Bisam
| Bisam | ||
|
Status i verda: Bisam Foto: Dave Menke |
||
| Systematikk | ||
| Domene: | Eukaryota | |
| Rike: | Dyr | |
| Rekkje: | Ryggstrengdyr | |
| Underrekkje: | Virveldyr | |
| Klasse: | Pattedyr | |
| Orden: | Gnagarar | |
| Underorden: | Myomorpha | |
| Overfamilie: | Muroidea | |
| Familie: | Hamsterfamilien | |
| Slekt: | Ondatra | |
| Art: | O. zibethicus | |
| Vitskapleg namn | ||
| Ondatra zibethicus
Linnaeus, 1766
|
||
| Bisam, bisamrotte, moskusrotte | |
| Namn på andre språk | |
|---|---|
| Svensk | Bisam |
| Engelsk | Muskrat |
| Tysk | Bisamratte |
| Fransk | Rat musqué |
| Spansk | Rata almizclada, rata almizclera |
| Russisk | Ondatra (Ондатра), muskusnaja krysa (мускусная крыса) |
Bisam, Ondatra zibethicus, er eit pattedyr i hamsterfamilien. Bisamen høyrer opphavleg heime i Nord-Amerika.[1] Eksemplar vart sett ut i Finland og Russland for å auka talet på pelsviltartar, og arten har derfrå òg spreidd seg til Noreg.[2] Han er ført opp på Norsk svarteliste 2007 som ein framand art som utgjer ein ukjend risiko mot det stadeigne biologiske mangfaldet. Han er òg sett ut i mellom anna Tsjekkia og Argentina og er no vanleg i store delar av Eurasia. Levemåten kan minna om beveren. Han lever i nærleiken av vatn, der han bur anten i holer eller i hus han byggjer av plantematerial, der inngangen ligg under vassoverflata.[1] Pelsen deira er ettertrakta, og det blir difor drive mykje jakt på bisamen.
Fotnotar [endre]
- ↑ 1,0 1,1 IUCN Red List of Threatened Species på engelsk
- ↑ Norsk svarteliste 2007 s. 42
Kjelder [endre]
- IUCN Red List of Threatened Species på engelsk