Beauty and the Beast av David Bowie

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Beauty and the Beast
Singel av David Bowie
frå albumet “Heroes”
B-side Sense of Doubt
Utgjeve 6. januar 1978
Innspelt Juli–august 1977
Studio Hansa Studio by the Wall i Vest-Berlin
Sjanger Kunstrock, dance-rock
Lengd 3:32
5:18 (12" extended version)
Selskap RCA
PB 1190
PC 1204 (12« Spain)
JD 11204 (12» US promo)
Låtskrivar(ar) David Bowie
Produsent
David Bowie-kronologi
«“Heroes”»
(1977)
Beauty and the Beast «Breaking Glass»
(1978)


«Beauty and the Beast» er ein song av David Bowie, og opningssporet på albumet "Heroes" frå 1977. Han vart gjeven ut som den andre singelen frå albumet i januar 1978 og vart ein liten hitt i Storbritannia der han nådde 39. plassen.

Musikk og tekst[endre | endre wikiteksten]

Songen opnar med ein usamanhengande kombinasjon av piano, gitar, elektronikk og stemmer som aukar i eit crescendo, og det har vorte sagt at det høyrest ut som «om Bowie er i ferd med å omskapast til Hulken».[1] I sjølve songen spelar Robert Fripp sologitar med handsamingar og synthesizer av Brian Eno. Fripp har sagt at gitarspelinga hans på songen vart gjort på direkten like etter han kom i studio første gongen.[2]

Teksten er tolka som eit tilbakeblikk av Bowie på alvorlege stemningssvingningar han hadde under kokainmisbruket sitt då han budde i Los Angeles frå 1975 til 1976, med linja «Thank God Heaven left us standing on our feet», noko som indikerer at songaren er takksam for å ha kome seg gjennom perioden.[3] Uttrykket «someone fetch a priest» uttrykker ikkje eit ønske om religiøs hjelp, men til bannskapen til medprodusent Tony Visconti som han ofte uttrykte under innspelinga av "Heroes", «someone fuck a priest».[3]

Utgjeving og etterverknad[endre | endre wikiteksten]

Som oppfølgjarsingel til «"Heroes"», vart «Beauty and the Beast» rekna som eit uvanleg val,[3] og nådde berre så vidt Topp 40 i Storbritannia. NME-redaktørane Roy Carr og Charles Shaar Murray skreiv at «den skurrande, truande snerten (og det var ein av dei mest truande singlane i eit truande år) gjorde at mange potensielle kjøparar, som hadde kjøpt den førre singelen, heldt seg unna.»[1] Den amerikanske utgåva nådde ikkje lista der, trass i at han hadde den tidlegare nummer-ein-hitten «Fame» som B-side.

Bowie har berre spelt songen live på 1978-turneen, og eit konsertopptak finst på Stage.

I ei anna tolking skreiv James E. Perone: «'Beauty and the Beast' er ein av desse David Bowie-songane med tekst som kan få lyttaren til å klø seg i hovudet og lure på kva dei tyder. Bowie etablerer ei grunnleggjande kjensle av vondskap i lufta gjennom sine impresjonistiske og ikkje-lineære tekstar. Referansane til Bowie let lyttaren lese Beauty and the Beast-karakterane på to mulige måtar. Anten er dei to einingar, eller kanskje to sider av same eining. I begge tilfelle gjenstår det faktum at den mørke sida - som Bowie maler som uunngåelig - styrer situasjonen han konstruerer. Lyttaren må hugse på at Bowie har laga bilete basert på god-vond-dialektikken gjennom heile karrieren: han er ikkje unik for «Beauty and the Beast». Derimot er det interessant å vurdere korleis Berlin kanskje påverka Bowie på dette tidspunktet i karrieren. Visst passer dialektikken mellom Ast-Berlin/Vest-Berlin, kommunisme og demokrati, fint inn i korleis lyttaren kanskje forstår songen.»[4]

Utgjeving og etterverknad[endre | endre wikiteksten]

Som oppfølgjarsingel til «"Heroes"», vart «Beauty and the Beast» rekna som eit uvanleg val,[3] og nådde berre så vidt Topp 40 i Storbritannia. NME-redaktørane Roy Carr og Charles Shaar Murray skreiv at «den skurrande, truande snerten (og det var ein av dei mest truande singlane i eit truande år) gjorde at mange potensielle kjøparar, som hadde kjøpt den førre singelen, heldt seg unna.»[1] Den amerikanske utgåva nådde ikkje lista der, trass i at han hadde den tidlegare nummer-ein-hitten «Fame» som B-side.

Bowie har berre spelt songen live på 1978-turneen, og eit konsertopptak finst på Stage.

Innhald[endre | endre wikiteksten]

7"-singel[endre | endre wikiteksten]

  1. «Beauty and the Beast» (David Bowie) – 3:32
  2. «Sense of Doubt» (Bowie) – 3:57

12"-singel[endre | endre wikiteksten]

  1. «Beauty and the Beast (Special Extended Version)» (Bowie) – 5:18
  2. «Fame» (Bowie, John Lennon, Carlos Alomar) – 3:30
  • 12« was only released in US (as a 12» Promo) and Spain.

Medverkande[endre | endre wikiteksten]

Konsertversjonar[endre | endre wikiteksten]

Andre versjonar[endre | endre wikiteksten]

  • Songen vart spelt av det kristne heavy metal-bandet Deliverance på albumet Camelot-in-Smithereens (1995).

Andre utgjevingar[endre | endre wikiteksten]

Andre utgåver[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 1,2 Roy Carr & Charles Shaar Murray (1981). Bowie: An Illustrated Record: s.91-93
  2. 1960-, Jones, Dylan (2017). David Bowie : a life (First utg.). New York. s. 265. ISBN 9780451497833. OCLC 974992385. 
  3. 3,0 3,1 3,2 3,3 Nicholas Pegg (2000). The Complete David Bowie: s.35
  4. James E. Perone, The words and music of David Bowie, p. 66. Greenwood Publishing Group, 2007. ISBN 0-275-99245-4
  5. «A NEW CAREER IN A NEW TOWN (1977 – 1982) - David Bowie Latest News». DavidBowie.com. 22. juli 2016. Arkivert frå originalen 29. juli 2014. Henta 18. august 2021.