Cat People (Putting Out Fire)

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Cat People (Putting Out Fire)
Singel av David Bowie
frå albumet Cat People: Original Soundtrack
B-side

«Paul's Theme (Jogging Chase)»

Språk engelsk
Utgjeve April 1982
Innspelt juli 1982
Studio Mountain Studios i Montreux
Sjanger New wave[1]
Lengd 4:08 (redigert)
6:41 (full versjon)
Selskap MCA
Komponist Giorgio Moroder
Tekstforfattar David Bowie
Låtskrivar(ar) Giorgio Moroder (musikk)
David Bowie (tekst)
Produsent Giorgio Moroder
David Bowie-kronologi 
'Baal'
(1982)
Cat People (Putting Out Fire) Peace on Earth/Little Drummer Boy
(1982)


«Cat People (Putting Out Fire)» er ein song spelt inn av den engelske musikaren David Bowie. Songen var tittelsporet til den erotiske skrekkfilmen Cat People frå 1982 og Bowie vart involvert på sporet etter at regissøren Paul Schrader kontakta han om eit samarbeid. Songen vart spelt inn i Mountain Studios i Montreux i Sveits i juli 1981. Bowie skreiv teksten, som reflekterte filmen, medan den italienske produsenten Giorgio Moroder komponerte musikken, som er bygd kring berre to akkordar.

Songen vart gjeven ut på singel på selskapet til Moroder, MCA Records i april 1982 og kom ut i to utgåver på 7"- og 12"-vinyl. Ulike land hadde ulike variantar. Han kom òg ut på det tilhøyrande filmmusikkalbumet. Singelen selde godt og gjekk inn på singellista i både Storbritannia og USA og toppa listene i New Zealand, Sverige, Noreg og Finland. Han vart rekna som ein av dei beste innspelingane til Bowie i 1980-åra. Songen har sidan komen ut på fleire samlealbum og vart ommastra i 2017 for plateboksen A New Career in a New Town (1977–1982).

Bowie var misnøgd med den originale innspelinga og laga ein ny versjon for det 15. studioalbumet sitt, Let's Dance (1983), spelt inn i Power Station i New York City i desember 1982. Innspelingar var produsert av Chic-medlemmet Nile Rodgers med sologitar av bluesgitaristen Stevie Ray Vaughan. Nyinnspelinga er meir aggresiv. Trass i at nyinnspelinga er den mest kjende versjonen på grunn av suksessen til albumet, er det mange kommentatorar som har meint at denne er langt dårlegare enn originalinnspelinga. Nyinnspelinga vart ommastra i 2018 som ein del av plateboksen Loving the Alien (1983–1988).

Bakgrunn[endre | endre wikiteksten]

Etter Bowie gav ut Scary Monsters (and Super Creeps) i 1980, fokuserte Bowie på andre prosjekt utafor musikken. Han fekk hovudrolla som Joseph «John» Merrick i Broadway-skodespelet The Elephant Man, som gjekk frå 29. juli 1980 til 3. januar 1981. Bowie fekk mykje skryt for rolla.[2][3]John Lennon vart myrda i desember 1980 gjekk det hardt inn på Bowie. Han ønskte ikkje å fornye kontrakten med Elephant Man og avlyste planane om ein turné for Scary Monsters i 1981. Han drog til Sveits og heldt seg tilbaketrekt. Han nekta òg å spele inn ny musikk fordi han var frustrert på selskapet hans RCA Records og kontraktproblem med den tidlegare manageren Tony Defries.[4]

Innspeling og komposisjon[endre | endre wikiteksten]

I 1980 kontakta regissøren Paul Schrader Bowie og spurte han om eit samarbeid på temasongen til filme Cat People, ein ny versjon av skrekkfilmen til Jacques Tourneur frå 1942.[5] Biografen Chris O'Leary skildrar den originale filmen som «ei subtil utforsking av seksuell undertrykking og framandfrykt», medan han kallar nyinnspelinga «blodig versjon som var på moten på denne tida».[4] Sidan den italienske produsenten Giorgio Moroder alt hadde spelt inn det meste av musikken, vart Bowie spurt om å skrive tekst til hovudtemaet.[5] Bowie møtte Moroder i juli 1981 i Mountain Studios i Montreaux i Sveits for å spele inn «Cat People».[5] Under den same innspelinga møtte Bowie det engelske rockebandet Queen, som spelte inn albumet sitt Hot Space.[6] Etter å ha spelt inn korvokal for songen deira «Cool Cat»,[7] førte det til eit samarbeid på «Under Pressure».[5]

