Ilder
| Ilder | ||
|
Status i verda: |
||
| Systematikk | ||
| Rike: | Animalia | |
| Rekkje: | Chordata | |
| Klasse: | Mammalia | |
| Orden: | Carnivora | |
| Familie: | Mustelidae | |
| Slekt: | Mustela | |
| Art: | M. putorius | |
| Vitskapleg namn | ||
| Mustela putorius | ||
Ilder (Mustela putorius) er eit lite rovdyr i mårfamilien. Tamilderen sitt latinske namn er Mustela p. furo. Ilder er i slekt med mellom anna jerv, grevling, skunk, mink, røyskatt og snømus. Ilder finst i store delar av Europa, nordgrensa går i Søraust-Noreg, så den har ikkje stor utbreiing i Noreg. Det har til tider vore omfattande ilderoppdrett i Noreg, og mykje av den norske bestanden kan stamme frå rømde oppdrettsilderar.
Skildring[endre]
Ilder har ei langstrekt og elegant form, med kroppslengde på nær 45 cm. Vekta kan nå 1 1/2 kg. Hovudføda er frosk, padder, smågnagarar, fugl og egg. På same måte som røyskatten hamstrar ilderen mat i overskotstider, og den kan og sikre fersk mat utover vinteren ved å bite frosk over nakken og lamme frosken slik at den ikkje døyr, men fungerer som levande matlager.
Ilderar som kjæledyr[endre]
Dei fleste i dag kjenner ilderen som eit kjæledyr. Dei er nysgjerrige og leikne som kattungar heile livet, og er svært folkekjære - faktisk så mykje at mange ildereigarar veljer å skaffe seg eit par ilderar, slik at dei kan leike med kvarandre, i staden for å ha ein ilder springande etter seg heile tida. Om ilderen blir oppdratt skikkeleg, som kvalpar, kan dei bli ganske stovereine og bit ikkje.
Bakgrunnsstoff[endre]
- Fakta om ilder
- Norsk Ilder Forening - Her finn du informasjon og hjelp med ilder som kjæledyr.
- www.ilder.net - ein liten blogg med nokre infosider om ilder som kjæledyr
- www.ilderforum.com - eit forum med mykje nyttig informasjon