China Girl
China Girl Singel av David Bowie frå albumet Let's Dance | ||
B-side | «Shake It» | |
---|---|---|
Utgjeve | Mai 1983 | |
Innspelt | Power Station, New York, desember 1982 | |
Sjanger | Rock, pop | |
Lengd | 4:14 | |
Selskap | EMI America Records EA157 | |
Låtskrivar(ar) | David Bowie, Iggy Pop | |
Produsent | Nile Rodgers | |
David Bowie-kronologi | ||
«Let's Dance» (1983) |
China Girl | «Modern Love» (1983)
|
«China Girl» er ein song skriven av David Bowie og Iggy Pop medan dei budde i Berlin. Songen kom først på ut på Iggy Pop-albumet The Idiot (1977). Han vart lang meir populær då han vart spelt inn på ny og gjeven ut av Bowie på albumet hans Let's Dance (1983). Bowie valde å ta med denne songen då Pop, venen og samarbeidspartnaren, var i økonomiske vanskar (på grunn av narkotikaproblem) og var nær konkurs. Med å gje ut songen på ny, fekk Pop halve honorara for songen og kunne kom seg på fote att økonomisk.
Ei forkorta utgåve av Bowie-versjonen frå 1983 vart gjeven ut på singel. Produsert av Nile Rodgers fekk songen ein langt meir kommersiell glans enn den mørkare og grovare Pop-versjonen.
Songen fekk mykje merksemd på grunn av musikkvideoen som følgde songen. David Mallet filma videoen, hovudsakleg filma i Chinatown-bydelen i Sydney i Australia og på ein husbåt i Sydney Harbour med Geeling Ng liggande naken i bølgjene i lag med Bowie (ein visuell referanse til filmen From Here to Eternity). At ein kunne sjå den nakne rumpa til Bowie i videoen skapte overskrifter i tabloidane. Videoen vann likevel ein pris på MTV award.
Singelen nådde andreplassen i Storbritannia i juni 1983, og låg bak «Every Breath You Take» av The Police. I USA nådde singelen 10. plass og i Noreg ein 7. plass.
Songen vart spelt fast på konsertane til Bowie ut 1980-åra og vart øvd inn for konserten på Live Aid i London i 1985, men vart til slutt droppa frå den framferda. Songen vart igjen spelt på konsertane til Bowie frå 1999 og frametter.
Innhald[endre | endre wikiteksten]
7"[endre | endre wikiteksten]
- «China Girl» [Edit] (Bowie, Pop) – 4:14
- «Shake It» (Bowie) – 3:49
12"[endre | endre wikiteksten]
- «China Girl» (Bowie, Pop) – 5:32
- «Shake It» [Re-Mix] (Bowie) – 5:21
- På den amerikanske utgåva av 12"-singelen, vert «Shake It» kalla «Long Version», men er identisk til den britiske «Re-Mix»
Medverkande (Iggy Pop)[endre | endre wikiteksten]
Musikarar[endre | endre wikiteksten]
- Iggy Pop – vokal
- David Bowie – klaverinstrument, synthesizer, gitar, piano, saksofon, xylofon, korvokal
- Carlos Alomar – gitar
- Dennis Davis – trommer
- George Murray – bass
- Phil Palmer – gitar
- Michel Santangeli – trommer
- Laurent Thibault – bass
Medverkande (David Bowie)[endre | endre wikiteksten]
Produsent[endre | endre wikiteksten]
Musikar[endre | endre wikiteksten]
- David Bowie: Vokal
- Stevie Ray Vaughan: Gitar
- Nile Rodgers: Gitar
- Carmine Rojas: Bass
- Omar Hakim, Tony Thompson: trommer
- Rob Sabino: klaverinstrument
- Mac Gollehon: trompet
- Robert Aaron, Stan Harrison, Steve Elson: Saksofon
- Sam Figueroa: Perkusjon
Andre utgjevingar[endre | endre wikiteksten]
- Songen finst på følgjande samleplater:
- Changesbowie (1990)
- Bowie: The Singles 1969-1993 (1993)
- The Singles Collection (1993)
- Best of Bowie (2002)
- The Best of David Bowie 1980/1987 (2007)
- Filmmusikken til The Wedding Singer
- Den originale Iggy Pop-versjonen finst i Pop-samlinga A Million in Prizes: The Anthology.
Andre versjonar[endre | endre wikiteksten]
- Nick Cave - Konsert i Melbourne, 1978.
- James - Singel (1998)
- Trance To The Sun -Goth Oddity: A Tribute to David Bowie (1999)
- Anna Ternheim - Shoreline EP (2005)
- Voltaire - Zombie Prostitute... (2006), og .2 Contamination: A Tribute to David Bowie (2006)
- Pete Yorn - Musicforthemorningafter (Bonus CD) (2001)
- Johny Dey - Hero: The Main Man Records Tribute to David Bowie (2007)
- The Tragically Hip - Under «New Orleans is Sinking» på Live Between Us vert det sunge eit vers frå «China Girl»
- Scars on Broadway - Konsert med anna tekst.
- System of a Down - Konsert med anna tekst.
- The White Stripes - Konsert
- Alejandro Sokol - Konsert
Kjelder[endre | endre wikiteksten]
- Denne artikkelen bygger på «China Girl (song)» frå Wikipedia på engelsk, den 10. mai 2011.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- Pegg, Nicholas, The Complete David Bowie, Reynolds & Hearn Ltd, 2000, ISBN 1-903111-14-5