Sjølve songen opprettheld den mørke tonen i filmen, og har noko påverknad av goth rock som Bowie syng i ein djup baryton, medan eit kvinneleg kor syng bak han, ein kombinasjon The Sisters of Mercy skulle nytte mykje år seinare. Bowie hoppar ein oktav på ordet «gasoline» og det har sidan blitt kalla «ein strålande augneblink»[8] og «blant dei mest spanande augneblikka han nokon gong festa til lydband».[5] Musikken til Moroder er bygd kring to akkordar,[9] inkludert c moll.[8] Teksten til Bowie reflekterer pretensjonane til filmen og henta inspirasjon frå dei tidlegare songane hans «Sound and Vision» og «It's No Game», som linja «those who feel me near / pull the blinds and change their minds».[5] Bowie sa om filmen: «Det fungerer på ein draumetilstand, det kjennest som den typen ting du går gjennom om natta. Det er slik eg ser på han lyrisk.»[8]

Utgjeving[endre | endre wikiteksten]

«Cat People (Putting Out Fire)» kom ut på singel i april 1982.[6] På grunn av kontrakten til Moroder vart singelen vart gjeven ut av MCA Records. B-sida var «Paul's Theme (Jogging Chase)», ein komposisjon av Moroder frå musikken til Cat People.[5]

Singelen kom ut i ulike redigerte utgåver. Den fulle versjonen av songen på 6:45 kom med på filmmusikkalbumet, og på 12"-versjonen av singelen, medan ein 4:08 lang versjon vart gjeven ut som singel på 7". I Australia vart det gjeve ut ein 9:20 lang versjon med ekstra saksofon og synthesiser, på ein 12"-singel. Andre versjonar var ein 3:18 lang versjon for ein amerikansk og tysk promosingel, og ein 3:08 lang versjon for ein nederlandsk promo. Ein miks som er 4:55 lang finst i sjølve filmen Cat People, med ekstra panterbrøl..[5]

Singelen selde godt då han kom ut. 7"-singelen nådde 26. plassen på UK Singles Chart, og låg på lista i seks veker,[10] og han nådde 13. plassen i Canada.[11] I USA gjekk 7"-singelen inn på tre ulike Billboard-lister. Han nådde 67. plassen på Pop Singles-lista, der han låg inne i ti veker, niandeplassen på Mainstream Rock-lista, der han låg inne i 20 veker, og ein 14. plass på Club Play Singles-lista, der han var inne i 16 veker.[12] I andre land gjekk songen til topps i New Zealand, der han låg i tre veker,[13] og det same gjorde han i Sverige i fire veker,[14] og i Noreg i sju veker på toppen på rad, før han seinare låg enno ei veke på toppen.[15] Singelen nådde òg toppen av lista i Finland.[16]

Ein RCA-sjef trudde at samarbeidet kunne føre til eit meir «lyttarvenleg» album som Young Americans (1975). Sjefen sa til ein kollega: «Om det er ikkje fåror vanskeleg, ville det vore fint om DB gjekk inn i studio og spelte inn eit verkeleg album.»[17] Han gjorde ikkje det. I staden spelte han i Alan Clarke-skodespelet Baal og hadde roller i fleire filmar, som The Hunger og Merry Christmas, Mr. Lawrence, begge i 1983.[18][19]

I lag med det tilhøyrande filmmusikkalbumet i 1982 har «Cat People (Putting Out Fire)» komen ut på mange ulike samlealbum. Den fulle 12"-singelversjonen kom ut på den amerikanske Bowie: The Singles 1969–1993 i 1993,[5]Sound + Vision-samlinga frå 2003 og på Re:Call 3, ein del av plateboksen A New Career in a New Town (1977–1982) i 2017.[20][21] Den kortare 7"-utgåva kmo ut på ikkje britiske versjonar av Best of Bowie (2002) og The Platinum Collection (2005).[5]

Innhald[endre | endre wikiteksten]

«Cat People (Putting Out Fire)» skriven av Bowie og Moroder. «Paul's Theme (Jogging Chase)» skriven av Moroder.[22][23][24]

UK 7"-singel

  1. «Cat People (Putting Out Fire)» – 4:08
  2. «Paul's Theme (Jogging Chase)» – 3:51

