The Hearts Filthy Lesson

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
The Hearts Filthy Lesson
Singel av David Bowie
frå albumet Outside
B-side I Am with Name
Utgjeve 11. september 1995
Innspelt Mountain Studios i Montreux, januar og februar 1995
Sjanger
Lengd 4:57 (album)
3:32 (radio edit)
Selskap Arista / BMG / RCA
Låtskrivar(ar) Bowie/Eno/Gabrels/Kizilcay/Campbell/Garson
Produsent David Bowie, Brian Eno, David Richards
David Bowie-kronologi
«The Buddha of Suburbia»
(1993)
The Hearts Filthy Lesson «Strangers When We Meet»
(1995)


«The Hearts Filthy Lesson» (ingen apostrof i «Hearts»[sic]) er ein song av David Bowie, frå albumet hans Outside frå 1996 og gjeven ut som ein singel før albumet kom ut. Det syne den nye industrielle musikkstilen til Bowie. Teksten, som knyter singelen til resten av albumet, er ein sørgjesong for den «tyranniske futuristen» Ramona A. Stone, eit tema som går att i fleire songar. Songen er òg meint å konfrontere Bowie sitt eige syn på den rituelle skapinga og forringinga av kunsten.

Songutvikling[endre | endre wikiteksten]

Songen oppstod ut frå Leon-innspelingane i mars 1994, der Bowie og bandet hans hadde spelt lange improvisasjonar, som mykje av albumet Outside er baserte på.[4] Sidan songen var eit resultat av bandeksperimentering er songen tilskriven seks låtskrivarar: Bowie, Brian Eno, Reeves Gabrels, Mike Garson, Erdal Kızılçay og Sterling Campbell.[5] Bowie sa at songen «ikkje har noko enkel og samanhengande melding. ... Det er berre informasjon: gjer det til kva du vil.» Og at det er ein «montasje av emne, bitar frå aviser, historier, draumar og halvforma tankar».[4][6] På eit punkt under songutviklinga gjekk Bowie attende og skreiv ein ny tekst basert på engelske landskapsmalarar. Reeves Gabrels, som arbeidde med Bowie på albumet, sa til han, «det er fint og alt det - men det øydelegg på eit vis essensen i songen, syns du ikkje?», før Bowie gjekk attende til den originale teksten.[7]

Mottaking[endre | endre wikiteksten]

Kritikarane var generelt lunkne, sjølv om han vart vurdert i eit betre lys då han songen vart hørt i lag med resten av albumet kort tid etterpå. Trass i den ikkje-kommersielle stilen nådde songen 35. plassen på singellista i Storbritannia og 41. plassen i Canada..[8][9] Music & Media sa «Når du set Bowie & Eno i eit rom i lag, skjer den same magien som når Jagger & Richards kjem saman. Dei siste albuma hans var «fine», men med dette industrielle sporet går the thin white duke attende i front.»[10] Det britiske magasinet Music Week vurderte songen til tre av fem og skreiv «Langsam, men merkeleg gripande, ein androgyn avan-ballade som er positivt bevis på at Bowie er attende.»[11] Biografen Nicholas Pegg sa at for dei uinvidde for musikken til Bowie var denne songen «melodilaust bråk», men for dei som kjende Bowie var det «eit fantastisk stykke industriell techno-rock.»[7] Singelen var den første singlen til Bowie som gjekk inn på topp 100 i USA sidan «Never Let Me Down» i 1987, då han så vidt nådde 92. plassen. I Sverige nådde «The Hearts Filthy Lesson» 34. plassen i 1995.[12]

Musikkvideo[endre | endre wikiteksten]

