Say» (Dub Oddity, another Leftfield remix) – 5:36
  6. «Pallas Athena» (Don’t Stop Praying Mix) – 5:36

CD: Arista / 74321 13696 2 (EU)[endre | endre wikiteksten]

  1. «Jump They Say» (Radio edit) – 3:53
  2. «Jump They Say» (JAE-E edit) - 3:58
  3. «Jump They Say» (Club Hart remix) – 5:05
  4. «Jump They Say» (Leftfield 12" vocal) – 7:42
  5. «Pallas Athena» (Album version) – 4:40
  6. «Pallas Athena» (Don’t Stop Praying Mix) – 5:36

CD: Arista/ 74321 139422 (UK)[endre | endre wikiteksten]

  1. «Jump They Say» (7” version) – 3:53
  2. «Jump They Say» (Hard Hands Mix) – 5:40
  3. «Jump They Say» (JAE-E Mix) – 5:32
  4. «Pallas Athena» (Don’t Stop Praying Mix) – 5:36

CD: Arista / 74321 139432 (UK)[endre | endre wikiteksten]

  1. «Jump They Say» (Brothers in Rhythm Mix) – 8:28
  2. «Jump They Say» (Brothers in Rhythm Instrumental) – 6:25
  3. «Jump They Say» (Leftfield 12" vocal) – 7:42
  4. «Jump They Say» (Full album version) – 4:22

Medverkande[endre | endre wikiteksten]

Lister[endre | endre wikiteksten]

Liste Plassering
Storbritannia 9
Canada 12
Nederland 17

Andre utgjevingar[endre | endre wikiteksten]

  • Albumversjonen finst på samleplata Bowie: The Singles 1969-1993
  • Leftfield 12" vocal mix vart gjeven ut på den britiske utgåva av singelen «Little Wonder» i januar 1997 som kom i begrensa opplag.
  • «JAE-E edit» (kalla «alternate mix») vart gjeven ut som bonusspor på CD-utgåva av Black Tie White Noise.
  • På bonusplata som følgde 2003-utgåva av Black Tie White Noise, er det med tre remiksar av «Jump They Say»: «Rock Mix», «Brothers in Rhythm 12" Remix» og «Dub Oddity».

Andre versjonar[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]