Be My Wife
Be My Wife Singel av David Bowie frå albumet Low | ||
B-side | «Speed of Life» | |
---|---|---|
Utgjeve | Juni 1977 | |
Innspelt | Château d'Hérouville, Hérouville i Frankrike; september 1976 | |
Sjanger | Rock | |
Lengd | 2:55 | |
Selskap | RCA PB 1017 | |
Låtskrivar(ar) | David Bowie | |
Produsent | David Bowie, Tony Visconti | |
David Bowie-kronologi | ||
«Sound and Vision» (1977) |
Be My Wife | «"Heroes"» (1977)
|
«Be My Wife» er ein song og singel av David Bowie, gjeven ut på albumet Low i 1977 og er utan tvil ein av dei mest normale songane på albumet. Det vart mellom anna nytta langt færre elektroniske instrument på songen. Songen har òg ein meir ordinær tekst, som ligg nærare vanlege rockesongar enn dei meir fragmenterte tekstane andre stader på albumet.
Fleire Bowie-analytikarar har rekna songen som ei siste bøn til Angela Bowie i håp om å redde ekteskapet deira. Det hadde oppstått spaning mellom dei to og dei var usamde over kvar dei skulle bu i Europa. Angela hadde tidlegare påverka musikken hans. Han hadde bede ho gifte seg med han med å spele «The Prettiest Star» til ho over telefonen. Til slutt ville ikkje Bowie flytte tilbake til Sveits frå Berlin og forholdet enda omsider med skilsmisse i 1980.
Som den andre singelen frå Low fekk «Be My Wife» den første offisielle Bowie-videoen sidan «Life on Mars?». Videoen var faktisk ganske lik: Bowie står aleine føre ein kvit bakgrunn og syng songen aleine. Songen vart uansett den første nye Bowie-utgjevinga som sidan «Changes» som ikkje nådde lista i Storbritannia.
«Be my wife» vart ofte spelt på forskjellige turnar og Bowie har ofte omtalt songen på konsertar som ein av favorittane sine.
Innhald[endre | endre wikiteksten]
- «Be My Wife» (Bowie) – 2:55
- «Speed of Life» (Bowie) – 2:45
Medverkande[endre | endre wikiteksten]
- Musikarar:
- David Bowie: Vokal, Gitar, pumpebass
- Carlos Alomar: Rytmegitar
- George Murray: Bass
- Dennis Davis: Perkusjon
- Ricky Gardiner: Gitar
- Roy Young: Piano
Konsertversjonar[endre | endre wikiteksten]
- Eit konsertopptak frå 1978-turneen vart spelt inn for Stage, men kom ut på 2005-utgåva av Stage.
- Eit konsertopptak frå Earls Court, London den 1. juli 1978, vart gjeven ut på det halvoffisielle RarestOneBowie i 1994.
- Eit konsertopptak frå Dublin i 2003 finst på David Bowie - A Reality Tour DVD og CD.
Andre utgjevingar[endre | endre wikiteksten]
- Songen finst på samleplatene:
- Sound and Vision-boksen (1989)
- Bowie: The Singles 1969-1993 (1993)
- Han vart gjeven ut som biletplate i RCA Life Time-settet.
Andre versjonar[endre | endre wikiteksten]
- Blame - Ashes to Ashes: A Tribute to David Bowie (1998)
- Exedra - The Dark Side of David Bowie: A Tribute to David Bowie (1997)
- Milk of Korova - .2 Contamination: A Tribute to David Bowie (2006)
Kjelder[endre | endre wikiteksten]
- Denne artikkelen bygger på «Be My Wife» frå Wikipedia på engelsk, den 8. mai 2011.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- Pegg, Nicholas, The Complete David Bowie, Reynolds & Hearn Ltd, 2000, ISBN 1-903111-14-5