Hallo Spaceboy

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Hallo Spaceboy
Singel av David Bowie med Pet Shop Boys
frå albumet Outside
B-side Under Pressure (live)
Utgjeve 19. februar 1996[1]
Innspelt Januar og februar 1995
Studio Mountain (Montreux i Sveits)
Sjanger Industrial rock (album), alternativ dance (singel)
Lengd
    • 5:14
    • 4:25 (Pet Shop Boys mix)
Selskap BMG, Arista
Låtskrivar(ar) David Bowie, Brian Eno
Produsent David Bowie, Brian Eno, David Richards
David Bowie-kronologi
«Strangers When We Meet»
(1995)
Hallo Spaceboy «Telling Lies»
(1996)


«Hallo Spaceboy» er ein song av David Bowie frå albumet hans Outside frå 1995 og den tredje og siste singelen frå albumet. Songen vart spelt inn på ny i 1996 og gjeven ut som ein remiks med Pet Shop Boys som gjesteartist. Bowie og Brian Eno skreiv den originale albumversjonen av songen i lag.

Songutvikling[endre | endre wikiteksten]

Songen var skriven tidleg i 1995 og Bowie-biografane Nicholas Pegg og Chris O'Leary peiker på korleis songen syner inspirasjon av Brion Gysin, som visstnok talte orda «Moon dust will cover me» like før han døydde i 1986.[2][3] Gitaristen på songen, Reeves Gabrels, hugsa han skreiv eit songfragment kalla «Moondust» i midten av 1994, som han trur òg kan ha inspirert songen.[2][3] Bowie skreiv og spelte inn songen i den stort sett improviserte innspelinga med bandet sitt i 1995, og skreiv han med vilje med ei Nine Inch Nails-aktig stemning.[4] Tidlege utgåver av songen vart laga med Brian Eno, Carlos Alomar og trommeslagaren Joey Barron.[3] Etter songen var ferdig sa Bowie «Eg elskar det sporet. I mitt sinn var det som Jim Morrison møter Industriell rock. Då eg høyrte på han igjen tenkte eg: 'Faen meg. Det er som ei metal-utgåve av Doors. ' Det er ein ekstraordinær lyd.»[4]

Singelutgjeving og marknadsføring[endre | endre wikiteksten]

Seint i desember 1995 ønskte Bowie at «Hallo Spaceboy» skulle bli den neste singelen etter «Strangers When We Meet», og spelte inn ein video for songen under ein konsert i Birmingham. Songen «Hallo Spaceboy» vart framført to gonger på spelestaden, ein gong som ein del av det vanlege settet, og ein gong som siste ekstranummer, der den siste framsyninga var meint for den offisielle musikkvideoen for songen. To konsertopptak frå denne kvelden, «Moonage Daydream» og «Under Pressure», vart nytta som B-sider til singelen.[5] Men Pet Shop Boys vart spurt om å mikse songen, og miksen deira vart nytta som den offisielle singelen i staden for albumversjonen. Neil Tennant forklarte at sidan den originale songen berre hadde eitt vers, føreslo Low å bruke tekstfragment frå Bowie-songen «Space Oddity» frå 1969 til å skape eit andre vers.[6] Bowie var i starten reservert til det ekstra verset då Tennant fortalte han om det på telefon, men gjekk seinare med på at det fungerte bra.[7]

Tennant sa til NME i eit intervju i 1997 at han og Lowe arbeidde i lag med Bowie, og hadde fullført det Tennant kalla «Major Tom-triogien», sidan den fiktive rolleiguren hadde først dukka opp i «Space Oddity» og så i Bowie-songen «Ashes to Ashes» frå 1980. Tennant forklarte «eg sa til David Bowie, 'Det er som om Major Tom er i ein av desse russiske romskipa dei ikkje har råd til å hente ned' og Bowie sa, 'Åh wow, er det der han er?'»[6]

Den endelege, offisielle musikkvideoen for «Hallo Spaceboy» vart regissert av David Mallet, og blanda klipp av både Bowie og Pet Shop Boys inn i ein hurtigmontasje av gamle opptak frå den kalde krigen blanda med science fiction-klipp, atombombe-testar og TV-reklamar.[3]

Mottaking[endre | endre wikiteksten]

Det britiske magasinet Music Week vurderte songen til fire av fem og sa «Denne Outside-songen har fått ei overhaling med ein Pet Shop Boys-produksjon/remiks og ekstra vokal av Neil Tennant, og er omgjort til ein hi-NRG-hymne med maks listetopp-potensial.»[8]

Konsertopptak[endre | endre wikiteksten]

