Songen Scary Monsters (and Super Creeps)

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Scary Monsters (and Super Creeps)
Singel av David Bowie
frå albumet Scary Monsters (and Super Creeps)
B-side «Because You’re Young»
Utgjeve 2. januar 1981
Innspelt Power Station, New York, februar 1980
Good Earth, London
April 1980
Sjanger Post-punk
Lengd 3:27 (singel)
5:10 (album)
Selskap RCA Records
BOW 8
Låtskrivar(ar) David Bowie
Produsent
David Bowie-kronologi
«Fashion»
(1980)
Scary Monsters (and Super Creeps) «Up the Hill Backwards»
(1981)


«Scary Monsters (And Super Creeps)» er ein song av den engelske musikaren David Bowie, gjeven ut som tittelsporet på albumet Scary Monsters (and Super Creeps) i 1980. Songen vart òg gjeven ut som den tredje singelen frå albumet i januar 1981. Sidan han kom ut etter dei to tidlegare hitsinglane frå Scary Monsters, «Ashes to Ashes» i august 1980 og «Fashion» i oktober same året, meinte NME-kritikarane Roy Carr og Charles Shaar Murray at han «føydde seg inn i rekka av den gamle tradisjonen i å mjølke album så langt det var mogeleg».[1]

Musikalsk er songen merkverdig for sologitaren til Robert Fripp og den særeigne syntetiske perkusjonen. Teksten, sungen av Bowie i ein slags cockney-aksent, omhandlar ei kvinne som trekkjer seg attende frå verda og vert galen («When I looked in her eyes they were blue but nobody home ... Now she's stupid in the street and she can't socialise»). Tematisk er songen samanlikna med Joy Division sin «She's Lost Control» (1979),[1] og til den «klaustrofobiske romansen» i samarbeidet med Iggy Pop i 1977 på albuma The Idiot og Lust for Life.[2]

Den redigerte singelen nådde 20. plass i Storbritannia. I tillegg til vinyl vart singelen òg gjeven ut på kassett. Songen vart sidan spelt på ei rekkje av turenane til Bowie.

Innhald[endre | endre wikiteksten]

Alle songane skrivne av David Bowie.[3]

  1. «Scary Monsters (And Super Creeps)» – 3:27
  2. «Because You're Young» – 4:51

Den franske utgåva av singelen hadde «Up the Hill Backwards» som B-side.

Medverkande[endre | endre wikiteksten]

Salslister[endre | endre wikiteksten]

Liste (1981) Plassering
UK Singles Chart 20
Irish Singles Chart 17

Konsertversjonar[endre | endre wikiteksten]

Andre utgjevingar[endre | endre wikiteksten]

Andre versjonar[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 Roy Carr & Charles Shaar Murray (1981). Bowie: An Illustrated Record: s.112-115
  2. Nicholas Pegg (2000). The Complete David Bowie: s.180
  3. «Scary Monsters (And Super Creeps)» (Single liner notes). David Bowie. UK: RCA Records. 1981. BOW 8/PB 9654. 
  4. «A NEW CAREER IN A NEW TOWN (1977 – 1982) - David Bowie Latest News». DavidBowie.com. 22. juli 2016. Arkivert frå originalen 29. juli 2014. Henta 24. august 2021.