Love Is Lost

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Love Is Lost
Song av David Bowie
frå albumet The Next Day
Utgjeve 8. mars 2013
Sjanger
Lengd 3:57
Selskap
Låtskrivar(ar) David Bowie
Produsent
Love Is Lost (Hello Steve Reich Mix by James Murphy for the DFA)
Singel av David Bowie
frå albumet The Next Day Extra
B-side
  • «I'd Rather Be High» (Venetian Mix)
  • James Murphy Remix (Edit)
Utgjeve 16. desember 2013
Sjanger Electronica
Lengd
    • 10:24 (full versjon)
    • 4:07 (forkorta utgåve)
Selskap
Låtskrivar(ar) David Bowie
Produsent
David Bowie-kronologi
«Valentine's Day»
(2013)
Love Is Lost (Hello Steve Reich Mix by James Murphy for the DFA) «Sue (Or in a Season of Crime)» / «'Tis a Pity She Was a Whore»
(2014)


«Love Is Lost» er ein song av den engelske musikaren David Bowie frå albumet hans The Next Day frå 2013. James Murphy laga «Hello Steve Reich Mix for the DFA» som kom ut som den femte singelen frå albumet for å marknadsføre The Next Day Extra, ei spesialutgåve med bonusspor, remiksar og musikkvideoar. Remiks-versjonen av songen inneheld samplingar frå ei ny innspeling av Steve Reich-stykket Clapping Music i 1972 framført av Murphy og tre andre musikarar, pluss ein sample frå «Ashes to Ashes», Bowie sin hit frå 1980.

Utgjeving[endre | endre wikiteksten]

Singelen er ein redigert versjon av remiksen til James Murphy frå LCD Soundsystem.[4]

Bowie debuterte videoen på Mercurypris-utdelinga den 30. oktober 2013, der The Next Day var på lista for årets album.[4]

Ein 12" avgrensa utgåve på kvit vinyl kom ut 16. desember, som inkluderte remiksen av James Murphy og Venetian Mix av «I'd Rather Be High»[5] (òg frå The Next Day), ein song som vart nytta i Louis Vuitton-reklamen «Voyage», der Bowie sjølv hadde ei rolle.

Det vart laga ein antikrigsvideo for «I'd Rather Be High» i november.

Musikkvideo[endre | endre wikiteksten]

Bowie skreiv og redigerte ein musikkvideo sjølv til ein kostnad av 12,99 amerikanske dollar for ein minnepinne han måtte kjøpe til å lagre videoen på. Han fekk hjelp av fotografen Jimmy King og den mangeårige personlege assistenten Corinne «Coco» Schwab.[4][6] Heile videoen vart filma av Bowie i leilegheita hans på Manhattan helga før han vart lagt ut på Internett.[7] Tredukkene av Pierrot og The Thin White Duke vart laga av Jim Henson's Creature Shop for ein uferdig og ikkje utgjeven musikkvideo for «The Pretty Things Are Going to Hell».

Barnaby Roper regisserte videoen for 10-minuttarsremiksen.[8]

Innhald[endre | endre wikiteksten]

Side A
Nr.TittelLengd
1.«Love Is Lost» (Hello Steve Reich Mix av James Murphy for the DFA)10:24
Side B
Nr.TittelLengd
1.«I'd Rather Be High» (Venetian Mix)3:49
2.«Love Is Lost» (Hello Steve Reich Mix av James Murphy for the DFA)4:07

Medverkande[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Nolan, Paul (14. mars 2013). «David Bowie - The Next Day». Hot Press. Arkivert frå originalen 5. august 2017. Henta 28. desember 2015. 
  2. Scott, Ben P. (5. mars 2013). «David Bowie – The Next Day (Iso Records)». God Is in the TV Zine. Henta 7. desember 2015. 
  3. Hyden, Steven (11. mars 2013). «The Next Day: David Bowie's Big Return Is Whatever You Need It to Be». Grantland. Henta 7. desember 2015. 
  4. 4,0 4,1 4,2 Jacobs, Matthew (31. oktober 2013), «David Bowie's 'Love Is Lost' Video Cost $12.99», The Huffington Post, henta 19. september 2021 
  5. 5,0 5,1 «David Bowie – Love Is Lost (Hello Steve Reich Mix By James Murphy For The DFA) (Vinyl)». Discogs. Henta 12. desember 2015. 
  6. «Watch Bowie's $12.99 Love Is Lost video here now», davidbowie.com, 31. oktober 2013, arkivert frå originalen 3. november 2013, henta 122. september 2021 
  7. Anderson, Kyle (31. oktober 2013), «David Bowie drops creepy 'Love Is Lost' video for Halloween: Watch it here», Entertainment Weekly, henta 19. september 2021 
  8. Gottlieb, Steven (15. november 2013). «David Bowie 'Love Is Lost' (Barnaby Roper, dir.)». VideoStatic. Henta 24. september 2021.