Seint i 1995 framførte Bowie songen i lag med Nine Inch NailsOutside-turneen til Bowie. I desember 1995 framførte Bowie songen to gonger på ein konsert i Birmingham, som begge kom ut på konsertalbumet No Trendy Réchauffé (Live Birmingham 95) (2020). Bowie framførte songen på Jools Holland's 'Later' i desember 1995.[9] I februar 1996 framførte Bowie songen i lag med Pet Shop Boys på Brit Awards i 1996.[10][11] Ein versjon spelt inn i juli 1996 på Phoenixfestivalen i England kom ut på samleplata for ymse artistar, Phoenix: The Album, i 1997. Ein versjon framført under Earthling-turneen i juli 1997 kom ut på konsertalbumet Look at the Moon! (Live Phoenix Festival 97) i 2021,[12] og ein annan versjon framført i november 1997 på den same turneen kom ut på LiveAndWell.com i 2000 (utgjeve på ny 2021).[3] Pet Shop Boys framførte sin versjon av songen i lag med Sylvia Mason-James på Bowie sine songparti, og gav han ut på DVD-en Somewhere – Live at the Savoy (1997).[3] På konserten i høve 50-årsdagen til Bowie i New York i januar 1997, framførte Bowie songen i lag med Foo Fighters. Denne versjonen vart framført av både Zachary Alford,[13] William Goldsmith og Dave Grohl på ulike trommesett, og Nate Mendel og Gail Ann Dorsey på to bassgitarar. 25. juni 2000 framførte Bowie songen på Glastonburyfestivalen og denne kom ut i 2018 på Glastonbury 2000. Bowie framførte så songen på BBC Radio Theatre i London, den 27. juni 2000, og opptaket kom ut på bonusplata som følgde den første utgåva av Bowie at the Beeb i 2000. Eit opptak frå november 2003 på frå Reality-turneen og kom ut på DVD-en A Reality Tour i 2004, og konsertalbumet A Reality Tour i 2010.

Miksar[endre | endre wikiteksten]

Tittel Miks/ekstra produksjon Lengd Anna
Pet Shop Boys Remix Pet Shop Boys 4:25 ekstra vokal av Neil Tennant, programmering av Pete Gleadall
12" Remix Pet Shop Boys 6:42 ekstra vokal av Neil Tennant, programmering av Pete Gleadall
Double Click Mix Ball & Vauk 7:47 produsert av Pet Shop Boys, ekstra vokal av Neil Tennant, programmering av Pete Gleadall
Instrumental Ball & Vauk 7:41 produsert av Pet Shop Boys, programmering av Pete Gleadall
Lost in Space Mix Ball & Vauk 6:29 produsert av Pet Shop Boys, programmering av Pete Gleadall

Ball og Vauk[endre | endre wikiteksten]

Tre remiksar av Dave Ball (kjend som instrumentalist i Soft Cell) og Ingo Vauk er baserte på Pet Shop Boys-remiksen, men berre Double Click Mix nyttar vokalen til Neil Tennant. Instrumental er ein instrumental versjon av Double Click Mix. Bortsett frå singelmiksen kom alle remiksaneførst berre ut på 12"-promosinglar. I 2004 kom dei alle ut på bonusplata som følgde nyutgjevinga av Outside.

Innhald[endre | endre wikiteksten]

  • Alle spor av Bowie/Eno med mindre anna er nemnt.

Alle konsertopptak frå 13. desember 1995 i Birmingham i England under Outside-turneen.[14]

CD: BMG-Arista / 74321 35383 2 Europa[endre | endre wikiteksten]

  1. «Hallo Spaceboy (Pet Shop Boys remix)» – 4:25
  2. «Under Pressure (live)» (Mercury, Deacon, Taylor, May, Bowie) – 4:07
  • utgjeve i pappomslag

CD: RCA-BMG 74321 35384 2 Storbritannia[endre | endre wikiteksten]

  1. «Hallo Spaceboy» (Pet Shop Boys remix) – 4:25
  2. «Under Pressure» (live) (Mercury, Deacon, Taylor, May, Bowie) – 4:07
  3. «Moonage Daydream» (live) (Bowie) – 5:25
  4. «The Hearts Filthy Lesson» (Radio Edit) (Bowie, Eno, Gabrels, Kızılçay, Campbell) – 4:56

CD: BMG-Arista / 74321 35382 2 Europa[endre | endre wikiteksten]

  1. «Hallo Spaceboy» (Pet Shop Boys remix) – 4:25
  2. «Under Pressure» (live) (Mercury, Deacon, Taylor, May, Bowie) – 4:07
  3. «Moonage Daydream» (live) (Bowie) – 5:25
  4. «The Hearts Filthy Lesson» (Bowie Mix) (Bowie, Eno, Gabrels, Kızılçay, Campbell) – 4:56

CD: BMG-Arista / BVCA-8820 Japan[endre | endre wikiteksten]

  1. «Hallo Spaceboy» (Pet Shop Boys remix) – 4:25
  2. «Under Pressure» (live) (Mercury, Deacon, Taylor, May, Bowie) – 4:07
  3. «Moonage Daydream» (live) (Bowie) – 5:25
  4. «The Hearts Filthy Lesson» (Rubber Mix) (Bowie, Eno, Gabrels, Kızılçay, Campbell) – 4:56

UK 7"-versjon[endre | endre wikiteksten]

  1. «Hallo Spaceboy (Pet Shop Boys remix)» – 4:25
  2. «The Hearts Filthy Lesson (Radio edit)» (Bowie, Eno, Gabrels, Kızılçay, Campbell) – 3:33

