Golden Years

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Golden Years
Singel av David Bowie
frå albumet Station to Station
B-side

«Can You Hear Me?»

Utgjeve 21. november 1975
Innspelt September 1975
Studio Cherokee i Los Angeles
Sjanger
Lengd 3:27 (singel)
4:03 (album)
Selskap RCA
Låtskrivar(ar) David Bowie
Produsent
David Bowie-kronologi 
«Fame»
(1975)
Golden Years «TVC 15»
(1976)


«Golden Years» er ein song skriven og spelt inn av den engelske musikaren David Bowie. Han vart opphavleg gjeven ut på singel i november 1975 og i ei lengre utgåve året etter på albumet Station to Station.

Songen var den første som vart gjort ferdig under innspelinga av Station to Station, ein periode der kokainmisbruket til Bowie var på sitt verste.[1] På eit stadium var namnet på singelen òg planlagt som namnet på albumet.[2]

Innspelinga vart produsert av Bowie i lag med Harry Maslin, og vart spelt inn i september 1975 i Cherokee Studios i Los Angeles. Det var det første sporet som var ferdig under innspelinga, ein periode då kokainmisbruket til Bowie var på sitt verste. På eit stadium var songen meint å vere tittelsporet på albumet. Musikalsk er «Golden Years» ein funk- og disco-song som minner meir musikken på det førre albumet hans, Young Americans, enn på resten av albumet det høyrer til. Songen vart ein kommersiell suksess og nådde åttandeplassen i Storbritannia og 10. plassen i USA. Songen vart sporadisk spelt av Bowie på Isolar-turneen i 1976, men ofte på Serious Moonlight, Sound+Vision og Mini-turneen.

Låtskriving og innspeling[endre | endre wikiteksten]

«Golden Years» var det første sporet som vart spelt inn for Station to Station i september 1975 i Cherokee Studios i Los Angeles.[3][4] Produsenten Harry Maslin fortalte om innspelinga at songen vart «spelt inn og fullført særs raskt. Me visste han var heilt rett i løpet av ti dagar. Men resten av albumet tok eviglang tid.»[5] På eit stadium var songen meint å vere tittelsporet på albumet.[5]

Kven songen er skriven for varierer i kjeldene. I følgje forfattarane Nicholas Pegg, David Buckley og Christopher Sandford vart songen visstnok skriven for Elvis Presley, som avslo tilbodet.[3][6][7] Bowie hugsa at Presley hadde høyrd demoinnspelinga og, fordi begge artistane hadde kontrakt hos RCA Records på den tida, tenkte manageren til Presley, Colonel Tom Parker, at Bowie kunne skrive songar for Presley. Bowie sa at han hadde «elska» Presley og ønskte særs mykje å arbeide med han.[3] Om kontora til dei to artistane var i kontakt med kvarandre, så vart det uansett ikkje noko av. Presley sende ei melding til Bowie som sa «Alt godt, og ha ein flott turné». Bowie tok vare på meldinga resten av livet.[3]

Den første kona til Bowie, Angie Bowie, hevda seinare at songen var skriven for ho,[7][8] og sa at han song songen over telefonen til ho, «akkurat slik han hadde fleire år før då han song «The Prettiest Star». Det hadde ein liknande effekt. Eg kjøpte det.»[6] I følgje Sandford, skal Ava Cherry òg ha blitt hevda å ha vore inspirasjonen til songen.[7]

Komposisjon[endre | endre wikiteksten]

Station to Station er ofte rekna som ei musikalsk bru mellom funk- og soul-musikken på Young Americans og den eksperimentelle musikken i Berlin-trilogien hans.[9] «Golden Years» er ein funk- og disco-song[4][10][11] og er den einaste songen på albumetm som har ein liknande funkstil som på det tidlegare Young Americans enn det som i følgje Pegg var «det meir stålaktige musikalske landskapet» på Station to Station.[5][12] Pegg kommenterte òg at den amerikanske «soul-pop»-rota er «lett gjenkjenneleg». Han sa at hovudriffet «skuldar ei gjeld til» Cliff Nobles- og Company-songen «The Horse» frå 1968 og det fleirspora vokalrefrenget frå singelen «Happy Years» av The Diamonds frå 1958.[5]

Songen går i H-dur og byrjar med eit «enkelt riff på to akkordar (Fiss–E),[13] som Buckley meiner fangar lyttaren med ein gong.[8] Doggett meiner at riffet «minner om»–rettnok «under heilt andre tilhøve»–til tittelsporetAladdin Sane.[4] I følgje Buckley leitte Bowie etter ein måte å etterlikne den glitrande nostalgien i «On Broadway», som han spelte på piano i studio då han kom opp med «Golden Years».[8] Doggett skriv: «Dei magiske ingrediensane var kraftige: raslinga av stikker mot hi-hat-cymbalen frå starten, den oppsiktsvekkande klapringa av treblokker, den brå trommefillen.»[14] Desse kombinerte elementa «kanaliserer» anda til Elvis Presley i versa med ein «hovmodig og strengare tone» i refrenget.[14]

