Valentine's Day av David Bowie

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Valentine's Day
Singel av David Bowie
frå albumet The Next Day
B-side Plan
Utgjeve 19. august 2013
Innspelt 24. juli & 18. september 2012
Studio The Magic Shop og Human Worldwide i New York City
Sjanger
Lengd 2:59
Selskap
Låtskrivar(ar) David Bowie
Produsent
David Bowie-kronologi
«The Next Day»
(2013)
Valentine's Day «Love Is Lost»
(2013)


«Valentine's Day» er ein song av den engelske musikaren David Bowie, gjeven ut som den fjerde singelen frå det 24. studioalbumet hans The Next Day. Singelen vart gjeven ut 19. august 2013. Dette var den siste 7"-singelen frå eit nytt album medan Bowie levde. Teksten er basert på psykologien til ein skuleskytar.[3]

Innspeling[endre | endre wikiteksten]

«Valentine's Day» var ein av dei siste songane spelte inn for The Next Day. Akkompagnementet vart spelt inn den 24. juli 2012 i The Magic Shop i New York City, medan vokalen til Bowie vart spelt inn 18. september 2012 i Human Worldwide Studios i New York City.[4][5]

Utgjeving[endre | endre wikiteksten]

Singelen kom ut 19. august 2013 i Storbritannia og 20. august i USA og andre land.[6] Tidleg i august 2013 vart singelen lagt til A-spelelista til BBC Radio 2.[7] Singelen gjekk inn på UK's Airplay Chart Top 40 den 9. august 2013, og vart den nest mest suksessrike singelen frå The Next Day (etter «Where Are We Now?») når det gjaldt radiospeling. Songen nådde 179. plassen på den britiske singellista.[8]

Video[endre | endre wikiteksten]

Videoen for «Valentine's Day» vart regissert av Indrani Pal-Chaudhuri og Markus Klinko, som tidlegare hadde samarbeidd med Bowie i 2002 på albumet hans Heathen. Han syner Bowie på ein forlaten Red Hook Grain Terminal i Red Hook i Brooklyn i New York. I videoen speler Bowie ein G2T Hohner-gitar[9] medan han framførte songen. Mange samanlikna videoen med den kontroversielle videoen til den føregåande singelen, «The Next Day» og skildra han som meir «dempa».[10][11] Men det var visuelle hint mot våpenvald og NRA,[12] som indikerte at videoen hadde eit forsiktig anti-våpenmelding.[13]

Salslister[endre | endre wikiteksten]

Liste (2013) Plassering
Belgia (Ultratip Flandern)[14] 59
UK Singles Chart[15] 179

Medverkande[endre | endre wikiteksten]

I følgje biografen Chris O'Leary:[4]

Produksjon

  • David Bowie – produsent
  • Tony Visconti – produsent

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Anderson, Kyle (1. mars 2013). «David Bowie's first new album in 10 years now streaming in iTunes. Worth the wait? The EW review». Entertainment Weekly. Arkivert frå originalen 5. juli 2021. Henta 20. september 2021. 
  2. Toland, Michael (3. mai 2013). «David Bowie The Next Day». The Austin Chronicle. Arkivert frå originalen 4. mars 2016. Henta 28. desember 2015. 
  3. Schmidt, Claudia (14. februar 2020). «The unlikely story behind 'Valentine’s Day' by David Bowie». happymag.tv. Arkivert frå originalen 5. juli 2021. Henta 24. september 2021. 
  4. 4,0 4,1 O'Leary 2019, s. 610–614.
  5. Pegg 2016, s. 296–298.
  6. «Valentine's Day picture disc 45 due for August». David Bowie Official Website. 14. juli 2013. Arkivert frå originalen 15. september 2021. Henta 24. september 2021. 
  7. «Valentine's Day single added to BBC Radio 2 A-list». David Bowie Official Website. 4. august 2013. Arkivert frå originalen 1. desember 2016. Henta 12. august 2013. 
  8. «Chart Log UK – Weekly Updates Sales 2013». zobbel.de. Arkivert frå originalen 4. mars 2016. Henta 20. september 2021. 
  9. «David Bowie playing HOHNER Headless Guitar». playhohner.com. 23. august 2013. Arkivert frå originalen 29. august 2014. Henta 10. oktober 2017. 
  10. «David Bowie: Valentine's Day». top40-charts.com. 17. juli 2013. Arkivert frå originalen 15. desember 2013. Henta 20. september 2021. 
  11. Miller, Adam (20. september 2021). «David Bowie Turns Sinister In Stylish New Video For 'Valentine's Day' (VIDEO)». entertainmentwise.com. Arkivert frå originalen 13. juli 2014. Henta 20. september 2021. 
  12. «NME picks up on Valentine's Day subtleties». David Bowie Official Website. Arkivert frå originalen 28. august 2017. Henta 10. oktober 2017. 
  13. Jones, Lucy (20. september 2021). «David Bowie Takes On The NRA & Charlton Heston?». NME. Arkivert frå originalen 20. september 2021. Henta 20. september 2021. 
  14. "Ultratop.be – David Bowie – Valentine's Day" (på nederlandsk). Ultratip. ULTRATOP & Hung Medien / hitparade.ch.
  15. «Chart Log UK – Weekly Updates Sales 2013». zobbel.de. Arkivert frå originalen 4. mars 2016. Henta 20. september 2021.