12": BMG-Arista / SPACE 2 Europa[endre | endre wikiteksten]

  1. «Hallo Spaceboy» (12" remix) – 6:34

12": BMG / SPACE 3 Storbritannia[endre | endre wikiteksten]

  1. «Hallo Spaceboy» (Double Click mix) – 7:47
  2. «Hallo Spaceboy» (Instrumental) – 7:41
  3. «Hallo Spaceboy» (Lost in Space mix) – 6:29

12": Virgin / SPRO-11513 USA[endre | endre wikiteksten]

  1. «Hallo Spaceboy» (12" remix) – 6:45
  2. «Hallo Spaceboy» (Pet Shop Boys remix) – 4:25
  3. «Hallo Spaceboy» (Double Click mix) – 7:47
  4. «Hallo Spaceboy» (Lost in Space mix) – 6:29
  • US promo

Medverkande[endre | endre wikiteksten]

Andre utgjevingar[endre | endre wikiteksten]

  • The Pet Shop Boys-miksen kom ut som eit ekstra spor på Outside – version 2 og finst på somme utgåver av samlealbuma Best of Bowie (2002), Nothing Has Changed (2014), og Bowie Legacy (2016).
  • Fleire av miksane (hovudsakleg frå 12"-promosinglar) kom ut på 2004-utgåva av Outside.
  • Den lengre Pet Shop Boys-remiksen av «Hallo Spaceboy» finst på Pet Shop Boys-albumet Disco 4, utgjeve 8. oktober 2007.

Salslister[endre | endre wikiteksten]

Liste (1996) Plassering
Australia (ARIA Charts)[15] 36
Austria (Ö3 Austria Top 40)[15] 37
Belgia (Ultratop 50 Flandern)[15] 48
Belgia (Ultratop 40 Vallonia)[16] 30
Finland (Suomen virallinen lista)[17] 8
Tyskland (Media Control AG)[18] 59
Irland (IRMA) 21
Israel (Israel Top-30)[15] 1
Nederland (Nederlandsk Topp 40)[19] 24
Nederland (Single Top 100)[15] 33
Sverige (Sverigetopplistan)[15] 12
UK Singles (Official Charts Company)[20] 12

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Nothing Has Changed (CD liner notes). David Bowie. Columbia. 2014. 88875030972. 
  2. 2,0 2,1 O'Leary, Chris (2019). Ashes to Ashes The Songs of David Bowie 1976–2016. Repeater Books. ISBN 9781912248308. 
  3. 3,0 3,1 3,2 3,3 3,4 3,5 Pegg, Nicholas (2011). The Complete David Bowie (6 utg.). London: Titan Books, Publishing Group. s. 95. ISBN 9780857682901. 
  4. 4,0 4,1 Paul, George A. (1995), «Bowie Outside Looking In», Axcess Magazine 3 (5): 60–62 
  5. Blistein, Jon (15. september 2021). «David Bowie's 'Brilliant Live Adventures' Set to Continue With 'No Trendy Réchauffé'». Henta 10. november 2020. 
  6. 6,0 6,1 «Pet Shop Boys: Exclusive interview with VO5 NME Awards 2017 Godlike Geniuses». NME. 17. februar 2017. 
  7. «Loving the Alien». Record Collector: 42–44. 2006. 
  8. «Reviews: Singles» (PDF). Music Week: 10. 10. februar 1996. Henta 16. september 2021. 
  9. «David Bowie on Later... with Jools Holland». Henta 12. september 2021. 
  10. McKie, John (20. februar 1996). «Bowie and Blair band together». The Independent (London). Henta 6. august 2011. 
  11. «The Score 1996 (February)», Q magazine: 32, February 1997 
  12. Kreps, Daniel (12. september 2021). «David Bowie's 'Brilliant Live Adventures' Series Continues With 1997 Festival Gig». Henta 12. september 2021. 
  13. Discogs - Zachary Alford - (profile & discography)
  14. «David Bowie's 'Ouvrez Le Chien' Live Album Set for Streaming Release». 15. september 2021. Henta 16. september 2021. 
  15. 15,0 15,1 15,2 15,3 15,4 15,5 Australian Charts: David Bowie: Hallo Spaceboy (Single), henta 16. september 2021 
  16. "Ultratop.be – David Bowie – Hallo Spaceboy" (på fransk). Ultratop 40. Ultratop & Hung Medien / hitparade.ch.
  17. Pennanen, Timo (2006). Sisältää hitin – levyt ja esittäjät Suomen musiikkilistoilla vuodesta 1972 (på finsk). Helsinki: Kustannusosakeyhtiö Otava. 
  18. "Die ganze Musik im Internet: Charts, News, Neuerscheinungen, Tickets, Genres, Genresuche, Genrelexikon, Künstler-Suche, Musik-Suche, Track-Suche, Ticket-Suche – musicline.de" (på tysk). Media Control Charts. PhonoNet GmbH.
  19. "Nederlandse Top 40 – David Bowie search results" (på nederlandsk) Nederlandsk Topp 40. Stichting Nederlandse Top 40.
  20. DAVID BOWIE | Artist | Official Charts, henta 16. september 2021 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]