Up the Hill Backwards

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Up the Hill Backwards
Singel av David Bowie
frå albumet Scary Monsters (and Super Creeps)
B-side «Crystal Japan»
Utgjeve Mars 1981
Innspelt Power Station, New York, februar 1980
Good Earth, London april 1980
Sjanger Kunstrock, new wave
Lengd 3:13
Selskap RCA Records
BOW 9
Låtskrivar(ar) David Bowie
Produsent
David Bowie-kronologi
Scary Monsters (and Super Creeps)
(1981)
Up the Hill Backwards Under Pressure
(1981)


«Up the Hill Backwards» er ein song av den engelske musikaren David Bowie, gjeve ut i 1980 på albumet hans Scary Monsters (and Super Creeps). Han vart òg gjeven ut som den fjerde og siste singelen frå albumet i mars 1981. Dette vart den siste singelen Bowie gav ut på RCA og for å minnast dette, trykte RCA nokre av platene i den gamle oransje RCA-etiketten i staden for den vanlege svarte.

Teksten vert ofte rekna som ein kommentar til den offentlege omtalen om skilsmissa hans med Angela Bowie, ein av fleire songar på albumet som omtalar kjendistilværet som eit toegga sverd. Han har òg vorte tolka som ein song om å møte kriser generelt.[1] Som den førre singelen, «Scary Monsters», spelar medprodusent Tony Visconti akustisk gitar på songen.

B-sida var «Crystal Japan», ein instrumental spelt inn i 1980 for ein japansk reklamefilm, der Bowie spelte. «Teenage Wildlife» var opphavleg valt ut som B-sida til «Up the Hill Backwards» før Bowie fann ut prisen tilhengjarane måtte betale for å importere singelen av «Crystal Japan» frå Japan. Han insisterte då på at songen måtte få ei utgjeving i Storbritannia.

Den ukommersielle stilen på «Up the Hill Backwards», i tillegg til at songen hadde vore tilgjengeleg på albumet i seks månader, gjorde at singelen berre nådde 32. plass i Storbritannia. Han nådde òg 49. plassen i Canada.[2]

I USA gav RCA berre ut ein 12" singel som vart distribuert med eit sett på 36 frimerke, designa av Bowie sjølv. Frimerka er bilete av Bowie i Pierrot-kostymet hans (som sett på omslaget). Desse frimerka kom òg med tidlege trykk av «Ashes To Ashes» i Storbritannia.

Innhald[endre | endre wikiteksten]

Alle songar skrivne av David Bowie.[3]

  1. «Up the Hill Backwards» – 3:14
  2. «Crystal Japan» – 3:10

Medverkande[endre | endre wikiteksten]

Konsertversjonar[endre | endre wikiteksten]

Songen vart spelt under Glass Spider-turneen og finst på konsertvideo og album frå denne turneen. Det var vanlegvis den første songen som vart framført, med Carlos Alomar som speler ien solo og stadig vert avbroten med at Bowie skrik «shut up». Dansetruppen har så ein kort konversasjon som endar med at dei ropar taktfast «wrong stuff». Bowie dukka så opp på toppen av scenesettet og startar den talte monologen i starten av songen «Glass Spider».

Andre utgjevingar[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Roy Carr & Charles Shaar Murray (1981). Bowie: An Illustrated Record: s.113
  2. «Image : RPM Weekly - Library and Archives Canada». Bac-lac.gc.ca. Henta 31. august 2021. 
  3. «Scary Monsters (And Super Creeps)» (Single liner notes). David Bowie. UK: RCA Records. 1981. BOW 9/PB 9671. 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]