TVC 15

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
TVC 15
Singel av David Bowie
frå albumet Station to Station
B-side We Are the Dead
Utgjeve 30. april 1976
Innspelt September og november 1975
Studio Cherokee og Record Plant, Los Angeles
Sjanger
Lengd 5:33 (album)
3:43 (singel)
Selskap RCA
Låtskrivar(ar) David Bowie
Produsent
David Bowie-kronologi
«Golden Years»
(1976)
TVC 15 «Stay»
(1976)


«TVC 15» er ein song skriven og spelt inn av den engelske musikaren David Bowie og gjeven ut i 1976 på albumet hans Station to Station.

Songen var inspirert av ein episode der Iggy Pop, under ein dopinfluert periode heime hos Bowie, hallusinerte og trudde at fjernsynet hadde ete kjærasten hans.[2] Bowie utvikla ei soge om eit holografisk fjernsyn, TVC 15. Etter at kjærasten kraup inn i fjernsynet og forsvann, ønskjer han å krype inn sjølv for å finne ho.[3]

Songen er blitt kalla «upassande munter» og «den særaste hyllesten til The Yardbirds ein kan tenkje seg».[4] Kritikaren Robert Christgau skildra songen som ei «uimotståeleg» blanding av Lou Reed, disco og Huey Smith.[5]

Han vart valt ut som den andre singelen frå albumet i Storbritannia, der han nådde 33. plassen. Då Bowie ikkje lunne spele på showet Top of the Pops for å marknadsføre singelen, vart det nytta ei bisarr tolking av dansetruppen Ruby Flipper. B-sida «We Are the Dead» var henta frå det tidlegare albumet Diamond Dogs. Songen nådde 64. plassen på Billboard-lista i USA og topp 20 i Sverige.

I Amerika vart «Stay» valt ut som den andre singelen frå albumet.

Innhald[endre | endre wikiteksten]

Alle songar skrivne av David Bowie.[6]

  1. «TVC 15» – 3:43
  2. «We Are the Dead» – 4:58

Medverkande[endre | endre wikiteksten]

Konsertversjonar[endre | endre wikiteksten]

Andre utgjevingar[endre | endre wikiteksten]

Andre versjonar[endre | endre wikiteksten]

Salslister[endre | endre wikiteksten]

Liste (1976) Plassering
Den franske singellista 53
Sverige (Sverigetopplistan)[8] 18
UK Singles (Official Charts Company)[9] 33
US Billboard Hot 100[10] 64

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Woodstra, Christopher (2008). All Music Guide Required Listening : Classic Rock. Backbeat. s. 24. ISBN 978-0879309176. 
  2. Pegg 2004, s. 223.
  3. Buckley 2000, s. 274.
  4. Carr & Murray 1981, s. 78–80.
  5. Christgau, Robert (1981). «David Bowie: Station to Station». Christgau's Record Guide: Rock Albums of the '70s. Ticknor & Fields. ISBN 0-89919-026-X. 
  6. «TVC 15» (Single liner notes). David Bowie. UK: RCA Victor. 1976. RCA 2682. 
  7. Who Can I Be Now? (1974–1976) (Box set booklet). David Bowie. UK, Europe & US: Parlophone. 2016. 0190295989842. 
  8. "Swedishcharts.com – David Bowie – TVC 15". Topp 60. Hung Medien.
  9. "Chart Stats – David Bowie – TVC 15" UK Singles Chart. Chart Stats.
  10. "Bowie?f=379&g=Singles David Bowie Album & Song Chart History" Billboard Hot 100 for David Bowie. Prometheus Global Media.