Strangers When We Meet

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Strangers When We Meet
Singel av David Bowie
frå albumet The Buddha of Suburbia og Outside
B-side «The Man Who Sold the World» (Live)
Utgjeve 20. november 1995
Innspelt New York City, januar-februar 1995; Westside Studios, London, oktober 1995.
Sjanger Kunstrock
Lengd 4:58 (The Buddha of Suburbia album)
5:07 (Outside album)
4:19 (singel)
Selskap RCA
74321 329407
Låtskrivar(ar) David Bowie
Produsent David Bowie, Brian Eno, David Richards
David Bowie-kronologi
«The Hearts Filthy Lesson»
(1995)
Strangers When We Meet «Hallo Spaceboy»
(1996)


«Strangers When We Meet» er ein song av David Bowie, opphavleg spelt inn for albumet The Buddha of Suburbia i 1993. I 1995 spelte Bowie inn songen på ny for albumet Outside og denne versjonen vart gjeven ut som singel i lag med ein omarbeidd versjon av «The Man Who Sold the World».

Utvkling[endre | endre wikiteksten]

Musikalsk har songen fleire likskapar med tidlegare Bowie-songar. Gitartemaet i bakgrunnen på Buddha of Suburbia-versjonen er særs lik temaet i «Look Back in Anger». Basslinja i byrjinga av songen er den same basslinja som er nytta i songen «Join the Gang» frå 1967.

«Strangers When We Meet» er ein song Bowie spelte inn tre gonger. Ein gong i 1993 med Reeves Gabrels og bandet hans Modern Farmer (ikkje utgjeven), ein gong i 1993 som soloartist for albumet The Buddha of Suburbia, og så igjen i 1994-95 for Outside.[1] Begge biografane Nicholas Pegg og Chris O'Leary er samde om at songen ikkje heilt verkar å passe inn på Outside: Pegg sa at songen «på slutten av kunstrock-galskapen på 1. Outside verkar 'Strangers When We Meet' enno meir uovereinsstemmande, og løyser all angsten og den svarte komikken på albumet ut i eit roleg stykke konvensjonell pop»,[2] og O'Leary kalla songen «flyktig» og ikkje eigna på nokre av albuma han kom ut, og verkar nesten som eit bonusspor på slutten av Outside.[1] Buddha-versjonen er kalla «anspent, meir kompakt, med meir nerve»[1] samanlikna med den «frodige» versjonen på Outside.[2]

B-sider[endre | endre wikiteksten]

Sjølv om versjonen av «The Man Who Sold the World» vart omtalt som eit «konsertopptak», var det i røynda eit studioopptak basert på ein omarbeidd versjon av songen spelt inn seint i oktober 1995 på Outside-turneen, og miksa av Brian Eno. Denne versjonen kom ut i 2020 på EP-en Is It Any Wonder?[3]

«Get Real» vart gjeven ut som bonusspor på den japanske utgåva av Outside i 1995, og som B-side til denne singelen. I 2004 kom han òg ut på nyutgjevinga av Outside og i 2007 i plateboksen David Bowie. Songen, som var til overs frå Outside-innspelinga,[1] vart skildra som «langt meir konvensjonell poprock enn noko anna på albumet»[2] med ein referanse til nokre av Bowie sine eigne «ikkje-sakna»[1] songar frå midten av 80-åra.[2] Eit papirark datert 6. mars 1994 på utstillinga David Bowie Is syner at teksten til songen i det minste var dels køyrd gjennom Verbasizer-programmet, som Bowie likte å bruke som saks og papir for å kutte opp og omarrangere tekstane sine.[1] Pegg kalla songen «eit tiltalande innblikk i mengda ekstramateriale som er spelt inn under Outside, og nok eit døme på kor opptatt Bowie er av karakteren til røyndomen.»[2]

Utgjeving og marknadsføring[endre | endre wikiteksten]

Singelen kom ut i november 1995.[2] Dei fleste versjonane var av den nyare Outside-versjonen av songen, men ein amerikansk promo-CD inkluderte ei sjeldan singelutgåve av Buddha of Suburbia-versjonen, og ein sjeldan promokassett frå 1993 har ein annan versjon enn den som er på Buddha-innspelinga med ein annan perkusjon og miksing.[2]