Utgjeving[endre | endre wikiteksten]

«Golden Years» kom ut 21. november 1975 som den første singelen frå Station to Station av RCA Records (som RCA 2640/PB-10441) med Young Americans-sporet «Can You Hear Me?» som B-side og ei lengd på 3:27.[15] Han kom så ut som det andre sporet på albumet, mellom tittelsporet og «Word on a Wing», med ei lengd på 4:03.[16] I følgje Pegg er singelversjonen «i røynda» albumversjonen med ein tidlegare uttoning.[6] Bowie vart visstnok full då han framførte songen for det amerikanske TV-showet Soul Train. Bowie var den fjerde kvite artisten som song på progrmame etter Elton John, Dennis Coffey og Gino Vannelli tidlegare på året.[17] TV-framføringa vart nytta som musikkvideo for å marknadsføre singelen, assistert med den stadige kommersielle suksessen til Bowie i USA, der songen låg inne på lista 16 veker og nådde 10 veker tidleg i 1976. Han nådde åttandeplassen i Storbritannia, der han konkurrerte med ei nyutgjeving av «Space Oddity», som toppa lista.[6] I Canada nådde songen 17. plassen.[18] Songen var òg topp 10 i Irland, Nederland og Sverige. Som digital nedlasting nådde han fjerdeplassen i Ungarn i 2016.

«Golden Years» vart spelt sporadisk av Bowie på Isolar-turneen i 1976,[19], om i det heile, men fast på Serious Moonlight, Sound+Vision og Mini-turneen. Konsertversjonar frå Serious Moonlight og Mini-turneen finst på Serious Moonlight (1983) og Glastonbury 2000 (2018).[20]

Innhald[endre | endre wikiteksten]

Alle songar skrivne av av David Bowie.[15]

  1. «Golden Years» – 3:22
  2. «Can You Hear Me?» – 5:04

Medverkande[endre | endre wikiteksten]

I følgje biografiforfattaren Chris O'Leary:[21]

Produksjon


Andre utgjevingar[endre | endre wikiteksten]

Salslister[endre | endre wikiteksten]

Vekeslister[endre | endre wikiteksten]

Liste (1975–2016) Plassering
Australia (Kent Music Report) 34
Belgia (Ultratop 50 Flandern)[24] 10
Belgia (Ultratop 40 Vallonia)[25] 28
Canada Top Singles (RPM)[26] 17
Frankrike (SNEP)[27] 193
Irland (IRMA)[28] 9
Nederland (Mega Single Top 100)[29] 6
New Zealand (Listener)[30] 18
Sverige (Sverigetopplistan)[31] 10
UK Singles Chart[32] 8
US Billboard Hot 100[33] 10
US Cash Box Top 100[34] 12

Årslister[endre | endre wikiteksten]

Liste (1976) Plassering
Canada[35] 144
US Billboard Hot 100[36] 33

David Bowie vs KCRW[endre | endre wikiteksten]

Golden Years David Bowie vs KCRW
Singel av David Bowie
Utgjeve 2011
Sjanger funk
Selskap Virgin
David Bowie-kronologi 
«Rebel Never Gets Old»
(2004)
Golden Years David Bowie vs KCRW «Where Are We Now?»
(2013)


Ein oppdatert singel for «Golden Years» vart gjeven ut i 2011 i samband med nyutgjevinga av Station to Station. Fire nye remiksar vart laga av DJar frå radiostasjonen KCRW i California.[37]

Innhald[endre | endre wikiteksten]

  1. «Golden Years (Single Version)»  – 3:27
  2. «Golden Years (Anthony Valdez KCRW Remix)»  – 4:22
  3. «Golden Years (Eric J. Lawrence KCRW Remix)»  – 3:11
  4. «Golden Years (Chris Douridas KCRW Remix)»  – 4:25
  5. «Golden Years (Jeremy Sole KCRW Remix)»  – 4:37

Andre versjonar[endre | endre wikiteksten]

  • Nina Hagen - Konsertopptak frå Fearless/Angstlos-turneen
  • Loose Ends - So Where Are You? (1985)
  • Marilyn Manson - Dead Man on Campus (1998)
  • Amberjack Rice, Walter Traggert and Breakfastime - Only Bowie (1995)
  • Swell - Crash Course for the Ravers – A Tribute to the Songs of David Bowie (1996)
  • Track One A.B. - Reverie (1999)
  • Walk DMC - Ashes to Ashes: A Tribute to David Bowie (1998)
  • Essra Mohawk - Spiders from Venus: Indie Women Artists and Female-Fronted Bands Cover David Bowie (2003)
  • Count Zero - .2 Contamination: A Tribute to David Bowie (2006)
  • Mascara - frå See You In LA (1979) med Luther Vandross