UK 12"-singel

  1. «Cat People (Putting Out Fire)» – 6:41
  2. «Paul's Theme (Jogging Chase)» – 3:51

Australsk 12"-singel

  1. «Cat People (Putting Out Fire)» – 4:08
  2. «Cat People (Putting Out Fire)» – 9:20
  • etiketten seier lengda er 6:41, men den er i røynda 9:20

Let's Dance-versjonen[endre | endre wikiteksten]

Cat People (Putting Out Fire)
Song av David BowieGiorgio Moroder
frå albumet Let's Dance
Utgjeve 14. april 1983
Innspelt Desember 1982
Sjanger
Lengd 5:09
Selskap EMI America
Komponist Giorgio Moroder
Tekstforfattar David Bowie
Produsent

Etter at Bowie forlet RCA Records og signerte ein ny avtale med EMI America Records seint i 1982,[25] ønskte Bowie å byrje på nytt med ein ny produsent. Han ønskte ein kommersiell stil og valde ut Nile Rodgers frå bandet Chic, eit av dei bestseljande banda seint i 1970-åra.[26] Etter å ha spelt inn demoar i Montreux i Sveits,[27] for Let's Dance byrja innspelinga i Power Station i New York City dei første tre vekene av desember 1982.[25]

Bowie var ikkje nøgd med akkompagnementet til Moroder på «Cat People», og sa til Rodgers at han ønskte å gjere han om att. Rodgers sa i 1984: «Måten 'Cat People' kom ut på filmusikken plaga han verkeleg. Han likte det ikkje i det heile. Han spelte med den originale demoutgåva hans og eg sa 'Wow, er det slik 'Cat People' går?'»[8] For nyinnspelinga gjorde Rodgers det i halvtakt «men heldt det same tempoet, slik at Bowie kunne syngje vokalen på same måten.»[8] Bowie hevda i 1983: «Eg tok instrumenta bort. Dei svingar ikkje ein tryllestav over teksten. Dei får akkordane rett, og det var omtrent berre det eg ønskte å gjere.»[8]

Nyinnspeling er av Pegg og O'Leary skildra som meir «aggressiv». Synthesiseren på originalen er erstatta av andre klaverinstrument, versa er «halverte» og korvokalen er køyrde gjennom ein Eventide Harmonizer med tonen heva til ein ters.[5][8] Som på resten av albumet,[28] spelte den då ukjende bluesgitaristen Stevie Ray Vaughan sologitar på songen. Sjølv om O'Leary likte soloen hans betre enn på originalen kalla Pegg han «alarmerande middelmåtig».[5][8] O'Leary meinte vidare at vokalen til Bowie var langt svakare enn på originalen, og kalla framføringa hans «hes» og «overilt»: «han tar til og med vekk krafta i 'gasoline!'-augneblinken, som om stor dramatikk no var under hans verde.»[8]

Nyinnspelinga av «Cat People (Putting Out Fire)» kom ut 14. april 1983 som det sjuande og nest siste sporet på studioalbumet Let's Dance, plassert mellom ein coverversjon av «Criminal World» og «Shake It».[29] Nyinnspelinga vart òg gjeven ut som B-sida til tittelsporet den 14. mars.[30] Han vart sidan spelt gjennom heile Serious Moonlight-turneen.[5]

Nyinnspelinga vart ommastra, i lag med resten av albumet, i 2018 som ein del av plateboksen Loving the Alien (1983–1988) og gjeve ut separat året etter.[31] Eit konsertopptak spelt inn 12. september 1983 kan høyrast på konsertalbumet Serious Moonlight (Live '83), som kom ut på Loving the Alien (1983–1988)[31] og i 2019 gjeven ut separat. Konserten vart filma og finst òg på konsertvideoen Serious Moonlight og DVD-utgåve av Best of Bowie.[32]

Mottaking[endre | endre wikiteksten]

