Austmarkmus

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Austmarkmus
Austmarkmus
Austmarkmus
Status
Status i Noreg: Framandart med låg risiko[1]
Systematikk
Underrekkje: Virveldyr Vertebrata
Klasse: Pattedyr Mammalia
Orden: Gnagarar Rodentia
Familie: Hamsterfamilien Cricetidae
Underfamilie: Arvicolinae
Slekt: Microtus
Underslekt: Microtus quasiater (Rodentia: Cricetidae) Microtus
Art: Austmarkmus M. levis
Vitskapleg namn
Microtus levis

Austmarkmus, vitskapleg namn Microtus levis, er den einaste smågnagaren med fast bestand på Svalbard. Musa er innført med hjelp av menneske, truleg på sovjetiske skip mellom 1920 og 1960 som frakta høy til sovjetiske busetjingar ved Isfjorden. I dag har ho etablert ein bestand med kjerneområde ved Fuglefjella ved Isfjorden.

Austmarkmus er i nær slekt med markmus og fjellrotte, som lever på det norske fastlandet. Det næraste naturlege området med austmarkmus ligg 20 grader lenger sør enn Svalbard. Austmarkmus grev vanlegvis store gangsystem i bakken (som markmus og fjellrotte), men dette er ikkje mogeleg på Svalbard på grunn av tele store delar av året, så her lever ho stort sett i steinurer.

Kjelde[endre | endre wikiteksten]

  1. «Østmarkmus». Artsdatabanken. Henta 20. februar 2020. 
Spire Denne zoologiartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.