Videoen bestod av ein montasje av kunst-aktige lemlestingar og blodige objets d'art og vart redigert då han vart vist på MTV. Videoen vart regissert av Samuel Bayer, mannen bak videoen til Nirvana-klassikaren «Smells Like Teen Spirit».[4] Videoen vart kontroversiell nok til at han vart omredigert for MTV, med bilete av skallar, galgar, stearinlys og grufulle lekamar i sylteglas, medan ein trommeslagar festa til snorer som ein marionett til stadig dukkar opp.»[7] Pegg skildra resultatet som «glimrande, skremmande og vil truleg ikkje vinne massemarknaden.»[7] I intervju kommenterte Bowie «ritualkunst»-aspektet ved Outside: «Innspela mine dreidde seg om ideen om rituell kunst - kva alternativ var opne for den slags kvasi-offerande blodbesette kunstformer? Og ideen om ein ny-heidenskap som utviklar seg - særskild i Amerika - med dei nye kultane med tatovering og skarifisering og piercingar og alt det der. Eg trur folk har eit reelt behov for eit andeleg liv, og eg trur det er ein stor andeleg svolt på gang. Det er eit hol som er forlate av eit autoritativt religiøst organ - den jødisk-kristne etikken ser ikkje ut til å omfamna alle tinga som folk faktisk treng å ha handtert på den måten - og det har vorte overlate til populærkulturen å suge til seg restane som vald og sex.»[13]

Konsertopptak[endre | endre wikiteksten]

Bowie framførte songen første gongen på Late Show with David Letterman den 25. september 1995, dagen før albumet kom ut i USA.[4] Han framførte songen på konserten for 50-årsdagen hans i New York City den 9. januar 1997, og denne utgåva kom ut på CD-en Earthling in the City.[7] Ein versjon spelt inn i juli 1996 under Phoenixfestivalen i Stratford-upon-Avon i Warwickshire i England kom ut på konsertalbumet LiveAndWell.com i 2000.[7] Han vart spelt fast på Outside-turneen i 1995-1996 og ein versjon frå 1995 under turneen kom ut i 2020 på Ouvre le Chien (Live Dallas 95). Han vart stundom framført på Earthling-turneen i 1997,[7] og songen var med på konsertalbumet Look at the Moon! (Live Phoenix Festival 97) (2021).

Andre utgjevingar[endre | endre wikiteksten]

Radioutgåva kom ut på samlealbuma Best of Bowie (2-CD US/Canada 2002) og Nothing Has Changed (3-CD 2014). Fleire av miksane kom ut i 2004 på den avgrensa doble utgåva av Outside. Songen vart nytta under rulleteksten til filmen Seven i 1995, men kom ikkje ut på det offisielle filmusikkalbumet.

Versjonar[endre | endre wikiteksten]

Tittel Miks/ekstra produksjon Lengd Ekstra
Radio Edit David Richards & David Bowie 3:32
Bowie Mix (albumversjonen) David Richards & David Bowie 4:56
Alt. Mix Trent Reznor & Dave Ogilvie med Chris Vrenna 5:19 assistent: Angel Ylisastigui - ekstra manipulasjon: M.W. Gacy
Good Karma Mix (Simenon Mix) Tim Simenon 5:01
Rubber Mix Tony Maserati & Robert Holmes 7:41 programmering: Tony Maserati - bass: Bill Stair
Simple Text Mix Tony Maserati & Robert Holmes 6:38 programmering: Tony Maserati - bass: Bill Stair
Filthy Mix Tony Maserati & Robert Holmes 5:51 programmering: Tony Maserati

Bowie Mix er tilskriven som ein Tony Maserati & Robert Holmes-miks på fleire utgjevingar, men er identisk til albumversjonen.

Innhald[endre | endre wikiteksten]

  • Alle songar skrivne av Bowie/Eno/Gabrels/Kizilcay/Campbell, utanom «Nothing to be Desired» som er skriven av Bowie/Eno.

CD-versjon[endre | endre wikiteksten]

  1. «The Hearts Filthy Lesson (Radio Edit)»–3:32
  2. «I Am With Name»–4:06
  3. «The Hearts Filthy Lesson (Bowie Mix)»–4:56
  4. «The Hearts Filthy Lesson (Trent Reznor Alt. Mix)»–5:19

Amerikansk CD-versjon[endre | endre wikiteksten]

  1. «The Hearts Filthy Lesson (albumversjon)»–4:57
  2. «The Hearts Filthy Lesson (Simenon Mix)»–5:01
  3. «The Hearts Filthy Lesson (Trent Reznor Alt. Mix)»–5:19
  4. «Nothing to Be Desired»–2:15