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. David Buckley (1999). Strange Fascination - David Bowie: The Definitive Story: s.258-280
  2. Nicholas Pegg (2000). The Complete David Bowie: s.82-83
  3. 3,0 3,1 3,2 3,3 Buckley 2005, s. 236–237.
  4. 4,0 4,1 4,2 Doggett 2012, s. 288.
  5. 5,0 5,1 5,2 5,3 Pegg 2016, s. 175.
  6. 6,0 6,1 6,2 6,3 Pegg 2016, s. 176.
  7. 7,0 7,1 7,2 Sandford 1998, s. 146.
  8. 8,0 8,1 8,2 Buckley 2005, s. 237.
  9. Carr & Murray 1981, s. 78–80.
  10. Mojica, Frank (4. oktober 2010). «David Bowie – Station to Station [Special Edition]». Consequence of Sound. Arkivert frå originalen 9. juli 2016. Henta 9. august 2021. 
  11. Erlewine, Stephen Thomas. «Station to Station – David Bowie». AllMusic. Arkivert frå originalen 24. april 2019. Henta 9. august 2021. «...as well as the disco stylings of 'Golden Years.'» 
  12. Thompson, Dave. ««Golden Years» – David Bowie». AllMusic. Arkivert frå originalen 7. juni 2019. Henta 1. april 2020. 
  13. Doggett 2012, s. 288–289.
  14. 14,0 14,1 Doggett 2012, s. 289.
  15. 15,0 15,1 «Golden Years» (Single liner notes). David Bowie. UK: RCA. 1975. RCA 2640/PB-10441. 
  16. Station to Station (liner notes). David Bowie. UK: RCA. 1976. APL1 1327. 
  17. Carr & Murray 1981, s. 75–80.
  18. «Image : RPM Weekly – Library and Archives Canada». Bac-lac.gc.ca. 17. juli 2013. Arkivert frå originalen 9. oktober 2016. Henta 9. august 2021. 
  19. Pegg 2000, s. 82–83.
  20. Collins, Sean T. (5. desember 2018). «David Bowie: Glastonbury 2000 Album Review». Pitchfork. Arkivert frå originalen 11. juli 2019. Henta 8. august 2021. 
  21. O'Leary 2015, s. 499.
  22. «John I'm Only Dancing (Again)» / «Golden Years» (Single liner notes). David Bowie. US: RCA. 1979. PD-11886. 
  23. «Wild Is the Wind» (Single liner notes). David Bowie. UK: RCA. 1981. BOW 10/PB 9815. 
  24. "Ultratop.be – David Bowie – Golden Years" (på nederlandsk). Ultratop 50. Ultratop & Hung Medien / hitparade.ch.
  25. "Ultratop.be – David Bowie – Golden Years" (på fransk). Ultratop 40. Ultratop & Hung Medien / hitparade.ch.
  26. "RPM Top Singles." RPM. Library and Archives Canada.
  27. "Lescharts.com – David Bowie – Golden Years" (på fransk). Les classement single. Hung Medien.
  28. "The Irish Charts – Search Results – Golden Years". Irish Singles Chart.
  29. "Dutchcharts.nl – David Bowie – Golden Years" (på nederlandsk). Mega Single Top 100. Hung Medien / hitparade.ch.
  30. «Flavour of New Zealand, 9. april 1976». Arkivert frå originalen 23. september 2018. Henta 23. september 2018. 
  31. "Swedishcharts.com – David Bowie – Golden Years". Topp 60. Hung Medien.
  32. «Official Charts Company». Arkivert frå originalen 17. februar 2015. Henta 16. juli 2018. 
  33. Joel Whitburn's Top Pop Singles 1955–1990ISBN 0-89820-089-X
  34. «Cash Box Top 100 Singles, 27. mars 1976». Arkivert frå originalen 20. oktober 2018. Henta 23. september 2018. 
  35. «Top Singles – Volume 26, No. 14 & 15, January 08 1977». RPM. Library and Archives Canada. Arkivert frå originalen 10. juni 2016. Henta 22. januar 2016. 
  36. «Musicoutfitters.com». Arkivert frå originalen 16. november 2018. Henta 23. september 2018. 
  37. Morgenstern, Ariana (29. september 2010). «KCRW DJs Remix Golden Years by David Bowie – KCRW Music Blog». Blogs.kcrw.com. Arkivert frå originalen 9. august 2021. Henta 9. august 2021. 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]