Den originale versjonen av «Cat People» har blitt hylla som ei av dei beste innspelingane til Bowie i 1980-åra.[5] I ei melding av den originale ommastra utgåva som ein del av A New Career in a New Town (1977–1982) kalla Chris Gerard i PopMatters songen «grublande» og ein av dei «mest potente singlane av Bowie frå den tida».[20] Nyinnspelinga er derimot blitt kritisert av biografane til Bowie og andre kritikarar som ei langt dårlegare utgåve enn originalinnspelinga.[8] I ei melding for Let's Dance då denne kom ut var Carol Cooper i Record kritisk til nyinnspelinga og skreiv «Chic-dynamikk over eit definitivt Bowie/Moroder-stykke er heilt unødvendig.»[33] Pegg kalla nyinnspelinga «desidert våt» og at på grunn av den massive suksessen til Let's Dance, er nyinnspelinga meir kjend enn originalen.[5] Trynka skriv at nyinnspelinga «vanhelgar minnet om ein Bowie-klassikar».[34] Sjølv om Dave Thompson i AllMusic kalla originalen ein «djupt atmosfærisk og særs effektiv temasong]», avskreiv han nyinnspelinga som «utan klør og kastrert», og at «fans av originalen bør styre så langt unna nyinnspelinga som dei kan».[35]

Ettermæle[endre | endre wikiteksten]

«Cat People (Putting Out Fire)» har blitt spelt inn av mange andre artistar, som Klaus Waldeck i 2003 (på singelen for albumet sitt The Night Garden Reflowered), Glenn Danzig i 2007 (på The Lost Tracks of Danzig) og Sharleen Spiteri i 2010 (på albumet hennar The Movie Songbook).[5] Ein versjon med Marilyn Manson vart spelt inn av Shooter Jennings i 2016 for hyllestalbumet Countach (For Giorgio). Coverversjonen vart marknadsført av ein 16-bit musikkvideo med Manson.[36]

Songen har òg dukka opp i andre filmar som Firestorm (1998),[5] Atomic Blonde (2017),[37] og Inglourious Basterds (2009).[1] Songen vart nytta i ein sentral scene for ein av hovudrollene i filmen. Ved å bruke «Cat People» for filmen sa regissøren Quentin Tarantino: «Du er faktisk sjokkert over kor bra teksten på 'Cat People' fungerer for soga hennar.»[38] Trynka skriv at etter nyinnspelinga på Let's Dance vart originalinnspelinga «gravd opp» då han vart nytta i Tarantino-filmen.[34] Same året var songen i episoden «Cafe Disco» den amerikanske TV-serien The Office.[5]

Medverkande[endre | endre wikiteksten]

I følgje biografen Chris O'Leary:[30]

Originalversjonen

  • David Bowie – solovokal
  • Giorgio Moroder – gitar, bass, klaverinstrument, producer
  • Michael Landau, Tim May – gitar
  • Sylvester Levay – piano, gitar
  • Brian Banks – klaverinstrument
  • Charles Judge – klaverinstrument
  • Leland Sklar – bass
  • Keith Forsey – trommer, perkusjon
  • Craig Huxley – blaster beam
  • Alex Brown, Paulette McWilliams, Stephanie Spruill – korvokal

Let's Dance-versjonen

Salslister[endre | endre wikiteksten]

1982 salslister for «Cat People»
Liste (1982) Plassering
Australia (Kent Music Report)[39] 15
Canadian Singles (RPM)[11] 13
Finland (Suomen virallinen lista)[16] 1
Irish Singles Chart 17
New Zealand Singles Chart[13] 1
Den norske VG-lista[15] 1
Den svenske singellista[14] 1
Den sveitsiske singellista[40] 8
UK Singles Chart[10] 26
US Billboard Pop Singles[12] 67
US Billboard Club Play Singles[12] 14
US Billboard Mainstream Rock[12] 9

