Sorrow av The McCoys

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Sorrow
Singel av David Bowie
frå albumet Pin Ups
B-side «Amsterdam» (Brel, Shuman)
Utgjeve Oktober 1973
Innspelt Château d'Hérouville i Hérouville i Frankrike, juli 1973
Sjanger Rock
Lengd 2:53
Selskap RCA
2424
Låtskrivar(ar) Bob Feldman, Jerry Goldstein, Richard Gottehrer
Produsent Ken Scott, David Bowie
David Bowie-kronologi
«Life on Mars?»
(1973)
Sorrow «Rebel Rebel»
(1974)

«Sorrow» er ein song først innspelt av The McCoys. Han vart ein stor hit i Storbritannia i ein versjon av The Merseys, som nådde 4. plass den 28. april 1966. Ein versjon av David Bowie vart òg ein hit i 1973.

Songen inneheld teksten «with your long blonde hair and your eyes of blue», som sidan dukka opp på The Beatles-songen «It's All Too Much» frå Yellow Submarine.

David Bowie-versjonen[endre | endre wikiteksten]

David Bowie si utgåve av «Sorrow» var den einaste singelen hans frå Pin Ups. Singelen nådde 3. plass i Storbritannia og låg på lista i 15 veker. B-sida «Amsterdam», var ein coverversjon av ein Jacques Brel-song (opphavleg kalla «Port of Amsterdam»), og hadde vore spelt av Bowie på konsertar sidan 1969. Han vart spelt inn i 1971 for albumet Ziggy Stardust, men kom ikkje med på den endelege utgjevinga. I Frankrike vart «Amsterdam» gjeven ut som A-sida.

Innhald[endre | endre wikiteksten]

  1. «Sorrow» (Bob Feldman, Jerry Goldstein, Richard Gottehrer) – 2:53
  2. «Amsterdam» (Jacques Brel, Mort Shuman) – 2:39

Den spanske utgåva av singelen hadde «Lady Grinning Soul» som B-side.

Medverkande[endre | endre wikiteksten]

Andre utgjevingar[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]