Amerikansk promo CD-versjon[endre | endre wikiteksten]

  1. «The Hearts Filthy Lesson (Radio Edit)»–3:32
  2. «The Hearts Filthy Lesson (Simenon Mix)»–5:01
  3. «The Hearts Filthy Lesson (Trent Reznor Alt. Mix)»–5:19
  4. «The Hearts Filthy Lesson (albumversjon)»–4:57

Britisk 12"-versjonen[endre | endre wikiteksten]

  1. «The Hearts Filthy Lesson (Trent Reznor Alt. Mix)»–5:19
  2. «The Hearts Filthy Lesson (Bowie Mix)»–4:56
  3. «The Hearts Filthy Lesson (Rubber Mix)»–7:41
  4. «The Hearts Filthy Lesson (Simple Text Mix)»–6:38
  5. «The Hearts Filthy Lesson (Filthy Mix)»–5:51

Britisk 12" 1-spors promoversjon[endre | endre wikiteksten]

  1. «The Hearts Filthy Lesson (Trent Reznor Alt. Mix)»–5:19

Britisk 12" 3-spors promoversjon[endre | endre wikiteksten]

  1. «The Hearts Filthy Lesson (Rubber Mix)»–7:41
  2. «The Hearts Filthy Lesson (Simple Text Mix)»–6:38
  3. «The Hearts Filthy Lesson (Filthy Mix)»–5:51

Britisk 12" biletdisk[endre | endre wikiteksten]

  1. «The Hearts Filthy Lesson (Trent Reznor Alt. Mix)»–5:19
  2. «The Hearts Filthy Lesson (Bowie Mix)»–4:57
  3. «The Hearts Filthy Lesson (Rubber Mix)»–7:41
  4. «The Hearts Filthy Lesson (Simple Text Mix)»–6:38
  5. «The Hearts Filthy Lesson (Filthy Mix)»–5:51

Amerikansk 12" promoversjon[endre | endre wikiteksten]

  1. «The Hearts Filthy Lesson (Good Karma Mix)»–5:01
  2. «The Hearts Filthy Lesson (Alt. Mix)»–5:19
  3. «The Hearts Filthy Lesson (Bowie Mix)»–4:57
  4. «The Hearts Filthy Lesson (Rubber Mix)»–7:41
  5. «The Hearts Filthy Lesson (Filthy Mix)»–5:51

Europeisk forma CD-versjon[endre | endre wikiteksten]

  1. «The Hearts Filthy Lesson (Trent Reznor Alt. Mix)»–5:19
  2. «The Hearts Filthy Lesson (Bowie Mix)»–4:56

Medverkande[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Zaleski, Annie (4. februar 2017). «David Bowie's «Earthling» is 20 years old today». Salon. Henta 15. september 2021. 
  2. Terich, Jeff; Pearson, Paul; Braunstein, Ben; Blyweiss, Adam (5. august 2021). «10 Essential Album produserte av Brian Eno». Treble. Henta 15. september 2021. 
  3. Spanos, Brittany (14. september 2021). «Readers' Poll: The 10 Best David Bowie Music Videos». Rolling Stone. Henta 15. september 2021. 
  4. 4,0 4,1 4,2 4,3 O'Leary 2019, s. 386–387.
  5. Pegg 2016, s. 105.
  6. Pegg, Nicholas. The Complete David Bowie. s. 91. 
  7. 7,0 7,1 7,2 7,3 7,4 7,5 7,6 Pegg 2016, s. 106.
  8. «David Bowie». Official Charts. Henta 12. september 2021. 
  9. «Image : RPM Weekly». Library and Archives Canada. Henta 15. september 2021. 
  10. «New Releases: Singles» (PDF). Music & Media: 10. 16. september 1995. Henta 18. mai 2021. 
  11. «Reviews: Singles» (PDF). Music Week: 10. 2. september 1995. Henta 12. mai 2021. 
  12. «David Bowie - The Hearts Filthy Lesson (Song)». Swedish Charts. Hung Medien. Henta 12. september 2021. 
  13. Ian Penman, http://www.algonet.se/~bassman/articles/95/e.html The Resurrection of Saint Dave Esquire Magazine (October 1995)