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 Erlewine, Stephen Thomas. «Inglourious Basterds [Original Soundtrack] – Original Soundtrack». AllMusic. Arkivert frå originalen 15. juli 2018. Henta 4. september 2021. 
  2. Pegg 2016, s. 662–664.
  3. Buckley 2005, s. 324–325.
  4. 4,0 4,1 O'Leary 2019, s. 164–166.
  5. 5,00 5,01 5,02 5,03 5,04 5,05 5,06 5,07 5,08 5,09 5,10 5,11 5,12 5,13 5,14 5,15 5,16 5,17 Pegg 2016, s. 57.
  6. 6,0 6,1 Trynka 2011, s. 366.
  7. O'Leary 2019, s. 166.
  8. 8,00 8,01 8,02 8,03 8,04 8,05 8,06 8,07 8,08 8,09 O'Leary 2019, s. 165.
  9. Trynka 2011, s. 365.
  10. 10,0 10,1 «Cat People (Putting Out Fire) – full Official Chart History». officialcharts.com. Official Charts Company. Henta 4. september 2021. 
  11. 11,0 11,1 «Image : RPM Weekly». Henta 21. februar 2016. 
  12. 12,0 12,1 12,2 12,3 «Cat People (Putting Out Fire) – Chart History». Billboard. Henta 10. juli 2021. 
  13. 13,0 13,1 «David Bowie – Cat People (Putting Out Fire) (Song)». charts.org.nz. Henta 20. august 2021. 
  14. 14,0 14,1 «swedishcharts.com». Henta 23. november 2008. 
  15. 15,0 15,1 «norwegiancharts.com». Henta 23. november 2008. 
  16. 16,0 16,1 Pennanen, Timo (2006). Sisältää hitin – levyt ja esittäjät Suomen musiikkilistoilla vuodesta 1972 (på finsk). Helsinki: Kustannusosakeyhtiö Otava. 
  17. Sandford 1997, s. 212–213.
  18. Pegg 2016, s. 667–670.
  19. Doggett 2012, s. 390.
  20. 20,0 20,1 Gerard, Chris (12. oktober 2017). «Filtered Through the Prism of David Bowie's Quixotic Mind: 'A New Career in a New Town'». PopMatters. s. 2. Arkivert frå originalen 24. august 2020. Henta 24. august 2021. 
  21. «A New Career in a New Town (1977–1982) – David Bowie Latest News». DavidBowie.com. 22. juli 2016. Arkivert frå originalen 30. mai 2014. Henta 2. september 2021. 
  22. «Cat People (Putting Out Fire)» (7« single liner notes). David Bowie. UK: MCA Records. MCA 770. 
  23. »Cat People (Putting Out Fire)« (12» single liner notes). David Bowie. UK: MCA Records. MCAT 770. 
  24. «Cat People (Putting Out Fire)» (12"-singel liner notes). David Bowie. Australia: MCA Records. DS 12087. 
  25. 25,0 25,1 Buckley 2005, s. 334–335.
  26. Buckley 2005, s. 335–336.
  27. Buckley 2005, s. 337.
  28. White, Timothy (May 1983). «David Bowie Interview». Musician (55): 52–66, 122. 
  29. Erlewine, Stephen Thomas. «Let's Dance – David Bowie». AllMusic. Arkivert frå originalen 2. september 2021. Henta 2. september 2021. 
  30. 30,0 30,1 O'Leary 2019, s. 164.
  31. 31,0 31,1 «David Bowie Loving The Alien (1983 – 1988) due October». David Bowie Official Website. 18. juli 2018. Arkivert frå originalen 17. februar 2021. Henta 4. september 2021. 
  32. Pegg 2016, s. 640–641, 645–646.
  33. Cooper, Carol (July 1983). «David Bowie: Let's Dance (EMI/America)». Record. Henta 2. september 2021 – via Rock's Backpages. 
  34. 34,0 34,1 Trynka 2011, s. 490.
  35. Thompson, Dave. ««Cat People (Putting Out Fire)» – David Bowie Song Info». AllMusic. Arkivert frå originalen 4. juli 2019. Henta 4. september 2021. 
  36. Moore, Sam (3. august 2016). «Watch Marilyn Manson star in disturbing 16-bit video for his cover of David Bowie's 'Cat People'». NME. Time Inc. UK. Arkivert frå originalen 5. august 2016. Henta 4. september 2021. 
  37. White, Caitlin (17. juli 2017). «How 'Atomic Blonde' Director David Leitch Used Music To Turn A Stuffy Cold War Film Into A Spy Thriller». Uproxx. Arkivert frå originalen 29. juli 2017. Henta 29. juli 2017. 
  38. Milian, Mark (22. august 2009). «Quentin Tarantino's method behind 'Inglourious Basterds' soundtrack mix-tape». The Los Angeles Times (Tribune Co). Arkivert frå originalen 2. februar 2010. Henta 1. februar 2009. 
  39. Kent, David (1993). Australian Chart Book 1970–1992. St Ives, NSW: Australian Chart Book. ISBN 0-646-11917-6. 
  40. «hitparade.ch». Henta 23. november 2008. 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]


Føregangar
«Ein bißchen Frieden»
Nicole
Toppen av VG-lista
David Bowie

7 veker, veke 26–32, 1982
Etterfylgjar
«Eye of the Tiger»
Survivor
Føregangar
«Eye of the Tiger»
Survivor
Toppen av VG-lista
David Bowie

1 veke, veke 34–1982
Etterfylgjar
«Eye of the Tiger»
Survivor