Liza Jane

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Liza Jane
Singel av Davie Jones with the King Bees
B-side

«Louie, Louie Go Home»

Utgjeve 5. juni 1964
Innspelt Decca Studios, West Hampstead, London
Sjanger Beat, rock
Lengd 2:18
Selskap Vokalion Pop
Låtskrivar(ar) Leslie Conn
Produsent Leslie Conn
David Bowie-kronologi 
Liza Jane «I Pity the Fool»
The Manish Boys
(1965)


«Liza Jane» var den første innspelinga som vart gjeven ut som singel av David Bowie, men då under namnet Davie Jones with the King Bees. Dette skjedde i 1964 då Bowie berre var 17 år gammal. B-sida til singelen var Paul Revere and the Raiders-songen «Louie, Louie Go Home». Begge songane på singelen vart spelte inn i løpet av sju timar i Decca Studios i Broadhurst Gardens i West Hampstead.[1]

Bowie kom i kontakt med Leslie Conn, som dreiv musikkdistribusjonsselskapet til Doris Day og som var talentspeidar for Dick James Organisation.[2] Conn hyrte inn The King Bees for å spele på ein bryllaupsfest, men med høglydt RnB på setlista, stoppa Conn konserten etter berre 10 minuttar. Conn vart likevel manager for The King Bees nokre månader i 1964, og dei spelte inn og gav ut «Liza Jane» som singel for Decca Records-etiketten Vokalion Pop.[2] Trass i at singelen vart spelt på fjernsynsshowa Juke Box Jury, Ready Steady Go! og The Beat Room,[3][4] og vart ein god del spelt på radio,[2] selde singelen dårleg og bandet vart etter kvart droppa frå etiketten.[1][4]

Songen var eit arrangement av den gamle standardlåten «Li'l Liza Jane», men Conn vart tilskriven som låtskrivar, som var vanleg på denne tida for å få høgare honorar for singelen. Conn fortalte i 1997 om korleis the King Bees hadde kome opp med ein 6-taktsblues, som alle nytta på denne tida. Conn nytta eit par av sine eigne idear på songen, dei improviserte og songen kom saman som han vart.[1]

Etter at Conn og Bowie gjekk kvar sin veg i 1964 reiste Conn til Mallorca nokre år, og ein dag fekk han ein telefon frå mora som ønskte å kvitte seg med nokre hundre eksemplar av «Liza Jane» som låg i garasjen hennar. Dei vart samde om å kaste dei.[1]

Medverkande[endre | endre wikiteksten]

Konsertversjonar[endre | endre wikiteksten]

  • Ein dag etter 40-årsjubileet for utgjevinga, spelte Bowie første verset og refrenget av «Liza Jane» på PNC Bank Arts Center i New Jersey i USA, 6. juni 2004.[5] Bowie omtalte då songen som «heilt forferdeleg» og «uuthaldeleg».

Andre utgjevingar[endre | endre wikiteksten]

  • Singelen vart gjeven ut att på ny av Decca i Storbritannia i november 1978.[1]
  • Ein acetat-versjon med ein noko lengre uttoning finst òg.[1]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 1,2 1,3 1,4 1,5 Pegg, Nicholas (2006). The Complete David Bowie. London: Reynolds & Hearn. p.130. ISBN 1905287151.
  2. 2,0 2,1 2,2 Willey, Brian (16 mars 2009). "Les Conn: Pop manager and promoter who handled the early careers of David Bowie and Marc Bolan". The Independent. Henta 27. april 2011
  3. 3,0 3,1 Thompson, Dave (2006). Hallo Spaceboy: The Rebirth of David Bowie. ECW Press. s.304. ISBN 1550227335
  4. 4,0 4,1 Buckley, David (2007). Strange Fascination: David Bowie: The Definitive Story. Virgin Books. s.23. ISBN 9780753510025
  5. Waddell, Ray (24 juli 2004). "Backstage Report: David Bowie". Billboard. Henta 27. april 2011.