Musikkvideoen til Samuel Bayer for songen hadde same visuelle stil som videoen for «The Hearts Filthy Lesson», men var enklare og rolegare i eit forfallande kunststudio.[2]

Konsertopptak[endre | endre wikiteksten]

For å marknasføre albumet og singelen framførte Bowie «Strangers When We Meet» fire gonger på ulike show i USA og Storbritannia. Den første gongen var 27. oktober 1995 på The Tonight Show with Jay Leno.[1] Den 10. november 1995 framførte Bowie ein uheldigvis «glanslaus» versjon av songen på Top of the Pops medan han var midt i øvinga for Outside-turneen, og så igjen 2. desember 1995 på Later... with Jools Holland.[2] Han vart framført ein gong til på TV den 26. januar 1996 på det franske TV-programmet Taratata.[2] Seinare vart songen stundom framført på Outside-turneen i 1995-1996 og Earthling-turneen i 1997.[2] Ei innspeling av songen frå Outside-turneen, kom ut på No Trendy Réchauffé (Live Birmingham 95) (2020), som er kalla opp etter eit liten bit av teksten frå songen.

Salslister[endre | endre wikiteksten]

Den doble A-sida nådde 39. plassen på den britiske singellista.[1][2] I Sverige nådde «Strangers When We Meet» 56. plassen i 1996.[4]

Andre utgjevingar[endre | endre wikiteksten]

1995-utgåva av songen kom ut på Best of Bowie-DVDen (2002) og den triple CD-versjonen av Nothing Has Changed (2014).

Innhald[endre | endre wikiteksten]

7"-versjon[endre | endre wikiteksten]

  1. «Strangers When We Meet (Edit)» (Bowie) – 4:19
  2. «The Man Who Sold the World (Live)» (Bowie) – 3:35

Britisk CD-versjon[endre | endre wikiteksten]

  1. «Strangers When We Meet (Edit)» (Bowie) – 4:19
  2. «The Man Who Sold the World (Live)» (Bowie) – 3:35
  3. «Strangers When We Meet (albumversjon)» (Bowie) – 5:06
  4. «Get Real» (Bowie/Eno)

Amerikansk CD-versjon[endre | endre wikiteksten]

  1. «Strangers When We Meet (albumversjon)» (Bowie) – 5:06
  2. «Strangers When We Meet (Buddha of Suburbia album version)» (Bowie) – 5:06
  3. «The Man Who Sold the World» (Live) (Bowie) – 3:35

Australsk CD-versjon[endre | endre wikiteksten]

  1. «Strangers When We Meet» (Edit) (Bowie) – 4:19
  2. «The Man Who Sold the World» (Live) (Bowie) – 3:35
  3. «Strangers When We Meet» (albumversjon) (Bowie) – 5:06
  4. «Strangers When We Meet» (Buddha of Suburbia-versjonen) (Bowie) – 5:06

Britisk promoversjon[endre | endre wikiteksten]

  1. «Strangers When We Meet (Edit)» (Bowie) – 4:19

Amerikansk promoversjon[endre | endre wikiteksten]

  1. «Strangers When We Meet (Edit)» (Bowie) – 4:19
  2. «Strangers When We Meet (Buddha of Suburbia Edit)» (Bowie) – 4:10
  3. «Strangers When We Meet (albumversjon)» (Bowie) – 5:06

Salslister[endre | endre wikiteksten]

Liste (1995-1996) Plassering
Nederland[5] 9
Sverige (Sverigetopplistan) 56
UK Singles (OCC) 39

Medverkande[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 1,2 1,3 1,4 1,5 1,6 1,7 O'Leary 2019, s. 365.
  2. 2,00 2,01 2,02 2,03 2,04 2,05 2,06 2,07 2,08 2,09 2,10 2,11 Pegg 2016, s. 268.
  3. «David Bowie Is it Any Wonder? Streaming EP of unreleased & rare material». 14. februar 2020. Henta 11. september 2021. 
  4. «David Bowie - Strangers When We Meet (Song)». Swedish Charts. Hung Medien. Henta 12. september 2021. 
  5. «DAVID BOWIE - STRANGERS WHEN WE MEET» (på nederlandsk). dutchcharts.nl. Henta 14. september 2021. 
  6. Discogs - Zachary Alford - (profile & discography)

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]