Pallas Athena av David Bowie

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Pallas Athena
av David Bowie
frå albumet Black Tie White Noise
Utgjeve 5. april 1993
Innspelt 1992
Sjanger House
Lengd 4:40
Selskap Savage
Låtskrivar(ar) David Bowie
Produsent
Pallas Athena
Singel av David Bowie som Tao Jones Index
B-side «V-2 Schneider» (live)
Utgjeve 26. august 1997
Innspelt Paradiso, Amsterdam, Nederland
10. juni 1997
Sjanger Drum and bass, alternativ dance, IDM
Lengd 8:18
Selskap BMG
74321 51254 1
Låtskrivar(ar) David Bowie
David Bowie-kronologi
«Seven Years in Tibet»
(1997)
Pallas Athena «I'm Afraid of Americans»
(1997)


«Pallas Athena» er ein song skriven av David Bowie i 1993 for albumet Black Tie White Noise. Eit konsertopptak av songen vart spelt inn og gjeve ut i 1997 under Earthling-turneen til Bowie.

Bowie brukte å spele ein drum'n'bass-versjon av songen under Earthling-turneen sin i 1997 og eit konsertopptak frå Paradiso i Amsterdam i Nederland den 10. juni 1997 vart gjeven ut på singel under namnet Tao Jones Index, i ei særs avgrensa utgåve som berre var tilgjengeleg som 12" vinyl. Bowie spelte som Tao Jones Index i eit dance-telt på Phoenix Festival i 1997. Det var eit ordspel på fødenamnet hans David Jones, og at han nyleg hadde gjeve ut Bowie-obligasjonar på Dow Jones-indeksen.

Bakgrunn[endre | endre wikiteksten]

Gresk statue av Atene.

Pallas Atene er ei nemning for den greske gudinna Atene, som særleg blei dyrka i Aten under den greske antikken. Songnamnet «Pallas Athena» kan dermed syna til religion og ikonar og set stemninga for eit mørkt stykke som handlar om makta religion har over menneskja.

Teksten er heller enkel, men den gjentekne linja som opnar stykket, «God is on top of it all, that's all», som vert framført på ein illevarslande og truande måte frå ein afroamerikansk predikant, i lag med strykarar som spelar ein sorgtung melodi. Stykket utviklar seg til ein techno-song, der strykarane held den illevarsalnde stemninga over bass og trommer. David Bowie spelar saksofon forsterka til ein skrik-liknande lyd, i lag med Lester Bowie på trompet. Ein tekst «We are, we are, we are, we are praying» vert repetert gjennom avslutninga av songen. Til sjuande og sist gjentar songen interessa Bowie hadde for korleis mennesket stiller seg til Gud.

Bowie brukte å spele ein drum'n'bass-versjon av songen i 1997 under Earthling-turneen, og eit konsertopptak vart spelt inn i Paradiso i Nederland 10. juni 1997. Denne kom ut på singel under namnet Tao Jones Index, i ei særs avgrensa utgåve som berre var tilgjengeleg på 12"-vinyl.

I juni 2010 vart denne tilgjengeleg på ein digital EP.[1]

Innhald[endre | endre wikiteksten]

All tracks are skriven av David Bowie.

12": Arista / MEAT 1 (Storbritannia)[endre | endre wikiteksten]

  1. «Pallas Athena» (Don't Stop Praying Remix No 2) - 7:24
  2. «Pallas Athena» (Don't Stop Praying Remix) - 5:36
  3. «Pallas Athena» (Gone Midnight Mix) - 4:21
  • Britisk promo frå 1993
  • Alle miksane vart utan namn på den originale utgjevinga, dei kom først på seinare utgjevingar[2]
  • Alle remiksar av Jack Dangers, Don't Stop Praying Remix No 2 og Gone Midnight Mix vart ikkje gjevne ut nokon andre stader på den tida.

12": Arista / 74321 51254 1 (Storbritannia)[endre | endre wikiteksten]

  1. «Pallas Athena (live)» - 8:18
  2. «V-2 Schneider (live)» - 6:45
  • Begge spelte inn på Paradiso i Amsterdam 10. juni 1997
  • Avgrensa utgåve på berre 2 000 eksemplar.

Digital EP 2010[endre | endre wikiteksten]

  1. «Pallas Athena (album)» - 4:40
  2. «Pallas Athena (Don't Stop Praying Remix)» - 5:38
  3. «Pallas Athena (Don't Stop Praying Remix No. 2)» - 7.24
  4. «Pallas Athena (Gone Midnight mix)» - 4.20

Andre utgjevingar[endre | endre wikiteksten]

  • Ein remiksa versjon av songen kalla «Don't Stop Praying Remix No 2» vart gjeven ut som bonusspor på den japanske CD-versjonen av Black Tie White Noise, i tillegg til 10-årsjubileumsutgåva frå 2003. «Don't Stop Praying Remix No 1» vart gjeven ut på singelen «Jump They Say» i lag med albumversjonen.
  • Konsertopptaket, miksa av Mark Plati, vart gjeven ut på singelen «Seven Years in Tibet» i august 1997. Denne versjonen finst på bonusplata som følgde Digibook Expanded Edition av Earthling, fire-plater-utgåva av plateboksen Sound + Vision og den sjeldne EPen, Earthling In the City.
  • The Gone Midnight-miksen kom òg ut på 4-plater-utgåve av Sound + Vision, som den einaste songen med meir enn ei utgåve på denne samlinga.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. «BowieNet (26. mars 2010)». Arkivert frå originalen 12. september 2021. Henta 13. september 2021. 
  2. Altenburg, Ruud. «Pallas Athena (Arista MEAT 1)». The Illustrated db Discography. Henta 13. september 2021.